Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 088
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Er det som er att kampklart, eller er det stort sett ein skrothaug?
  2. Pumpekraftverk er vel ei betre løysing.
  3. Kjekt for Trump/USA, som kan le heile vegen til banken. Men vil F-35 fungere dersom Trump skulle bestemme seg for å invadere?
  4. https://www.nrk.no/urix/trump-varsler-100-prosent-ekstra-toll-pa-kinesiske-varer-1.17607326
  5. Uansett så er artikkelen 2 år gammal, og norgespris og andre straumstøtteordningar gjer at det stort sett ikkje er lønnsamt for folk flest å investere i solceller i dag.
  6. Oppsiktsvekkjande innrømmelse frå Putin.
  7. Ein må også byrje å tenkje på korleis ein skal utstyre alt frå stridsvogner til infrastruktur med antidrone-nett dersom det skulle bli naudsynt. Om Russland skulle starte dronekrig mot Europa med erfaringane frå Ukraina kan det fort sjå stygt ut.
  8. Nobelkomiteen er ikkje spåmenn eller spåkvinner. For 30 år sidan var det eit reelt håp om ei tostatsløysing og varig fred mellom palestinarar og israelarar. Ein kunne ikkje vite at ein israelsk terrorist skulle drepe Rabin, at Israel i godt "samarbeid" med palestinske terrororganisasjonar skulle trenere fredsprosessen, at Arafat skulle seie nei til ein avtale som ga dei 95% av Vestbreidda og Gaza, at det skulle bryte ut ein ny palestinsk intifada, at Arafat skulle døy som ein martyr, at George W. Bush skulle bli president, 11. september, Israel si einsidige uttrekkjing av Gaza utan samarbeid med sjølvstyresmakta, at HAMAS skulle ta makta på Gaza etter at dei vann eit demokratisk val, at Israel skulle bli styrt av høgrevridde regjeringar som er imot tostatsløysing og ynskjer å annektere Vestbreidda og alt det andre som har skjedd i løpet av dei siste vel 30 åra. Nord-Irland vart på si side ein suksess, sjølv om den underliggjande konflikten framleis er der. Fredsprisen til Bush og Gorbatsjov for avslutninga av den kalde krigen var også ein suksess, og ga ein periode med fred og stabilitet. Ingen kunne spå at Sovjetunionen skulle gå i oppløysing, at ein korrupt fyllefant skulle gje makta til ein ny Hitler 10 år seinare, og at sistnemnde skulle føre verda til kanten av 3. verdskrig nesten eit kvart århundre etter dette. Korleis forholdet mellom Armenia og Azerbaidsjan er om 32 år er det ingen som veit. Vil armenarane som budde i Nagorno Karabach nokon gong få komme tilbake? Eg er uansett einig i at leiarane i Armenia og Azerbaidsjan er gode fredspriskandidatar, og Trump ville i så fall i det minste få fredsprisen for noko anna enn å vere flink til å halde talar eller at norske politikarar ynskjer å bli invitert til det kvite huset. Btw: I skrivande stund er det visst snakk om fredsavtale mellom Israel og HAMAS. Om Trump endar opp med å skape ein meir eller mindre varig fred i Midtausten er han vel verd Nobels fredspris også for dette.
  9. Også @bojangles var aktiv bidragsytar i tråden før han plutseleg vart borte omtrent på same tid som @Brother Ursus reiste til Ukraina. Eg håpar at det står bra til med begge.
  10. I følgje artikkelen besøkte dei også den amerikanske ambassaden. Om ein skal lære historie vel ein sjølvsagt absolutt ikkje russiske lærebøker. Men ved å bla i russiske historiebøker ville ein lære at historie blir fortalt på heilt ulike måtar ut frå kva nasjon det er som fortel. Akkurat det er det nyttig å vere klar over, og ein treng ikkje hente fram russiske lærebøker for å vise dette. Det er vel f.eks. også slik at historia om Europa eller verdskrigane ikkje blir fortald på same måten i f.eks. Tyskland, Frankrike eller UK.
  11. https://www.nrk.no/stor-oslo/oslo-skole-besokte-den-russiske-ambassaden-1.17592324 Skal tru kva dei lærte av dette? Tanken var sikkert god, men eit slikt besøk i desse tider er feil tidspunkt.
  12. Det er nesten så ein må sjekke kalenderen om det verkeleg er oktober og haustferietider, eller om det er 1. april. Om ikkje meteorologisk institutt vil svare på spørsmål som ikkje passar med deira verdsbilete får journalistane heretter spørje Storm eller andre uavhengige forskarar, selskap eller organisasjonar som jobbar med meteorologi. Det er heilt utruleg at ein statleg organisasjon som skal opptre nøytralt og formidle faktabasert informasjon opptrer som ein gjeng med aktivistar. Meteorologisk institutt svekkar med dette sitt eige truverde. Det er bra at ein tek klimaendringane på alvor og informerer om dette, men her har ein gått langt over streken.
  13. Trump og Merkel var vel ikkje bestevenner. Men når det gjeld forholdet til Putin og Russland ser det ut til at dei har ein del til felles.
  14. Trump er diverre meir interessert i å drive krig mot amerikanske byar styrt av demokratar eller å bombe venezuelanske fiskebåtar enn å hjelpe Ukraina mot Russland.
  15. Samstundes får ein ikkje slutt på krigen før folk flest får merke konsekvensane i sitt daglege liv. Dei ukrainske "sanksjonane" mot russisk oljeindustri er ein god start. Desse syter for at inntektene til Staten blir lågare, samstundes som folk flest merkar konsekvensane når bensin blir vanskeleg å få tak i og dei må stå i lange køar for å få tak i den.
  16. Hadde det vore meg hadde eg enten gått rett til avisa eller gjort meg ferdig med saka og sett på pengane som tapt.
  17. Det er vel avsendaren som er "kunden", så Posten har på ein måte rett. Eg hadde eit tilfelle der det stod rett adresse på pakken, men ved fortollinga hadde Posten sjølv sett på ei gammal adresse der eg budde for mange år sidan. Då fekk eg pakken omadressert utan nokon ekstra kostnad. Pakken hadde sporing heile vegen frå Tyskland, men eg måtte vente til pakken var levert i Post i butikk på mi gamle adresse før den vart plukka opp og sendt til Post i butikk på rett adresse. Det ville uansett ha vore interessant å få sjå korleis Posten svarte for seg i ein avisartikkel om saka. Er du heldig får du også tilbake pengane som du har lagt ut på dette. Om du går til avisene håpar eg at du kjem tilbake med lenke til artikkelen.
  18. Merkeleg nok ser det ikkje ut til at nokon av dronene hamna i f.eks. Polen. Det kan ikkje vere mykje tvil om at provokasjonen mot Polen var med vilje.
  19. Er det kanskje generasjon Z som skal "redde" verda frå korrupsjon, maktmisbruk, undertrykking og krig? https://www.nrk.no/urix/flagget-symboliserer-eit-stadig-meir-globalt-ungdomsoppror-1.17593496 Eg ventar i spenning på at det store opprøret skal starte i Moskva, St. Petersburg og i resten av Russland.
  20. Kva får dette å seie for støtta til Ukraina?
  21. Ein kan vel uansett slå fast at den russiske måten å drive krig på er ganske grisete.
×
×
  • Opprett ny...