Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 088
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.nrk.no/urix/zelenskyjs-heseblesende-uke-avsluttes-i-london-1.17625098
  2. Meiner du at eit meisterskap som mangla utøvarar frå Norge, nordiske land og forhåpentlegvis mange andre land som boikotta russarane ville ha vore meir "rettferdig"? Ein må hugse at idrett blir brukt som ein del av den russiske propagandaen for å støtte opp om krigen. Eg er sjølvsagt einig med deg i at det er eit tap for idretten at eit av dei beste landa ikkje er med, og det same kan seiast om ukrainske idrettsutøvararar som er drepne eller som er opptekne med å forsvare landet. Hadde det vore normale tider der russarane ikkje dreiv ein grusom imperialistisk krig mot eit naboland i strid med alle reglar og folkerett hadde ingen hatt noko imot deltaking frå russiske idrettsutøvarar.
  3. Men for at det skal skje er vel Ukraina avhengig av å få flest mogeleg kampfly (og mest mogeleg militær og økonomisk støtte) raskast mogeleg?
  4. Trur du at Russland ville prioritere å krige vidare i Ukraina framfor å forsvare eigne landområde i aust dersom dei måtte velje?
  5. Korleis skal dette gå då? No har ein fått fasiten. Det gjekk som forventa. Agendaen vart ikkje Tomahawk eller luftvern til Ukraina, men ukrainsk kapitulasjon.
  6. Russarane var sprø nok til å angripe Ukraina, og har ofra over 1 million soldatar på denne meiningslause krigen. Russarane driv i tillegg provokasjonar og hybridkrig mot NATO-land. Så kven veit? Forresten, så er vel det å erklære krig noko som ein gjorde i gamle dagar. I dag set ein berre i gang ein "spesiell militær operasjon".
  7. Pleier russiske fly som er skotne ned av russarane sjølv å bli teke med i statistikken? Er det evt. det at flyet jakta ukrainske droner som gjer at ein har teke det med?
  8. Men i så fall mistar USA/Trump framtidige forretningsmogelegheiter. Og det er vel det siste Trump ynskjer.
  9. Det er nok større sjanse for at Trump kastar Zelenskyj ut av det kvite huset enn at han sender Tomahawk til Ukraina.
  10. Sjølvsagt enda det slik. Ukraina må nok satse vidare på utvikling og produksjon av sine eigne missil som f.eks. Flamingo.
  11. Det er iallefall det dei burde kalle det. Europa er kritisk til det autoritære regimet, men det er ingen som ynskjer at USA skal blande seg inn verken der, i Panama, i Canada eller på Grønland. Saka er vel at klokka er stilt tilbake til situasjonen under den kalde krigen, der stormaktene hadde kvar sine interessesfærer. På mange måtar snakkar Trump og Putin det same språket, og det er vel kanskje ein del av årsaka til at Trump vegrar seg så forferdeleg for å støtte Ukraina mot Russland.
  12. Men meiner folk i eit liberalt demokrati det som du hevdar her? Norge er eit liberalt demokrati og eit fleirkulturelt samfunn. Likevel støttar det store fleirtalet Ukraina. Diverre er det slik at i eit demokrati må ein vere sikker på at ein har tilstrekkeleg støtte i folket dersom ein vil setje hardt mot hardt, og ein må ta omsyn til at mange meiner at straumprisar, helse, eiga lommebok osv. er viktigare enn å støtte Ukraina. I eit autoritært land som Russland slepp politikarane å tenkje på kva folk flest meiner. Så då reknar eg med at du føretrekkjer ein Erdogan, Orban, Trump eller Putin framfor ein Støre, ei Solberg eller ein Vedum? Ikkje sant?
  13. Det er konflikt mellom reindriftsinteresser og forsvaret sitt behov for treningsfelt i Porsanger. Ukraina-krigshelt og tidlegare sametingspolitikar Sandra Eira meiner at forsvaret må få trene på det dei skal, og ber om at folk ser det store biletet. https://www.nrk.no/sapmi/statsforvalteren-stanser-halkavarri-planen_-kongen-minner-om-at-forsvaret-ma-ta-hensyn-til-samene-1.17602841
  14. Årsaka er vel ikkje berre mangel på pansra køyrety, men at dronene skaper dødssoner der pansra køyrety har små sjansar for å komme gjennom.
  15. Det er betre med eitt bein i kvar leir enn begge beina planta i feil leir. Etter det eg hugsar braut Jugoslavia med Stalin kort tid etter 2. verdskrigen, deltok i ei gruppe for alliansefrie land og fekk militær støtte frå USA. Rett nok var landet styrt av kroaten Tito.
  16. Skal tru om det er større sjanse for amerikansk våpenhjelp no som behovet i Midtausten minkar?
  17. Ein får vere glad for at Ukraina har eit anna syn på kultur enn det som ofte kjem fram i norske kommentarfelt eller diskusjonsfora. Jødisk festival har overlevd både holocaust og sovjetisk undertrykking. Og no også Putins angrepskrig: https://www.nrk.no/urix/xl/ukraina_-uman_-rosh-hashanah_-_-dette-er-vart-paradis-1.17594898
  18. Eg kjenner meg ikkje att i dette. Eg meiner dette er å overdrive stort. Her er eg tilbøyeleg til å vere einig.
  19. Om ein er usikker på det er iallefall det ein svært god grunn til å få ein fagperson til å sjå på dette framfor å byrje å kople sjølv.
  20. Er det urimeleg å forvente at desse har lært seg språket når dei har budd der i snart 35 år?
×
×
  • Opprett ny...