The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
21 021 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Det er ingen land som har klart å kvitte seg med rusbruk via forbod og strenge straffer. Strenge straffer vil i beste fall redusere antallet som tørr å ta risikoen ved å selge narkotika, men færre aktørar fører vanlegvis også til høgare profitt og meir makt til dei som tek risikoen. Alle land har strenge straffer for drap, endatil dødsstraff, men drap foregår i alle land likevel. Eg har ingen tru på at det er mogleg å bruke straff for å sørge for at folk ALDRI får tak i stoff. På same måte som at straff ikkje fører til eit samfunn utan kriminalitet. Då må vi finne andre metoder, og sålangt så ser avgrensa tilgang under streng regulering til å fungere best. -
Om matkasser er bærekraftig kjem nok heilt ann på kva ein samanlikner det med. At matkassene blir køyrt ut med eigen bil treng ikkje å medføre vesentleg meir utlsepp enn om alle matkassekundane må ta ein 500 meters omveg for å køyre innom og parkere ved ein matvarebutikk på veg heim. Om 10 matkassekunder i same nabolag hadde kunne køyre strake vegen heim så vil varebilen med matkasser kunne køyre opp til 5 km før det er meir bærekraftig at disse kundane tek ein 500 meters omveg. Eg tenker at det som kanskje er minst bærekraftig med matkassene er all den maten som kundane velger å ikkje bruke, enten fordi dei heller vil ha noko anna til middag enn det matkassa legger opp til, eller at ein ikkje er 100% fornøgd med kvaliteten på grønsakene ein har fått levert og derfor heller kjøper eigne grønsaker. Ideelt sett så burde matkasser være ein god måte å få brukt opp f.eks dei grønsakene som butikkundane velger bort når dei får plukke grønsakene sjølv, men tendensen er nok heller omvendt ved at dei som leverer matkasser er så opptatt av kvalitet at dei ikkje vil risikere å tape kunder på å levere ut matvarer med skjønnheitsfeil.
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Rusforskninga har konkludert med at når foreldre sender 16 åringen ut på fest med 3 pils så blir dette 3 pils som kjem i tillegg til det 16 åringen ruser seg med på fest. Men etter mitt syn så handler det vel så mykje om ruskultur og at vi tillater mindreårige å feste utan oppsyn, hadde vi fått til ei ordning der det for ungdom var lov å drikke alkohol på uteplassar og liknande så kunne ein i større grad styrt konsumet gjennom både pris og sosiale normer. Eg skal ikkje påstå at den gamle ordninga med utedans på bygdene der alle som var konfirmerte (15 år) fekk delta førte til mindre alkoholkonsum, men eg trur nok at ein del av skadevirkningane vart reduserte ved at dei som var på fest var i heile aldersspennet frå 15 til 80+, om ikkje anna så måtte du tenke litt over eigen oppførsel når du blei observert av dine foreldres venner eller ein av lærarane på ungdomsskulen. I tillegg så ville du alltid kunne få råd frå folk med erfaring som kunne fortelle korleis du skulle unngå å bli for full for fort. Når 16 åringane har eigne vorspiel/festar der ingen er over 18 år så er det mykje større fare for at det går over styr, enn om drikkinga hadde foregått i eit lokale der det også er vaksne tilstades. I dag er det ingen aldersgrense for alkoholkonsum i Norge. Det er berre salg, skjenking og utlevering som til mindreårige som er ulovleg. Den praktiske konsekvensen for mindreårige som drikk alkohol er at politiet kan ta frå dei alkoholen, ved meir utstrakt misbruk så kan det også være aktuelt å kople på barnevern og BUP, men det er ei anna sak. Så sjølv om 17 åringen er over kriminell lavalder og kan få bot for andre ting så er ikkje alkoholkonsum ein av tinga som fører til straff. Eg tenker at ei mogleg løysing hadde då vært å endre regelverket slik at privat konsum av alkohol var straffbart for ungdom, men at ein i staden gjorde det lovleg med skjenking av alkohol i eigna lokaler, enten det er ein uteplass eller ungdomsklubb der skjenkinga blir gjort av voksne med løyve til skjenking av alkohol. Då ville ein kunne etablert forholdsvis trygge rammer for å teste ut alkohol i sosiale settingar, samtidig som ein forhåpentlegvis vil kunne redusere eller at på til fjerne det private alkoholkonsumet. Eg tenker også at ein også kunne lett skjerpa inn konsekvensane for langing til mindreårige. Sjølv om ein i teorien risikerer både bot og opptil 6 månedars fengsel så er det i praksis straffefritt med langing. Det verste som skjer hos vinmonopolet er at du blir nekta å kjøpe om det er mistanke om at du kjøper for nokon andre. Du blir ikkje anmeldt slik som du blir om du blir ferska i eit forsøk på å stjele frå Vinmonopolet. Eg trur at om ein hadde fått til å opprette eit lovleg tilbod, men med klare reguleringar så hadde det kunne minimert både omfang og skadevirkningar ved alkoholkonsum, og det ville gjort det mogleg å etablere ein god drikkekultur som ikkje fører til flatfyll uavhengig av om du er 14, 18 eller 30 år fyrste gongen du drikk alkohol på ein privatfest. Milde rusmiddel som cannabis kunne lett vært legalisert med klare rammer, enten det er i på kvar og når du får kjøpt cannabis, eller enkelt og greit ei slags form for kvote på kor mykje cannabis du får kjøpt innan eit vist tidsrom. Sjølv om eg absolutt ikkje ønsker eit meir konservativt alkoholregelverk, så er eg overbevist om at dersom formålet er å avgrense mengden alkohol som folk konsumerer så hadde det vært mykje meir effektivt å innføre ei maksmengde du får kjøpe i staden for å prøve å regulere salgstidene. Hadde det vært slik som med smertestillande på daglegvarebutikken der du berre får kjøpe to pakkar om gongen, og det hadde blitt innført ei maks grense på to ølbokser per dag slik at du enten måtte hamstre opp heile veka, eller gå frå butikk til butikk for å få kjøpt ein six-pack så hadde nok det vært langt meir effektivt enn at ølsalget stenger kl 20. -
Her har du fullstendig misforstått systemet. Formålet med arbeidsmiljøloven er å sikre at alle har eit arbeidsmiljø som er helsefremmende, og som legger til rette for tilpassingar i arbeidsforholdet knytta til den enkelte arbeidstakar. Grunntanken er at det å få utføre meiningsfylt arbeid i seg sjølve er helsefremmande så lenge arbeidstakaren ikkje blir pressa for hardt. Når du er vekke frå jobb så er det av omsyn til din helse at sjefen ringer for å spørre korleis arbeidsdagen kan tilretteleggast slik at du likevel kan møte på jobb. Reint økonomisk sett så er det ulønnsomt for sjefen å bruke tid og pengar på å tilrettelegge for at ein arbeidstakar skal kunne møte opp på jobb og jobbe for halv maskin. Det er billegare for sjefen å skaffe vikar som kan yte 100% utan tilrettelegging, enn det er å ha ein arbeidstakar som berre klarer å yte 50% og som i tillegg treng hjelp frå andre arbeidstakarar til å ta dei resterande 50% av jobben, og kanskje må ein likevel ha vikar oppå der igjen for at produksjonsnivået ikkje skal gå ned. Grunnen til at sjefen likevel prøver å tilrettelegge er fordi det er eit lovkrav, fordi det for samfunnet er betre at kostnaden med sjuke arbeidstakarar ikkje blir presse over på fellesskapet i form av sjukepengar og i verste fall trygd. Det er av samme grunn at det er krav om at alle arbeidsplassar skal være tilrettelagte for handicapa, slik at dersom du du har arbeidsoppgåver du kan utføre frå sittande stilling så skal det ikkje være mangelen på heis som fører til at du ikkje kan kome på jobb.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Selvsagt. Kanskje har jeg "bortskjemt" meg selv litt på den måten at jeg har et nødlager med mat, sånn i tilfelle det skulle skje noe litt mer alvorlig, som gjør at butikkene stenger ned noen dager (hvis strømmen går i et stort område en lengre stund, kan det ta tid før alternative løsninger kommer på plass). Jeg bruker innimellom av dette nødlageret, for å bytte ut de eldste matvarene, så det går en slags automatikk i alt dette så jeg behøver egentlig ikke tenke på om jeg har nok mat til helgen. Når det er sagt, burde alle ha et nødlager av mat, drikke og andre nødvendigheter. Hvis man får problemer fordi butikkene er lukket én dag, hvordan skal det da gå om de er lukket i flere dager? Det blir en annen diskusjon, men kan også hjelpe i tilfeller hvor man ellers plutselig kunne gått tomt for mat. Det er nok ikkje utan grunn at myndigheitene satser stort på kampanjer om at folk må ha ein eigenberedskap for å kunne klare seg sjølv i 7 dagar, om alle lever frå hånd til munn og det er krise i heimen etter berre ein dag så er det heilt nødvendig å ha fokus på dette. Og ja, eg skjønner at det innimellom skjærer seg med planlegginga. Men eg hadde eigentleg forventa at det du plutseleg må handle på ein søndag er slike ting som poteter fordi potetene viste seg å være rotne på innsida, eller ein ny pakke med fløyte fordi den du var uheldig og brente sausen. Men hyllestabile ting som mjøl og bleier burde ein ikkje trenge å kjøpe dagleg. Til ei viss grad er også mjølk eit produkt som folk flest kan alltid ha ein uopna kartong eller to av i kjøleskapet som inngår i rulleringa. Det er ikkje så kort holdbarheit på mjølk. Største "behovet" for søndagsopne butikkar er for å kunne "snope", altså å kjøpe meir godis og snacks for å kunne kose seg også på søndagskvelden, eller å kunne kjøpe grillpølser når ungane ikkje vil ha søndagssteik til middag, osv. Altså at ein handlar ting som ein eigentleg ikkje treng, men som ein av ulike grunnar har lyst på. Eg tenker at dette behovet dekker bensinstasjonar, kioskar og gatekjøkken heilt fint i dag, der dei som har råd og lyst på ting får kjøpt dette til ein høgare pris på bensinstasjonen. Eg ser ikkje kvifor det skal være eit fullverdig søndagstilbod som berre driv matvareprisane oppover også på kvardagar, særleg når type 2/3 av alle varene som er tilgjengelege i Brustadbua er snop/snacks samt usunne matvarer. Utvalget av frukt og grønnsaker er vanlegvis både lite og dårleg. Søndagsopne dagligvarebutikkar har blitt til lav-pris kioskar, og er dermed heilt unødvendige. Hadde dei berre solgt grønsaker, mjølk, brød og bleier så hadde eg sett behovet, men om folk ikkje klarer å kjøpe seg ein ekstra frossenpizza eller sjokoladeplate på ein av dagane før søndagen, så skjønner eg at det blir katastrofe om vi får ei uventa hending som fører til at butikken må være stengt to dagar på rad.
- 245 svar
-
- 1
-
-
Pusse opp bad. Kan jeg forvente å få igjen pengene ved salg av bolig?
The Avatar svarte på Ænonym sitt emne i Økonomi
Dei fleste som går på visning det det er eit dårlig bad vil grovt undervurdere prisen for oppussing, og har derfor lett for å tenke at dette badet kan dei pusse opp for 20k og er derfor ikkje villig til å betale 70k ekstra for å eit bad som alt er oppussa.- 8 svar
-
- 1
-
-
Pusse opp bad. Kan jeg forvente å få igjen pengene ved salg av bolig?
The Avatar svarte på Ænonym sitt emne i Økonomi
Tvilsomt, men det kjem sjølvsagt ann på den totale markedsverdien. Du er i alle tilfeller avhengig av å få i gang budkrig for å presse prisen oppover. Generelt sett så vil oppussing gjere bustaden meir lettsolgt, men det er sjeldan du kan forvente å få igjen pengane. Det at bustaden er lettsolgt kan gjere at du får fleire som vil være med på ein budkrig, men det kan like gjerne ha med timing i merkedet å gjere.- 8 svar
-
- 2
-
-
Er ingen fan av filmen eg heller, men den slo heilt klart ann hos målgruppa. Eg synes personleg at det vart mykje Jack Black og lite Minecraft, så med det utgangspunktet så kan det være at eg liker oppfølgaren betre om dei følger den vanlege malen ved å kvitte seg med dyre kjendisar når oppfølgaren skal lagast, det vil gi plass til meir Minecraft innhold.
-
Nei. Det er ikkje slik det fungerer. Så lenge avdelingene ligger under samme overordna organisasjonsnummer så er det samme arbeidsgivar sjølv om det er ulike avdelingsleiarar og ulike budsjett.
- 47 svar
-
- 1
-
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Sjølv om eg er for ei positiv til ei oppmjuking av ruspolitikken så er eg ikkje einig i at alt skal være opp til individet å bestemme, særleg når det for negative konsekvensar for andre. Det er heilt greit at dei som vil ruse seg som rekreasjon kan gjere det, men det når ei grense når rusbruken bikker over og går utover samfunnet. Ein kan leve som ein vil men ein skal ikkje plage andre. -
For å kome rundt det vernet som arbeidsgiver er pliktig til å gi deg så må du utføre jobb for ein annan arbeidsgivar, det er ikkje nok å jobbe for ei anna avdeling. Typisk må du ta jobb hos ein privat tilbydar av helsetenester, for ein kommune, eventuelt jobbe i eit helseforetak i nabofylket. Du vil i prinsippet kunne inneha to 100% stillingar hos to heilt forskjellige arbeidsgivarar utan at nokon av arbeidsgivarane er ansvarlege for det som skjer hos den andre arbeidsgivaren. Merk likevel at det kan være bestemmelsar som hindrar deg i å skaffe fleire arbeidsforhold parallelt, sidan hovudarbeidsgivaren ofte krever fyrsterett på din arbeidsinnsats.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Om eg ikkje husker feil så var ikkje dette vetoretten som var i bruk, men ein trussel om å heller abdisere enn å anerkjenne eit tyskvenleg regjering. At veto-retten ikkje har blitt brukt er også eit godt teikn på at samfunnet vårt fungerer. Om politikarane er så fornuftige at det ikkje er nødvendig med ein vetorett eller om det er vetoretten som har holdt politikerane i øyrene er ikkje så lett å seie.
- 43 svar
-
- 1
-
-
Kongen har muligheit til å abdisere og la kronprins Haakon ta over rollen som konge, slik som dronning Margrethe av Danmark gjorde forholdsvis nyleg. Det er kongen sjølv som har bestemt at han ikkje akter å abdisere med begrunninga om at han akter å ære eden om å være konge av Norge livet ut. Han vart seinast spurt om dette i samband med dronning Margrethes abdisjon i 2024 om dette kunne være aktuelt også for han.
- 43 svar
-
- 1
-
-
Korleis påvirker fredsavtalen og forhåpentlegvis varig fred den internasjonale straffedomstolens arrestordre på Netanyahu, Gallant? Dei er begge sikta for krigsforbrytingar frå israelsk side, det var også ein Hamasleiar som var sikta for forbrytelsar mot menneskeheita men ettersom han er tatt av dage så har han ikkje lenger ein aktiv arrestordre. På den ein sida så vil ein påfølgande arrestasjon og rettsak for å avklare om dei er skuldige i krigsforbrytingar sette ein kraftig stoppar for fredsprosessen. På den andre sida så vil det drastisk redusere respekten og betydninga til straffedomstolen om dei velger å legge til sides anklagane om krigsforbrytingar berre fordi krigen er slutt. Om ICC ikkje følger opp saka så betyr det berre nok ein gong at krigsforbrytingar og brot på menneskerettigheitene er straffefritt så lenge ein vinn krigen. Vi har jo alt sett kor lite makt ICC har når Putin fekk reise til USA utan å bli arrestert og framstilt for domstolen i Haag, for det betyr jo i praksis at det å begå krigsforbrytingar har blitt ein legitim taktikk i krigføring sidan det ikkje fører til negative konsekvensar.
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er ikkje ein veldig overraskande konklusjon, betre tilgang på bedøvande middel på grunn av legalisering gir fleire tilfeller uheldig kombinasjon av rus og gjeremål. Bilulykker og talet på omkomne med THC i blodet er objektivt målbart, men det er nok også mange uheldige episoder der ein arbeidstakar gjer store feil på grunn av påvirkning. Likevel så tenker eg at mangelen på informasjon er ein viktig faktor. Det er stadig trafikksikkerheitskampanjar som informerer om farane ved køyring i alkoholpåvirka tilstand, køyring medan du snakker i mobil, køyring når du er trøtt, osv. Det er ganske innlysande for meg at dersom eit nytt rusmiddel blir legalisert så må det også følge med informasjon om rusmiddelet. Ei utfordring med THC er at det er ikkje like lett å måle rusnivået som det er å måle alkoholnivået med promillemåler, det er i tillegg litt fagleg ueinigheit om kva målte THC verdiar som tilsvarer nøyaktig 0,2 promille med alkohol når ein skal vurdere om det dreier seg om ulovleg ruspåvirkning under køyring. I Norge er grensa for THC satt til 0,004 mikromol per liter blod, ein verdi som er kritisert for å være så lav at ein må være edru over fleire dagar for å kome ned i dette nivået. Så skal ikkje eg være en stor forkjempar for at grensa for THC skal aukast, for det er kanskje vel så fornuftig å redusere dagens promillegrense. For sjølv om ein har venta lenge nok dagen derpå til å ha under 0,2 promille så er det på reine at etter ein skikkeleg fest så er ein såpass svekka lenge etter at ein har blitt edru nok til at det er uforsvarleg å køyre bil. Utfordringa med ei slik promillegrense er at det er vanskelgare å påvise ved kontroll. Eg synes likevel ikkje at det hadde vært urimeleg at ei ny promillegrense satte krav om at bilføraren skal ha hatt 0 i promille i minst 6 timar samanhengande før ein har lov til å køyre bil igjen. I dag har vi alt reglar om at det ikkje er lov å køyre bil om ein er svekka, som f.eks. fordi ein er trøtt, men også her er det vanskeleg å bevise trøttheita til bilføraren i kontroll før bilføraren sovner og køyrer i grøfta. Det at UP ikkje kan stå langs vegen å måle trøttheita til bilføraren er likevel ikkje til hinder for at vi har innført eit forbod mot å køyre bil når du er trøtt. -
Den viktigaste rolla som kongen har er vetoretten, som medfører at kongen kan legge ned veto for nye lover. Sjælv om kongen berre kan stoppe lova ein gong så vil eit veto medføre at Stortinget må tilbake for å vedta samme lov. For eventuelle grunnlovsendringar vil eit veto medføre at det må være eit stortingsvalg mellom behandlinga av samme lov sidan ei grunnlovsendring blir foreslått av eit Storting og vedtatt av det neste valgte Stortinget. Kongen har derfor ein viktig rolle som sikkerheitsventil som kan være med å bremse opp raske samfunnsendringar som er foreslått av ei fleirtalsregjering. Det er ikkje nødvendigvis til landets beste om lovendringane kan vedtakast for fort, særleg når det er lovendringar som medfører store samfunnsendringar. Det å då ha ein uavhengig konge som har i oppgåve å påsjå at vi har ein viss grad av politisk stabilitet kan være ein viktig sikkerheitsventil. I tillegg har kongen ei rolle som representant for Norge, som kan få til betre relasjonar enn ein president kan. Ein president må representere Norge i tillegg til å gjere jobben som president, og sjølv om presidenten gjer ein kjempejobb og lagar gode relasjonar med andre verdensleiarar så kan vi plutseleg få ein heilt ny president etter berre 4 år som då omtrent startar på heilt bar bakke. Ein konge og ei kongefamilie gir i dette arbeidet ein stabilitet som varer langt lengre enn ei stortingsperiode.
- 43 svar
-
- 3
-
-
Kan ikkje kome på konkrete eksempel på at eg har bytta politisk syn etter ein debatt, men eg har utvilsomt justert mitt syn frå eit ytterpunkt til meir nyansert sentrums-punkt etter å ha vurdert fleire nyansar som har komt fram gjennom debatten. Det som for meg ofte er problemet i politiske debattar er at ein veldig sjeldan bruker tid på detaljane, og for min del så meiner eg at vi oftast får dei beste ordningane om vi ikkje går 100% i ei politisk retning. Den norske planøkonomien er eit godt døme på dette, der vi lar markedskreftene styre der det er hensiktsmessig, og så innfører vi reguleringar der markedskreftene hadde spunnet ut av kontroll.
- 36 svar
-
- 1
-
-
Både kjøpslova og forbrukerkjøpslova omtaler auksjonsalg. Etter forbrukerkjøpslova så kan ikkje kjøparen kreve prisavslag ved kjøp av brukt ting på auksjon ein hadde anledning til å være tilstades på, som igjen betyr at eventuelle manglar må ordnast gjennom retting eller omlevering. Vil tru at dette er ein regel ved auksjonssalg for at ein på auksjon ikkje skal kunne avtale ein kunstig høg auksjonspris som deretter blir justert ned til realistisk kjøpsom ved å bruke reglane for prisavslag ved mangel. I slike tilfeller så burde sjølvsagt også andre budgivarar ha lik sjanse til å by ein realistisk sum på ein gjenstand med mangel. Etter kjøpslova så er ein bestemmelse om at vurderinga av manglar når ting er solgt "som den er" berre gjeld så langt det passer.
-
Det er heilt klart at Arbeidstilsynet har blitt handlingslamma i møte med helseforetaka der Arbeidstilsynet gir opp å straffe før dei i det heile tatt har prøvd, truleg fordi det i praksis er meiningslaust og gi bot til ein offentleg etat som utfører lovpålagte tenester. Får helseforetaket millionbot så fører det til millionunderskudd, som igjen fører til at staten som mottok pengane må bevilge meir til helseforetaket fordi det ikkje er eit alternativ å legge ned sjukehuset. Formålet med arbeidsmiljølova er å verne arbeidstakarane, også frå å frivillig slite seg ut. Det å jobbe mykje overtid kan være ein fin måte å tene mier pengar på, særleg når ein er ung. Men alt har ei grense og før eller seinare går ein seg på ein smell og blir sjukemeldt. I tillegg så er det eit moment at at arbeidsmiljølova skal påsjå at ikkje tilsette jobbar seg sjuke fordi det frister formykje med pengane, som også kan være ein motivasjon som fører til at tilsette strekker seg for langt. At helseforetaka bruker så mykje overtid er eit stort samfunnsproblem, og er nok ein av grunnane til at SSB kan rapportere om at så mykje som 20% av alle med som er utdanna som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller lege ikkje jobbar for helsevesenet. https://www.ssb.no/helse/helsetjenester/artikler/det-finnes-ikke-en-stor-reserve-av-helsepersonell Ettersom vi også veit at behovet for disse yrkesgruppene blir større og større så er det heilt klart at Arbeidstilsynet må finne andre reaksjonsformer som fungerer for å få ned overtidsbruken. Reint samfunnsøkonomisk så er det heilt innlysande dårleg butikk å skulle bruke mykje pengar på å utdanne folk til eit yrke dei berre kjem til å praktisere i nokre få år før dei i beste fall startar å jobbe med noko heilt anna. Eller i verste fall ender opp som uføre med dei utgiftene det medfører for staten som må betale ut trygda.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Det er bra at det er mykje action, for det kan i det minste gjere serien interessant nok for å ha på som bakgrunnsstøy sjølv om at resten av serien ikkje lenger er spesielt god. Sjølv har eg sett til og med fyrste episode av sesong 3 før eg falt heilt av. Som fan av både bøkene og spela så har eg virkelig prøvd å like serien. Fyrste sesong var bra, men eg synes det er eit under at den fekk ein sesong til, å fortelle historia i sesong 1 i ei ikkje-kronologisk rekkefølge var eit dum-dristig valg. Dette fortellergrepet gjorde det svært vanskeleg å følge fortellinga, særleg når det heller ikkje var gode visuelle hint om vi no var i fortid eller nåtid. Alt vart sjølvsagt ekstra vanskeleg når ein også skulle introdusere eit heilt nytt univers der sjåaren ikkje viste at Gerald f.eks. har lang levetid og derfor ser lik heilt lik ut i både fortid og nåtid. Og sidan dette er eit fantasy univers så er det lite "clues" å plukke opp sidan det ikkje er noko som heiter mote i fantasy og dermed er også klærne like til tross for fleire tiårs tidsforskjell. Serien gjorde det også ekstra vanskeleg å plassere dei ulike karakterane i rett fraksjon. Det er heilt greit at serien er inkluderande og bruker skodespelarar med ulik hudfarge, men då burde dei kompensere med ulike klesdrakter eller andre fysiske kjenneteikn som gjer at sjåaren forstår kvar karakteren kjem ifrå og kva fraksjon ein tilhøyrer. Når alvane ser ut som mennesker så er det ikkje like lett å kjøpe premisset med at alvane i the witcher held seg for seg sjølv etter å ha vært i krig med menneska i mange hundre år, for med mindre du ser øyrene så er det ikkje så lett å forstå kva rase rase dei ulike karakterane tilhøyrer. Serien burde i mykje større grad følge bøkene, utan å gjere ein masse endringar i TV-versjonen med påfølgande ulogiskheiter når ein seinare i serien skal prøve å få inn noko frå boka som ikkje lenger er mogleg fordi i TV-versjonen så har historia tatt ei anna retning.
-
Det vil være ein dårleg køyrelærar som sender deg til oppkøyring utan å ha avdekt og retta opp i det som må øvast på. Har ikkje høyrt om nokon som har med køyrelæraren på oppkøyring, einaste grunnen til at køyrelæraren vil være med vil være i rollen som bileigar?
- 25 svar
-
- 2
-
-
Å køyre opp på vinterføre gir god unnskyldning for å ta det litt ekstra rolig, pass berre på å ikkje overdriv med å køyre for sakte også der det er gode køyreforhold. Utanom det så er mitt tips å tenke høgt, fortell sensor kva du tenker og ikkje prøv å skjule dei feila du gjer. Om du viser at du hadde tenkt rett, eller at du forstår kva du burde gjort betre etter ein situasjon, så kan det telle positivt ved at sensor forstår at du tenkte rett sjølv om du gjorde feil. Om du ikkje kommenterer eiga køyring så har sensor berre handlingane dine å vurdere deg på.
- 19 svar
-
- 2
-
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Med det argumentet så bør også fleinsopp være lovleg sidan sopp er mat. Grunnen til at alkohol fortsatt er lovleg er at vi har så lange tradisjoner med alkohol at det er nesten umogleg å ta frå folk alkoholen utan å ta frå folk identiteten. Alkohol er fyrst og fremst eit rusmiddel, at vi utvikler næringsmiddel som inneheld alkohol er kultur. Det er null problem i dag å avalkoholisere både øl og vin og på den måten få alkoholfrie næringsmiddel. Og om du tenker på rein sprit som ein god måte å oppbevare reine kaloriar slik at dei ikkje råtner, så kan ein like gjerne raffinere druesaft om til sukker/sirup som også har omtrent uendeleg holdbarheit. Det er ingen ernæringsmessig grunn for å bruke alkohol som næringsmiddel som må via kroppen for å gjerast om til karbohydrater, då kan vi like gjerne ete karbohydratane direkte. -
Eg forstår poenget med å definere ei lita bygd med 200 innbyggarar der cruisskipet med 10 000 passasjerer ligger til kai frå laurdags kveld til søndags formiddag som ein turiststad. Det å kunne selge varer og tenester til disse turistane akkurat denne dagen kan fort avgjere forskjellen på om bygda overlever eller om den blir fråflytta og ikkje lenger kan ta impot cruiseskip. Eg ser likevel at ordninga er under hardt press der også fleire norske byar prøver å få fylkesmannen til å vedta at også byane skal være turiststadar. Omtrent 2/3 av alle norske kommuner har ein eller fleire lokasjonar i eiga kommune som er definert som typisk turiststad av fylkesmannen, så nå begynner unntaket å bli regelen. Eg synes at heile ordninga bør skrotast til fordel for eit nytt system. Der ein enten bestemmer seg for at søndagen skal være fridag for alle som ikkje har tvingande samfunnsbehov for å jobbe slik at helsevesen og kollektivtransport kan drifte som normalt. At bensinstasjonar skal få holde åpent berre fordi dei er bensinstasjon til tross for at 90% av søndagsomsetninga er pølser er berre tull. På eit overordna plan så handler dette med søndagsåpne butikkar mest om kva slags samfunn vi ønsker. Til tross for at "slippery slope" ikkje er eit godt argument, så meiner eg at det å normalisere søndagsåpne butikkar er eit steg i retning av å fjerne helga som konsept. Om alle 7 dagane i veka kan være arbeidsdagar så faller også mykje av argumentet for at det skal være ekstra godt betalt å jobbe i helg, for om alle 7 dagane er like så så er det ikkje meir ubeleileg å jobbe på ein søndag enn det er å jobbe på ein onsdag. Min meining er likevel at dersom det blir heilt valgfritt kva to dagar mesteparten av arbeidstakarane skal ha som fridag så fører det til at nesten ingen har fri samtidig, og at vi taper mykje på dette reint sosialt og kulturelt ved at vi ikkje kan samlast rundt ei helg der mesteparten av befolkninga har fri samtidig og kan då delta på samme aktivitet, enten det er å gå på fotballkamp eller café.
- 245 svar
-
- 1
-
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Berre det å innføre forenkla forelegg som reaksjon på mindre mengder til personleg bruk hadde hjulpet mykje. Om det kosta 10 000 kr å bli tatt for hasjrøyking så hadde det svidd godt, men ein hadde fortsatt kunne få seg ein god jobb. I dag så medfører det å få hasj på rullebladet at steget for å bli naver ligg litt nærmare enn det hadde gjort om ein hadde fått bygge karriere. Dette er kun basert på moral, eg rekner med at du ikkje er like prinsippfast på andre lovbrot? For ein kan jo argumentere at den som har blitt bøtlagt for vikepliktbrudd ikkje burde jobbe som lærar når ein har utvist så liten respekt for lova.
