Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 832
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Ja, definitivt ja. Det blir for dumt om du skal legge deg tidleg berre for å ligge i senga å kjede seg samtidig som at du frårøver henne den eigentida som ho vil ha til å sjå serie åleine. Det blir litt som floskelen om ekteparet der mannen alltid tok undersiden av rundstykket fordi han vil at kona skulle få overdelen som var den beste delen av rundstykket, medan kona alltid tok overdelen av rundstykket fordi ho likte beste undersiden og ville unne den beste delen av rundstykket til ektemannen, så satt dei der rundt frukostbordet og spiste feil del av rundstykket gjennom eit heilt liv.
  2. For å svare litt diplomatisk. Det finnes mange ulike måtar å praktisere akupunktur på, alle med litt ulike måtar å behandle på. Også måten ein undersøker kroppen for å finne ut kvar akkurat du skal ha nålene vil variere ein del, men mykje er basert på visuell analyse av fjeset samt eit intervju med ulike spørsmål om alt frå plager du har til personlege preferansar. Eg har aldri høyrt om nokon som har gått til akupunktør og som ikkje har fått tilbod om å betale for behandling, så eg trur nok du trygt kan anta at ein alltid finn noko å behandle. Er du sjuk og utan plager så får du tilbod om akupunktur for å førebygge sjukdom. Min avgrensa erfaring med akupunktur er at at akupunktøren speler på mange strengar der sjølve nålene utgjer berre ein del av behandlinga. Akupunktøren opptrer litt som hobbypsykolog og litt som motivator, det er ikkje uvanleg at behandlinga også involverer ein form for massasje, og når nålene er satt inn (som du ikkje kjenner) så blir du ofte pakka inn i varme pledd før du får ligge i eit mørkt rom for å meditere. Ein kombinerer også ofte med å gi kosthold råd og "resepter" på ulike vitamintilskot som du kan kjøpe på apoteket. I tillegg får du ofte homøopatisk medisin, og tradisjonelle kinesiske medisinske planter. For å svare litt mindre diplomatisk. Akupunktur har ingen dokumentert effekt. Einaste grunnen til at du eventuelt ikkje får time hos akupunktøren for behandling er dersom alt er fullbooka, men då kan du være trygg på at du som minimum får tilbod om å kjøpe rådyre sukkertablettar (homøpatisk medisin) som du skal ta fleire gongar dagleg medan du venter på ledig time. Det sagt så er akupunkturbehandling relativt harmlaust, kanskje med unntak av at du får beskjed om å ta litt vel store doser av fettløyselege vitaminar utan at det er medisinsk behov for det, som i motsetting til vannløyselege vitaminar kan gi deg overdose om dosa blir får stor. Det er sjølvsagt også viktig at du eventuelt brukar akupunkturbehandling i tillegg til vanlege helsetenester og ikkje i staden for. Sjukdom kan ikkje behandlast med akupunktur, til det treng du medisinar frå legen. For enkelte plager så kan det faktisk være hensiktsmessig å gå til akupunktør. Det akupunktørane er flinke til er å gi deg eit pusterom til å slappe av. Har du plager som er forårsaka eller blir forverra av stress så vil det sjølvsagt ha god effekt å tid til å slappe av. I tillegg så er det sjølvsagt alltid oppløftande å ha ein eigen motivator som prater deg opp og prøver å få deg til å tenke på kor mykje friskare du kjenner deg i dag, framfor den tradisjonelle legen som tek eit meir pragmatisk tilnæring til helse.
  3. Eg er nesten heilt sikker sidan Bache Gabrielsen var ein av bestselgarane i Norge, og at dersom det faktisk er snakk om tre stjerner / three star så er det umogleg mange versjonar sidan alle VS'ar også er tre stjerner. Historisk sett vart det satt eit kryss på tønna for kvart år med modning slik at cognacen med tre kryss var minst tre år gamal. Kors og stjerner er berre ein alternativ måte å lese merkinga på. Dersom det med tre stjerner berre var ment generell tre år gamal cognac så hadde det for det fyrste vært unødvendig å presisere det ettersom ein omtrent ikkje får kjøpt cognac som er yngre, og for det andre så hadde det vært lettare å skrive bokstavane VS i staden for tre sterner.
  4. Bache Gabrielsen tre kors https://www.vinmonopolet.no/Land/Frankrike/Cognac-Tradisjonell/Bons-Bois/Bache-Gabrielsen-3-kors/p/5401 Ein ganske vanleg cognac i Norge. Ikkje ein av mine favorittar då eg liker best litt mørkare cognac, men for dei som liker den så er det nettopp fordi den ikkje er lagra så lenge at den har tatt mykje smak frå lagringa på eikefat.
  5. Du skal melde skaden så raskt som mogleg. Dersom skaden har skjedd for meir enn eit år sidan er den etter forsikringsavtaleloven forelda. Eg ser likevel at at i mine forsikringsvilkår så står det at erstatninga kan falle bort dersom det er meir enn eit år sidan skaden oppstod, så utifrå mine forsikringsvilkår så ser det ut som at mitt forsikringskrav er litt rundare i kantane og berre forebeholder seg retten til å forelde gamle saker. Min innboforsikring har eit eige punkt som hadde dekt ein slik skade ettersom min innboforsikring dekker vanninntrenging gjennom opning eller utettheit. Men eg hadde nok likevel tenkt at det er meir nærliggande å ta ei slik sak på husforsikringa. Eg kan også sjå for meg at dei som har innboforsikring med romsleg definisjon på uhell kanskje kan få dekt ei slik skade sidan skaden er forårsaka av eit uhell.
  6. Nei. Det nærmaste vi kjem er å sjå til andre land og kva erfaringar dei har gjort seg. Korleis dette vil fungere i Norge kjem ann på mange variabler som korleis cannabis blir legalisert eller avkriminalisert, kva reguleringar om nokon ein skal ha, den norske ruskulturen, osv. Eit fullt frislepp av cannabis vil nok gå dårleg i Norge der vi er vande med strengt regulert tilgang på alkohol, både i form av kvar du kan handle alkohol, når du kan handle, og ikkje minst prisen du betalar. Men om ein sidestiller cannabis med sprit og har eigne utsal med avgrensa opningstid etter modell frå Vinmonopolet, så kan det være at ein fordeler rusbruken utan at det blir i tillegg til. Andre usikkerheitsmoment er kva som vil skje med rusalternativa. Etter at Vinmonopolet vart gjort tilgjengeleg i alle* kommuner og ein justerte aldersgrensa slik at 18 åringar kan kjøpe vodka på 21,9% så er mitt inntrykk at heimebrenten er nesten avvikla. No har alle grei tilgang på alkohol, og sjølv 18 åringar har langt større utval enn berre øl og vin. Det store spørsmålet er altså at dersom ein legaliserer, vil ein klare å legalisere slik at det blir eit fullgodt alternativ til illegal rus?
  7. Det er stor forskjell på kva som er tilsynelatande verdilaust og det som objektivt er verdilaust. Etter mitt syn er det meir eit relevant eksempel dersom nokon opner min ulåste ytterdør og tek med seg søppelposen som eg midlertidig har plassert i gangen for å ta den med meg neste gang eg skal ut. Dersom det er ueinigheit om tingen er verdilaus så er det ein anna ting, men så lenge tingen ikkje har verdi så har ein heller ikkje lidd eit tap. Det sagt så er eg einig med deg at etter lovvernet så er dette innbrudd ettersom det burde være opplagt at det er gjort tiltak for å hindre tilgang men det er ikkje tjuveri.
  8. Ein bør ikkje blande taktikkane. Ved å tette tilkomsten og ta rottene på felle så har ein kontroll på kvar rottene døyr slik at dei kan fjernast. Rottegift gjer rottene tørste slik at dei rømmer ut for å finne vatn, om rotta ikkje kjem seg ut så vil rotte døy i ein eller anna krok slik at ein får problem med lukta av råtnande rottelik. Skal du bruke gift så må/bør rottene ha ein rømingsveg, som ein tetter etter at rottene er dreve ut av huset. Skal ein bistå med noko så er det å forsterke valgte taktikk ved å sette ut ekstra feller, samt å fjerne tilgjengeleg mat slik at rottene må gå i fellene på jakt etter mat.
  9. Dette gjer politiet kvar dag. Når var sist du høyrte om nokon som fekk forenkla forelegg etter å ha blitt stoppa i 82 km/t i 80 sona? Og før du seier at dette er sikkerheitsmarginen så et det slik at forskrifta om forenkla forelegg i trafikksaker definerer at det skal koste 1150 kr å bli stoppa med 1-5 km/t for høg fart. Det betyr ikkje at det er lovleg å køyre litt for fort, men det er viktigare å stoppe dei fartsynderane som er farlege. Tilsvarande med drikking på offentleg stad og uvettig bruk av fyrverkeri. Når dulle folk samlar seg i sentrum på nyttårsaften så kunne politiet fint starta i ein ende for å skrive ut bøter, men i staden velger ein å ivareta ro og orden framfor å bøtlegge nokre få. Det er heilt uproblematisk å velge sine kampar, særleg der kriminaliteten det er snakk om er nærmast ubetydeleg. Ikkje berre verdilaust, men negativ verdi avfall er ein kostnad. Sjølv om at nokre posar med potetgull nok ikkje utgjorde den heilt store verdien der næringskundane betalar for vekta på avfallet, eller at volumet vart så stort at butikken måtte betale for ekstra henting, men likevel. Verdien det er snakk om her er 0 kr eller negativ verdi.
  10. Fysikk er alltid relevant i alle arbeidsforhold, men det er ikkje nødvendigvis det viktigaste kravet. Sett ein like (strenge) fysiske krav til alle så bli det berre fysikken som er avgjerande. Ein politibetjent skal gjere veldig mykje meir enn å springe raskt og løfte tungt. Dei er sjølvsagt mogleg å være både sterk, rask, smart, pen og alt det der, men det blir færre å velge mellom dersom ein fyrst må oppfylle eit strengt fysisk krav. Etter mitt syn så er største problemet at politiet i for liten grad får spesialisere seg fordi det er forventa at alle skal være gode på alt. No er ikkje dei fysiske krava veldig strenge, men det er litt merkelig at ein som jobber i UP og nesten berre køyrer patruljen heile dagen, og av og til sitter i ein fluktstol med lasermåleren, skal målast på ein løpstest som ein tok i 20-åra på politihøgskulen. For ikkje å snakke om dei som ender opp med å jobbe med førebygging og som nesten berre sitter på kontoret. Vi treng sikkert også politi som tek 60 meteren på 8 sekund i full uniform og som kan jage lommetyvane over stakittgjerda og gjennom eplehagane i eit byggefelt, men det er nok langt frå å være den vanlege arbeidsdagen for dei fleste i politiet. Sånn sett burde nok også helsefagarbeidarane ha fysiske krav ettersom dei skal jobbe med å løfte pasientar heile dagen.
  11. Ofte det negativt fordi delbetaling er ein avtale om å få kreditt, som du vanlegvis må betale for i form av kredittrenter. Det treng ikkje å alltid bli dyrare, for det kjem ann på kva avtale du får. Eit typisk eksempel der delbetaling kan lønne seg er dersom du uansett må ta opp lån for å betale, då kan ein avtale om kreditt i butikken være meir lønnsomt enn vanleg forbrukslån.
  12. Refusjonsspørsmålet er så enkelt at du legger du ut for hotell eller anna alternativ overnatting, og så held du tilbake husleige som motrekning. Då er det utleiger som må gå til sak mot deg for å kreve inn pengane som du ikkje har betalt i husleige. Merk likevel at kva du har rett på kjem heilt ann på dei eksakte omstendigheitene. Din subjektive vurdering er ikkje åleine avgjerande, det er derfor det er så greit å få inn eit skadedyrsfirma som kan vurdere tilstanden. Eigentleg er det rart at utleiger er så passiv. Det at du synes det er ekkelt og ubehageleg med mus/rotter i huset er jo ingenting i forhold til riskoen som utleiger har med skadeverk. I verste fall kan rottene gnage av ledningar og forårsake brann, i tillegg til alt som må rivast på grunn av gnageskader og kanskje også døde rotter som ligg og lukter inne i veggane og under golvet.
  13. Det har ingen direkte konsekvenser med fordømming, men det er dette verktøyet diplomatiet har. Effekten av å fordømme handlingar er at nasjonen som fordømmer formelt tek avstand, dette kan både bidra til at andre nasjonar også sender ut fordømming, og ikkje minst at det gir det fordømte landet ei oversikt kven ein kan rekne med å då bistand frå og kven ein ikkje får støtte frå. Det er som å protestere mot dårleg kundebehandling på Facebook. Det endrer i utgangs ingentig, men blir det mange nok som slutter seg til protesten så må firmaet rydde opp for å ikkje risikere boikott frå kundane.
  14. Det er to måter å sjå det på. Det vil sjølvsagt kreve ein del ressursar å ta denne saka til retten. Fordelen med det er at dersom dumster diveren vinner fram så vil det skape ein rettspraksis på korleis slike saker blir behandla i framtida. Kjem retten fram til at vedkommande ikkje kan bøtleggast for forholdet så vil det også bety at det ved tilsvarande hendingar i framtida heller ikkje er grunnlag for å bruke ressursar på å skrive ut forelegg sidan slike forelegg ikkje kan følgjast opp rettsleg.
  15. Særleg når butikken argumenterer at dei må hindre uvedkommande tilgang til matvarene fordi dei er redd for å bli stilt ansvarlege dersom dumster diveren blir sjuk. For det fyrste så kan eg aldri sjå for meg at nokon som har forsynt seg med mat som er kasta skal kunne vinne fram i ei erstatningssøksmål. Vedkommande kan jo ha blitt sjuk av ein potetgullpose som er kjøpt til fullpris og deretter fortært lenge etter best før datoen, det blir vanskeleg å bevise at det er akkurat den posen som var kasta som skulle være kjelda til ei hypotetisk matforgifting. For det andre så er det jo slik at dersom butikken hadde oppriktig vært redd for at nokon skal bli sjuke av maten dei har kasta så burde ein vel kunne forvente at det blir gjort tiltak for å redusere den faren ved å gjere maten uspiselig. Potegullposane ville vært lite attraktive for dumster divere dersom posane hadde blitt opna eller punktert før dei vart kasta. Ein anna ting som eg synes er problematisk og som bør være rettsleg vurdert er jo også i kva grad dette "tjuvgodset" har verdi.
  16. Det blir spennande å kanskje få ei rettsleg avklaring på kvar grensa for innbrudd. Det er på det reine at søppeldunkane her var låst, og at intensjonen av den som låste søppeldunken har vært å hindre tilkomst. Samtidig så er det også klart at låsen ikkje har hatt den tiltenkte funksjonen ettersom "tyven" i dette tilfellet har løfta lokket halvveis opp for å få tilgang til søppeldunken utan å verken øydelegge låsen eller dunken, og truleg også utan å bruke nevneverdig med makt. Eg er elles einig i at dette er ein litt håplaus ressursbruk, særleg når forelegget ikkje vart vedteke slik at politiet har valgt å gå vidare til avhøyr før neste steg blir rettssak. Samtidig så er nok dette ei sak som det kan være fordelaktig at ein får ei prinsipiell avgjersle på. Å sikre søppeldunken med ein slik romslig lås er jo nesten på høgde med å legge ein stor stein på lokket til søppeldunken og hevde at det er innbrot om nokon løfter både lokket og steinen.
  17. Det er sjølvsagt ikkje bra. Det treng likevel ikkje å ha særleg til betydning no. Med tanke på politiets involvering så er det ikkje gitt at det har foregått noko som er straffbart sjølv om heimeforholda ikkje har vært dei beste. Opp mot barnevernet så er det ikkje gitt at det er nødvendig å foreta seg nok om skaden alt har skjedd og det ikkje er fare for at det blir verre. Får vennen din tilbod om behandling (og han tek imot behandlinga) så vil forhåpentlegvis ting gå tilbake til det som er normalt. Dersom det er mogleg og forsvarleg at barna fortsatt bur heime så vil det ikkje være nødvendig med omflytting ettersom det også har negativ påverknad for dei trygge rammene som barn treng. Personlegheitsforstyrringar kan også være heilt urelaterte. Sjølv om at dårlege oppvekstvilkår er ein typisk årsak så er det slik at enkelte er familiært belasta med å være utsatt for å få personlegheitsforstyrringar, og det er heilt vanleg at slike ting oppstår under puberteten. I tillegg til at ein har ein rekke ytre påvirkningar utanfor heimen som mobbing på skulen, dårleg sjølvbilde, osv. Det at 2 av 2 barn i denne husholdninga har fått personlegheitsforstyrringar er ikkje eit bevis på at det skuldes dårlege oppvekstvilkår. Det kan være ein samanheng, men det kan også være heilt andre mekanismer som ligg bak. Tenker at det er greit å være bevist på dette før du hopper til eigne konklusjonar og enda verre forhåndsdømmer vennen din. Husk også at dersom han er psykisk sjuk så kan han i liten grad lastast for sin oppførsel. Og han har behov for eit best mogleg støtteapparat akkurat no. Sjølv om det ikkje skjer noko spesielt så er det klart at det er skummelt å plutseleg måtte forholde seg til både DPS, politi og barnevern.
  18. Politiet har plikt til å etterforske når det er rimeleg grunn til at det kan foreligge straffbare hendingar. Særleg ovanfor mindreårige så er lista lågare for å etterforske og anmelde på vegne av dei mindreårige. Her finnes det eigenleg ikkje noko informasjon som gir grunnlag for å spekulere. Det kan være alt frå at politi og barnevern får stadfesta at det ikkje har skjedd straffbare hendingar og at barna har det trygt og godt, til at det blir påvist forhold som gir grunnlag for å gripe inn. Politiet gjennom fengselsstraff og barnevernet gjennom å omplassere barna/tenåringane til ein annan bustad der vennen din ikkje får være utan oppsyn. I tillegg kan sjølvsagt sambuaren og barna flytte ut på eige initiativ. I ein slik samanheng kan ho også opprette sak for å prøve å få eineomsorgen for barna. Så følgane av dette kan være alt frå at absolutt ingenting skjer, til at det blir veldig mykje som skjer, alt etter kva som faktisk har skjedd eller er i fare for å skje.
  19. Kommunene leverer også offentlege tenester som dei rike og middels velståande fint kunne ha betalt for sjølv. Grunnen til at kommunen likevel utfører oppgåva er at slike tenester ofte er lovfesta, og at det er ein sedvane som gjer at folk flest forventer at tensten blir levert. Ein kommune kunne til dømes overlatt all snøbrøyting til huseigarane langs vegen/gata, eller utført tenesten som vanleg mot eit gebyr frå huseigarane. Skulane kunne i teorien gått bort frå gratisprinsippet og krevd at forelda kjøper inn lærebøkene. Det vil alltid være nokon som ikkje har råd og som då måtte søkt støtte, men om 75% av elevane hadde betalt for sine eigne læremiddel så hadde det blitt mykje å spare på ei slik løysing. Tilsvarande med renovasjon, i staden for å køyre rundt med renovasjonsbilar for å hente avfallet så kunne ein pålagt innbyggarane å sjølv ta med seg avfallet sitt til motaksanlegget. Så vidt eg kjenner til så er kommunen pliktig til å ha ei renovasjonsordning, ikkje nødvendigvis ei ordning som gjer at du som huseigar omtrent berre kan sette avfallet utanfor døra kvar veke. Grunnen til at ein ikkje kuttar eller gjer store endringar i slike tenester er at vi i Norge har eit likebehandlingsprinsipp, og ikkje ei ordning der ein skal betale etter evne. Dette systemet gjer at mellom anna rike er langt meir villige til å betale skatt ettersom dei også får dra nytte av samfunnsgodene. Hadde dei rikaste måtte betale mest skatt, og i tillegg måtte betale for alle tenester med middelklassen og nedover hadde betalt mindre skatt og fått alt gratis så hadde vi nok fått langt meir skatteunndragelse og slikt. I saka som trådstarter lenker til så er det kommunen som ønsker å få brukaren til å flytte til ein stad der kommunen kan levere sine tenester på ein enklare og billegare måte. Det som hindrer at det blir tvangsflytting er at kommunen ikkje har heimel til det, og er då avhengig av å få brukaren til å samtykke, under trussel om at tenestenivået vil bli redusert til det aller mest livsnødvendige om ein ikkje aksepterer. Grunnen til at det er denne gruppa som innsparingane går tyngst utover er at det er her det er mest å spare. Brukarstyrt personleg assistanse kan fort koste veldig mykje per brukar litt avhengig av behovet. Dersom ein brukar treng ein assistent døgnet rundt så vil det kreve minst fire fulltidsstillingar, som i tillegg til lønnstillegg for jobbing på kveld/natt/helg/helligdagar sjølvsagt dreg på seg med lønnskostnadar. Om kommunen klarer å samle meir enn ein BPA brukar under same tak så vil det være gode mogleghieter for at den same personen kan følge opp fleire brukarar når ein fyrst er på jobb. Det er langt mindre pengar for kommunen å spare på at søppelhentinga blir anna kvar veke i staden for kvar veke.
  20. Forhåpentlegvis så har ikkje Norge som stat tent på å ha generalsekretæren, om det skulle bli ein kamp om å få være generalsekretær i NATO for å styrke eigne nasjonale interesser så kan vi nesten berre legge ned NATO fyrst som sist. Krigar har brutt ut av mindre. Det einaste Norge som stat kanskje har tent på at Stoltenberg har vært generalsekretær i NATO og har gjort ein god jobb der, er nok at det har styrka Norges omdømme som ein nøytral og diplomatisk part som også i framtida kan få ansvaret for å være fredsmeklarar og slikt. Mitt klare inntrykk er at NATO under Stoltenberg har blitt ei sterkare allianse, særleg med støtte frå USA ved at både Obama og Trump satte 2% kravet på agendaen og på den måten fekk styrka alliansen militært sett. I tillegg til at Stoltenberg ser ut til å ha klart å flate ut spenningar og einigheiter mellom medlemslanda. Når det gjeld kva som er ordninga med leiarskap i NATO samt viktigheita av å ha nasjonale representantar så er svaret på det fyrstnemte at det ikkje finnes faste reglar for kven som skal være Generalsekretær i NATO. Regelen er at alle medlemslanda må være einige om kven som skal bli generalsekretær, og alle medlemslanda har vetorett i dette spørsmålet. Alle, eller dei fleste medlemslanda stiller med ein aktuell kandidat, og så blir det drøftingar for å finne den beste kandidaten til å være generalsekretær. Vervet som generalsekretær går ikkje på rundgang, men det er nok ein uskreven regel eller sedvane på at ein har ein viss rotasjon og at det ikkje er same landet som alltid har generalsekretæren. Det er også blitt ein sedvane at NATO velger ein generalsekretær frå Europa og ein Amerikanar som øverste sjef for NATO-hovudkommandoen. Altså at ein har politisk leiing frå Europa og militær leiing frå USA. På spørsmålet om det er viktig å være representert med representant for kvart land, så er det litt både og. I teorien skal det være heilt irrelevant sidan det er same jobben som skal gjerast uansett, men det er klart at det er viktig at alle medlemslanda kjenner seg både respektert og anerkjent.
  21. Kaprer litt denne tråden då det i dag står i VG at spesialeininga vil legge ned påstand om frifinning i ei anna politiskytingssak: https://www.vg.no/nyheter/i/4Bm8Oa/aftenbladet-spesialenheten-legger-ned-paastand-om-frifinnelse-av-politimannen-som-skjoet-mann-i-kneet Denne hendinga skjedde 22 desember 2022 i Stavanger og blir fyrst i dag ferdigbehandla i retten. Så om denne politiskytinga får tilsvarande tidsplan så blir det nok rettssak sommaren 2025, vi kan nok ikkje rekne med at det kjem særleg med oppdateringar før rettssaka startar opp. Angåande saka i Stavanger så siterer eg politiets uttale frå VG artikkelen: Det kan nok godt være skuddet gjekk av med eit uhell og at politimannen ikkje hadde til hensikt å løsne skot, men det må likevel være grunn for å stille spørsmål ved om det er manglande forståing som ligg bak når politimannen hevdar at han ikkje har straffeskuld. Her er det veldig mykje som har svikta samtidig, alt frå at lykta på pistolen kanskje ikkje er den mest hensiktsmessige lykta å bruke i ein slik situasjon sjølv om den lykta er lettast tilgjengeleg, at fingeren i det heile tatt var på avtrekkaren, og at våpenet var usikra eller hadde denne berømmelege "sikkringa" med treig avtrekker, og med siste svikten at avtrekkaren vart pressa inn. Det kan vel ikkje være normal våpenprossedyre å rette våpen og trykke avtrekkaren halveis inn i situasjonar der ein ikkje har tenkt å skyte? Unskuldninga er ikkje at han kom borti avtrekkaren, unskuldinga er at han trykte litt for hard på avtrekkaren, altså har han etter eigen påstand med overlegg trykka på avtrekkaren, og at feilen "berre" var at han pressa litt for hard denne gangen. Nå skal det seiast at politimannen også er tiltalt for "å ha utøvd offentlig myndighet og grovt uaktsomt brutt sin tjenesteplikt", så det kan sjølvsagt være at han i dag blir dømt på det grunnlaget. Alt det sagt så er det ikkje nødvendigvis rett at det er denne politimannen som blir dømt dersom det fortsatt er våpeninstruksen og mangelfull opplæring som fortsatt er kjelda til at slike episoder oppstår med ujamne mellomrom.
  22. Dette er sant i dag. Mitt poeng er at slik som utviklinga går med at NRK vil ha meir kontroll over eige innhald via eigen app, så blir det neste at NRK også lagar spesialordning for å motta vanlege TV sendingar. Dersom dette skjer så blir fyrste steg å stoppe dei ordinære sendingane via antenne eller kabel, på lik linje med at det berre var å slå av FM sendaren når ein skulle gå over til å berre ha radiosendingar på DAB. På lik linje med at NRK i dag sender sine TV-signal gjennom lufta slik at kven som helst kan motta sendinga via ei antenne, så kunne kven som helst motta NRK sine podcaster på den appen ein sjølv ønska å bruke. Før TV-serien SKAM vart eit verdensfenomen så kunne nordmenn streame NRK overalt i verden (utanom der internett var kraftig sensurert). Då antok ein at det berre var norsktalande i utlandet som hadde interesse av NRK sine sendingar, og at talet på norsktalande i utlandet var så forsvinnande lite at det ikkje var nødvendig med utvida lisensavtalar som også dekker utlandet. Etter at SKAM tok av så vart NRK nødde til å stoppe moglegheita for å streame frå utlandet, for sjølv om NRK ikkje tilbydde engelsk undertekst så var serien så populær at det vart laga uoffisielle undertekster som gjorde serien tilgjengeleg for eit langt større publikum i utlandet. Då kom musikkbransjen på banen og krevde at serien (med musikken) måtte bli avgrensa til å berre være tilgjengeleg i Norge, eller så måtte NRK betale ein langt dyrare lisens som også inkluderte distribusjon på verdensbasis. Konsekvensen av dette vart at alle Nordmenn i utlandet mistet sin enkle tilgang på å streame NRK. I dag er det slik at du i EØS land kan sjå på NRK dersom du logger deg inn på NRK appen og stadfester med BankID signering at du er bustatt i Norge (altså at du berre er midlertidig reise). Har du flytta til utlandet eller ferierer utanfor EU/EØS så får du berre sjå eit utvalg av NRK sine program, og det er berre nyheitssendingane du får sjå direkte. Skal ein sjå andre ting på NRK så må ein gå via VPN eller liknande tredjepartsløysingar. At noko som helst av NRK sine tenester i dag er fritt tilgjengelege utan behov for å bruke NRK sine appar, gir absolutt ingen garanti for at det kjem til å fortsette å være slik i framtida. All erfaring tilseier at NRK sine sendingar blir mindre og mindre tilgjengelge. Før FM bandet vart nedstengt så kunne ein med ganske avgrensa kompetanse lage sin eigen radio for å høyre på P1. (Alt du trengte var å lage ein spole av kobbertråd, eit batteri/straum, ein motstand for å justere frekvensen du fanga opp (ofte ein krystall, kullbit eller tynn metallbit som eit barberblad), og ein høgtalar). Ikkje var det nødvendig å betale lisens eller registrere seg heller. I dag betalar du for å kunne høyre på NRK radio sidan lisensen no går over skatteseddelen. I tillegg må du ha ein avansert mottakar, enten DAB radio eller mobil/datamaskin. At du i dag berre kan gå på butikken og kjøpe ein DAB radio utan å registrere deg er nok eit gode som fort også kan forsvinne. Særleg når stadig fleire i dag høyrer på radio over internett/datatrafikk så er det berre eit spørsmål om tid før også dei nye DAB sendarane blir avslått. I dag er mobildekninga såpass god at sjølv bilradioar fint kan bassere seg på streaming enten frå eige data-simkort i bilen eller ved å kople til mobiltelefonen som dei fleste uansett har med seg. Til sjøs kan det fort skje at fiskebåtar blir nødt til å betale for svindyr datatrafikk via satellitttelefon om NRK finner ut at dei vil spare litt kostnadar ved å slå av alle radiosendarane og berre tilby radio via internett og app.
  23. I denne problemstillinga er det mange nyansar, Etter mitt syn så er mangelfull nettutbygging (og vedlikehald) utelukkande fordi nettselskapa har valgt å investere i nettutbygging og i staden har fokusert på å halde nettleiga låg. Eg anklagar ikkje nettselskapa for å putte inntektene i frå nettleiga i eiga lomme (sjølv om det vanlegvis er eit godt lønnsnivå for leiarane av nettselskapa), vi har nokre kontrollmekanismer som kontrollerer at nettselskapet krev inn berre nok nettleige til å dekke sine vanlege driftskostnadar. Det som er feilen er at nettselskapa ikkje har hatt fokus på nettkapasiteten. Hadde dette vært eit prioritert satsingsområde så burde ein krevd inn litt meir nettleige dei siste 50+ åra og på den måten unngått dette "plutselege" kapasitetsproblemet. Hadde ein bygd ut litt etter litt, så hadde det ikkje vært nødvendig å innføre ein straumtariff for å prøve å bruke straumprisane til at forbrukarane tilpasser seg nettkapasiteten. Det er ganske openbart at det er nettkapasiteten som burde vært utbygd for å dekke behovet til forbrukarane. Eg synes då at det blir feil at Staten skal gå inn ordne opp fordi nettselskapa har svikta i sin jobb. Til sjuande og siste så er det likevel vi innbyggarane som betalar for utbygginga om vi betalar gjennom nettleige eller via skatteseddelen speler mindre rolle. Fordelen med å få staten til å gå inn med pengar er at vi som innbyggarar kan betale tilbake beløpet over ei lengre tidsperiode enn dersom nettselskapa må skur straumprisane så kraftig opp at staten må inn med straumstøtte til innbyggarane. Eg er likevel ikkje heilt framand for at staten skal betale for ei utbygging av straumnettet, men då meiner eg at staten også bør ta over ansvaret for straumnettet. Om staten berre gir pengar til nettselskapa så vil ingenting endre seg. Ein får då brukt dei ferske pengane til utbygging, og deretter vil nettselskapa gå tilbake til å gjere minst mogleg før det etter nokre år til igjen blir grining etter statsstøtte fordi nettselskapet ikkje har klart å oppfylle sine forpliktingar.
  24. Heilt einig. Ein ting er metodebruken (som eg sensurerte i sitatet som triggerord) som ikkje nødvendigvis er effektiv. Ein heilt anna ting er at det påfører resten av samfunnet langt større kostnadar og belastningar. Nokon skal jo også finne vedkommande, det skal gjennomførast ei etterforskning for å få klarheit i om ein står ovanfor eit drap eller sjølvdrap, kroppen skal transporterast til sjukehus/gravferdsbyrå, og blir dette gjort på eller langs ein veg så fører det også til at vegen blir stengt med alle dei samfunnstapa det medfører i form av forsinkingar. Også profesjonelle rednings-menn og damer vil nå ei grense for kva dei toler utan å sjølv trenge psykiatrisk behandling. Vanlege turgåarar som er heilt uførebudd kan fort bli hardare råka av dei inntrykka dei får ved å kome over ei slik handling. Som nemnt så skal ikkje økonomi være eit sterkt argument inn i ein slik verdidebatt. Men det er nok openbart betre for både pasienten og helsevesenet om ein kan gi eit tilbod om å sovne inn i sjukesenga omgitt av vennar og familie i staden for å sitte åleine ute i skogen, og som kanskje endar opp med ein langvarig leiteaksjon med folk som skal ut og leite medan familien sitt heime og held på håpet om at vedkommande berre har gått seg vil eller har vrikka ein fot og snart kjem trygt heim igjen så fort redningsmannskapet kjem fram. Det gir berre meir lidingar for alle innvolverte. Kva som er forsvarleg helsehjelp er ein flytande skala der både kunnskap, tilgjengelege behandlingar, og ikkje minst moralske omsyn er ein del av vurderinga. I snart 2000 år har det på slagmarkene blitt brukt amputasjon som behandlingsmåte. Fyrst ved skader som var så store at dei blødninga ikkje lot seg stoppe med bandasjer der eit reint kutt var lettare å behandle. Under Napoleonskrigane vart amputasjon brukt som behandling også ved skader som ikkje var direkte livstruande fordi ein vurderte det slik at det var større sjanse for å overleve ein amputasjon enn det var å håpe på at pasienten ikkje døyde av at såret vart infisert. Det å fjerne kroppsdelar både har vært, og er også i dag til dels kontroversielt då det blant anna strider mot religiøse overbevsningar om at kroppen skal gravleggast heil. (Sjølv tattoveringar den dag i dag fordømt av både kristne, muslimar og jødar på grunn av at det i det gamle testamentet står eit vers om at ein verken skal skjære i eller sette merker på kroppen, og meir overordna fordi ein ikkje skal prøve å forbetre det som gud har skapt). I tidlegare tider så var det på ingen måte gitt at det å redde livet til pasienten var viktigare enn å redde den evige sjela. Kva som skal gis prioritet er eit verdisyn som kan endrast. I dag tenker dei aller fleste at det viktigaste er å redde livet til pasienten, men det er fortsatt relativt vanleg å både reservere seg frå gjennopplivingsforsøk og takke nei til livsnødvendig behandling som blant anna blodoverføring. Kva det betyr å la ein pasient lide er altså ikkje satt i stein. Det at ein før ikkje ville akseptere at nokon skulle risikere evig liding i helvete, og at det å la pasienten lide midlertidig i dette livet vart sett på som den minste av to onder, så betyr ikkje det at alltid skal være slik. Dette er praktiske forhold som fint kan løysast gjennom eigne instruksar. Ei legalisering av aktiv dødshjelp treng som sagt ikkje å bety at det skal være heilt uregulert. Ei mogleg ordning er at for å kvalifisere til aktiv dødshjelp så er dette noko som ein må ha samtykka til på førehand, og at ein sjølvsagt har full rett til å ombestemme seg seinare, men at ein ikkje kan gi sitt juridiske samtykke etter at behovet har oppstått. Altså heilt på same måte som at ein registrerer seg som organdonor på førehand, eller at ein må signere framtidsfullmakta før ein blir dement. Det er forseint at arvingane går i banken med ei fullmakt som dei har fått sin demente far til å signere utan at han har forstått kva han har samtykka til. Så blir det sjølvsagt ein diskusjon om kvar grensa skal gå før det er forseint å be om aktiv dødshjelp utan at det blir slått tvil om at pasienten faktisk meiner det. Samt ein diskusjon om det skal finnes unntak frå ein slik regel. Vi kan til og med innføre diverse særkrav som ytterlagare avgrenser tilgangen til ei slik teneste. Det treng som sagt ikkje å være fullt frislepp for alle om ein vel å legalisere aktiv dødshjelp. Vi kan ha alle mulig slag saklege og usaklege tilleggskrav for å motta ei slik teneste, som at pasienten sjølv må dekke alle kostnadar, at det berre er pasientar som ikkje har eigne barn eller foreldre som fortsatt lever som skal få eit slikt tilbod, eller enkelt og greitt at pasienten ikkje kan etterlate seg nokon forpliktingar som gjeld, omsorgsansvar, arbeidsavtalar, osv.
  25. Utan at eg har noko konkret å vise til, så vil det vel være naturleg å tenke at eit slikt valg som ein har gjort i samråd med helsepersonell vil være langt meir gjennomtenkt enn dei fleste sjølvmordsforsøk? For det er her behovet for ei systematisk oppfølging kjem inn. Som tidlegare nemt så kan det openbart ikkje være slik at kven som helst berre droppar innom legevakta for å bli avliva. Også ved slik behandling må det foreligge eit skikkeleg opplegg som sikrar at det ikkje oppstår feilbehandling, som i denne samanhengen betyr at ein tilbyr dødshjelp til ein pasient som ikkje trengte slik behandling. Eit veldig viktig punkt der er at det kan ikkje være slik at helsevesenet tilbyr dødshjelp fordi det er enklare eller billegare enn å behandle sjukdommen.
×
×
  • Opprett ny...