
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 829 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Sony legger ned Concord-studioet
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg skjønner poenget ditt, samtidig så ser eg ikkje heilt poenget med å skulle anmelde elendige spel som nokon har laga på gutterommet og publisert på Steam i håp om at nokon er villige til å betale 49 kr for ein kopi av hobbyprosjektet. Dei fleste spela som blir anmeldt har alt passert eit kvalitetsnivå ved at nokon har vurdert at spelet er salgbart nok til at det er verdt å markedsføre spelet. Dei spela som fortener terningkast 1 og 2 blir vanlegvis luka ut lenge før dei er aktuelle for vanlege forbrukarar. Bøker, musikk og til dels også filmar er oftare solo-prosjekt som blir pusha ut på markedet fordi opphavspersonen har tru på produktet, sjølv om det objektivt sett ikkje held mål. Det er langt sjeldnare at skikkelig dårlege spel blir pusha ut på same måten. Vil også nemne at veldig ofte så er de slik at når bøker, musikk eller film får veldig lave terningkast så er det veldig ofte fordi anmeldaren slett ikkje er i målgruppa. Typisk at horror slasheren som blir ein kinosuksess blant kinogjengarane rundt Halloween fordi det er ein popcorn film, får terningkast 1 av filmanmeldaren som synes at filmen er alt for forutsigbar og enkel. Slik er det med spel også, det er ikkje alle spel som er meint å være salgssuksessar, mange spel er spesiallaga for eit svært spesialisert publikum.- 42 svar
-
- 2
-
-
På kva grunnlag? Eg kjenner ikkje til at det er krav om opningstid. Det er litt ulike satsar for tilskot avhengig av kor lenge barnehagen har opent, og i tillegg så er det sjølvsagt avgrensa kor mykje det er hensiktsmessig å redusere opningstida og likevel ha eit kundegrunnlag. I teorien er det likevel ingenting i vegen for at ein barnehage kan spesialisere seg på foreldre som berre har deltidsjobbar og derfor berre har opent 5 timar per dag, men kundegrunnlaget er nok særdeles dårleg, ikkje minst fordi det er dei færraste som har 50% stilling som jobbar dagleg frå kl 08 til 12. Reglar for opningstid i barnehagen er vanlegvis nedfelt i vedtektene for private barnehager og via politiske vedtak for kommunale barnehagar.
- 95 svar
-
- 2
-
-
Sony legger ned Concord-studioet
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Karakterdesignet er ein smakssak, her er det openbart at ein ikkje har gått for realisme, men heller for karatekurar som har meir til felles med teiknefilm enn realistiske soldatar. At dei inkluderer karakterar som er urealistisk høge, breie, tynne og tjukke er heilt greit i ein slik setting. Den gamle dama Duchess eller muskelbunten Star Child er heller ikkje særleg realistiske. Det må være rom for å lage eit spel med unike karakterar som ikkje er hyperrealistiske, skal ein legge realismen til grunn så burde ikkje muskelbunten være i stand til å hoppe særleg mykje høgare enn 30 cm, og den gamle dama burde knekke lårhalsen ved den minste fysiske aktivitet. https://www.pcgamesn.com/concord/characters Eit slikt spel hadde blitt veldig kjedeleg om det berre var soldatar på ca 25 år med buzzcut sveis og iført regelementær uniform. Då hadde jo alle blitt nesten umogleg å skille frå kvarandre. Dette var eit spel som prøde å være Overwatch med unike karakterar som lett hoppar høgare enn seg sjølv, kan overleve å bli skutt med eit fullt magasin, og som på 2 sekunder er helbreda tilbake til full helse. Då er det urimeleg å forvente Counter-Strike realisme. Slike spel har vært DEI frå tidenes morgon, og er langt i frå noko som er nytt. At det er masse forskjellige type karakterar som er representert burde være openbart. Det blir som å kritisere Donald Duck for at ikkje alle innbyggarane i Andeby er ender, andre dyr er inkludert fordi det i ei tegneserie er mykje enklare å skille Langbein frå Mikke Mus når den eine er ein høg hund og den andre er ei lav mus. Hadde begge vært basert på same dyret så hadde mykje av kreatiiteten forsvunnet. Det som er DEI er når inkudering blir tvunge inn i settingar der det ikkje gir meining verken utifrå eit realisme synspunkt eller utifrå verdensbygginga, eller der tidlegare etablerte sannheiter plutseleg blir endra utan vidare forklaring. Det går heilt fint å lage eit spel der den orginale vrien er at ein stiller seg spørsmålet; "Kva om Arthur Morgan frå Read Dead Redemption 2 var ein gresk gud?". Det som blir feil er er om du lager eit nytt spel der Arthur Morgan plutseleg spring rundt i ville vesten med superkrefter og ein later som at ingenting har endra seg frå føregande spel.- 42 svar
-
- 2
-
-
Einig. Og for veldig mange så er det nok nettopp det at ein ikkje får levert tidlegare i barnehage som også gjer at ein ikkje får dratt på jobb ein time tidlegare. Og sjølv om at makspris i barnehagen er ei heit politisk potet, så vil eg tru at ein del foreldre er villige til å betale litt ekstra for at opningstida blir utvida med ein ekstra time i dei fem månedane vintertida varer. Då får ein det beste frå begge verdener, både tidlegare opning av barnehagen og uendra stengetid for dei som ikkje har moglegheit til å tilpasse arbeidstida si.
-
Sony legger ned Concord-studioet
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Nokon som kan forklare kva som eigentleg er grunnen til at spelstudioet legges ned? Er det for enkelt og greitt for å "straffe" spelstudioet for å ikkje ha levert godt nok, eller er nedlegging berre den naturlege konsekvensen av at Sony ikkje lenger har tillit til Concord og ikkje vil spytte inn ny kapital til vidare drift? Dersom sistnemte så er jo firmaet i praksis konkurs. Kostnaden med at spelet måtte leggast på hylla utan eit einaste solgt eksemplar må jo Sony ta likevel, og ved å legge ned spelstudioet så forsvinner også ein kvar muligheit til å tene inn igjen pengane. At spelet vart så dårleg er vel fyrst og fremst eit resultat av dårleg leiing og regi, kompetansen til designerane, programerarane og animatørane kan fortsatt fint brukast til å utvikle nye spel om dei berre får i oppdrag å lage eit spel som er salgbart. Det må vel være mykje lettare og billegare for Sony behalde spelstudiet under nytt namn og med ny leiing enn det er å bygge opp eit nytt spelstudio frå grunnen av. Sony skal jo fortsatt leve av å utvikle og formidle spel. På meg så virker dette som sin overreaksjon som er mest symbolsk, og som det er dei vanlege tilsette som må betale den høgaste prisen for til tross for at det er leiinga som burde fått fyken. Det er sikkert mange av dei tilsette som var einige i den kreative visjonen, men det er nok også mange som berre hadde dette som ein jobb og designa spelet etter dei føringane som vart gitt.- 42 svar
-
- 2
-
-
Så lenge utfordringa er aukande alder på befolkninga og færre innbyggarar i yrkesaktiv alder så blir det i alle fall heilt feil å ikkje legge til rette for at innflyttarane blir her permanent for å jobbe. Forhåpentligvis blir det fast arbeid som er avbetalinga på ein stor investeringskostnad ved å ta imot flyktningar. Klarer vi å få til nok arbeidsinnvandring, eventuelt auking i folketalet på anna måte så vil mykje av behovet for auka pensjonsalder falle bort. For grunnen til at vi må stå lengre i jobb er at det er einaste måten å få utført dei arbeidsoppgåvene som trengs.
- 201 svar
-
- 1
-
-
Kva som er realistisk pensjonsalder handlar i veldig stor grad om tilrettelegging, både tilrettelegging for dei som nærmar seg pensjonsalder, men også tilrettelegging i heile yrket for å få flest mogleg til å kunne stå i jobb lengst mogleg. Sjølv om det er forgale at spreke pensjonistar skal pensjonere seg medan dei fortsatt har mykje verdiskapning igjen å produsere, så er det minst like gale å ha eit så stort råkjøyr på arbeidstakarane at dei blir uføre før dei rekk å bli pensjonistar. For å ta kokkeyrket som eksempel. Sjølv om at ein frokostkokk naturleg nok ikkje kan starte på jobb kl. 08 når jobben går ut på å lage frokost til gjestar som skal være ferdige med frokosten før kl. 08. Men det er ikkje gitt at det å starte arbeidsdagen kl 04 og jobbe fram til kl. 11 er den beste måten å organisere arbeidet på. Er det f.eks. slik at ein arbeidsdag må være på 8 timar uansett? Vil det være mindre belastande og dermed lettare å holde ut i yrket om tidlegskiftet startar kl. 04 og berre varer i fire timar til kl. 08 når dagskiftet startar? Eller at ein startar 8-timars skiftet ved midnatt i staden for og jobber heile natta gjennom? Det lønnsmessige er fint mogleg å løyse, f.eks. ved at frokostkokkane som jobbar halve dagar frå kl. 04 til 08 likevel får betalt for ein full dags arbeid som kompensasjon for uheldig arbeidstid Det er sjølvsagt også eit stort spørsmål om slik frokostservering med full buffet i det heile tatt er eit tilbod som hotella skal tilby når realiteten er at det er vanskeleg å rekruttere nyutdanna kokkar, og enda vanskelegare å klare å behalde kokkane fram til pensjonsalder på grunn av høgt arbeidspress. Dei aller fleste hotellgjestar er vande med å sjølv smøre seg eit par brødskiver til frokost, eller tilsvarande enkel frokost. Folk flest står ikkje opp ekstra tidleg for å steike egg og bacon, det er ein luksus som ein unner seg når ein er på hotell. I staden for frokostbuffet med alt mogleg av utvalg, så kunne gjestane fått eit mykje enklare tilbod der det blir satt fram brød og pålegg som ein kan smøre på sjølv. Og dersom hotella fortsatt skal frokostbuffet, så er det heller ikkje gitt at det skal være eit rimeleg tilbod som ein har på sjølv dei dårlegaste billeghotella. Kanskje bør slike tilbod koste såpass mykje at det dekker opp kostnadane ved å betale kokken full lønn for berre fire timar med arbeid? Eg trur at for å løyse utfordringane med eldrebølga så må vi våge å også endre samfunnet. Når ein slikt i helsevesenet med å få tak i nok folk med rett kompetanse til å utføre arbeidet som må utførast, så burde det være innlysande at det å skulle presse dei tilsette til å jobbe 7,5 timars dagar utan eit pusterom utanom lovpålagde pausar og til lågast mogleg lønn kanskje ikkje er beste måten å få helsearbeidarane til å stå i jobben til dei blir minst 70 år.
- 201 svar
-
- 1
-
-
Synes det er heilt uproblematisk at sommarkveldane blir litt kortare, at det blir mørkt er jo ein enkel konsekvens av kvar i landet vi bur og sommerkveldane er uansett ganske lange. Om poenget er å ha lange kveldar med dagslys, så stemmer eg for ditt forslag om å innføre GMT +3 om vinteren då er blir det lyst ute til langt utpå kvelden. Skal effekten av sommer-/vintertid gi varig gevinst så burde vi stille klokka anna kvar måned. Når vi no stilte klokka til vintertid så går det berre ein måneds tid før det uansett er like mørkt igjen. Om målet er å flytte klokka slik at vi får dagslys på kvelden så bør vi stille klokka tilbake ein time til i slutten av november, og deretter i slutten av desember, før vi gradvis startar å flytte klokka framover igjen måned for måned. I den grad vi det er nødvendig å følge dagslyset så meiner eg at det er mykje betre å la klokka forbli astronomisk korrekt, og i staden endre samfunnet, som til dømes arbeidslivet og opningstider. Dette har blant anna vært eit høgaktuelt spørsmål rundt kva som skal være undervisningstida på vidaregåande skular. Ungdom i den alderen treng biologisk sett meir søvn, men fordi dei voksne (lærarane) foretrekker å starte sin arbeidsdag kl 08 så blir fyrste skuletime vanlegvis lagt til kl. 08.10 eller 08.30, men for elevane så er det nok langt betre at fyrste skuletime starta tidlegast kl. 09 for deretter å holde på lengre utover mot ettermiddagen. At vi startar arbeidsdagen om morgonen heng berre igjen frå den tida der dei fleste var bønder slik at ein stod opp om morgonen ved fyrste dagslyset og så starta å jobbe i åkeren så raskt som råd for å kunne jobbe mest mogleg medan det er lyst ut. Vi kunne veldig enkelt hatt eit samfunn der den vanlege arbeidsdagen er kl 10 til 18, i staden for 08 til 16. At ein har fleire timar med fritid heime om morgonen burde være heilt uproblematisk, om du har god tid om morgonen så kan du bedrive nesten alt av fritidsaktivitetar like enkelt om morgonen/formiddagen som du kan utføre fritidsaktiviteten om kvelden. Du kan fint trene, gjere husarbeid, sjå på film, osv om du står opp kl 07 og ikkje treng å gå på jobb før klokka er 10. Grunnen til at det er slik er at vi som samfunn har orientert oss slik at ein skal starte dagen med arbeid, deretter ha fritid, og til slutt søvn. Og sjølv om dei færraste av oss i dag er styrt av TV-guiden så meiner eg at TV-guiden fortsatt viser at ein fortsatt reknar sendetid mellom kl. 20 og 22 som den beste tida for å nå sjåarane (tilsvarande gjeld med kino-visningar), er du såpass A menneske at du foretrekk å gå til sengs kl 21 så misser du eigentleg ut på nesten alt av underhaldningstilbod. Det som blir sendt på TV-en tidleg på morgonen og på dagtid er vanlegvis dei aller dårlegaste programma som ein ikkje vil gi betre sendetid til. Den biologiske klokka er i stor grad styrt av dagslyset, mykje av grunnen til at ein har vinterdepresjon er at det stritter mot den biologiske klokka å skulle stå opp tidleg til tross for at det fortsatt er mørkt ute, og ein må halde seg våken lenge etter at det har blitt mørkt. Vi hadde hatt mykje mindre vinterdepresjon om vi ikkje absolutt skal presse inn 8 timar arbeid og 8 timar fritid til tross for at det ikkje er nok dagslys til å være våken i 16 timar, det mest naturlege hadde vært å gå i dvale om vinteren ved å sove meir og fortsette å stå opp og legge seg i takt med sola. I tillegg til dagslyset så er den biologiske klokka ganske ulik frå person til person. Dersom ein er innandørs utan dagslys eller lever under midnattsola utan å bry seg om klokka så viser forsøk at dei fleste har ei natruleg døgnrytme på mellom 20 og 28 timar. Dei som har døgnrytme på under 24 timar er det vi kallar A mennesker. For dei er den naturlege dagen over rundt kl 21 og dei ynskjer å gå til sengs, og omvendt er dei som har lang naturleg døgnrytme som ikkje bli trøtte fordi når den astronomiske klokka seier kl. 23 så er den biologiske klokka kanskje ikkje meir enn kl. 20 som er alt for tidleg til at ein kjenner seg trøtt.
- 95 svar
-
- 1
-
-
For å presisere. Arbeidsavtale som ringevikar utan fastsatt stillingsprosent er berre lov dersom arbeidsforholdet er imidlertidig eller dersom det er snakk om eit vikariat. Basert på at trådstarter skriv "fast" stilling så tyder det på at ingen av dei to unntaka gjer seg gjeldande. Konsekvensen av ein avtale om ringevikar som ikkje er midlertidig etter ei konkret vurdering eller er eit vukariat, er ofte at ein har rett på fast tilsetting.
-
Skal dekkast av burettslaget, enten direkte ved å betale rekninga eller indirekte ved at du får utbetalt eit beløp som dekker dine kostnader.
-
Prøv å fore boksa på innsida med eit lag som ikkje isolerer. Om tingen du putter i aluminiumboksa kjem i kontakt med boksa så vil det lede signalet gjennom. Om det er snakk om ein mobiltelefon så kan du pakke inn telefonen i bobleplast eller liknande for å lage eit isolerande lag.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Det er forsåvidt sant. Problemet for Nord Norge sin del er at heile samfunnet er tilpassa "Oslo-tid" ved at veldig mykje av opningstider og liknande er standarisert. Det er ikkje alltid like enkelt å berre bestemme at ein startar arbeidsdagen kl 06 og går heim kl 14 for å få mest mogleg dagslys etter arbeidsdagens slutt.
- 95 svar
-
- 2
-
-
Det betyr er at styret i burettslaget vurderer at det er billegare for burettslaget å sjølv leige inn folk til å utbetre skadene, enn det er å ta det over forsikringsselskapet. Ved bruk av forsikringsselskapet så må burettslaget betale ein forholdsvis høg eigenandel pluss kostnaden av at heile forsikringa blir dyrare på grunn av mange skadesaker. Så litt avhengig av skadeomfanget så er det ikkje umogleg at det er mykje billegare å få utbetra skaden på andre måtar. Ved ei slik løysing vil det også være rom for å betale ut erstatning til deg som andelseigar, mot at du utbetrar skaden. Dette kan være relativt lukrativt for deg ettersom du ikkje nødvendigvis treng å utbetre skaden med ein gong om det ikkje er noko som står på skade.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Tidligere barnepsykolog siktet for voldtektsforsøk mot barn.
The Avatar svarte på smergel sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er ein vanskeleg balansegang. Ein skal reknast som uskuldig fram til ein er dømt skuldig, og det er eigentleg omtrent like gale andre vegen at ein kvar påstand om overgrep skal føre til yrkesforbod fram til saka er ferdig etterforska. Personar som jobbar med offentleg forvaltning, som legar, politi og byråkratar er ekstra utsatt for å ubegranna bli anklaga for ulike lovbrot, ofte fordi at det er ein person som kjenner seg dårleg behandla av myndigheitene og som bruker ei falsk anmelding som hevnaksjon. Bo veit eg lite om denne saka, og enda mindre om dei historiske anklagingane, men det bør litt meir til enn ei anklage til for at ein for evig og alltid skal legge 6 år med høgare utdanning på hylla. Psykologen kan vanskeleg få sparken basert på ei anklage som ikkje er bevist, og det er heller ikkje særleg god ressursbruk å gi psykologen lønna permisjon for å ikkje praktisere yrket sitt i perioden etterforskinga pågår. Sjølv med lønna permisjon så er det nok uansett ikkje nokon god situasjon for ein psykolog heller då ein etterkvart mister sin spisskompetanse når ein ikkje får praktisert. Det som gjer det ekstra vanskeleg for psykologar er at dette er arbeid som det i liten grad passar seg at det er fleire personar tilstades, så det å alltid ha to psykologar i rommet for å passe på kvarandre er heller ingen god løysing når ein prøver å få tillit med pasienten. Dersom det hadde vært ein enkel sak å føre bevis for anklagingane så hadde det vært ein enkel sak. Men som i eksempelet der saka blir henlagt så er det ikkje alltid like lett å etterforske heller. For også når det gjeld ransaking så krev det litt meir enn ei anmelding. Det er tross alt ganske inngripande å få alt sitt dataustyr beslaglagt og gjennomgått utan at det føreligg sterke indikasjonar på at politiet vil finne det dei leiter etter. I eksempelet så er eg likevel einig i at det virker litt vel slett av politiet å ikkje prioritere ei slik sak. Med bilde av mannen samt tekniske spor så burde det være godt grunnlag for ransaking. Ved å samanlikne bildet frå hendingar med den aktuelle personen, samt å sjekke internettrafikken for å sjå om mannens IP adresse var aktiv på den aktuelle sida på det aktuelle tidspunktet, så burde det i seg sjølv gi såpass sterke indikasjonar til at ei ransaking og beslaglegging av datamaskinen burde kunne gjennomførast. Her var det tross alt ein anklage som var ganske godt underbygd.- 6 svar
-
- 1
-
-
Det vil likevel være å foretrekke at vi sprer denne dempinga utover ei lengre periode. Blir travelt for gravferdsbyråa at det skal være så hektiske arbeidsdager rett etter klokkestillinga. Nei då er det mykje betre at vi stiller klokka mange gangar om året og på den måten både får tynna ut eldrebølga og får fordelt belastnigna utover. Eg forslår at frå november så stiller vi klokka kvar einaste helg, to timar framover no komande helg, deretter to timar bakover neste helg, osv. Då vil ingen klare å stille inn sin biologiske klokke til å få ei normal natts søvn, og dei eldre vil falle frå som fluger 😈
-
Spørsmålet er mest når på døgnet ein ønsker dagslyset. Folk flest vil ha sommartid heile året sjølv om det er vintertida som er normaltida. Grunnen til dette er enkel, dei aller fleste av oss har mest glede og nytte av dagslyset på slutten av dagen. Dei aller fleste av oss jobbar på vanleg dagtid og skal om morgonen berre stå opp og kome seg til jobb/skule, og dei aller fleste har ein jobb der dei er uavhengige av dagslyset, primært fordi dei jobbar innendørs eller fordi at arbeidsstaden utandørs uansett er opplyst. Av dei yrkene vi har som kanskje er mest avhengige av dagslyset slik som tømrarar og bygningsarbeidarar så har dei ofte tradisjon for å starte arbeidsdagen kl. 07, og då er det fortsatt mørkt ute når vi er på vintertid. Skulle bygningsarbeidarar ha utnytta dagslyset så maksimalt som mogleg så bør dei jobbe fire timar før kl. 12 og fire timar etterpå, altså frå kl. 08-16, for det er då du får mest mogleg av det naturlege dagslyset innafor arbeidstida. Det kan være at søvnforskarar meiner at det å ha litt lys om morgonen er bra for helsa, men jamt over så trur eg nok at det store fleirtalet vil sette meir pris på å kunne gå seg ein tur etter jobb/skule før det har blitt heilt tussmørkt, enn at det skal være litt lys akkurat i det ein pendlar til jobben. Det einaste "problemet" med å innføre sommartid som den faste tida er at då vil sola stå på sitt høgaste ca kl. 13 året rundt. Eg tenker likevel at det burde være overkomeleg for dei aller fleste, dei aller færraste av oss bruker heller ikkje klokka på den måten lenger. Per definisjon så er det slik at midt på dagen er kl. 12, at morgonen starter kl. 03 og varer fram til kl. 06, og at natta er frå kl. 21 til 03, slik at kl. 24 blir midnatt, men det er nok ein tillært definisjon som veldig få forheld seg til i praksis. Det er dette som gjer at det som skjer før kl. 12 heiter formiddag og det som skjer etter kl. 12 heiter ettermiddag. For dei aller fleste av oss så er nok heile denne regla forskjøvet med i alle ca tre timar. For meg så er kl. 03 definitivt å definere som midt på natta, og eg kan under tvil gå med på at morgonen startar kl. 06. Dagen startar ikkje før rundt 08 og ettersom eg et middag ca kl 17 så startar min ettermiddag ca kl 18 når eg er ferdig med middagen, min kveld startar kl 21, og natta startar ikkje før midnatt. Reint personleg så er eg også forkjempar for sommartid heile året, sjølv om det er "feil" etter den analoge klokka. Strengt tatt er det ikkje så viktig for meg om sola står på sitt høgaste kl. 12, kl. 13, eller endog kl. 20. Hadde vi definert at sola står på sitt høgaste kl. 20 så er einaste forskjellen for min del at eg hadde stilt vekkarklokka mi til kl. 16 og ikkje kl. 07. Då hadde eg effektivt sett fulgt amerikansk vestkyst tid, men det speler vel liten rolle når eg har vendt meg til at sola står opp kl 15 og er på sitt høgaste kl 20. Det handlar mest om vane å gjere. Grunnen til at det er så vanskeleg å bytte om er nok at det er enklare å ikkje foreta endringar. Men om vi absolutt skal behalde vintertida så meiner eg at som absolutt minimumskrav så må vintertida koordinerast med USA/Canada. For det er heilt idiotisk at vi i Europa bytter til vintertid den siste søndagen i oktober medan Amerikanarane ikkje bytter til vintertid før fyrste søndagen i november. At det no er vintertid i Madrid medan vintertida i Washington ikkje starter før komande helg til tross for at dei ligg på same breddegrad viser vel ganske godt at dette er politikk og har lite med sola å gjere.
- 95 svar
-
- 5
-
-
Vil også legge til at mykje av jobben til oljefondet er å være konservative og forvalte pengane med lågast mogleg risiko i forhold til avkasting. Menn er generelt sett meir risikovillige enn kvinner, så eit blanda team der nokon er risikovillige som blir stoppa av dei som er meir forsiktige, og omvendt dei som er i overkant forsiktige blir pusha av dei som er villige til å ta litt risiko, vil nok utgjere eit godt team i ein slik jobb. Dette treng ikkje å ha med kjønn å gjere, men ofte vil ein finne disse ulike persoblegheitene til å utgjere eit team.
- 49 svar
-
- 2
-
-
Det kjem veldig ann på kva som står i arbeidsavtalen din. Etter 2019 så er det ikkje lov å berre være ringevikar utan fast arbeidstid (0 timers kontrakt). Er litt usikker på korleis eg skal tolke trådstarter men forstår det slik at det er avtalt 40% deltidsstilling? Og at "ringehjelp" her berre betyr at trådstarter ikkje har faste vakter men får beskjed på minst to vekers varsel korleis vaktplanen er satt opp? Når det gjeld den dagen sjefen sa at du skulle slutte ein time tidlegare, så kjem det heilt ann på korleis det vart gjort. Er du satt opp med jobb så skal du ha betalt for heile vakta. Sjefen kan derfor seie at du skal gå heim og du skal likevel ha betalt. Det andre alternativet er at fordi sjefen alt er forplikta til å lønne deg, så løyser ein dette ved å spørre om du vil ta fri ein time tidlegare mot å ikkje få betalt. Er det lite å gjere på jobb så er den siste timen ofte både lang og kjedeleg, så då kan det vere at det frister meir med å få gå heim tidleg enn det frister å sitte å kjede seg for å heve lønn den siste timen.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Ca 650 i dag, aukning frå ca 550 i 2020. Ikkje alle jobbar i Norge. Når det gjeld korleis han har fått det til utan å gå på bekostning av ferdigheitene, så handler det om å tilpassa utlysing og intervju til å også fange opp dyktige kvinner som ikkje nødvendigvis har spisse albuar. Særleg i finanssektoren så har det tradisjonelt vært mykje fokus på det å selge seg inn, medan det å utgjere stabil og høg arbeidskapasitet har i liten grad blitt fanga opp. Det er ikkje alltid at den som på papiret har best CV og som svarer best på intetvjuet faktisk er den beste arbeidstakaren. Har inntrykk av at stadig fleire arbeidsgivarar i dag også benytter andre evnetestar, og også har blitt flinkare til å til å gjennomføre gode intervju av referansane.
- 49 svar
-
- 2
-
-
Den beste måten å protestere mot sommertid er å inn arbeidsavtaler om at på sommeren så starter arbeidsdagen kl 09 i staden for kl 08. Veldig mykje av poenget med sommertid forsvinner når alle butikkane justerer opningstida tilsvarande. Det er slik bøndene gjer det ettersom kyrne er vande med å få morgonstellet på fast tid og då er det lettare å holde på rutinen enn det er å forklare kyrne kva sommertid er.
- 95 svar
-
- 1
-
-
Forstår ikkje heilt kven som er målgruppa. Serien har relativt lite med spela å gjere, så fans av Tomb Raider spela er nok ikkje kjernepublikumet. Karakteren Laura Croft er forholdsvis kjent frå populærkulturen så namnet er nok kjent også for dei som ikkje har spelt spelet. Er dette nok ein serie som berre låner eit merkenavn i håp om at det er nok til at folk kjøper produktet?
- 64 svar
-
- 1
-
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Er heilt einig med dei som seier at denne rusreforma berre er eit tomt dokument som har null verdi. Ingenting hadde endra seg om ein på pressekonferansen berre sa at rusreformen er avlyst. Reformen som dei no har brukt 3 år på seier eigentleg berre at det er ingen endring i ruspolitikken, og at alt skal fortsette som før. Det er eit lite håp om at det kan kome noko fornuftig i del 2 som skal foreslå endringar i straffelova, eg har likevel små forhåpningar til at eventuell lovendring kjem til å bidra med noko fornuftig. Når signala er så tydelege på at politikken skal være at all narkotikabruk skal være ulovleg men samtidig så skal ein møte rusavhengige på ein anna måte enn langere, så kan eg ikkje forså anna enn at dei kjem til å foreslå å uthule straffelova slik at det straffbarheita blir uoversiktleg og opp til dagsforma til aktor. Skal all narkotikabruk være ulovleg så er det heilt unødvendig med lovendring. Det einaste spørsmålet er om det viser seg at Regjeringa snakker med to tunger, der ein på den eine sida ropar høgt om at all narkotikabruk skal være ulovleg, og så på den andre sida så liberaliserer dei straffelova til å seie noko anna enn rusreformen. Kan det være at Regjeringa i all hemmelegheit planlegg å avkriminalisere narkotikalovbrot for rusavhengige samtidig som Regjeringa utad står for ein konservativ rusreform? At Regjeringa slår fast at all narkotikabruk skal være ulovleg treng ikkje å bety at det skal være straffbart. Det finnes masse eksempler på ting som er ulovleg utan at det er straffbart.- 944 svar
-
- 3
-
-
-
-
Fossil-biler best mtp. beredskaps-hensyn, hvis krig?
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
Det spørs korleis du ser på det. Om militæret ikkje er i stand til å kjempe så er sivilbefolkninga ofte sjanselause, har militæret kapasitet til å kjempe så har sivilbefolkninga i det minste ein sjans for å overleve. Det er likevel ikkje alltid slik, i mange tilfeller kan ein nok til og med hevde at det mest etiske ovanfor sivilbefolkinga er å overgi seg og la fienden ta over. Fienden er vanlegvis mest opptatt av å ta over landet og ressursane, og er ikkje nødvendigvis ute etter å skade sivilbefolkinga. Det er mellom anna dette som er argumentet til Russland, Trump, og den gjengen der. Sivilbefolkninga i Ukraina lid fordi det er krig, hadde Ukraina overgitt seg til Russland så hadde det ikkje vært behov for militærmakt og ein hadde spart mange liv på begge sider. Men det er også eit spørsmål om til kva pris ein vil skåne sivilbefolkinga, eit Ukraina under Russisk styre hadde ikkje akkurat vært eit fritt liv etter vestlege verdiar.- 97 svar
-
- 1
-
-
Kva er det du seier? Meiner du at det er ein dårlig plan å starte med ein fin middag i pinleg stillheit der ein har alt fokus på å ikkje søle saus på skjorta eller tygge med open munn, før ein går på kino der ein sitt to timar i total stillheit og stirrer på ein skjerm, før ein takker for ein fin kveld og reiser heim åleine? 😇 Akkurat den klisjeen har eg aldri forstått. Det er sjølvsagt lov å håpe at det blir klining i kinosalen på fyrste date, men det er også mogleg å kline utan å betale 200 kr per billett. Om ein absolutt skal ha med daten på kino så ta i alle fall kinofilmen fyrst, og deretter gå til middag. Då kan du i det minste snakke om filmen om det skulle bli vanskeleg å holde samtalen i gang.
- 54 svar
-
- 1
-
-
Hva ville skjedd om vi fikk gratis strøm fra neste uke?
The Avatar svarte på Sjorren sitt emne i Energi
Dei einaste som eg kunne tenkt meg å endre med dagens system er at eg synes at vi burde kunne ha råd til å tilby dei fyrste 10 000 kWt gratis eller til veldig redusert pris, og så tatt ein høgare og høgare pris for forbruket over dette. På den måten hadde det blitt veldig lønnsomt med straumsparing, men ikkje så lønnsomt at dei fattigaste får straumen avstengt og ender opp med å fryse ihjel. 10 000 kWt er med god margin nok til å dekke alt straumbehovet i ei leilegheit, så det er mogleg at det er litt høgt slik at ein må være ekstra sparsommeleg om ein skal få straumen gratis/billig. Eg tenker at ei slik ordning hadde langt på veg tatt vekk behovet for å ha ei eiga straumstøtteordning, og det ville nok også kunne redusere behovet for økonomisk nødhjelp til dei som ikkje klarer å betale straumrekninga si. Med ein slik prismodell så hadde det blitt veldig attraktiv å ikkje sløse med straumen, samtidig som at reint overforbruk hadde kosta veldig mykje.