Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 832
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Tja. Det ser jo tilsynelatande veldig likt ut. Eg forstår sjølvsagt at du meiner du og dine har meir ansvar og andre oppgåver i tillegg, men for den overordna leiinga så er du vel einig i at det ser ganske likt ut? Fyrste steg er derfor å få fram at grunnen til at du skal ha meir lønn er ansvaret med tollpapir og liknande, og ikkje den delen av jobben som går på plukking og pakking.
  2. Mykje av saka her ligg i detaljane på kva som er avtalt. Dersom det er gitt pristilbod så kan ikkje det være høgare enn 15% over pristilbodet. Typiske ting det då krangles om er fyrst spørsmålet om det er gitt eit bindande pristilbod eller berre ei prisantydning. Det neste spørsmålet som må avklarast er om dette ekstraarbeidet ligg innafor det arbeidet som er bestilt, og då kjem det igjen ann på kva som er bestilt. Dersom det blir oppdaga behov for tilleggsarbeid så skal oppdragsgivaren informerast om dette. Ofte vil valget være mellom å ta utgiften eller å stoppe arbeidet, men det er det kunden som må bestemme. Deretter er tredje punkt som det krangles på er om entreprenøren har gitt oppdragsgivaren den informasjonen som er nødvendig til å ta eit opplyst valg om bestillinga. Dersom behovet for to kummer var ein pårekneleg konsekvens av arbeidet, så kan det være innafor om oppdragsgivaren også fått nødvendig informasjon for å forstå det. Merk også at entreprenøren har plikt til å utføre fagmessig arbeid, og til å fråråde arbeidet dersom arbeidet ikkje kan utførast på ein måte som er hensiktsmessig både fagmessig og økonomisk. Dette punktet gir også rom for å diskutere kva som eigentleg var bestilling og kva prisen som vart anslått eigentleg innbefatta. Det er nok gode faglege grunnar til at det må settast ned kum for drenering ved asfaltering av oppkjørselen for at regnvatnet ikkje skal forårsake skader. Spørsmålet er eigentleg om det gjekk klart nok fram at slike kummer var ein pårekeleg ekstrakostnad, eller ikkje. I alle tilfelle så skal ein spørre kunden før ein utvider oppdraget til å blir meir omfattande enn det som er bestilt.
  3. Det er to forskjellige sider. Mobiltelefonen bruker mykje mindre batteri om den er begrensa til å berre bruke 2G nettet, og ikkje treng å bruke straum på å leite etter nettilkopling for 3G, 4G eller 5G. Mobilmasten som rommer sendaren derimot brukar meir straum for å sende ut 2G signalet. Når du bruker straumsparingsfunksjonen på mobiltelefonen din så er eit av straumsparingstiltaka som telefonen gjer å slå av 5G og la telefonen få bruke maks 4G. Låser du telefonen til å maks bruke 3G så sparer du enda meir batteri. Det er derfor 2G er fint på diverse dingser som ikkje kan ladast kvar dag, men det er også eit godt alternativ til å slå telefonen heilt av når du er på fjelltur der det uansett ikkje er 4G dekning. Ved å hindre at telefonen heile tida leiter etter 4G og 5G så varer batteriet lenger sjølv om du har telefonen påslått.
  4. Ja, opplada batteri er meir brannfarlege. Det er i hovudsak to grunnar til det, særleg på litiumbateri som ein finn i mobiltelefonar, elsparkesyklar, osv så er det energien i batteriet som utgjer brenselet som brenner. Slike batteri kan fint brenne utan å bli tilført anna brensel. For vanlege forbruksbatteri som AA batteri så utgjer straumen i batteriet fyrst og fremst ein fare for varmgang ved kortslutning som antenner andre brennbare ting i nærheita. Det er i praksis vanskeleg å gjere batteria heilt straumlause, men eit fullt opplada batteri utgjer ein større brannrisiko. Dersom du kortslutter eit heilt nytt 9V batteri så vil batteriet bli både varmare og over lengre tid dersom det er mykje tilgjengeleg energi. Så sjølv om du uansett ikkje skal kaste batteri i restavfallet, så skal du i alle fall ikkje kaste batteri som er fulllada. Må også legge til at Europearane var eksponert for fleire sjukdommar gjennom å være eksponert for mange ulike kulturar. Så medan urbefolkninga i Amerika hadde vært isolert frå andre befolkningar i omtrent 30 000 år før Europearane dukka opp, så hadde Europearane vært både i Afrika og i Asia gjennom blant anna handel langs silkevegen, osv. Den amerikanske urbefolkninga var langt meir isolert gjennom sitt stammesamfunn, så sjølv om dei var mange så var det god spredning og litt mindre handel mellom stammene. Det var til samanlikning mykje meir handel og kontakt mellom Europa og Asia, mellom anna fordi det var ein omfattande handel med luksusvarer mellom dei to verdensdelane. Europerane hadde god tilgang på metall som kobber, gull og sølv som vart bytta mot krydder og silke. I tillegg så levde mange (nord)Europearar tett på sine husdyr, noko som ikkje var like nødvendig i varmare strøk. Før Europearane kom til Amerika med hestar så hadde den amerikanske urbefolkninga stort sett berre hundar som husdyr, og var då langt mindre eksponert for sjukdom frå dyr. Staten har lenge hatt ein heilt ukritisk holdning til app-utvikling. Nesten alle departement og direktorat har på eit eller anna tidspunkt hatt ein eller fleire appar. Fellesnemnaren er at appane har dekt eit svakt behov, har i stort sett berre vært ei nettside, og har vært så lite brukt at dei fleste appane ikkje lenger finnes. Fin ein gamal NRK sak om nettopp dette. Integrerings og mangoldsdepartementet brukte 1 mill på å lage ein app mot tvangsekteskap som vart lasta ned berre 70 gongar, og utan at det står nok om det så vil eg tru at alle 70 var statstilsette og journalister som lasta ned berre for å sjekke appen. Nå har nok ikkje utviklinga av poitiloggappen vært spesielt kostbar, for det er ein ganske enkel app. Eg er likevel heilt einig i at det å ha ein eigen app for berre dette burde være unødvendig. Den gode nyheita er at alle statusoppdateringane er tilgjengelege som RSS feed. https://www.politiet.no/rss/ Det er dermed fritt fram for å bruke den RSS leseappen som du liker best. Då kan du også sette opp kva andre nyheitsvarsel du vil ha i appen. Dette gir også moglegheit for at andre kan bruke RSS feeden frå politiet som utgangspunkt for å utvikle ein heilt ny app med tillegsfunksjonalitet.
  5. Sjølvsagt ikkje til evig tid, men ei så lege det er samfunnsmessig nytte med å ha 2G nettet i drift, så er det også verdt å betale for det. Her vil teleselskapa sparer pengar ved å stenge ned 2G nettet og flytter då rekninga over på alle andre. Grunnen til mange eCall i bilar, tryggheitsalarmar, heistelefonar, osv osv er på 2G nettet er jo fordi det er meir hensiktsmessig å ikkje bruke straumslukande 4G/5G nett. Eg meiner at det er betydeleg meir samfunnsviktig å fortsette å tilby 2G no når IoT dingsar verkeleg har blitt både teknologisk og økonomisk gjennomførbart. At alle bilar skulle ha ein innebygd mobiltelefon for eCall og systemoppdatering var omtrent utenkeleg for berre for nokre få år sidan, no kan varmeovnane på hytta og halsbandet til hunden være påkobla internett utan behov for eigen mobiltelefon til formålet. Det er sjølvsagt ikkje alt av dette som er samfunnskritisk, men om ein alt no i praksis sett ein stoppar for IoT er ikkje dette eit felt som får utvikle seg. Sett opp mot at Telenor sparer litt på straumrekninga på sine basestasjonar så er det mindre viktig. Ja det er sjølvsagt eit poeng at den store ulempen til 2G er at det krev meir straum på sendarsida, men etter mitt syn er det langt betre å bruke straum på ei mobillast for å då kunne drifte mobiltelefonar som kan være påslått ei veke utan lading, kontra å spare litt innlagt straum på mobillasta og så berre forsyne mobiltelefonar som må ladast kvar dag. Tilsvarande så meiner eg at behovet for 4G/5G er godt nok dekt i dag. Gevinsten for forbrukarane ved at 2G nettet blir gjort om til 4G er etter mitt syn forsvinnande lite. Særleg fordi at i dag så er det eit relativt avgrensa behov for å laste ned store mengder data med høg hastigheit over mobilnettet, største databehovet for 99% av mobilbrukarane er tross alt videostreaming i HD kvalitet, noko som 4G taklar bra. Det er likevel ikkje slik at vi skal stoppe den teknologiske utviklinga, men konsenvensen av at vi stenger 2G nettet for å bygge ut betre kapasitet på 4G nettet er at mange einingar som i dag brukar 2G nettet må oppgraderast til 3G eller høgare, som igjen spiser opp delar av den kapasiteten som blir utbygd fordi det samtidig er tvunge fram eit nytt behov. Største kapasitetegevinsten vil nok kome av at utstyr som bruker 2G ikkje blir oppgradert, som til dømes at eCall på dei fleste bilar berre vil slutte å fungere etter nedstenginga utan at verken bilprodusent eller bileigaren tek utgifta ved å oppgradere og drifte eCall over 4G nettet.
  6. Kortversjonen er at det er mykje billegare med straum enn bensin/diesel per kilometer. På veldig dyr hurtigladar og med køyring når det er veldig kaldt, så kan du kanskje oppnå ein kostnad som liker bensinprisen, men du vil aldri være dyrare med elbil. Det er billegare med saktelading enn hurtiglading når du har tid til det. Sjølv om det hadde vært meir bekvemmeleg å kunne lade heime i sameiget, så er det heilt uproblematisk å lade medan du uansett er på butikken.
  7. Erfaringane blir veldig farga av kvar i landet ein er. Mitt beste råd er at du sjekker tekningskartet til både Telia og Ice for dei områda der du bur og oppheld deg mest. Det er ikkje alltid karta er heilt 100% nøyaktige då veldig lokale forhold som høge bygg, skog og liknande ikkje er fanga opp på kartet. Du kan derfor risikerer at til tross for at kartet viser maks signalstyrke så er akkurat din leilegheit eller ditt kontor i signalskuggen bak eit eller anna som blokkerer signalet slik at du likevel ikkje har maks signal akkurat der. Min høgst subjektive erfaring er at Ice er best på dekning ute på sjøen og på fjellet, men at dekninga ofte er svak. Telia har bra dekning der folk bur, men har nokre blindområder der det er null eller ingen dekning, særleg langs vegane. Og at Telenor jamnt over har den beste dekninga med best signal. Det finnes likevel ein del heilt lokale plassar der det til dømes berre er Telia som har dekning og ingen andre operatørar (og omvendt). Det er relativt raskt å enkelt å bytte operatør, men om du vil være heilt på den sikre sida så koster det type 99 kr for dei billegaste abonnementa/kontantkort med Telia dekning som du kan aktivere på ein gamal telefon for å sjekke sjølv om du er fornøgd med dekninga der du er. Når du har jobbtelefon med Ice så kan du også ringe deg sjølv på ulike stadar for å vurdere samtalekvaliteten.
  8. Mine uthevingar. Her legg du eit premiss til grunn som eg ikkje kan sjå at det er dekning for. I den grad eg skal gå med at nokon blir demonisert for identifisere seg med høgrepolitikk, så gjeld vel det utelukkande dei som også er hatefulle høgreradikale? Eg kan ikkje sjå at til dømes Erna Solberg blir demonisert, og i alle fall ikkje meir enn andre partileiarar om du med demonisering legg lista særdels lågt. Når ein demoniserer høgreradikale terroristar som eg ikkje gidd å nevne namet til, så er det ikkje høgrepolitikken som er demonisert, det er openbart personen bak terrorhandlingane som er demonisert. Sidan dette er posta under Oppslagstavlen så reknar eg med at det ikkje er ønskeleg med ein seriøs debatt om temaet. For det finnes nokre interessante fellestrekk mellom utdanningsmengde og utdanningsretning, og politisk ståstad. I den samanhengen så er det litt interessant å sjå på den norske partioppslutninga opp mot utdanning/yrke, heriblant at vi har ein relativt stor andel av yrkesgrupper som ofte har ein tendens til å være venstreorienterte samtidig som vi har ein lågare andel av yrker som har ein tendens til å være høgreorienterte. Det er ei ganske interessant problemstilling der ein kan spørre seg om sosialdemokratiet vårt er eit sjølvforsterkande system der vi skaper større behov for yrker som heller mot venstresida av politikken, og at høgresida langt på veg blir skyvd til sides på grunn av de norske kulturen. Men som sagt, om premisset er demomisering og radikale så er det nok ikkje særleg interessant å diskutere dette på eit sakleg nivå.
  9. Eg tenker nok at grafen blir sjåande veldig forskjellig ut alt etter kva vinkling ein baserer seg på og kva ein legg til grunn. Isolert sett er det ofte enklare med invandring frå naboland og ellers land som har tilnærma identisk kultur og språk. Men det har jo også mykje med korleis innvandrarane innretter seg. Det er ikkje gitt at det er meir ønskeleg med innvandring av britar som aldri lærer seg norsk fordi alle kan engelsk, kontra innvandring frå asia der dei snakkar flytande norsk etter eit par år. I tillegg er det forskjell om ein svarer utifrå korleis ein ynskjer at verden skal være, kontra om ein svarer utifrå realitetane. Realitetane for innvandring er at dei aller fleste er arbeidsinnvandrarar som kjem hit for å ta jobbar som vi ikkje vil ha, enten fordi det er jobbar med låg status eller låg lønn. Om vi då ikkje tillet innvandring så medfører det at slike jobbar enten må lønnast langt høgare eller så blir ikkje jobben gjort. Om vi skal fortsette å betale helseassistentar peanøtter så kan vi ikkje forvente at det står svenskar og danskar i kø for å ta dei jobbane, for dei forventer same lønnsnivå som oss nordmenn. For å fylle slike stillingar så må vi då hente arbeidskraft frå land som har lågare forventning til lønn og levestandard. I andre land kan behovet for å importere arbeidskraft være heilt omvendt, ved at det er nettopp høgt utdanna spesialistar som ein treng å importere medan ein har meir enn nok ufaglært arbeidskraft.
  10. Fordelen med dette er at ved å førehandsbetale, som er det du i praksis gjer når du kjøper eit slikt pass, så kan du få litt rabatt. Om det du tener på rabatten kontra kva du risikerer å tape ved at du ikkje bruker opp alt du har betalt for, må du nesten vurdere sjølv. Ser på heimesida til London pass at det er typisk 10% rabatt på enkelte turistaktivitetar, men det er også mange attraksjonar der du ikkje får ei krone i rabatt og betalar det same enten du betalar med London pass eller med bankkort/cash. Ser også at det reklameres for opp til 50% rabatt, men beste rabatten eg kunne sjå var 20%. Eg trur du kan være rimeleg trygg på at det er ingen til liten rabatt å hente på dei mest populære attraksjonane som turistane uansett betalar fullpris for å besøke, og så er det sikkert dei heilt ubetydelege attraksjonane som ingen er interessert i som gir rabatt. Andre stadar i verden så kan slike pass også inkludere offentleg transport, prioritert inngang for å unngå å stå i kø, osv men det ser ut som at London Pass var relativt beskjedne greier. Sikkert fint om du berre har planar om å besøke London Eye, Tower of London, Madame Tussauds voksmuseum og slike ting. 10% rabatt er jo litt om du skal bruke tusenvis av kroner på museumsbesøk, men personleg så ville eg nok styrt unna og heller hatt fleksibiliteten ved å betale vanleg inngangspengar. Husk også at sjølv om du har store planar om å besøke alle serverdigheitene i London, så kan det bli full skjærings alt ved fyrste serverdigheit dersom det er lang kø. Om du då ikkje har førehandsbetalt så kan du fint ombestemme deg å seie at du heller vi bruke tida di i London på noko anna enn å stå i kø.
  11. For å få hjerneskade så må delar av hjerna få for lite oksygen, kor fort det skjer kjem ann på oksygennivået i utgangspunktet. Oftast vil det fortsatt være oksygen igjen i blodet som blir fordelt ut i kroppen sjølv om det ikkje inn friskt oksygen gjennom pusten. Hadde det ikkje vært slik så ville du ikkje kunne holde pusten under vatn. I dette tilfellet så har du nok også pusta inn CO2 noko som hindrer blodets evne til å frakte oksygen, slik at kroppen ikkje klarer å ta opp oksygenet som du puster inn etterpå på ein effektiv måte. Det at du blir svimmel er eit symptom på oksygenmangel, men dertil å få varig hjerneskade kan ofte kreve litt meir.
  12. Det er nok mest sannsynleg at det er nokon uvedkommande som har fått tilgang til å logge seg inn på din nettbank. Om nokon hadde klart å bryte seg inn på banken sin side så ville det vært sannsynleg at det også var fleire kontoar som vart berørt. Det som sjølvsagt er vanskeleg i slike saker er at du ofte ender opp med å måtte bevis din uskuld ettersom banken tek utgangspunkt i at einaste måten nokon kan logge seg på din nettbank er ved å få tilgang til dine passord. Det at uvedkommande har komt seg inn i nettbanken din forklarer også korleis beløpsgrensa har blitt fjerna/endra. Det er mest sannsynleg at dette er gjort av nokon i din nærmaste omgangskrets som kjenner ditt personnummer og passord. Har dei i tillegg hatt tilgang til din mobil eller kodebrikke så er det nok der forklaringa ligg. Eg tenker det også forklarer kvifor vedkommande har unngått å bruke av brukskontoen din, då det er meir sannsynleg at du oppdagar tidleg dersom det manglar pengar på brukskontoen som du brukar ofte, kontra på sparekontoen som du kanskje ikkje sjekker like ofte. Det mest aktuelle sporet å følgje opp her er å sjå på kvar pengane har gått, som kva butikk det er betalt til.
  13. Å starte for seg sjølv er nok ikkje eit alternativ for store delar av denne gruppa. Med unntak av dei som synes rekneskap er enkelt arbeid å utføre, så er det å starte for seg sjølv langt meir krevande enn å berre være tilsett. Det er også store fallgruver dersom ein gjer feil i rekneskapsarbeidet og ender opp med pålegg eller straffeskatt. Løysinga på å få slike ut igjen i arbeidslivet er ofte oppmjukning av Arbeidsmiljøloven slik at det er enklare å gi folk ein sjanse i arbeidsmarkedet utan at det blir ei byrde for arbeidsgivaren dersom det ikkje fungerer og ein skal prøve å begrunne ei oppseiing. I dag har vi eit sterkt stillingsvern, som gjer at når du fyrst får jobb så har du høg grad av jobbsikkerheit ettersom det skal ein del til for å gi deg sparken. Eg tenker at for dei fleste arbeidstakarane så er det ein styrke at jobb gir ein økonomisk forutsigbarheit og at arbeidsgivar har ei plikt til å tilrettelegge arbeidet ditt. Dei som dette ikkje er bra for er alle dei som ikkje har 100% arbeidskapasitet, og som ingen tørr å gi ein sjanse for det er stor fare for at det blir veldig dyrt å følge opp ein nytilsett som ikkje fungerer. Eg tenker likevel at det bør være rom for å vurdere om vi kan organisere arbeidslivet på ein anna måte. Det er ikkje sikkert at vi skal tviholde på tanken om at folk flest skal ha 100% stilling og jobbe mellom 8 og 16. Stadig fleire ønsker friheita det gir å være frilanser eller ha eit laust forpliktande arbeidsforhold som gjer at ein jobbar når ein sjølv vil. Det som er vanskeleg er å finne den rette balansen, for det som er bra for denne gruppa som har falt utanfor arbeidslivet og som treng nokon som er villige til å gi dei ein sjanse, er ikkje nødvendigvis like bra for det store fleirtalet som treng ein fast og stabil jobb. Det er heller ikkje slik at det er berre arbeidstakarane som har fordelar med arbeidsmiljøloven, lova regulerer også ei rekke forhold som også arbeidsgivar nytter godt av. Som til dømes at oppseiingstida skal være minst ein månad og i praksis ofte tre månadar, dette gir bedriftene tid til å tilsette nye når nokon leverer oppseiinga, og om den tilsette berre stikk av så kan ein kreve erstatning frå den (tidlegare) tilsette. Andre fordelar for bedriftene er at den tilsette har medvirkningsplikt, til å arbeide med HMS, stille opp når sjefen kaller inn til møte, osv.
  14. Tja. For min eigen del så bruker eg lite tid på å bla gjennom gamle bilder, kanskje særleg på snapchat som ikkje akkurat er den foretrukne appen når du skal ta bilder til fotoalbumet. Eg kan derfor sjå for meg at ho har flytta bilda til denne mappa då ho fekk dei medan ho var i eit forhold med denne personen. Både for å skjule dei, men kanskje mest for at bilda ikkje skal sprette opp som "minner" med ujamne mellomrom der også andre i rommet kan bildet, som i tillegg til å være flaut om du er ute i det offentlege rom er respektlaust ovanfor den som er avbilda. Eg kan då også gi henne tvilen til gode om at bilde er gjemt og glemt. Eg tenker derfor at inntil vidare så er det ingen grunn til å mistenke at dette er bilder som ho henter fram og ser på ofte. Det eg tenker taler til hennar fordel er at sjølv om ho ikkje har sagt at ho har disse bilda, så har ho heller ikkje aktivt skjult dei. Ho kunne veldig lett hatt ei anna PIN kode på Snapchat enn ho har på telefonen. Det faktum at ho ikkje har skjult bilda betre tilseier ein av to ting. Enten at ho har full tillit til at du ikkje kjem til å snike på telefonen. Alternativt at ho ikkje tenker at det var bilder som var nødvendig å skjule for deg. Uansett så tenker eg at du ikkje har nokon moralsk høghest å ri på her, og ein kan nok fort diskutere kven av dykk som står bak det grovaste overtrampet her. Når det gjeld talet på bilder så er tenker eg at det har kanskje meir med typen forhold å gjere enn noko anna. Sexting er mest vanleg i flørtefasen, så det er naturleg at det blir sendt fleire bilder i starten av forholdet enn det blir seinare. Ofte er også sexting eit alternativ til å være fysisk saman, så ein partner som ein er saman med heile tida utløyser ikkje det same "behovet" for å ta bilder av. Kva folk synes er greit og ugreit er veldig personavhengig. Enkelte krever at du skal slette alt av bilder, slette mobilnummeret og kaste alle eigedelar som du og eksen kjøpte saman, andre seier at dette er ein del av historien og at det sjølvsagt er greit å ta vare på minner og holde kontakten, andre synes også at det er greit å beholde også dei mest intime minna, og nokre ganske få synes til og med det er greit med eit opent forhold.
  15. Logikken er at dette er rolla til eit parti som er i opposisjon til partia som har regjeringsmakta. Ein kritiserer alt som regjeringa gjer (eller ikkje gjer i dette tilfellet) og påstår at dersom ein sjølv kjem til makta så blir alt så mykje betre. Når opposisjonspartiet kjem til makta så er det sjølvsagt umogleg å få gjennomført alt ein har lovd å gjere, så då er taktikken å sitte stille i båten angåande det dei sjølv ikkje får til, og i staden gi forrige regjering skulda for å ha øydelagt systemet og at det er derfor opposisjonspolitikken ikkje kan gjennomførast. Dette gjeld alle part, og ikkje berre Frp. Grunnen til at vi ofte høyrer slike opposisjonsuttalingar frå nettopp Frp er at Frp ofte er det partiet med størst oppslutning som ikkje får plass i regjeringa. Frp har aldri vært i regjeringa før dei i 2013 fekk være med å danne regjering saman med Høgre. Det varte fram til 2020 då Frp trakk seg frå regjeringa ettersom Frp ikkje fekk praktisere sin politikk. Frp er eit opposisjonsparti som også trives best med å være i opposisjon der ein frå sidelinja kan påvirke sittande regjering med ris og ros, utan å sjølv måtte ta ansvar for politikken som blir ført. Dei to store partia Høgre og Arbeidarpartiet som stort sett veksler på å ha regjeringsmakta må føre ein politikk som ikkje berre er gjennomførbar men som også kan være stabil over tid. Dette gjer dei til kjedelege men trygge parti å stemme på.
  16. Alt er nok gode alternativ om du ikkje vil ha diesel. Einaste eg i skrivande stund vil klart fråråde deg er å kjøpe hydrogenbil ettersom det er både dyrt og upraktisk. Eg er faktisk ikkje sikker på om det finnes hydrogenfyllestasjonar lenger som er tilgjengelege for privatpersonar. Eg ville nok også vært litt forsiktig med hybridbil, då dette er bilar som kan gi deg meir problem sidan det er fleire ting som kan ryke. Hybrid kan være supert om du køyrer mykje i nærområdet der du kan tvangskøyre bilen på elektrisk drift, og i tillegg har nokre langturar der du får kjøyrt motoren varm og brukt opp det fossile drivstoffet før det blir gamalt. Eit typisk problem på mange hybridbilar er at forbrenningsmotoren blir brukt for lite. Om du ikkje skal ha dieselbil, og økonomien tydelegvis ikkje er eit tema ved å tenke på drivstoffkostnadar, bompengar, osv, osv. Så tenker eg at valget er kjempeenkelt: Kan du lade heime eller har tilgang til ladestasjon i nærheita av din lokale daglegvarebutikk eller liknande så kjøper du elbil. Om du ikkje kan lade heime, ikkje har tid til å vente 20 min for å lade bilen, og ikkje skal ha dieselbil, ja då kjøper du bensinbil.
  17. Forstår at dette er ei forsøksordning, men eg får ikkje heilt tala til å gå opp. I dette forsøket så skal unge under 30 år få minst 237 000 kr i året om dei ikkje er under utdanning eller er i arbeid. Men er ikkje minstesatsen for uføre i underkant av 290 000 kr? Er hensikta med dette forsøket å sjå om ein kan klare å tilby "Navere" mindre pengar? I følge artikkelen på forskning.no så skal det fortsatt være krav til å ha kontakt med Nav og utarbeide plan for tiltak. I tillegg til at ein ikkje kan ha jobb eller ta utdanning. Det er nok eit eller anna eg ikkje har forstått, men om dette skal likne på borgarlønn og ein skal få ut fordelane med eit borgarlønnsystem så burde ein vel heller betale ut mindre enn vanleg trygd (slik at det blir billegare) men samtidig gi mottakaren friheit til å både jobbe og utdanne seg utan å bli følgt opp av NAV. Det er kanskje slik at den oppfølginga som det i artikkelen er presisert at NAV fortsatt skal ha skal være vesentleg mykje mindre omfattande enn den er i dag? Det store spørsmålet rundt borgarlønn som det er verdt å forske på er jo om det å få ein litt knapp månedleg sum i trygd vil motivere til å jobbe litt etter ta litt studiar når ein får sine mest grunnleggande behov dekt utan "mas" frå NAV. Eg er forresten langt meir positivt innstilt til ei borgarlønnordning om ein grovsorterer mottakarane etter behov. Det som er mest problematisk med ekte borgarlønn er at med det systemet så får arbeidledige, direktørar og multihandikapa nøyaktig same beløp sjølv om det reelle behovet er veldig forskjellig, og at denne borgarlønna som alle får kan gi uheldige konsekvensar for prisutvikling. Men om ein har ei sortering slik at arbeidsledige får det dei treng for å få livet til å gå rundt fram til ein får seg ny jobb, direktørar og andre høgtlønna får ingenting eller eit symbolsk beløp, og at multihandikapa får det dei treng til livsopphold i tillegg til assistentar og teknisk utstyr, så blir systemet langt meir realistisk. Spørsmålet då blir eigentleg kor mange ulike grupperingar ein finn behov for. Kan sjå for meg at ein startar med ganske få grupperingar, og så går det nokre år med stadig tilpassingar før ein er tilbake til noko som liknar meir på dagens system der alle får stønad frå NAV etter fastsatte satsar, pluss ei vurdering av konkrete tilleggsbehov som bustadstøtte og liknande.
  18. Dette blir sjølvsagt off-topic, men her er folk veldig ulikt skrudd sammen. Ulike interesser og ulikt syn på kva som er viktig gir ulike utfall. Nokre reier opp senga kvar morgon og synes det er viktig, andre lar det ligge fordi senga skal jo brukast igjen til kvelden uansett. Enkelte slapper av med ei god bok, andre må ut på joggetur for å finne roa. Dette har lite med intelligens å gjere, og alt med interesse å gjere. Grunnen til at folk ikkje betalar rekningane sine er ikkje fordi ein ikkje forstår at det er viktig, på same måte som at det ikkje er forståinga som gjerbat du ikkje trener dagleg, avstår frå alkohol, eller ringer mora di minst to gongar i veka. Det er enkelt og greit ikkje kapasitet nok til å være "perfekt" på alle områder.
  19. Eg har ikkje så mykje til overs for bilbransjen og eCall, bilbransjen har hatt moglegheit til å tilpasse seg. Grunnen til at eg ynskjer at ein utsetter stenginga er at vi no endeleg har fått SARqueen helikopter som kan pinge mobiltelefonar, mellom anna ved å tvinge mobiltelefonen over på 2G nettet slik at batteriet varer lenge nok til at personen blir funnet.
  20. Det er nok fort ulovleg å ta kontakt med utanforståande for å "sladre" om dette. Det er ikkje sikkert det gir så mykje konsekvensar for deg, men du må i alle fall vente til Namsmannen har gjort sin jobb. Namsmannen har også moglegheit til å gå på ektefelle/sambuar, så det er ikkje slik at den som skylder deg penger kan sette alle pengane inn på sambuaren sin konto for å på den måten unngå Namsmannen. At vedkommande promterer verksemda si på Facebook er ikkje så rart, han har tross alt gjeld på 60 000 kr som han må dekke før Namsmannen kjem på døra.
  21. Ein av grunnane til at det i dag er dyrt å bygge er at det er krav om at alle bustadar skal ha livsløpstandard slik at ein kan fortsette å bu i eigen bustad også når ein blir gamal og pleietrengande. Det å tillate mindre og enklare bustadar ønsker ein ikkje å ha opne for då det kan føre til at utgifter blir flytta over på det offentlege. Det er tross alt billegare for staten om alle betalar litt meir for bustadane slik at kommunen ikkje treng å bygge fleire sjukeheimsplassar. Det som er eit spørsmål er om det finnes ein moglegheit for å kunne gjere begge delar. Altså både bygge tett med små leilegheiter/hyblar med enkel standard som eignar seg godt for studentar og andre som har eit midlertidig behov for å bu midt i Oslo og som ofte er einslege. Men samtidig innføre regelverk eller ordningar som sikrar at befolkninga flytter til bustadar med livsløpstandard i god tid før det blir nødvendig med "rullestolsirkel" på badet og liknande. For meir midlertidig busetting så tenker eg også at det burde kunne være rom for å lempe litt på kravet til isolasjon. Sjølv om det har ein miljømessig konsekvens at ein får eit større oppvarmingsbehov, så er det også slik at det kan ta lang tid å spare inn den ekstra kostnaden ein har med isolasjon. Godt isolerte bustadar med små faste utgifter er nok også kanskje meir attraktivt i ein bustad du ser for deg å leve dei neste 20 åra i, enn på ein hybel som du kanskje skal bu på i 5 år. Det er sjølvsagt også viktig at ein likevel har litt kontroll på utbygginga slik at dei bustadane som blir brukt er av ein akseptabel standard. Det løyser nok lite dersom utbyggarar startar å bygge "fengselsceller" på 15 m² og selg dei for same pris som vanlege leilegheiter.
  22. Den store praktiske utfordringa er at NAV skal ivareta minst tre behov som til dels er i konflikt med kvarandre. Ein skal både betale ut til arbeidsledige og uføre, ein skal unngå sløsing ved å betale ut til dei som ikkje treng pengane, og ein skal påsjå at systemet oppleves som forutsigbart og rettferdig. Eit enklare NAV som går litt meir i retning av borgarlønn der alle får ein fast utbetaling er veldig enkelt og billeg å drifte, men då blir det også mindre rettferdig ved at dei som har større behov ikkje får nok, og at dei som ikkje har behov for hjelp likevel får. Med eit større NAV så kan ein i større grad belyse saka til alle som treng hjelp, herunder å vurdere nøye arbeidskapasiteten før ein fattar vedtak om livsvarig uførestønad. Meir byråkrati og utredningar gir sjølvsagt også større kostnadar og gjer NAV dyrare å drifte. Dagens NAV forsøker å finne ei fornuftig balanse der alle får ei enkel vurdering av sitt behov for pengar frå NAV, men ikkje alle får individuell oppfølging og risikerer å falle mellom to stolar.
  23. Du kan i alle fall starte med å sende inn ein klage: https://www.postnord.no/tjenester-privat/klage/ Det er eit eige valg for å klage på leveringsstad. Utanom det så er det beste å ta kontakt med kunderservice i det du får beskjed om at pakken har havna på feil stad. Då vil dei rette opp i dette og levere pakken på rett utleveringsstad. Dette vil fort ta nokre dagar ekstra, så då er det også eit spørsmål om du vil akseptere å reise eit par minutt med buss/bil for å hente pakken med ein gong, eller om du vil ha PostNord til å sende pakken på nytt. Sidan dette tydelegvis er eit gjentakande problem så vil eg nok anbefale deg å uansett sende inn ei klage, for om pakken ofte blir levert på heilt feil stad så er det ein grunn til dette.
  24. Ja, det er massevis av land ein kan flytte til, eller ting som ein kan gjere for at det skal bli vanskeleg for norske myndigheiter å kreve inn gjeld. Om ein ikkje vil flytte til eit land som ikkje vil hjelpe norske myndigheiter med å kreve inn gjeld gjennom til dømes å trekke pengar frå kontoen, så kan "gå under jorda" og kvitte seg med alle salgbare ting og berre bruke kontantar for å på den måten lure myndigheitene til å tru at du ikkje har pengar å ta av. Gjelda vil likevel ikkje forsvinne, så med mindre ein er villig til å permanent flytte til eit "u-land" eller drastisk endre livsstil og levestandard for å gjemme seg frå innkrevarane, så er dette ei midlertidig løysing som berre gjer at gjelda får vekse seg større. Det er likevel verdt å merke seg at sjølv i land som ikkje har avtalar med Norge om tvangsinnkreving, så er ikkje dette til hinder for at det kan bli gjort avtalar om å kreve inn pengar frå akkurat deg, eller at ein litt småkorrupt stat berre tømmer kontoen din utan å ha juridisk rett til å gjere det. I motsetting til skatteparadis der landet som tilbyr deg å både skjule og betale skatt av formuen i bytte mot at utanlandske bedrifter etablerer seg i landet og genererer inntekter på den måten, så er det ingen tilsvarande fordel for eit land å hindre gjeldsinnkreving, det går meir på at landet verken har kapasitet eller vilje til å gjere jobben det er å kreve inn gjeld på vegne av andre. Dette er nok svaret med to strek under. Ta kontakt med Lånekassen og søk løysingar. Særleg om planen er å stikke til eit "u-land" så er det ingenting å tape og alt å vinne på å ta kontakt med Lånekassen. Lånekassen har ei rekke med ordningar som kan være aktuelle. Både uføre og låg inntekt gir grunnlag for å slette gjeld. Dette med låg inntekt ettersom du har vært sjuk og arbeidsledig kan kanskje være litt ekstra utfordrande ettersom du bur i utlandet og då kanskje har andre levekostnadar, men dette er det nok mogleg å finne løysingar på. Studielånet er den mest tilgjivande gjelda du kan ha, som til dømes at når du døyr så blir heile gjelda sletta slik at arvingane dine ikkje blir belasta med ditt ubetalte studielån. Det er sjølvsagt også mange ordningar for å fryste lånet, berre betale renter, forlenge nedbetalinga, osv, osv. Sjølv om du aldri skulle kome i økonomisk posisjon til å nedbetale all studiegjeld, så er det fint mogleg å gjere gjeldsbetalinga handterleg nok til at du ikkje treng gjeldssanering eller kan leve med ein fornuftig levestandard. Du vil aldri bli rik med studiegjeld hengande over deg, men det er heller ingen fare for at du må flytte inn i ei pappeske og bu på gata. Merk også at dersom det er litt skummelt å ta direkte kontakt med Lånekassen, så finnes det mange ulike tilbod om gjeldsrådgiving. Både som betalingsteneste, via kommunen/NAV, eller via banken din. Fordelen med å snakke med ein rådgiver fyrst er at du der kan dele meir detaljar om din situasjon, og få hjelp til å vurdere korleis du stiller opp mot dei ulike ordningane som Lånekassen har. Som f.eks. om du skal satse på å sende inn søknad om å få sletta gjeld på grunn av låg inntekt, eller om du satse på å forhandle om ein avtale på anna grunnlag. Slik som saka er lagt fram så virker det å være godt forståelege grunnar til at studiegjelda ikkje har blitt betalt. At du i ein vanskeleg økonomisk situasjon har prioritert mat, straum og husrom er heilt forståeleg. Saka hadde vært noko litt anna om grunnen til at studiegjelda ikkje er betalt er fordi du har prioritert feriereiser, flott bil, og andre luksusting.
  25. Dette er fordelen og ulempen med politisk styring av kommunene. Det positive er at det er folket representert via politikarane som bestemmer kva kommunen skal prioritere og kva som skal nedprioriterast. Alternativet hadde vært ei byråkratisk styrt kommune som drifter utfrå lover og forskrifter og ikkje utifrå lokale ønsker og behov. Det negative med dette er at ettersom politikarane blir valgt på fire års perioder, så er dette også ofte lengda på økonomisk planlegging. Du blir ikkje gjenvalgt som politikar om du er sparsommeleg og prioriterer langsiktig sparing framfor forbruk. Dette er mykje av grunnen til at kommunale avgifter skyter i været, i ei årrekke har ein bestemt seg for å holde utgiftene på eit flatt nivå fordi det gir fornøgde innbyggarar, framfor å kreve inn det som trengs for vedlikeholdsarbeid. Mykje det same med kommunale bygg, ein politikar som bevilger 10 mill til vedlikehold slik at skulebygget er brukandes i 10 år til blir mindre populær enn politikaren som bevilger 500 mill til å bygge ny skule og då får klippe snora i høgtideleg sermoni om 2 år. Fjerning av eigedomsskatten høyres positivt ut for innbyggarane som kjenner det på lommeboka, så det er populært. At alt som bustadeigarane sparer i redusert eigedomsskatt kjem som ein bomerrang i retur i form av auka kommunale avgifter er det ingen som tenker på. Om ikkje obligatorisk ROBEK liste er løysinga, så spørs det om ikkje det må bli eit lovkrav å utarbeide forpliktande økonomiske planar for dei neste 20+ åra. På den måten vil det i det minste bli tydeleg at det er billegare å tilsette arbeidstakarar framfor å leige inn konsulentar, det er billegare å kjøpe bil enn å lease bil, osv. Ei kommune er stor nok til å fint kunne klare seg utan å betale for forsikring. Ser ein på eit hundreårsperspektiv og sett det ein i dag betalar i forsikringspremie inn på eigen konto så har ein nok oppsparte pengar til å dekke skaderekninga sjølv. Det einaste kommunen kan trenge av forsikring er er for å dekke dei aller dyraste og sjeldnaste hendingane som kan oppstå før ein rekk å ha spart opp nok.
×
×
  • Opprett ny...