Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 826
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Trur eg ville prøvd meg med reparasjonsvoks https://www.obsbygg.no/gulv-og-tilbehor/gulvtilbehor/gulvlister/2335403 Det blir aldri perfekt, men får du fylt såret med matchande farge så blir det langt mindre synleg. Særleg om dette dreier seg om finer, noko som virker sannsynleg ettersom det er overflata på bordet som har forsvunnet med kaffekanna. Har dette skjedd ein gong så vil det heilt sikkert skje igjen, det blir veldig vanskeleg å bruke bordet som normalt om du heile tida skal være redd for slike sår, så då er det etter min meining betre å fylle inn med voks etterkvart som du får merker i bordet.
  2. Det foregår særskilte individuelle forhandlingar heile tida. Det er ein eigen bestemmelse for å forhandle om ny lønn ved vesentlege endringar i stillinga eller når det er behov for å rekruttere eller beholde. Typisk så skjer dette når du har fått jobbtilbod ein annan stad og det er behov for å auke lønna for å unngå at du seier opp. Det er også meininga å bruke den bestemmelsen for å kunne premiere arbeidstakarar som gjer ein god jobb før dei blir så misfornøgde at dei søker seg vekk, men i praksis er det nok mange arbeidsgivarar som gambler på at dei tilsette ikkje er villige til å bytte jobb og derfor blir verande sjølv om lønna er dårleg.
  3. Det er i alle fall sterk positivt at leiaren støttar deg. Blir det skrevet referat frå lønnssamtalen? Det vil i så fall være lurt sidan du då kan legge ved lønnssamtalereferatet med lønnskravet ditt. Vær oppmerksom på at HR kan forsøke seg på å seie at dei skal sjå på det i samband med årets lønnsforhandlingar, det skal du ikkje nødvendigvis godta utan vidare diskusjon. Det gir nemmeleg ingen garantiar for at det skjer noko, og då er du betre tent med å bruke tida fram til lønnsforhandlingane på å fortsette å mase om du ikkje får tilslag no med ein gong. Kanskje unødvendig å seie, men husk på at målet er høgare lønn. Seniortittelen i seg sjølv er nesten verdilaus utan ei lønnsauke. Ikkje bli lurt til å seie deg fornøgd med ein litt finare tittel på lønnsslippen, ein tittel som kanskje ikkje ein gong kjem med på dørskilt/navnelapp/epostsignatur.
  4. Kjøp med deg ein slik: https://www.obsbygg.no/hage-og-utemiljo/snorydding/snoskuffer/2212439
  5. Då må kommunen hjelpe vedkommande. Reint praktisk så vil nok det skje ved at det kjem ein anna person i kommunen som jobbar helse og omsorgssektoren som tek med spade for å spa opp brøytekanten. Vedkommande tek sikkert også med seg posten også når ein etterpå skal inn for å ta oppvasken.
  6. Sensur blir problematisk opp mot yttringsfriheita, og ikkje minst blir det problematisk med kven som skal ha definisjonsmakta til å bestemme kva som skal sensurerast. Den mest løysinga som eg kjem på er dersom det på lik linje som yttringsretten kan ettablerast ei rett til å kome med tilsvar. Det som kanskje er mest problematisk med enkelte av dei politiske ytringane frå folk med ekstreme meiningar er at påstandane i stor grad får stå uimotsagt. For Musk sin del som eig og kontrollerer Twitter så er det problematisk at han kan bruke Twitter til å spreie løgner, utan at nokon får sleppe til for å avsløre løgnane. Heile formålet med yttringsfriheita var opprinneleg at det skulle være rom for å ha offentlege debattar om alt mogleg. I dag brukes yttringsfriheita til monologar og protestar der einaste formålet er å synleggjere din eiga meining, det er sjeldan det blir invitert til ein konstruktiv debatt og felles forståing. Om du skriv eit debattinnlegg i avisa så er det heilt naturleg at det neste dag står eit tilsvar i same avis. Mellom anna fordi det då er ein ansvarleg redaktør som legg til rette for dette. Men når du skriv innlegg på sosiale media så finnes det ingen redaktør, og eventuelle motsvar blir effektivt sett "sensurert" av den som styrer plattformen. Det er nesten så at eg meiner at dagens yttringsfriheit er ein like stor trussel mot demokratiet som at det er ein forutsettning for demokratiet. Hadde vi klart å ha opne og ryddige debattar om alt frå politikk til religion så hadde vi kunne fått ei utvikling og felles forståing, men det som skjer i dag er at ein står på kvar sin såpeboks og skrik ut sine eigne meiningar samtidig som ein held seg for øyrene og nektar å lytte til andre synspunkt. Då har vi ikkje lenger ei meiningsutveksling, då er det berre støy.
  7. Utfordring ligg sjølvsagt i å frakte sjøvatnet frå sjøen og opp til der det brenner. Til dette trengs det tankbiler og fly/helikopter, og sjølv då så er det lite effektivt. Er ikkje gjort i ei handvenning å pumpe 10 000 liter vatn opp frå sjøen og inn på ein tankbil, deretter skal tankbilen køyre fram til dit ein treng vatnet til sløkking. Om ein reknar det om til liter per minutt med sløkkevatn så betyr det at ein med tankbil kan levere 100 liter vatn per minutt om heile rundturen frå sjøen til brannen og tilbake til sjøen tek 100 minutt. Byggereglane i Norge seier at ein hydrant der det er småhus må kunne levere minst 1200 liter i minuttet. Du skal ha enormt mange tankbilar for å kunne hente nok sløkkevatn frå sjøen, og sjølv om ein har så mange tankbilar så kreves det også at vegane er såpass framkomelege at det ikkje blir trafikkork når så mange tankbilar skal køyre fram og tilbake. Det andre alternativet er å pumpe sjøvatnet direkte frå sjøen, men då må ein legge slange/røyr og tilstrekkeleg med pumpestasjonar fram til der det er sannsynleg at ein treng sløkkevatnet. Ein kan nok likevel stille spørsmål om kvifor ein i Los Angeles ikkje har brukt pengar på å bygge opp ein beredskap. Hadde ein før det startar å brenne gravd eller demma opp kunstige innsjøar på fjellet, kanskje også med røyrgater og pumpestasjonar for å etterfylle med sjølvatn, så hadde forutsetningane for å stoppe ein slik storbrann vært langt større.
  8. Mitt inntrykk er at det i stor grad er slik det blir løyst i dag, dei fleste (alle?) brøytesjåførane prøver å gjere jobben som er til minst mogleg ulempe for grunneigarane, samtidig som ein får gjort den jobben som er viktigast, nemeleg det å påsjå at vegen er køyrbar. Det er også mange stadar at det er for dårleg tilrettelagt for brøyting slik at det ikkje er nok plass til å legge fra seg brøytekantar og snø.
  9. Dette er ei typisk sak der behovet til fleirtalet trumfer behovet for den enkelte. Reint praktisk så kunne kommune, fylkeskommune og stat tilsett enda fleire brøytemannskap med enda fleire maskiner slik at også brøytekantane blir fjerna og køyrt vekk til eigne deponi, men det er klart at ei slik løysing hadde blitt veldig dyr. Sett opp mot alle dei andre offentlege oppgåvene som skal løysast så er ulempen med at kvar enkelt huseigar også må ta brøytekanten foran innkøyrselen når ein likevel er ute og måker resten av innkjørselen, ansett som akseptabel. Kommunen har ingen uforbeholden rett til å blokkere innkjørslane til huseigarane, men inntil vidare så er det vurdert opp mot grannelova at det å sette igjen brøytekant framfor innkjørselen ikkje er ein urimeleg eller uturvande ulempe. Grannelova presiserer at ved vurderinga av kva som er urimeleg eller uturvande så skal ein også sjå på kva som er teknisk og økonomisk mogleg, samt at ein skal vurdere kva dette opp mot kva som er vanleg. Nøyaktig kor store ulempar huseigaren må tole før det blir urimeleg vil være ei vurderingssak. Eg vil til dømes tru at dersom store brøytekantar som frys til i løpet av natta slik at det ikkje er mogleg å fjerne brøytekanten med vanleg spade, så vil nok det være over grensa for kor stor ulempe huseigaren må finne seg i. Men at du må ut med snøskuffa for å flytte brøytekanten er nok godt innafor. Så er det sjølvsagt ein større ulempe for eldre og funksjonshemma enn det er for unge og funksjonsfriske å fjerne slike brøytekantar, men om ein ikkje er i stand til å gjere jobben sjølv så må ein eventuelt betale nokon andre for å ta på seg jobben. Det er også slik det fungerer med tanke på brøyting av fortau og sikring mot at snø og istappar utgjer ein fare for gåande på fortauet. Det er huseigars ansvar, og om huseigar gjer jobben sjølv eller får nokon andre til å gjere jobben, det blir det opp til huseigaren sjølv å bestemme.
  10. Har du avslutta innboforsikringa som du hadde med fagforeningsrabatt? Ofte er fagforeningsrabatten berre basert på ei eigaerklæring så det er ikkje gitt at dei fanger opp at du har meldt deg ut. I tillegg så er det gode sjansar for at du kan klare å oppnå ein tilsvarande pris på forsikringa i same selskap som ein personleg avtale. Forsikringsselskapet er interessert i å behalde kundane sine og då er det dårleg butikk å sette opp prisen så mykje at du bytter forsikringsselskap. Som ein kunde som tidlegare har oppfylt vilkåra for å få ein rabatt gjennom fagforeiningstilhøyrigheita så har nok ikkje risikoen ved å ha deg som kunde endra seg spesielt mykje, så det kan være rom for å forhandle om å få eit godt tilbod som privatperson. Det er mange lag og organisasjonar som har framforhandla gunstige innboforsikringar. Særleg fagforeiningar men også reine interesseorganisasjonar som Huseiernes landsforbund og liknande har kollektive forsikringsavtalar. Merk også at enkelte fagforeiningar har såpass mykje rabatt på sine forsikringsavtalar at det kan lønne seg å melde seg inn i fagforeininga berre for å få rabatten, du treng strengt tatt ikkje å fortelle verken sjefen eller kollegaene dine at du er fagorganisert, du kan fint være organisert berre for å få tilgang på medlemsfordelar som rabattert forsikring. Finansportalen.no sin forsikringsteneste er midlertidig lagt ned, men du finner forsikringsoversikter frå andre kjelder som til dømes: https://forbrukertorget.no/forsikring/beste-og-billigste-innboforsikring Her har dei kåra Gjensidige som den beste innboforsikringa totalt sett. Merk likevel at kva som er beste innboforsikringa for deg vil være ei individuell vurdering av pris, kva som er dekt, størrelse på eigenandel, osv. Også maks forsikringsdekning er det relevant å sjå på. Du bør sjølvsagt ha ei innboforsikring som er romsleg nok til å kunne dekke alt inventaret ditt om du skulle miste alt i til dømes ein brann, men samtidig så er det ikkje vits i å betale ekstra mykje for at forsikringa skal dekke større verdiar enn du faktisk har.
  11. Er i grunn einig, men det er også eit spørsmål om det er nødvendig å teste med reell alarm to gongar i året. Burde være nok å teste den reelle alarmen ein gong i året som f.eks i januar, og så bruke testfunksjonen for å teste i juni.
  12. Objektivt sett så er det ingen sjans for at Trump blir som Hitler. Så kan ein sjølvsagt meine kva ein vil om Trump oppfører seg som om han var Hitler, men då berre i overført betydning. Om USAs president oppfører seg like ille som Hitler gjorde, det blir ein subjektiv og politisk diskusjon. Det kan til og med hende at Trump blir verre enn Hitler på mange måter. Eg kan likevel aldri sjå for meg at Trump kjem til å gro ut ein liten bart, snakke om "lebensraum" for å utvide USA, og opprette konsentrasjonsleierer for å utrydde jøder, homofile, og andre som blir rekna som uønska. Trump kjem aldri til å bokstaveleg talt bli ein ny Hitler, men han kan fortsatt bli like ille for alle andre som Hitler vart både for verden og for tyskere generelt.
  13. Kan ikkje tenke meg at du finn andre investeringar der ei eingongskostnad på 50k gir deg ei årleg avkastning på 48-60k etter at husleiga er betalt. Det er jo ei auking på 100%. Neste år kan du investere profitten i ei maskin til, og då har du to maskiner som står og miner eit overskot på 100-120k i året, som igjen gir deg råd til å investere i to maskiner til, osv, osv. Spørsmålet er jo berre om det verkeleg er så enkelt? Er straumen heilt gratis? Er du sikker på at det ikkje er eit einaste vilkår om vanleg bruk eller på anna måte regulert at det er forutsatt vanleg kontordrift og ikkje at du kan bruke kontoret til energiintensiv industri? Og sjølv om det ikkje står noko særskilt i leigeavtalen om straumbruken, er du sikker på at din plan om å tene pengar på utleigars rekning ikkje er å rekne som så illojalt mot avtaleparten din at avtalen kan hevast? I tillegg så har du usikkerheita som er rundt bitcoin som verdi. Avtaler om å leige kontorlokaler bruker ofte å være tidsbestemte for ei litt lengre periode, så det er også eit spørsmål om du har råd til å investere i både ein leigeavtale og ein miner. Du kan fortsatt tape nesten alt om spådommane om at bitcoins kjem til å kollapse faktisk slår til.
  14. Det mest korrekte er å skrive det dobble etternavnet ditt som eit langt etternamn. Formelt sett så er ikkje bindestreken ein bokstav, det er berre eit teikn som skal gjere det lettare å lese ord som er for lange til å ha samanhengande. Så heiter du Hansen-Johnsen så er det likestilt med Hansenjohnsen språkleg sett. Alternativt kan du sjølvsagt berre sette eit mellomrom, eg trur det er ganske mange som gjer det men det er ikkje språkleg sett heilt korrekt sjølv om etternavnet ditt vil tilsynelatande likne meir det som står i passet. Hos dei fleste flyselskap så kan du skrive bindestrek og apostrof ved bestilling, som blir "oversatt" til eit samanhengande ord på sjølve billetten når systemet ikkje takler spesialteikn.
  15. Om du kaster vekk tida di eller ikkje kjem jo heilt ann på korleis du verdsetter tida di. Om du ikkje har stor økonomisk interesse i dette så rekner eg med at motivasjonen tenderer meir mot hobby eller frivillig arbeid? (Sjølv om du har tenkt å ta såpass betalt at du ikkje taper penger). Når det gjeld markedet så er også det veldig avhengig av lokale forhold, og ikkje minst kva som blir totalprisen som lag or organisasjonar må betale for tenestene dine. Det kan godt være at mange lag og organisasjonar har betalingsviljen på plass, men det er ikkje sikkert at dei har betalingsviljen. Eg tenker at det koster deg relativt lite å prøve, særleg når du tenker på dette som ein bijobb og ikkje noko som du skal måtte klare å leve av. Eksakt kor mykje arbeid det er med konsulentfirmaet kjem også ann på kva slags organisasjonsform du velger. Skal du berre leige deg ut for å bistå lag og organisasjoner. Det er ikkje dyrt å lage enkeltpersonforetak. Du vil heller ikkje trenge å ha revisor. Omsetter du for under 50 000 kr så treng du ikkje ein gong å ha rekneskap, du må berre dokumentere inntekter og kostnader (fakturaer du sendt ut og kvitteringar for kjøp du har gjort). Går du over 50 000 kr så har du bokføringsplikt men det er ikkje veldig mykje arbeid med det heller, særleg om du spanderer på deg å betale eit par hundrelappar i måneden for å bruke eit av dei mange rekneskapsprogramma som retter seg mot ENK og små bedrifter. Om det er bestemte lokale lag og organisasjonar som du har lyst til å hjelpe, så kan det også være eit alternativ at du får deg eit styreverv i disse laga. Til dømes i det lokale idrettslaget der du tek ansvaret for å framforhandle sponsoravtalar på vegne av styret. Dette kan du motta styrehonorar for, så ein slik framgangsmåte krever då ingenting av deg utover sjølve jobben. PS. Om du jobber med noko liknande i den vanlege jobben din så må du forsikre deg om at det ikkje oppstår interessekonflikt om du startar som konsulent. Mest truleg er det heilt uproblematisk etterom du sikter deg inn på ei heilt anna kundegruppe, men du må likevel sjekke opp at det ikkje utgjer eit problem.
  16. Kontrakta kan lesast på begge måtar. Det står at utstyret til ei kvar tid er eigd av selskapet, men på neste setning så står det at kunden kan be om å få eigedomsretten til den elektroniske dørlåsen etter kontrakta er opphørt. I den siterte teksta er det ikkje en føresetnad at du må betale for låsen, einaste kravet er at bindingstida må være over og at du ikkje kan være skuldig pengar. Uansett så har du ein personleg avtale, og den avtalen du inngikk på boligmessa er heller ikkje i konflikt med det som står i kontrakta. Den praktiske utfordringa er å vinne fram med at du har ein avtale om at du skulle ta over dørlåsen kostnadsfritt etter bindingstida som ein del av eit messetilbod.
  17. Varsel på mobil er ein stor framgang samanlikna med tyfonane som var einaste varsling før det. Vi kan i teorien gå tilbake til å bruke kyrkjeklokkene men vi har ikkje lenger eit system for slik varsling, både ved at det ikkje finnes varslingslister for å få kyrkjetenaren til å reise til kyrkja for å ringe, men også fordi det ikkje føreligg rutiner for kva ringinga skal bety. Eg vil nok også gjette på at 90% av befolkinga i dag uansett ikkje veit når det er normalt at kyrkjeklokkene ringer og når det er unormalt med kyrkjeklokker. Sivilforsvarets tyfonar kan teoretisk sett nå halvparten av befolkninga ved at tyfonane er plassert i tettbygde strøk der det bur flest folk. Problemet er berre at det er ganske få som faktisk høyrer alarmen. Dei som er innendørs er stort sett i bygg som er designa for å isolere ut støyen frå gata, og då er det heller ikkje lett å høyre alarmen. Sjølv blant dei som oppheld seg utandørs så er det mange som går med støydempane headset og som ikkje får med seg alarmen av den grunn. Om vi samanliknar med brannalarmen i bygg så er den konstruert for at alarmen skal høyrast i alle rom, og skal i tillegg være tilpassa det som er normal aktivitet i rommet, slik at det må være høgare lyd i rom med mykje bakgrunnstøy, og i produksjonslokaler med støy så må brannalarmen varslast med blinkande lamper. Om du ikkje er heime så er kanskje ikkje brannalarmen til så mykje hjelp ettersom du alt er i sikkerheit, men slik er det med alarmen for flyangrep også, den skal varsle dei som ikkje er klar over at bombeflya er på veg, det er ikkje like viktig at dei som alt sitter i bomberommet også høyrer varslet. Det sagt, om det startar å brenne heime medan du er ute av huset så gjer det i alle fall ingen skade. Og kven veit, kanskje er det ein nabo eller ein tilfeldig forbipasserande som høyrer brannalarmen din og får redda huset ditt sjølv om du ikkje er heime.
  18. Det er knotete formulert. Siste delen av setninga tilseier at opphøret skjer ved utløpet av ein kalendermåned, med andre ord at opphøret skjer på den siste dagen i den aktuelle måneden. Fyrste del av setninga tilseier at det ikkje kan være mindre enn 2 månedar mellom varslet om opphøyr og opphøyret på den siste kalenderdagen. Om du skal flytte ut så raskt som råd den 31 mars så betyr det at avtalen må seiast opp seinast på den siste kalenderdagen to månedar før, som igjen medfører at oppseiinga må være varsla seinast 31 januar. Blir oppseiinga forsinka og ikkje levert før dagen etter den 1 februar så blir dei to oppseiingsmånedane mars og april, med siste dag 30 april.
  19. Det er aldri ein ulempe med pengar, men særleg i Norge der også kvinner kan ha ein arbeidskarriere så er ikkje pengar like viktig som det er i land der kvinner i praksis er avhengig av ein arbeidsfør mann for å kunne ha råd til å stifte familie innafor nokonlunde trygge økonomiske rammer. For å bli skikkeleg god i idrett så er det også ein veldig stor fordel å kome frå ei pengesterk familie. Både reint praktisk fordi det medfører at du kan fokusere 100% på treninga utan å bruke tid på ein deltidsjobb for å tene til livets opphald. Men også indirekte ved at risikoen dersom du ikkje lykkes i å bli proff er mindre ettersom du då har familiepengar å lande på. Kjem du frå fattigare vilkår og har droppa å ta utdanning for å satse på idretten så får du det tungt økonomisk om du må gi opp på håpet om ei idrettskarriere, og står tilbake som 35 åring utan vitenemål eller relevant arbeidserfaring, og att på til så er du ein heilt ukjent person som heller ikkje har ei kjendisrolle å flyte på ettersom du aldri klarte å markere deg i idretten. Dessutan, kvinner som sender friarbrev til toppidrettsutøvarar forstår nok ikkje kva dei begir seg ut på. Mange toppidrettsutøvarar bruker 12 timar om dagen på jobben sin, er mykje ute og reiser, og kjem til å flytte inn på gjesterommet eller hotell så fort du snufser litt ettersom sjølv ei vanleg forkjøling kan utgjere forskjellen mellom ei pallplassering og ein fjerdeplass. Skal ein stifte familie med ein aktiv toppidressutøvar så må ein være innstilt på at karrieren alltid prioriteres før familielivet.
  20. Det kan også være så enkelt som at Komplett prioriterer å levere til seg sjølv fyrst då det gir betre avkasting å selge ferdigbygde PCar enn det gir å selge komponentane direkte. Komplett risikerer relativt lite med ein slik praksis ettersom kunden ikkje kan gjere så mykje anna enn å holde tilbake betalinga til varen er levert eller potensielt å erstatte eit eventuelt tap som kunden kan bevise, i tillegg til at det sjølvsagt er dårleg reklame om kundane må vente unødvendig lenge.
  21. Havnivået vil stige når landisen på Grønland smelter, men det vil til dels bli motvirka av landheving når fjellområda ikkje lenger er nedtynga av isbreer, noko som igjen medfører at tyngdefeltet blir lågare, som igjen betyr at kreftene som dreg havnivået oppover er lågare. Kor mykje landhevinga vil påvirke Grønland er det vanskeleg å berekne, men enkelte forskarar spår at havnivået på Grønland vil synke ved issmeltinga medan det meste av resten av verden får høgare havnivå. Grønland har potensielt berre fordelar med global oppvarming, som meir landareal og mildare klima.
  22. Det er helt unødvendig, det vil stort sett alltid være nokon som tek ansvar for å hente opp denne tråden kvart halvår. Det minner meg om at det er snart vår og tid for å bumpe den store tråden om å forby russefeiringa. Du setter det repeterande varslet slik som du sjølv vil. Personleg så satte eg det opp for mange år sidan som ein notis i kalenderen som ligg der kl 12.00 utan lyd. Om ein har lett for å kippe seg når nødvarslet kjem så er det jo berre å sette opp push varsel kl 11.55 slik at du rekk å førebu deg (eller sette mobilen i flymodus i nokre minutt). No har eg såpass god kontroll på når testdagane er at eg eigentleg ikkje treng ei påminning. Andre onsdagen i januar og andre onsdagen i juni kl 12 er ikkje så vanskeleg å huske. Eg synes også at media har dei siste åra blitt flinkare til å informere på førehand.
  23. Det ser ut som at nodvarsel.no har sletta loggen over tidlegare varsel, før låg det full liste der. Men fyrste gongen nødvarselet vart brukt på reell hending var i set store jordraset i Vistdal der meir enn 60 personar måtte evakuerast, ein del av dei ved hjelp av helikopter. Men det har også blitt brukt under væpna politiaksjoner, som den i Ibestad: https://www.vol.no/nyheter/i/76gQaB/naa-politiaksjon-paa-ibestad-naboer-evakuert Og på togvelten på Arna der eit godstog mes farleg gods velta: https://www.nrk.no/vestland/godstogulukke-ved-arna-stasjon-pa-bergensbanen-1.16818332
  24. Om issmeltinga slår til slik som det er spådd så åpner det også for store areal på land og til sjøs som blir lett tilgjengelege. Framtidas Grønland er nok meir verdt enn dagens Grønland.
  25. Dette er ein avtale der det ikkje finnes standardvilkår du kan støtte deg på. Her er det heilt avhengig av kva som er avtalt. Er det einigheit mellom kjøpar og selgar at disse handpengane er ei sikkerheit som selgar har rett til å behalde? Eller er det rom for å hevde at dette "depositumet" er fyrste delbetalinga? Etter kjøpslova så har du rett som selger rett til å kreve oppfylling av avtalen, altså at du krever at kjøper skal betale full kjøpssum og at du skal få levere frå deg bilen. Du kan også heve avtalen. Spørsmålet er kva som er i din interesse å gjere, mest truleg er er nok du som selger mest kjent med å kreve at kjøper skal oppfylle sin del av avtalen ved å kjøpe bilen, men igjen er det litt avhengig av kva som konkret er avtalt, herunder om du har avtalt at kjøper kan trekke seg frå avtalen.
×
×
  • Opprett ny...