Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 822
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er sikkert aktuelt å ta ein debatt på korleis ulike tema og inntrykk skal aldersbestemmast, og det er lov å være ueinig. Men det er beviseleg feil å seie at denne filmen hadde passa betre med 15 års aldersgrense. For at filmen skal få 15 års aldersgrense basert på seksualitet så krevs det at dei seksuelle skildringane er nærgåande og/eller intense. Retningslinjene seier at mjukporno, altså omfattande seksuelle skildringar som ikkje er eksplisitte skal ha 15 års aldersgrense, hardporno får 18 års aldersgrense. For å gjere det enda enklare så har også mediatilsynet definert kva som meiner med mjukporno "skildringer av seksuell aktivitet mellom samtykkende voksne med det formål å virke opphissende uten nærbilder av penetrering, særavgang, mv." Denne aktuelle filmen er heilt klart ikkje mjukporno, og filmen inneheld heller ikkje nærgåande seksuelle skildringar. Einaste argumentet for at denne filmen ikkje burde hatt 12 års aldersgrense vil være om ein meiner at dei seksuelle skildringane ikkje er på barn og unges premisser, og her tenker eg at denne filmen ligger godt innafor det vi må rekne med at ein tenåring klarer å forstå. Spermageddon ligg langt unna 50 shades of grey filmane som i rettleiinga er nemt som eksempel på filmar som må få 15 års aldersgrense. Strengt tatt kan ein nok like gjerne argumentere for at dagens aldersgrenser er for strenge og tilpassa ein anna generasjon. Dette minner meg om når Dagbladet for ein måned sidan kunne melde at NRK hadde fått klagestorm etter å ha sendt ein episode av Helt Ramme sporter. Då hadde NRK mottatt 14 klager. Her snakkar vi om ei episode som i løpet av 48 timar var sett av 861 000 personar, og som nokre dagar seinare hadde auka til at 1 350 000 personar hadde sett episoden. Her vises det tydeleg at all PR er god PR så etter litt mediaomtale om episoden der Nicolay Ramm og Emilie Voe Nereng sprang maraton og drakk vin, så hadde ein halv million til logga seg på for å sjå episoden. 14 klager er ingenting, og absolutt ingen klagestorm. Dette bleikner mot "klagestormen" som NRK heilt nyleg har fått etter dei to siste episodene av Mesternes Mester der i underkant av 100 sjåarar har klaga på at utslagskonkurransen "nattesten" er urettferdig. Nå har nok ikkje Spermageddon blitt sett av over 1 mill personar, men at det er berre nokre få som kommenterer at dei helst ville hatt anna aldersgrense på filmen viser vel eigentleg berre at det blant den jamne befolkninga er svært lite kontroversielt å gi ein slik film 12 års aldersgrense. Som sagt så må ein gjerne ta ein overordna diskusjon på kva som skal vektleggast når ein sett aldersgrenser, men den debatten trur eg nok berre vil føre til at endå fleire filmar vil få lågare aldersgrense. Det er sikkert ikkje bra for unge barnesinn å bli eksponert for filmatisk vold og nakenheit, men eg trur det er heilt andre ting enn blodsprut i skytescenene og nakne rumper som vil virke skremmande eller angstfremmande for dagens 9 åringar. Eg er veldig einig i dei aldersgrensene som settes, og særleg det at mediatilsynet sett ekstra fokus på ting som utrygge familierelasjonar, mobbing, lydopptak frå ekte ulykker, osv. Det er nok her det er størst fare for å oppleve traumer, og kanskje også størst fare for at foreldra ikkje fanger opp viktigheita av å snakke med barnet etter å ha blitt eksponert for slike scener. Dagens barn og unge har nok blitt ganske flinke til å forså kva som som filmtriks og spesialeffekter, så slossing og Hollywood eksplosjonar er nok ikkje veldig problematisk, her er det nok langt verre med alt det ekte som barn og unge dessverre blir eksponert for i dag, alt frå i sosiale media til nyheitssendingar. På veldig mange av dei terroraksjonane som har vært dei siste tida så har usensurerte bilder av både døde, skadde og ikkje minst liveredde ekte personar vært tilgjengeleg på sosiale media som TikTok, Snapchat, og liknande tenester som ungdommane er på heilt utan aldersgrenser.
  2. Med rette verktøyet kan ein låsesmed både dirke opp låsen og notere kor mykje kvar skive måtte løftast, og på bakgrunn av denne informasjonen kan ein ny nøkkel slipast. Om trådstarte uansett har tenkt å bytte låssynlinder så er det også eit alternativ å bruke drillen for å bore gjennom låsen. Då kan du plukke ut heile låsesylinderen og montere ein ny. Likevel så ser det ut til at det går ann å få tak i ein ny nøkkel såpass billig at det er kanskje ikkje verdt arbeidet med å gjere noko sjølv.
  3. Du er nok bunden av det som er avtalt ja. Avtalen kan i teorien være ugyldig etter avtalelova dersom avtalen er urimeleg eller på anna måte ikkje oppfyller krava som stilles for ein gyldig avtale. Din adgang til å hevde at avtalen er ugyldig på dette grunnlag er nok relativt avgrensa ettersom du har kjøpt eigedommen med grunneigaravtalen, og må då ha vist om kva avtalar som følgte med. Konsekvensen av å stoppe/hindre utbygginga stort sett erstatning, og i slike byggeprosjekt så er det ofte store summar det er snakk om sjølv for få dagar med forsinking i arbeidet.
  4. Det kan variere litt, og sensor både kan og skal bruke skjønn når besvaringa skal vurderast. Ved bruk av prosentskala så krevs det vanlegvis meir enn 40% korrekt svar for å få karakteren E. I emner der ein berre vurderer bestått eller ikkje bestått så er ofte minstekravet å bli vurdert til det som normalt ville gitt karakteren C, som med prosentskalane medfører minst 65% korrekt. Karakteren C er ofte definert som tilfredsstillande prestasjon og at studenten vil kunne være i stand til å jobbe sjølvstendig med fagfeltet. Karakteren D og E tilseier at studenten har lært nok til å kunne delta i gruppearbeid, men at ein ikkje kan rekne med tilfredsstillande resultat på sjølvstendig arbeid. Det korrekte svaret er at det skal være samanheng mellom det som står i læreplanen at studenten skal ha lært og det som studenten klarer å levere på eksemen. Her må du nesten sjekke opp mot ditt Universitet og kva vurderingskriterier som er lagt til grunn i akkurat dette faget. Normalt sett vil nok dette være stang ut for deg, det er likevel rom for å sensor å subjektivt vurdere. Til dømes er det forskjell på om disse fire oppgåvene hadde heilt uavhengige problemstillingar eller ikkje. Om du har levert heilt blant på 40% av det skulle testast i så vil det være noko svakt, og du må nok ha svart veldig godt på dei to oppgåvene du fullførte for å redde deg inn. Om det derimot er snakk om fire relativt like oppgåver der ein kan tilskrive manglande besvarelsen på dei to oppgåvene som skulle telle 30% og 10% med at det var for lite tid, så kan det hende at du likevel har klart å få fram at du kan faget tilfredsstillande godt sjølv om du ikkje jobba raskt nok til å fullføre. Eit råd til seinare er at om mogleg så er det betre å levere kort og svakt på dei oppgåvene du ikkje rekker, enn det er å svare heilt blankt. Berre det å få fram korleis du ville ha løyst oppgåva om du hadde hatt betre tid vil gjere det lettare for sensor å vurdere deg. Klarer du å notere til dømes "her ville eg brukt X metode" så er det langt betre enn å svare heilt blankt.
  5. Skjønner at du nok ikkje er ute etter tips, men tenkte eg vil nemne at du kan flytte liket ved å klikke og dra liket ei kort distanse. Om du har ein sterk nok karakter kan du til og med putte liket i inventory som om det var ein gjenstand. Det er mogleg du må drikke ein strength potion eller liknande for å bli sterk nok. Den enklaste løysinga er likevel å dra tilbake til campen og betale 200 gold til fyren som er der, då vil din døde kompanjong bli teleportert inn. Dette koster litt gull men er nyttig dersom liket er utilgjengeleg etter å ha blitt dytta ned i ei ravine, i lava, eller liknande. Eg er nok ein gong einig med deg at til tross for at dette er heilt i tråd med D&D reglane, gjenoppliva karakterar kjem tilbake med 1 HP fordi du ikkje skal kunne bruke gjenoppliving i kamp, gjenopplivinga skal skje etterpå når alt har roa seg. Til tross for dette så burde spelet (særleg på lavare vanskelegheitsgrad) gjere karakteren immun mot ytterlegare skade etter gjenoppliving, eller i det minste gitt ein advarsel om at du kanskje ikkje får ønska resultat ved å bruke revive scrollen i slike tilfeller. Dette handlar om brukarvenlegheit som burde være mogleg å implementere utan at å gå på bekostninga av det å være tro mot kildematerialet. Igjen så nærmast oppfordrer spelet deg til å lagre spelet og at du gjennom save scumming må forsøke ulike framgangsmåter til du finn noko som fungerer. Kan også legge til at for din spelestil så er det ikkje sikkert du bør ha ein healer i det heile tatt. Du kan enten bytte ut Shadowheart heilt eller bygge om Shadowheart til meir kampfokus om du vil ha henne med for historien sin del. Med din spelestil så kan det være like bra å ha ein ekstra fighter eller caster. Du treng ikkje healing om du kan dele ut nok skade til å avslutte kampane tidlig, dette gir deg ein ekstra sjanse til å påføre fienden skade framfor å bruke tida på å delvis helbrede nokon. I BG3 og D&D generelt så har alle karakterane full styrke til du får dei ned til 0 HP, det å skade ein fiende gir deg ingen vidare fordel i kampen. Om du treng healing så har du uansett potions og scrolls når du er i kamp, i tillegg til short rest eller retur til campen som du kan benytte deg av etter kampen.
  6. Det ser faktisk ut som at N097 er nøkkelnummeret til din takboks, og at du enkelt kan bestille ein nøkkel slipt til N097. Heldigvis ser det ut som at Thule har droppa denne tvilsomme praksisen på dei nyaste takboksene. Å skrive på sjølve låsen kva nøkkel som trengs er heilt idiotisk sikkerheitsmessig. Det betyr at kven som helst som har vært nær nok bilen din til å sjå nummeret også kan bestille nøkkel til din takboks. Ser ut som at det koster 130 kr å kjøpe ein slik nøkkel på nettet. Det er sikkert mogleg å finne oppskrift/mål for ein nøkkel med dette nummeret slik at du kan lage ein ny nøkkel sjølv. Nå var det ikkje veldig dyrt for ein ny nøkkel, men det spørs om du ikkje burde ha bytta heile låsesylinderen for å hindre innbrudd.
  7. Er heilt einig i at det å betale 150k over prisantydning utgjer nok ein veldig liten prosentandel av den totale kjøpesummen. Eg er også einig i at det er vel eigentleg berre eigedomsmeklaren som synes det er noko å feire at du no har pådratt deg milliongjeld. Det er fint å være ferdig med bustadjakta og no være inne på bustadmarkedet, men det er ikkje ein veldig stor ting å feire. Det kan være greitt å tenke på at alternativet til å legge inn det siste bodet vil ofte være at du ville måtte betale enda meir for noko enda dårlegare seinare. Dette ser vi ofte på dei som kjøper leilegheit i burettslag og som ikkje får leilegheita likevel fordi nokon andre brukte forkjøprsretten, det er ikkje ofte at den kjøparen ender opp med å seinare kjøpe ei leilegheit som er både betre og billegare, oftast er det motsatt.
  8. Tenker at slike saker må rettsvesenet ta seg av, og at vi ikkje er tjent med at borgervernet skal ta over. Eit viktig moment her er rettssikkerheit, og sjølv om det sikkert er gode unntak der åpentbart skuldige slepp unna offentleg tiltale utan godt grunnlag, så er det ofte relativt tynn bevisførsel som skal til for at mobben tek lova i eigne hender. Det er massevis av eksempel på folk som har blitt banka opp basert på feilaktige rykter, eller basert på at ein har gjort ting som er fullt lovleg. Det er ofte samme mobben som finner på å gå etter til dømes homofile, som til tross for at det er fullt lovleg så går det på tvers av verdiane til mobben. Så er det sjølvsagt eit stort spørsmål om kvar rettsvesenet skal legge terskelen for bevisførsel. Den debatten er ikkje heilt enkel, for på den eine sida så er det eit kjempeproblem at voldtektsmenn går fri fordi ugjerninga ikkje vart filma eller dokumentert på anna utvilsomt måte. Men på den andre sida så må ein urettmessig voldtektsdom være noko av det vanskelegaste å ha på rullebladet, så det blir også feil å øydelegge livet til den som har blitt uskuldig anklaga for voldtekt. For det er også eit problem med rettsvesenet, ein ting er at det objektive straffenivået kan være fornuftig og rettferdig, men for eigen del så hadde eg definitivt stått meir rakrygga om eg hadde blitt uskuldig dømt til 1 år i fengsel for eit bankran som eg ikkje hadde begått, enn å sone 1 år i fengsel for å ha blitt uskuldig dømt som barnevoldektsmann. Ved sistnemnte så må ein nok rømme landet etter å ha sona ferdig, ved fyrstnemte så har ein mest ei kul historie å fortelle til alle som vil høyre.
  9. Det er ikkje så lett å gi generelle råd, for særleg med lite eller ingen utdanning så er det særskilt viktig å kunne flyte på personlege eigenskapar. Det neste spørsmålet er kor stor forandring du er ute etter. Snakker vi om å finne eit anna kontormiljø å sitte på? Gå tilbake til å jobbe som elektriker? Eller snakker vi av typen flytte til Longyearbyen for å være kaptein på di eiga skute der du tek med turistar for å sjå etter kval og isbjørn? Det tredje spørsmålet er i kva grad du er villig til å ta meir utdanning eller kursing. Det er sjølvsagt fristande å foreslå at du kan utdanne deg som elektroingeniør via Y-veg, men forstår at det kanskje er ei større tidsinvestering enn du ser for deg. Du kan likevel kome deg ganske langt med berre litt tilleggskunnskap, som til dømes eit sertifikat eller eit kurs som gjer deg meir kvalifisert til å bli leiar. Om du ikkje går for eit leiarkurs heilt direkte så er det mange nyttige kurs du kan ta som også gjer deg kvalifisert til å være leiar, alt frå kurs i arbeidsmiljøloven til mellommenneskleg kommunikasjon. Kombinasjonen praktikar med erfaring frå kontorarbeid kan være eit godt utgangspunkt for jobbar av type vaktmester der du både skal kunne utføre enkelt vedlikehold, samtidig som at du er i stand til å dokumentere og loggføre det som blir gjort. Slike jobbar finn du typisk hos selskap som eig store bygningar. For deg som har overvekt på kontorarbeidsdelen og i tillegg har gode attestar på leiareigenskapar så er det kanskje aktuelt å sjå på om du finn leiarstillingar innafor vaktmestertenester. Ofte bruker ein i dag tittelen driftsleiar, systemansvarleg, eller liknande ettersom jobben oftare går ut på å kontrollere ventilasjonsanlegg, dørsensorar, osv meir enn jobben går ut på å skifte lyspærer og stramme lause skruar på dørhandtak.
  10. Denne tråden passer nok best under teknologi og vitenskap delen av forumet. Reint teknisk kan avlytting skje på mange måtar. Valget av metode blir ofte ein balansegang mellom kor mykje ressursar som det er nødvendig å legge i å holde overvåkinga skjult, opp mot viktigheita av klare opptak. Det å hacke mobilitelefonen din eller software på telefonen din er teoretisk mogleg, men er nok veldig avhengig av kva type telefon du har, og om akkurat din telefon har svakheiter og bakdører som lar seg utnytte. Sjølv om telefonen din har slike svakheiter så er det ikkje gitt at svakheitene kan utnyttast gjennom fjernstyring, om den som skal overvåke treng å ha fysisk tilgang til telefonen din så kan det i praksis være vanskeleg å få til utan at du merker det. Det som er enklast reint teknisk er å berre overvåke telefonsamtalane dine, då den avlyttinga skjer ved å fange opp telefonsignala som blir sendt til og frå basestasjonen. Om politiet (eller andre) har fysisk adgang til heimen din eller andre stadar der du oppheld deg så vil nok det å plassere ut mikrofonar være det som både er enklast, billegast og gir best kvalitet. Det er heller ikkje nødvendig med fysisk tilgang, teknologien med lasermikrofonar har komt langt. Då kan ein overvåke med å prette ein usynleg laser gjennom vindauget ditt og mot eit eller anna som kan vibrere, helst noko slikt som ein chipspose men også eit bilde på veggen fungerer. Lasermikrofonen fungerer då slik at den måler dei ørsmå vibrasjonane som oppstå i til dømes bilderamma når du prater i rommet, og basert på disse vibrasjonane så kan signalet omdannast til lydbølger igjen. Slik overvåking vil det være nærmast umogleg å avdekke, men det krevs visuell kontakt. I dag er skjulte opptak også vel så mykje brukt som berre lydopptak. Kan du skjule ein mikrofon i leilegheita så kan du i dei fleste tilfeller også skjule eit lite kamera. For ikkje å snakke om betydninga av å overvåke all digital aktivitet, frå SMSer som du sender til søkehistorikk på Google. Juridisk sett så er det slik at politiet må gå til retten med sterkt nok grunnlag til å få løyve til å gjennomføre avlytting. Har politiet fyrst fått dette løyvet så vil politiet vanlegvis stå fritt i metodevalget sitt forutsatt at politiet held seg innafor dei rammene som er satt, typisk at overvåkinga berre skjer i leilegheita til den mistenkte og ikkje også hos naboen.
  11. Det kjem nok veldig ann på dei eksakte omstendigheitene, og kor formell Trump ønsker å være. At USA skal bli den 51st staten kan skje på sikt sidan grønlenderane har rett til å trekke seg ut frå Danmark om dei vil, men eit slikt viktig vegvalg kjem ikkje grønlenderane til å ta over natta. Sjølv trur eg heilt bestemt at dei fleste grønledere lever veldig godt med å være ein del av den danske velferdsstaten, det å skulle gå over til eit amerikansk system er nok ikkje særleg attraktivt med mindre grønlenderne får særordningar av liknande type som i Alaska. Her får innbyggarane skattefritak og dei får rundt 1000 dollar i tilskot per inninnbyggar som sin andel av mineralinntektene i Alaska. Derimot så er det langt større fare for at Trump tek kontroll på øya gjennom meir indirekte metoder. Om til dømes amerikanske selskap startar med gruvedrift utan å ha søkt om løyve, men likevel respekterer Grønland/Danmark sitt øvrige regelverk og betalar det dei skal av skatter og avgifter, så er eg usikker på korleis Danmark og Europa vil handtere den situasjonen. For då er det ikkje snakk om ein væpna invasjon/okkupasjon, det vil i staden være mest ein juridisk konflikt, der sjølv om dei amerikanske selskapa taper og blir dømt til å avslutte drifte og betale erstatning, så er det ikkje gitt at danske myndigheiter vil klarere å handheve sin myndigheit utan maktbruk, som igjen kan gi USA en slags legitimitet på at det var danskane som angreip fyrst. Utan å dra den samanlikninga for langt så var det mykje det same som var problemet i 2014 når Russland tok over Krim-halvøya. Ettersom heile vesten trudde på, eller i det minste aksepterte forklaringa om at Russland berre støtta opp om eit folkeopprør der "fleirtalet" hadde fremma krav om å bli ein del av Russland, så var ikkje vi i vesten rusta til å protestere mot noko som tilsynelatande var den demokratiske viljen til folket på Krim. Når det ikkje er "vanleg" krig med soldatar som marsjerer over grensa så er vi enkelt og greit for dårleg rusta til å handtere andre typar konflikter.
  12. Kva ville skjedd dersom Ukraina gjekk med på Trumps fredsplan, men utan intensjon om å oppfylle sin del av avtalen? Ved å gå med på avtalen så vil Ukraina i alle tilfeller tape land til Russland, men det vil i det minste sikre ei midlertidig våpenkvile fram til amerikanerane innser at dei blir lurt. Det vil være dyrt for Ukraina å betale ut USA for sine inntekter frå mineralutvinning til å begynne med, men om Ukraina hadde slutta å betale ut / kasta ut amerikanske selskap, kva hadde skjedd då? Ville USA gått til krig mot Ukraina for avtalebrot? Og ville ein eventuell krig mot amerikanerane vært spesielt mykje verre enn dagens alternativ som er fortsatt krig med Russland?
  13. Eg liker BG3, men eg er også til dels einig med deg. Ein ting er at dette er ekte rollespel du du står ganske så fritt både på å bygge karakterar og finne ulike måtar å løyse spela på. I motsetting til ein del andre action spel med rollespelelement så er du ganske avhengig av å bruke rette spells and abilities. Her har du svært mange valg og veldig mange av krever at du befinner deg i ganske så spesifikke situasjonar, som igjen betyr at du både kan finne ein spelestil som er nesten game breaking overpowered, til at du går rundt og lager lysshow med fine farger og angriper med vanlige våpen og ikkje kjem nokon veg. Ofte er det også slik at dei beste komboane ikkje nødvendigvis er dei som tilsynelatande ser mest effektive ut. Eit anna viktig moment som er lett å gløyme av, kanskje særleg når du speler på enklaste vanskeleggrad med karakterer som bruker lite magi er at du må huske å returnere til camp ganske ofte. Du finner tonnevis med proviant, under oppholdet i campen får du ulike scener alt etter kor langt du har komt i spelet som driv historia framover, og kanskje viktigast av alt du sikrer at ditt party alltid har alle sine spells og abilities tilgjengelege når du treng det. Eit tips om du skal meta-game er å være ekstra på vakt når du entrer eit nytt område og spelet autolagrar, då kan du forvente å møte på ein sterk fiende som du kanskje ikkje vil være i stand til å takle om du kjem direkte frå forrige kamp. Eg ser at du har funnet det ut i disse ruinene, men det er også ein del encounters der det er meininga å ta omgivnadane til hjelp, alt frå å utløyse feller, knuse tønner med brennbar olje, osv. Mine største ankepunkt mot BG3 er: - Eg er ikkje heilt komfortabel med overgangen mellom real time og turn based. Eg savnar også ein ordentlig pauseknapp utanom å berre aktivere turn based mode. I mange tilfeller der du til dømes vil snike deg forbi fiendar når dei snur ryggen til så er dette vanskeleg å få til i real time og du må nesten aktivere turn based, då synes eg det går litt vel seint sidan alle karakterane skal gjennom sin turn. Tilsvarande om du skal vente på akkurat rette augeblikken til å skyte ei pil for å aktivere ei felle. - Eg synes spelomgivnadane er litt uoversiktlege. Når du zoomer godt inn så flatar også kameraet ut, og når du zoomer heilt ut så får du ei meir ovanfrå og ned perspeiktiv (men ikkje heilt som i tactical view som du må aktivere utanom). Sjølv når du har zooma heilt ut så er det veldig ofte du ikkje ser langt nok til å få med deg alt som det er viktig å få med seg. Under kampane så medfører det at du må bruke mykje free cam for å skaffe oversikt. Eg synes også at det fortsatt er vanskeleg å foutsjå kvar ein karakter får line og sight og når ein ikkje har det. Dette gjer det unødvendig krevande å bruke ranged attacks. Personleg synes eg at det lugger litt at rekkevidden på ranged attacks er så absolutt. Eg skjønar at dette er i tråd med D&D reglane, men det ser utvilsomt rart ut med slike avgrensingar når kampen er fullt ut visualisert. Er fienden akkurat 1 meter utanfor effektiv rekkevidde så burde det likevel være lov å skyte ei pil med litt fråtrekk på både treffprosent og fysisk skade. At pila skal treffe ein usynleg vegg etter X meter er veldig merkeleg. For magi som ikkje følger fysikkens lover så er det litt lettare å berre akseptere at lynbolten stopper etter X meter. Her vil eg også legge til at det å utforske landskapet gir deg ikkje fullt så mange moglegheiter som ein burde hatt i eit klassisk rollespel. Veldig mange "hemmeligheiter" er skjult gjennom ulike stadar der du må hoppe til neste plattform, alternativt kan du teleportere tilsvarande distanser, men du får nesten aldri teleportere eller bruke feather falling til å utforske botnen på djupe raviner, eller bruke water breathing til å utforske under vatn djupare enn knehøgde, eller bruke investitute of stone til å bevege seg gjennom steinveggar. Eg forstår at nokon avgrensingar må det være, men dette er avgrensingar som innimellom gjer det vanskeleg å finne den tiltenkte løysinga, og som tvinger deg inn på eit litt vel linært spor. - Ettersom du heile tida får beskjed om at du ikkje har bestått ein skill check, så innbyr det til save scumming. Du kan sjølvsagt la være, men ein blir jo veldig nyskjerrig på kva du kunne funnet i ei nedgrav skattekiste eller korleis samtalen kunne gått føre seg om du berre hadde hatt litt meir flaks. Personleg synes eg at spelet hadde vært meir givande om eg ikkje fekk vite om at dette kunne gått føre seg på ein anna måte, og då hadde det vært enda meir spennande å spele spelet på nytt med ein heilt anna karakter med andre skills. - Og sjølv om det er heilt i tråd med korleis eit rollespel skal være, så synes eg kanskje at spelet legg litt for mykje opp til at hovudpersonen bør ha høg charisma, wisdom og til dels intelligens for å få mest mogleg ut av samtalar og interactions. Kampsystemet er ikkje så gøy at at eit party beståande av berre damage dealers blir veldig givende. Dette har også den effekten at det innimellom kan være veldig vanskeleg å ha med seg dine favorittkarakterar. Til tross for dette så har BG3 veldig stort fokus på kampar. I "ekte" D&D så vil ein i mykje større grad kunne unngå kamp, i BG3 er dei meste av kampane ikkje til å unngå.
  14. Eg er einig i det. Det stemmer nok likevel at det mest økonomiske er å ta utdanning, få ein jobb, få barn og gå ut i permisjon, kome tilbake i jobb og bygge karriere derifrå. Samtidig så er ikkje dette like gunstig reint kompetansemessig sidan ein bør skaffe seg yrkeserfaring medan utdanninga er fersk. Det er mykje lettate å sprette tilbake fagleg sett når du har fått jobbe nok til å bli fagleg trygg.
  15. Dette tenderer kanskje til å være off-topic, men vil også påpeike to faktorar til. Den eine er at når sentralisering fyrst har blitt stor så er det enda fleire som "må" bu i sentrum for at ikkje pendleavstanden skal bli for stor. Med rushtrafikk både på vegane og i kollektivtransporten så har radiusen av bustadar som ligg innafor 45 minutt pendletid inn til Oslo S krympa betrakteleg. Det andre momentet er at det er avgrensa med gamle hus eller leilegheiter i gamle bygårdar som det er mogleg å oppdrive til ein relativt låg pris. Alt som blir bygd i dag skal oppfylle strenge tekniske krav, krav som sikrar at huset både er energieffektivt og eigna til å bli buande i også når du er gamal og avhengig av rullestol, men som presser prisen svært mykje opp. Alt som blir bygd i dag skal holde høg standard, ha avgrensa med vedlikeholdsbehov og skal ha livsløpstandard slik at gamalt folk kan bu lengst mogleg heime før dei flyttar på sjukeheim, og det fine ting det altså. Problemet er berre at det bokstaveleg talt ikkje er lovleg å bygge bustadar med enkel standard til ein billig penge som er eigna som fyrstegongsbustad i ei kort periode. Dei fleste unge som skal inn på bustadmarknaden skal ofte ikkje bu i den fyrste bustaden meir enn nokre få år, og på den tida rekk ein nok knappast nok å merke at det balanserte ventilasjonssystemet med varmegjenvinnar gav litt lågare månedlege straumrekningar, eller at badet var så stort at ein kunne ha snudd der med ein hypotetisk rullestol. Då er det ikkje så enkelt når ein er heilt nyutdanna, og med eit par barn med på lasset å få tak i ein bustad som ikkje kostar skjorta. Her er vel litt av problemet at ein del av disse "luksusvarene" på sin eigen måte har blitt til nødvendigheiter, noko av det er reelle nødvendigheiter som gjer det vanskeleg å fungere i samfunnet som mobiltelefon og tilgang på internett. Om du skal baserer deg på å låne PC med internett på biblioteket så er det mykje som blir vanskeleg, alt frå å søke jobb til å betale rekningar. Andre ting er nok meir ting som oppfattes som nødvendigheiter der ein blir sosialt isolert om ein ikkje heng med, som ein eller fleire straumetenester for å ha tilgang til underholdning. På dette området var det enklare i "gamle dager" der 50% av lønna gjekk med på å kjøpe seg nok mat, 30% til å kjøpe klede, og kanskje berre 10% gjekk til bustadutgifter. Då var det dyrt med luksus men samtidig så var det ikkje så mykje luksus å få tak i. I dag er det fort 50-60% av lønna som er bustadutgifter, 20% som er ulike formar for teknologi som mobil, internett, osv, medan mat og klær av enkel kvalitet utgjer ein stadig mindre del av familiebudsjettet.
  16. Det at alle får like mykje i stønad tjener ein viktig funksjon for viljen til å betale skatt. Det at Røkke kvalifiserer til sosialstønad sjølv om han mykje sparepengar å ta av, medfører at Røkke betalar sin skatt med glede (eller i alle fall utan dei heilt store protestane). Om dei rike berre skal bidra ved å betale skatt, og aldri får noko igjen frå staten så vil også viljen til å betale skatt blir sterkt redusert, og dermed får vi fleire rikingar som på ulike måtar unngår å betale inn sin andel av skatten. Det at Røkke potensielt kan få utbetalt småpengar frå NAV som sosialstønad er ein svært billeg måte å sikre oss at Røkke fortsetter å betale store summar i skatt. I tillegg til at enkeltpersonar med stor formue hadde starta å unngå å betale skatt, så hadde vi også risikert at heile skattemodellen hadde blitt undergravd. For kvifor skal dei rike betale forsikringspremie i form av skatt til staten når dei aldri kvalifiserer til forsikringsutbetaling? Utan eit likheitsprinsipp som gjeld uavhengig av inntekt/formue så hadde den offentlege velferdsstaten visna. Alle som har råd til det ville då skaffa seg private forsikringar, og stemt på dei politiske partia som vil tene dei rikes interesser. Så kan ein sjølvsagt meine noko om sosialstønadar generelt sett, og om ikkje samfunnet hadde vært betre med full privatisering og berre ein låg skattesats for å finansiere rettsvesenet og forsvaret, der dei som ikkje har råd til å finansiere sitt eige livsopphold får berre akkurat det dei treng for å overleve (eller ingenting alt etter kor langt du er villig til å dra stikken), men det er ein heilt anna politisk debatt. Her handlar debatten om korvidt dagens system treng tilpassingar, og ikkje om dagens system skal forkastast heilt.
  17. Det er nok mykje det at du har komt skeivt ut der du starter yrkeskarrieren din med eit høgt utgiftsnivå. Gevinsten med å ta høgare utdanning kjem typisk mot slutten av yrkeslivet. Startlønna er ofte ikkje særleg mykje høgare enn for ein fagarbeidar, men med mastergrad så kan du rekne med å få ei jamn lønnsvekst som ligg litt over prisveksten kvart einaste år. Fagarbeidaren møter toppen av lønnskurva mykje tidlegare, og får derfor ein stagnasjon i lønnsutviklinga. Litt overforenkla så er det slik at dersom du velger å gå rett ut i jobb etter vidaregåande så får du inntekt frå dag 1, går du rett vidare på høgare utdanning så får du negativ inntekt i form av studielån frå dag 1. Den som har gått rett ut i jobb får relativt mykje pengar mellom hendene i ung alder og kan i langt større grad kjøpe seg bil og leilegheit i ung alder. Du som har tatt høgare utdanning må ofte jobbe ei stund berre for å kome i pluss, men etter dei fyrste harde åra så sikrar du deg sterk lønnsvekst og god pensjonssparing. Den som gjekk rett ut i arbeid etter vidaregåande vil ha langt større utfordringar med å kjøpe seg sværare bil og leilegheit i voksen alder sidan lønnsaukinga ikkje auker på same måte etter 10+ år i yrket. Det som er din fordel er at med høgare utdanning og god startlønn så kjem du fort i posisjon til å få deg bustadlån. Med 700k i inntekt så vil etter 5x regelen få låne 3,5 mill, du manglar eigntleg berre eigenkapitalen for å få kjøpe deg bustad til 4 mill. Også dette er ei overforenkling ettersom du med 5x regelen får fråtrekk for studielånet ditt, men samtidig så vil du også få lønnauking dei neste åra som gjer det lettare å spare opp eigenkapital. Ja det er litt tøft dei fyrste åra, men du vil som einsleg klare å kome deg inn på bustadmarkedet i løpet av få år. Fagarbeidaren som knapt kjem seg over 500k i årslønn får berre låne 2,5 mill og må derfor spare seg opp 1,5 mill i eigenkapital for å kunne kjøpe same bustaden til 4 mill. Du har likevel heilt rett i at bustadprisane aukar veldig mykje, og til tross for god lønnsutvikling dei siste åra så er bustadprisane heile tida på smertepunktet i forhold til kva folk klarer å betale. Den forrige generasjonen som kjøpte bustad for 15 år sidan for 3,4 mill og som no kan selge den for 7 mill har opplevd ein stor verdistigning, men det er avgrensa kor nyttig verdistigninga er for dei. Dersom dei selger bustaden så går overskotet med på neste bustadkjøp, einaste måten å cashe ut gevinsten på er å selge huset og flytte ut på bygda der du kan få eit billeg gamalt hus med stort oppussingsbehov. Flytter du ut på bygda for å bygge nytt hus så må du fort ut med 7 mill for tomt og hus. På mange måtar er verdistigninga på bustadane mest ein teoretisk gevinst då det er vanskeleg å realisere gevinsten så lenge du må kjøpe ny bustad i same markedet som du selg bustad i.
  18. Det kjem heilt ann på avtalen. Kan avtalen i det heile tatt seiast opp? Og kva står det eventuelt om vilkåra for oppseiing? Det er nok høg sansynleheit for at det er inngått ein grunneigaravtale som ikkje enkelt kan forkastast ved at ein ny aktør kjøper eigedommen med tilhøyrande avtale.
  19. Du undervurderer den politiske viljen til å etablere distriksarbeidsplassar. Slike fabrikkar er ikkje nødvendigvis veldig attraktive å etablere i eigen bakgård, ikkje er det nødvendigvis mogleg heller sidan heile poenget med ein slik fabrikk er å plassere den i umiddelbar nærheit av stor kraftproduksjon. Eg synes dette var til det beste. Det at staten skal spytte inn mange hundre millionar i eit amerikansk selskap som kanskje klarer å etablere arbeidsplassar er nok ikkje spesielt god bruk av statlege midlar. Detter er pengar som hovudsakleg forsvinn ut av landet gjenom eigarutbytte. Freyr estimerte at dei kunne etablere 1000 arbeidsplassar, seinare vart dette talet halvvert. Eg veit ikkje om dette amerikanske selskapet hadde god nok kjennskap til det norske lønns- og arbeidslivet, men eit stort poeng med norske industriarbeidsplassar er at nettopp fordi lønna til fagarbeidarar er veldig høg, og lønna til ingeniørar er forholdsvis lav, så vil det i Norge være langt meir lønnsomt å investere i automatisering der ei maskin utfører jobben til 10 arbeidarar på lønna til ein automatikar som held oppsyn med maskinene. Det er ein overhengande fare for at nøyaktig det same hadde skjedd med Freyr sin fabrikk, den fabrikken som i USA hadde 1000 arbeidsplassar gir fort berre 100 arbeidsplassar i Norge. Den einaste ulempen med at vi ikkje fekk ein batterifabrikk er at det hadde vært betre for den norske beredskapen å være sjølvforsynt med energilagring, men å spytte inn så mykje offentlege pengar for at eit amerikansk selskap skal tjene seg rike på å ha tilgang til nesten gratis norsk vasskraft synes eg ikkje noko om.
  20. Erfaring med andre verdenskrig. Tyskere er veldig bevist på sin forhistorie, så tyske politikarar er livredde for å gå fremst i saker som omhandler våpen og forsvar. Dei venter til at resten av EU/NATO viser initiativ og deretter følgjer dei etter. Når det gjeld tyske kjøp av russisk gass så er det ei litt anna sak, det handlar om at Tyskland har ført ein miljøpolitikk der både kull- og atomkraftverk har blitt stengt ned for å bruke "miljøvenlig" gass i staden for, og gjorde seg på den måten avhengig av gassimport til ein overkomeleg pris.
  21. Det blir kanskje eit ikkje-svar, men det kjem heilt ann på kva som er grunnlaget for din tausheitsklausul. Når advokatfirmaet seier at slike klausular kan være til hjelp for statlege verksemder, så sikter dei nok mot oppseiingssaker der det er uklart om årsaken held rettsleg sett. Det å då tilby sluttpakke kan være økonomisk fornuftig framfor å enten la tilsettigsforholdet fortsette i det uendelege, eller å bruke mykje arbeidstid på å ta saka i arbeidsretten utan garanti for å vinne fram. For staten er det sjølvsagt ikkje ønskeleg at slike sluttavtalar blir offentleg kjent, då det kan få andre til å spekulere i at det kan være pengar å hente om ein berre er "problematisk" nok på jobben. Ein typisk grunn til å tilby sluttpakke mot å frivillig avslutte arbeidsforholdet er når ein tørr å argumentere mot leiinga, men utan å motarbeide dei beslutningane som blir tatt. Då vil ein fort gjere seg uønska, men samtidig vil det truleg ikkje utgjere sakleg grunnlag for oppseiing. Om du kan fortelle den eigentlege grunnen til vennar og kollegaer kjem heilt ann på. Du kan nok strekke strikken ganske langt, men det er ikkje gitt at du kan blankt ignorere tausheitsklausulen. Du står nok friare til å fortelle dette til nære vennar enn du står til å informere alle kollegaene dine.
  22. Ja det stemmer nok. Når Bush erklærte at oppdraget i Irak var utført så var det basert på at Saddam Hussein hadde forlatt sin post, at han ikkje vart arrestert før nesten eit år seinare var tydelegvis ikkje så viktig.
  23. Dette blir eit definisjonsspørsmål, og svaret kjem heilt ann på kvar ein plasserer målstengene. Kan Ukraina vinne over Russland drepe alle russere, å innta Moskva og utvide den austlege ukrainske grensa til Stillehavet? Openbart ikkje. Men om spørsmålet er om Ukraina kan påføre russland så store tap og kostnadar at Russland ikkje har råd til å angripe? Så ja, då kan Ukraina vinne. På den andre sida er det heller ikkje lett for Putin å vinne. Strengt tatt har Putin tapt ved at han ikkje klarte å innta Kyiv i løpet av ein natt, men det er også eit definisjonsspørsmål. Putin kan "vinne" på heimebane ved å nekte å innrømme nederlag men samtidig også slutte å angripe. Kanskje er det også nok i denne omgang? Altså at sjølv om at Putin ikkje formelt inngår fredsavtale så blir det i praksis innført fredsavtale ved at ingen av sidene lenger er villige til å betale prisen for eit angrep.
  24. Sjølve serveringsområdet/resturanten vil ligge innafor denne definisjonen. Næringsmidlane blir handtert når maten blir båret gjennom lokalet. Faren for matsikkerheita er likevel klart størst om husdyr er inne på kjøkkenet og spiskammeret. Ute i serveringsområdet har kunden også sjølv oversikt på om hygienen er ivaretatt. Uteserveringa vil også rammast, då også øl og vin er næringsmiddel i flytande form.
  25. Ein slik fredsavtale vil uansett ikkje ivareta europeiske interesser. Ein slik fredsavtale vil bestå av at Russland stopper krigen og beheld dei okkuperte områda, områder som amerikanske selskap får kontrakt på å gjenoppbygge. Dette vil effektivt stoppe ukrainsk krigføring som ikkje kan gå til angrep utan å råke amerikanske entreprenørar. Putin får på denne måten utvida landegrensene, slepp unna gjenoppbyggingskostnaden, og kan bygge oppigjen økonomien ved at USA opphever sine sanksjonar. Dette blir ein fredsavtale mellom to businessmen som fyller sine eigne lommer, og ikkje ein avtale mellom nasjonar. Ukraina vil bli bølla til å stoppe sin krigføring under truslar om ikkje berre stopp i bistanden, men truleg også med direkte truslar om handelsblokkade.
×
×
  • Opprett ny...