
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Kva som er alternativt utfall blir sjølvsagt berre spekulasjonar, men hadde politiet brukt nokre minutt på å ta på seg alt verneutstyr før dei annonserte sin ankomst så er det gode sjansar for at dei kunne godt inn og stoppa buemannen før han rakk å tenke på å flykte. Fram til at han fekk med seg at politiet var komt fram så hadde han "god tid" til å fortsette å leite etter kundar som kunne ha gjemt seg inne i butikken. Det er når politiet annonserte sin ankomst at gjerningsmannen måtte ta eit valg om handling, typisk då enten å overgi seg, gå til angrep, flykte, eller ta sitt eige liv. Formålet med å ha instruks om å ha kule i kammeret er å kunne være kunne gå rett i konfrontasjon med voldsutøvaren, også når det medfører personleg risiko for død og skade. Denne taktikken med å ha våpen som er skyteklare rett ut frå holsteret fungerer likevel ikkje om politiet tek ein defensiv framgangsmåte. Då er det etter mitt syn mykje betre med framskutt lagring av våpen i bilen. Ja det tek lengre tid før politiet kan gå i aksjon, men det tvinger også politiet til å bruke nokre minutt på å førebu seg på aksjon i staden for å hoppe rett ut av bilen i korterma skjorte og pistol i handa. Kanskje skulle utlåsing av våpen vært enda meir komplisert enn det er i dag ved at ein fyrst må ta ut (og ta på) verneutstyret før ein får låst ut våpenet. Det å skulle gå inn i ein livsfarleg situasjon som alle andre har flykta frå krever at ein er mentalt førebudd, og det å ta på seg tungt verneutstyr er ikkje berre ei fysisk beskyttelse, det er også ei mental rustning som gir sjølvsikkerheit fordi ein stoler på sikkerheitsutstyret sitt. Det er heller ikkje berre den naturlege redselen for å sjølv bli drept som du må overkomme i ein slik situasjon, ein må også være mentalt forberedt på å ta liv. Det er fleire måtar å trene på å skyte folk, ein av måtane er å ikle seg stridsuniform for å få ein mental avstand mellom deg som medmenneske og den jobben du må utføre. Eg trur ikkje at det er realistisk å få eit politi som har ein slik strids mentalitet kvar einaste vakt, sjølv med bachelorgrad og årlege øvingar. Verneustyr må følge som ein heilt naturleg del av det å være bevæpna, om ikkje så får vi fleire slike situasjonar som i Kongsberg der politiet er så forhasta og opptatt av å gå inn i situasjonen at det går utover gjennomføringsevnen. Det har tross alt ingen hensikt å peike på nokon med eit våpen om ein ikkje også er mentalt villig til å trekke av. Enda godt at PST syter for at UP patruljen på Måsøy og lensmannanen på Utsira er bevæpna til tennene i tilfelle ein terrorist går til angrep mot eit ambassadekontor i Oslo. [/ironi slutt]
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Systemet burde i det minste støtte lydlaust utsending. Det er mange potensielle nødsituasjonar der slik varsling vil være nyttig, som ved terrorangrep/skyting der ein må varsle flest mogleg som er i faresone utan å røpe posisjonen til dei som alt har gjemt seg. Om sjølve testen kan være lydlaus så kjem det heilt ann på kva ein skal øve på. Ein ting er at øvelsen er ein fullskala teknisk test der det skal måle at alle får testen med den lyden og varslinga som høyrer med. Ein anna ting er at hovedformålet med å teste to gongar i året er å øve befolkninga på korleis nødvarselet høyres ut og kva ein skal gjere når ein får eit nødvarsel. Ei lydlaus melding vil nok ikkje ha den tiltenkte funksjonen. Synes eigentleg at ein bruker nok pengar på denne testen. Å sende ut 5 mill tekstmeldingar til nesten ei krone per stykk dagen før er etter mitt syn vekkasta pengar. Desutan så er eg nesten heilt sikker på at mesteparten som klager over å måtte motta nødvarsel på telefonen sin to gongar i året for lenge sidan har vært inne på digitaliseringsdirektoratet sine sider og reservert seg mot digital kommunikasjon med stat og kommune, og då får dei uansett ikkje denne SMSen dagen før. Det er langt betre med nødvarsel enn å basere seg på SMS for å varsle innbyggarane då SMS ikkje nødvendigvis blir mottatt umiddelbart, og ikkje minst at ein SMS kan være lydlaus og dermed lite egna til å være eit nødvarsel. Om det er noko som eg synes er dårleg med nødvarselet så er det at det er veldig raskt og enkelt å trykke vekk nødvarselet før du har fått lest det skikkelig, og det er ikkje spesielt intuitivt korleis du kan hente fram igjen meldinga. På både Android og iPhone er loggen over utsendte nødvarsel gjemt i menyen, så eg vil gjette på at det er ganske få som i ein stressa situasjon raskt hadde klart å hente fram igjen informasjonen som vart sendt ut, dei fleste hadde nok godt prøvd innboksa for SMS fyrst. Det burde være raskt å stoppe lyden ved berre å trykke ein gong, men sjølve teksta kunne godt ha lagt seg som eit varsel på oppgåvelinja etter at du har trykka OK og lukka meldinga. Eg er også positivt overraska over at loggen for utsendte nødvarsel viser at utanom testane så blir nødvarselet berre brukt i situasjonar som er alvorlege nok til at eg tenker at bruken av nødvarsel er godt innafor (i alle fall om varselet er tilstrekkeleg avgrensa geografisk til å berre nå dei som er innafor det farlege området). No blir den offentleg tilgjengelege loggen sletta etter eit års tid, men av det som ligg inne no er bombefunnet på Elverum der alle innafor 500 meter måtte evakuerast, samt post-brannen på Otta der det vart etablert 300 meters sikkerheitssone. Eg får ikkje opp kva radius det er på nødvarselet, men eg reknar med at det vart sendt ut forholdsvis lokalt. Av tidlegare år så har typiske døme på nødvarsel vært pågåande væpna politiaksjonar der publikum bes barrikadere seg innendørs, gasslekkasjar, og liknande ting. Har heldigvis vært lite nødvarsel om uvær. -
Den store faren her er at Israel lager seg ein ny fiende i Iran sjølv om dei lykkes med å fjerne dagens styremakter. Angrep på sivile vil føre til sterkt nag i generasjonar, og sjølv om at formålet med å bombe bustadblokker var å drepe leiarar og vitenskapsmenn så blei det store sivilie tap når ein bomber bustadar på nattestid. Iran har lite å stille opp med, og i alle fall så lenge USA og Trump støtter Israel. Dei viktigaste motangrepa frå Iran vil nok kome i form av terrorangrep. I verste fall med skitne bomber frå restane av Iran sitt atomprogram.
-
Hvor dyr eller billig må en bil være før det ikke er noe poeng å klage?
The Avatar svarte på sesar sitt emne i Forbrukerrett
Spørsmålet er om bilen er i den stand som kjøper kunne forvente utifrå prisen og forholda forøvrig. Frå kjøpslova: Det finnes ingen fasit, det må bli ei konkret vurdering av kjøpssum, bilens tilstand, og kva du viste eller måtte ha vist. Min umiddelbare tanke er at det er ikkje mykje du kan forvente av ein bil til 38 000 kr, særleg om bilen er ellers i god stand og køyrbar. At bytte av registerreim er ei kostbar avfære burde være kjent sjølv for dei som ikkje er bilkyndige, sjølv om eg forstår at det ikkje er lett å forutsjå at dette kosta fleire titusenar og ikkje berre mange tusenlappar å få gjort. På ein bil i denne prisklassa så meiner eg at ein skal vurdere nøye om det er verdt å følge produsentens anbefaling til når registerreima skal byttast, særleg når det er såpass dyrt som 25 000 kr. Bilen kan fungere fint langt på overtid, intervallet for skifte av registerreim er satt utifrå det produsenten tørr å garantere for. Ved å ikkje bytte registerreima så gambler du på at du har billig bil som fungerer heilt fint, men med baksiden på at npr registerreima til slutt ryker så må du rekne med at du får motorhavari som det ikkje er verdt å reparere. Sterkaste kortet ditt på reklamasjon er kanskje at dersom forhandlar og verkstedet som bytta registerreima er den samme bedrifta så er det ikkje gitt at prisen på 25 000 kr som du fekk oppgitt var spesielt prisgunstig, og at selgar/mekanikar kan ha utnytta din uvitenheit for å få deg til å tru at dette var ein kostnad som du måtte ta.- 41 svar
-
- 1
-
-
Arbeidspsykologiske tester i forbindelse med jobbintervju?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Det er ingen formelle kompetansekrav for å lage slike tester, så testane kan til og med være direkte feil. Nøyaktigheita på resultatet vil også variere mykje med omfanget på undersøkinga, jo færre spørsmål jo større betydning får kvart spørsmål. Utfordringa når det blir veldig mange spørsmål er at då går resultatet ofte litt ned fordi det er vanskelegare å holde på konsentrasjonen i mange timar. Det er her det store ankepunktet mot slike tester ligger, i dei fleste tilfeller så er det eit dårleg verktøy som i beste fall gir ein peikepinn. Ein av grunnane til at mensatesten er forholdsvis anerkjent er ikkje fordi at testen i seg sjølv er så god, men fordi at typer oppgåver i mensatesten er standariserte og tester samme type logisk tenking. Mitt klare inntrykk er at rekrutteringsbransjen er full av både halvseriøse og til dels useriøse aktørar. Det er nok ikkje mange av disse arbeidsretta testane som er utvikla av psykologar, mange er nok kasta saman med folk med salgsutdanning som tok psykologi som valgfag.- 48 svar
-
- 1
-
-
Ja det er nok mange som jukser, men det er også det som gjer at skatteetaten bruker å køyre rundt i hyttefelta i påsken for å sjekke registreringsnummer på bilane til dei som har tatt påskeferie. Å blir skattelagt fullt ut som om ein har firmabil når ein i realiteten berre lånte yrkesbilen med firehjulstrekk akkurat i påskehelga til å køyre opp på fjellet svir meir enn det smaker. Skatteetaten legg til grunn at dersom du kan ha hatt ein fordel så skal du skatteleggast som om du benytta deg av fordelen. Det er opp til arbeidstakaren å prøve å bevise med køyreboka at ein ikkje har brukt yrkesbilen til å private føremål.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Staten vil sjølvsagt ha inntektene sine frå all bilbruk, om dei krev inn pengane frå bileigar eller bilbrukar speler liten rolle for staten. Sjølv om ein som arbeidstakar blir skattelagt av fordelen med å ha firmabil, så er det fortsatt billegare å bruke firmabil enn å kjøpe bil sjølv, men det fordrer at du hadde kjøpt ein tilsvarande bil til privatbruk. Hadde du klart deg med ein billegare bil så lønner det seg ikkje å fordelbeskatte for å kunne bruke ein dyr bil. Dei fleste går heller for yrkesbil som berre blir brukt til arbeidet som då er skattefri så lenge du ikkje bruker den til private formål.
-
Om programmet du bruker beregner bompengar og ferjebillett så må du legge inn elbil for at du ikkje skal få utbetalt meir enn kostnadane dine.
-
Det er same satse uansett drivstoff på både bil og motorsykkel. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/saravtale-om-dekning-av-utgifter-til-reise-og-kost-innenlands/id3083006/?ch=1 Det kan være at du har ein betre avtale lokalt. Det er etter min erfaring relativt vanleg å bruke statens satsar som utgangspunkt og så forhandler ein om lokale tilpassingar, som høgare kilometertakst. Det er også ein del so setter kilometersatsen til 3,50 for at den skal være skattefri og i staden har avtale om eit lønnstillegg for å bruke privatbilen for å gjere det skattemessige litt enklare.
-
Heilt einig. Ein av fordelane med omvendt voldsalarm er at voldsutøveren kan også påleggast å busette seg ein stad der politiet har kort responstid. Å pålegge voldsutsatte å flytte innafor ein akseptabel responstid for politiet vil være ein ekstra belastning som er heilt urimeleg. Ein kan diskutere mykje om USA sin måte å gjere ting på. Ved å satse på kvantitet med masse politifolk med lite utdanning og låg lønn så kan ein plassere ein politimann på kvart gatehjørne, men evnen til å løyse komplekse saker blir sjølvsagt mykje lågare. Om vi hadde ønska så kunne vi innført frivillig politi også i Norge. Er heilt sikkert folk som hadde gjort jobben gratis om dei fekk montere blålys på bilen og hadde fått myndigheit til å utøve vold for å opprettholde ro og orden. Eg trur ikkje det er rette vegen å gå, men på denne måten kunne alle hatt ein frivillig politimann i nabolaget.
- 171 svar
-
- 1
-
-
Samtidig er drivstoffkostnaden ved bruk av elbil lågare enn bensin/diesel. Statens satsar skiller ikkje på drivstoffet så ordninga er meir attraktiv med elbil enn om du køyrer dieselbil. Det var i alle fall formålet. I praksis er det meir prisgunstig å kjøpe ein billig brukt dieselbil som er litt dyr i drift enn det er å kjøpe ein ganske ny elbil som er billig i drift.
-
Reknestykket vil variere med bilkostnadane, særleg verditapet ved påkøyrde kilometer og prisen for forsikring vil kunne variere mykje frå bil til bil. Husk at når du skal køyre mykje i jobbsammenheng så må du nok justere opp årlege kilometer som igjen medfører dyrare forsikring enn du har i dag. Vil også legge til at det er to måtar å sjå på køyregodtgjersla på. Enten at den skal dekke dine direkte bilkostnadar som drivstoff og "slittasje". Den andre måten å avtale køyregodtgjersle er ved å avtale ei godtgjering for at du skal kunne stille opp med privatbiler i tillegg til å dekke vanlege utgifter. Eit kontrollspørsmål er kva som skjer om bilen din må på verksted? Er det heilt uproblematisk, eller vil det medføre at du for eiga rekning må skaffe reservebil? Ein tredje måte å sjå dette på er å sjå på kva det vil koste arbeidsgivar å kjøpe/lease yrkesbil som du kan bruke i jobbsamanheng, og bruke dette som utgangspunkt for å forhandle om kva sum du kan akseptere for å tillate å bruke privatbilen i jobbsamanheng.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Få i seg nok proteiner når man endrer livsstil/prøver å gå ned i vekt
The Avatar svarte i et emne i Helse
Ernæringsmessig så treng du ikkje å få i deg særleg mykje protein, ein tommelfingerregel er at du bør få i deg 1 gram per kilo kropsvekt, ofte mindre. Så veg du 100 kg så bør målet være å få i deg i underkant av 100 gram protein. Den mengden med protein er det nesten vanskeleg å ikkje få i seg reint ufrivillig. Ei brødskive med grovt brød inneheld 3-4 gram protein berre med ei tørr skive utan pålegg. Sjølv potetgullet ditt inneheld omtrent 6 gram per 100 gram. Så om du dagleg et ei 300 grams pose med potetgull så får du i deg ca 1/5 av proteinbehovet ditt berre gjennom potetgull. Om du slit veldig med å ete mat som naturleg inneheld protein så kan proteinpulver være eit hjelpemiddel. Kjøper du pulver utan smak så kan du blande proteinpulver i nesten alt av mat og drikke slik at du nesten ikkje merker inntaket. Sjølv om det ikkje er heilt å anbefale helsemessig så kan eit lite skritt i retninga av betre kosthold være å bytte ut potetgullet du et til kvelds med nacho. Topper du nachoene med kjøttdeig eventuelt bønner (dei veganske tacopakkane som inneheld soyaprotein og skal blandast ut med knuste tomater er overraskande godt og enkelt). Legg du litt ost over så får du litt ekstra proteiner der. Då får du fortsatt fiksen din gjennom sprø og salte nacho-chips i staden for vanleg potetgull, men i tillegg får du i deg fleire næringsstoff gjennom fyllet på nachoen. Dette er ikkje helsekost, men som alternativ til potetgull åleine så er nachos eit meir balansert måltig. For ekstra bonuspoeng så kanskje du klarer å få litt grønnsaker i fyllet også. For deg som ikkje orker å lage så mykje mat så er tacokjøttdeig heilt suverent å steike opp i større mengder og varme opp ved behov. -
Strengere innvandringspolitikk er helt feil og gammeldags
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Utfordringane her er komplekse. I utgangspunktet er det veldig enkelt. Asyl innvilger vi til folk som er forfulgte og som risikerer livet om dei ikkje kjem seg ut av landet sitt, den praktiske utfordringa er at det ikkje er alle som blir trudd og at det er ein del som lyg til oss fordi asyl ofte er enklaste måten å få opphaldsløyve på. Innvandring aksepterer vi i utgangspunktet berre når dei som søker arbeidsløyve kan stille med arbeidskraft som vi mangler i Norge, ofte når det gjeld spesialkompetanse men etterkvart også folk som er villige til å ta jobbar som nordmenn ikkje vil ha. Det som gjer det heile komplisert er dei mennesklege verdiane og då særleg familigjenforeining. Det er klart at den nærmaste familien til ein som har fått opphaldsløyve i Norge også bør få kome til Norge, å kreve at også kone og barn har spesialkompetanse som Norge treng vil i praksis være vanskeleg. Det andre momentet er at sjølv om du har reell rett til å få asyl, så er det heilt forståeleg at dersom du fyrst må flykte frå heimlandet ditt for å starte eit nytt liv i eit nytt land, så vil du gjerne gjere dette i det landet som gir deg dei beste forutsetningane for å lage deg eit godt liv. Det er klart det frister meir å søke asyl i eit vestleg land med gode velferdsgoder enn å søke asyl i nabolandet som ofte også slit med fattigdom, korrupsjon og interne stridgheiter.- 4 svar
-
- 2
-
-
Pistolen har fleire sikringar der langt og hardt avtrekk er ein av sikringane. Utfordringa for det norske politiet er at vi har ein våpeninstruks der ein har kule i kammeret, noko som drastisk aukar faren for vådeskot. Er kammeret tomt så kan ikkje vådeskot skje utan at det fyrst er tatt ladegrep og deretter kjem ein borti avtrekkaren. Vi har enkelt og greit ein våpeninstruks som er berekna frå den tida der politiet bevæpna seg fordi dei skulle ut på eit oppdrag der skyting av veldig sannsynleg. Når du skal gå inn i ei bygning der det er ein skurk med skytevåpen så må du openbart ta ladegrep og skru av sikringa før du opner døra, du kan ikkje stå på dørterskelen og bruke tid på å ta ladegrep når skurken står og sikter på deg. Når ein er ute og patruljerer derimot så vil det nesten aldri skje at dette sekundet som går vekk på å ta ladegrep er forskjellen på liv eller død. Blir politiet overrumpla så er ein alt i ein svært ugunstig situasjon. Vådeskota som har skjedd har stort sett vårt relatert til at ein på slutten av vakta tek ut magasinet men gløymer å tømme kammeret.
- 171 svar
-
- 4
-
-
-
For å ta det siste fyrst. Det er dessverre slik at den raskaste måten for politiet å få full kontroll på situasjonen er ved å bruke mykje vold. Ein kunne prøvd å samla ein gjeng som kunne bryte gjerningsmannen ned i bakken, men det medfører større risiko, det tek lengre tid enn å skyte, og det stjeler politiressursar som kunne blitt brukt til å yte fyrstehjelp. Dette er også eit av mine ankepunkt mot fast bevæpna politi. Eg meiner heilt bestemt at framskutt lagring der politiet må ta seg tid til å stoppe opp, låse ut våpen, ta på seg verneutstyret, og ikkje minst få nokre sekund til å roe tankane og legge ein handlingsplan, gir totalt sett eit betre politi. Når ein går med skytevåpen og minimalt med verneutstyr så vil ein oftare ende opp i situasjonar der ein må bruke skytevåpenenet fordi ein ikkje har på seg utstyr som egnar seg dersom det blir nærkamp, og dersom det blir nærkamp så er det alltid ein trusse for at skytevåpenet ender opp hos gjerningsmannen. Det er ei hårfin grense mellom der det er gunstig at ein politibetjent kan springe til unsetting og redde sitiuasjonen ved å skyte gjerningsmannen umiddelbart, kontra at politibetjenten spring inn i ein farleg situasjon og blir slått ut, og no har knivmannen også eit skytevåpen. Til det fyrste så er eg einig i at politiet burde ha fleire verktøy i verktøykassa si, slik at ein kunne kontrollert og stoppa ein voldeleg person utan å ty livstruande vold. Nøkkelen her er då kombinasjonen av at det er nok politi tilgjengeleg slik at politiet er i overtall tidleg i hendinga, og at politiet tek seg tid til å hente fram utstyret som trengs. Men 1 eller 2 politfolk i kvar bil så er det i praksis ikkje mogleg å planlegge for at ein skal ta kontroll på situasjonen med muskelkraft, då blir det fort nødvendig å bruke våpen, enten det er batong eller skytevåpen.
- 171 svar
-
- 3
-
-
-
Pepperspray og elektrosjokkvåpen er no standard utrusting. Problemet med disse hjelpemidlane er at bruksområdet er smalt. Peppersprayen har kort rekkevidde og vil i beste fall føre til at gjerningsmannen peiver med kniven i blinde noko som gir liten sikkerheit sidan ein ikkje treng nøyaktigheit for å skade folk med kniv. Elektrosjokkvåpen kunne vært brukt, men har den ulempen at ein har berre ein sjanse og då må ein treffe med begge lederane for å kunne gi støyt. Treffpunkta bør også være slik at straumen går gjennom overkroppen for at det skal være effektivt. Om begge leiarane treff same foten så gir det berre lammelse (og smerte) i den foten. Skal politiet bruke elektrosjokkvåpen i slike situasjonar så er dei ganske avhengig av at det er fleire politifolk i nærheita som har andre verktøy i bakhand, som til dømes skytevåpen.
- 171 svar
-
- 7
-
-
-
Basert på det eg får ut av videoen er nok skytinga godt innafor, både for å sikre raskast mogleg helsehjelp til offeret, og fordi både politimannen og dei sivile er langt nærmare gjerningsmannen en dei 10 meterane som vanlegvis blir rekna som sikkerheitsavstand. Basert på det korte klippet så klarer eg ikkje å avgjere kor truande mannen oppførte seg, men det er i alle fall openbart at han ikkje frivillig slapp kniven. Hadde politiet ikkje vært bevæpna så måtte politiet løyst situasjonen på ein anna måte, utfallet vil då være ganske så tilfeldig. Alt frå at gjerningsmannen hadde overgitt seg etter litt meir oppfordring, til at fleire hadde blitt knivstukket. Eg er ingen forkjempar for bevæpna politi, men i denne situasjonen var det nok rett å bruke skytevåpen. Einaste betenkelegheita eg har er at vi ikkje veit om skjold og batong vart vurdert som eit alternativ for å uskadeleggjere gjerningsmannen. Det sagt så er det ikkje sikkert at gjermingsmannen hadde blitt mindre skada av å bli skambanka med batong til han ikkje lenger var i stand til å utgjere ein trussel.
- 171 svar
-
- 7
-
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Tenker at presten (som profesjonell part) bør klare å planlegge det slik at han/ho ikkje er midt i sermonien kl 12 den andre onsdagen i januar og juni. Grunnen til at dette tidspunktet er valgt er at kl 12 på ein onsdag er det tidspunktet det skal gi minst konsekvensar. Det er veldig vanleg at begravelse startar kl 10.30 og eventuelt kl 13 om det er fleire på same dag, og då er sermonien enten over eller har ikkje starta når klokka blir 12. Klokka 12 er også det tidspunktet der det er svært få som søv, sjølv dei som jobnar nattevakt bruker å vokne til midt på dagen. Ein finn aldri eit perfekt tidspunkt for ein slik test, men det hadde nok vært mykje verre å ta testen på andre tidspunkt. -
Om naboane reagerer på støyen så er det i det minste ein indikasjon på "utilbørleg larm", det må likevel gjerast ei konkret vurdering. Var dette arbeidet unødvendig å utføre på dette tidspunktet? Var det meir støyande enn det kunne ha vært? Er slikt arbeid vanleg i nabolaget? Tid på døgnet kan også være av betydning, sjølv om det er rauddag heile døgnet så kan tidspunkt være relevant i forhold til i kor stor grad naboane må tole støyen.
- 19 svar
-
- 1
-
-
hvordan kalkulerer bedrifter bevegelige helligdager?
The Avatar svarte på Mykesider sitt emne i Jobb og karriere
Det er fleire måtar å gjere det på, både ved å detaljbudsjettere det eksakte talet på raude dagar der det skal utførast arbeid, eller ved å gjennomsnittsberekne. Disse 7-12 dagane i året som kan havne på virkedagar utgjer totalt sett ganske lite på årets lønnsbudsjett, bruk av overtid som å kalle inn vikar ved sjukdom utgjer fort mykje meir pengar frå lønnsbudsjettet. -
Største "utfordringa" til pride er at ikkje finnes ein konsensus på kva ei pride markering skal og skal ikkje være. Vi har no alt frå at pride er ei feiring av at i Norge er alle frie til å være seg sjølv, til at det er ein protest aksjon med hensikt om å terge alle konservative. I tillegg til at mange bedtifter har kasta seg på fordi det gir økonomisk gevinst å farge logoen regnbogefarga i juni. Som i alle andre tilfeller så er det dei mest høglytte på kvar side som markerer seg, alle dei i midten drukner i støyen. Så på samme måte som at alle dei som markerer pride har ulik motivasjon og grunn for å være med på markeringa, så har alle dei som ikkje vil markere pride ulik motivasjon og grunnlag for å kritisere.
- 286 svar
-
- 2
-
-
Sikkerheitsklarering og vandelsattest er ulike ting, det som er viktig for sikkerheitsklareringa er at det ikkje finnes forhold som andre kan bruke som pressmiddel mot deg. At du har fyllekøyrt påvirker meir vandelen enn sikkerheitsklareringa, unntaket er dersom du forsøker å holde dommen skjult, for då kan nokon potensielt presse deg ved å true med å avsløre hemmelegheita di.
-
Det et tydeleg at du har fått opplæring i forbrukerkjøpsloven av samme gjeng som påstår at grensen mellom 2 og 5 år reklamasjonsrett går på om produktet får plass i ein pose. Det finnes nokre uklarheiter og eg skal innrømme at lova ikkje alltid er heilt i tråd med det som er vanleg praksis. Mobiltelefon er ikkje definert som hygieneprodukt etter forbrukerkjøpsloven, for formålet er ikkje hygiene slik som på ei tannbørste eller ei barbermaskin. Det er nok enkelte som bruker mobilen på så lite hygieniske måtar at alle formar for reklamasjon, garanti og bytte burde vært nekta, men det vil bryte med forbrukarkjøpslova.
- 28 svar
-
- 1
-
-
Opprinneleg så var formålet med angreretten at den skulle gjelde enten i tilfeller der du blir oppsøkt og måtte ta stilling til eit kjøp med lite tid til å vurdere, eller i tilfeller der ein handla via telefon og då ikkje hadde muligheit til å vurdere produktet fysisk før du fekk det i posten. I dag har det etter mitt syn sklidd litt ut med litt diffuse grenser. I dag har du gjerne begrensa med muligheit til å teste produktet i butikk, særleg når det gjeld elektronikk. Etter mitt syn så er det eit paradoks at når du møter opp fysisk så får du i beste fall sjå på ein dummy-telefon butikken og du har dp ikkje angrerett. Men bestiller du frå butikkens nettbutikk så kan du teste ganske mykje i 14 dagar, alt frå oppstartstid, batterikapasitet, osv. Du kan berre ikkje ha tatt i bruk telefonen som din eigen. Noko som også får litt diffust utfall på mobiktelefonar der ein gjerne logger seg på skylagring som det første du gjer når du slår på telefonen, som då automatisk laster inn alt av personleg innhold. Du kan sjølvsagt fabrikkgjenopprette før innlevering, men on du har brukt telefonen som din eigen så har du strengt tatt ikkje angrerett lenger sjølv om du lett kan skjule dine spor.
- 28 svar
-
- 1
-