
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 807 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Som er heile poenget med å melde seg inn i ei forsvarsallianse. NATO utgjer ingen militær trussel for andre land, med mindre det andre landet vil erklære krig. Det er dette som er formålet med ei forsvarsallianse, og som er til forskjell frå andre militære alliansar. Det sagt så vil enkeltland i alliansen kunne gå til krig mot eit anna land, men må då gjere det utan støtte frå NATO som ikkje har forpliktingar ovanfor eit land som ikkje har blitt angrepet.
- 35 svar
-
- 1
-
-
Er litt usikker på korleis eit NATO utan USA vil befinne seg styrkemessig, men ein rein Europeisk forsvarsallianse vil utvilsomt være sterke nok til å være avskrekkande. Det som vil være ulempane til eit NATO utan USA er som påpeikt at noko av stordriftfordelane vil forsvinne ved at det er mange relativt små land som styrer relativt små einingar, så noko meir administrative fordelar vil ein ha. Ein anna svær ulempe om USA trekker seg ut er at vi ikkje lenger har fordelen av å ha sterk militær slagkraft fordelt på to kontinent. Sjølv om vi fortsatt vil ha Canada så vil vi få veldig avgrensa militær dominans i nordamerika. Fordelen i dag når vi har ca 50/50 av den militære slagkrafta fordelt på to kontinent er at det vil være vanskeleg for ein angripar å angripe to flankar samtidig. Det at vi har NATO fordelt over to kontinent er sjølvsagt ikkje berre ein fordel, den markante ulempen er at det tek tid å transportere folk og materiell over Atlanterhavet. Det som kanskje er største trusselen for NATO om USA skulle trekke seg ut er at det kan bli uro i organisasjonen. Slik som det er i dag så vil det for blant anna Norge være ei tryggheit at vi har heile USA i ryggen om noko skulle skje, men om vi skal stole på at vi får hjelp frå både Sverige, Finland, Tyskland, Storbritania og Polen så er det litt meir utrygt ettersom det da er fleire regjeringar som potensielt kan seie nei til å oppfylle sine forpliktingar. Det er derfor mulig at vi kan få ein dominoeffekt der mange NATO land ser seg om etter andre allierte dersom USA skulle trekke seg ut, og at ein NATO utan USA blir svekka av den grunn. Den andre trusselen dersom USA trekker seg ut er at terskelen for å gå til krig for å forsvare eit medlemsland blir litt større om den militære slagkrafta i alliansen blir halvert. Dersom tildømes Finland skulle bli invadert av Russland så vil vi i Norge måtte pårekne større tap, øydeleggingar og lidingar om vi går til krig med "berre" resten av Europa i ryggen, kontra om vi går til krig med støtte frå både Europa og USA. Jo større og sterkare ein er, jo lettare er det å være tøff nok til å stå opp imot bøller. Denne frykta for å lide eigne tap kan føre til at ikkje alle landa i alliansen er villige til å oppfylle sine forpliktingar om å ansjå eit angrep på eit medlemsland som eit angrep på oss alle. Så fort vi får fyrste landet som svikter alliansen så vil resten av NATO rakne ganske fort. Det var dette som var gjorde at Russland turte å true med atomvåpen og storkrig om NATO fortsatte å støtte Ukraina. Håpet til Putin var at NATO-medlemmane skulle feige ut og la Russland ta Ukraina for å ikkje risikere å sjølv havne i krig. Hadde nokre av medlemslanda valgt å ikkje støtte Ukraina med bistand så er det reell fare for at NATO kunne blitt oppløyst, for kan vi stole på at eit medlemsland som ikkje ein gong er villig til å ofre litt overskotsvåpen for ei god sak er villige til å ofre både soldatar og materiell om eit anna medlemsland skulle kome under angrep? NATOs største fiende er mistillit mellom medlemslanda. Strengt tatt så trur eg NATO er meir tent med at USA trekker seg ut frå alliansen, enn dersom USA får ein president som sår tvil om USA vil kome til unsetning ovanfor medlemsland som ikkje har brukt nok pengar på forsvaret sitt. For det betyr at våre fiender får frie tøylar til å hakke på dei svakaste fyrst. Om ein anna nasjon kan gå til krig mot eit NATO land utan at NATO-alliansen kjem til unsetting fordi det aktuelle NATO landet berre brukte 1,9% av BNP det året, så vil ein mest truleg kunne ustraffa angripe det nest svakaste landet neste år, osv.
- 35 svar
-
- 2
-
-
Synes det er tynn suppe å skulle relatere eit gjennomsnittleg sjukefråvær på 20 dagar i året på korona. For sjølv om ein legg til grunn artikkelens påstand om at gjennomsnittspersonen får covid 1 til 2 gongar i året, og i tillegg legg til grunn at helsa blir varig svekka av covid, så er det jo vel eit snitt på 20 dagar langt større enn kva som kan forklarast med covid? Sjølv om vi antek at tyskerane kalkulerer sjukefråvær slik som i Norge der ein tell med alle dagar og ikkje berre dagane ein skulle jobba så er jo 20 dagar ekstremt mykje sjølv om ein får corona to gongar i året. I beste fall så vil korona være berre ein liten del av forklaringa. Den meir reelle forklaringa er ved at sjukefråværet går opp jo betre levestandard og forventningar folket har. Dette handlar ikkje om at "alle andre" misbruker velferdsstaten, det handlar meir om at når ein har gode og trygge rammer for sjukefråvær så kan ein liksågodt halde seg heime eit par dagar ekstra for sikkerheitsskuld, og om alle gjer det så blir det ganske mange dagar til saman. Nå kjenner eg ikkje tyske forhold særleg godt, men om det er slik som i Norge så har nok dei også eit system som regelrett premierer legar som skriver ut mange sjukemeldingar. I Norge får fastlegane delar av lønna utfriå kor mange pasientar dei har på lista, dermed er det direkte lønnsomt å ha flest mogleg pasientar, og aller helst friske pasientar i yrkesaktiv alder som ikkje drar så ofte til legen. Mange pasientar er også veldig kravstore så om ein får ein fastlege som tørr å seie nei til sjukemelding så byttar dei fastlege til dei får ein lege sjukemelder over ein lav sko.
- 43 svar
-
- 1
-
-
Strengt tatt er nok dagleg dusj/bad også for mykje i forhold til kva som er "sunt" men det er jo ein gong slik at dette er dette som har blitt samfunnsnormen. Ville også kombinere at angåande deodorant så er dei luktfrie deodorantane strengt tatt dei beste. For det fyrste er du sikker på at dei fungerer ved å fjerne svettelukt og ikkje berre ved å kamuflere med sterk parfymelukt. Og i tillegg så gir det den bonusen at du kan velge akkurat det du vil frå parfymeutvalget utan å ha problem med at parfymen kolliderer med lukta av deodoranten.
- 37 svar
-
- 6
-
-
-
-
Eg velger å sjå på dette som ein alternativ måte å streike på. Særleg for sjukepleiarane så har dei i praksis ikkje streikerett ettersom regjeringa går inn med tungen lønnsnemnd så og seie umiddelbart med påstand om at det er fare for liv og helse om sjukepleiarane ikkje møter på jobb. Når til og med lærarane blir tungne tilbake på jobb gjennom tvungen lønnsnemnd fordi regjeringa meiner at det er fare for elevane sin psykisk helse om dei ikkje får gå på skule (som om at det er lærarane som har ansvaret for å gi ungdommane tilgang til stadar der dei kan henge med vennar), så vil det openbart ikkje være mogleg å streike på eit sjukehus. Elles er eg ikkje einig i trådstarters utspel om at dette er eit symptom på "forskjells-norge", at dei som tek ein personleg risiko med å seie frå seg ein trygg jobb med god pensjonsordning får igjen for denne risikoen gjennom betre betaling for arbeidet dei utfører i dag er vel heilt innafor? Eg meiner at i prinsippet så er dette det same som har levd i fleire år utan inntekt fordi dei har studert på universitet sjølvsagt bør få igjen for dette i form av høgare lønn. Tilsvarande for eksempelet med å etablere seg på leige- eller aksjemarkedet i 1960. Dei som tente seg rike på dette tok også ein stor risiko. Det er lett i dag å sjå at dei som valgte å binde opp sparepengane sine i utleigebustadar gjorde ei god investering, men det er basert på det vi veit i dag. Alle dei som gjorde dårlege investeringar har blitt gløymt i dag. Det var heilt sikkert folk som investerte alt dei eigde i gode arbeidshestar også fordi dei rekna med at få bønder ville ha råd til å kjøpe traktor, for så å tape omtrent alt når traktoren vart allemannseige, men vi har nok gløymt dei som tok risiko og tapte.
- 14 svar
-
- 4
-
-
Det spørs nok om ikkje parfyme kan bli handtert slik som med røyking, der det er generelt forbod innendørs og rett utanfor inngangar. Det som er vanskeleg er sjølvsagt at det ikkje er sjølve påføringa som er problemet, litt på same måte som at ein røykar fortsatt stinker røyk når han/ho har vært ute for å røyke. Det vil i praksis også være umogleg å skulle sette ei grense for kva som er for mykje parfyme, som fleire har påpeikt så vil det for dei fleste være vanskeleg å unngå parfyme 100% ettersom det er så mange produkt som er tilsatt parfyme. Dette er nok kjerna i problemet, folk flest venner seg til "si eiga lukt" og ein brukar berre meir og meir. I tillegg til ungdommar som ikkje veit betre og som overdriver parfymebruken, men dei kjenner stort sett at det luktar mykje parfyme. Det er verre med godt voksne damer som har vent seg til si eiga parfymelukt i mange mange år og som i tillegg har fått redusert luktesans i løpet av åra. Ikkje berre brukar dei mykje parfyme, men dei brukar også ofte litt "søtlige" parfyme som er ekstra mykje lukt i. Alt i alt så skjønner eg absolutt problemet, men eg ser eigentleg ingen realistisk løysing utanom ei samfunnsendring som også utfordrar skjønnhetsidealet rundt kva ein bør lukte. For saken er jo at parfyme fungerer det når målet er å pyte seg og få oppmerksomheit. Det gjer eit eller anna med inntrykket vi får når vi nærmar oss ein person som luktar godt, og som luktar berre betre og betre jo nærmare vi er. Og i motsetting til kle og sminke så er lukt (ikkje nødvendigvis parfyme) noko som gjer at vi snur oss etter lukta sjølv om vi enda ikkje har sett personen som lukta kjem frå. Vi har komt ganske langt med å ha tilgang på gode allergivenlege og parfymefri produkt, men eg trur nok det er urealistisk å tru at vi skal få absolutt alle til å gå over til parfymefri produkt. Eg er også ganske sikker på dei aller aller fleste som går over til parfymefri produkt ikkje var superbrukarar av parfyme frå før av heller. Dei som i dag brukar mykje parfyme er nok dei siste som går for parfymefri såpe. Så skal vi få til ei varig endring så må vi starte å assosiere lukta av parfyme frå personar og såpe som lukta av noko som er ureint. Altså stikk motsatt effekt av det som i dag er grunnen til at ein brukar parfyme. Såpeprodusentane parfymerer ikkje såpene sine utan grunn, og grunnen er at folk føler seg reinare når det lukter såpe av fingrane etter vask.
- 37 svar
-
- 1
-
-
Kjøp så billig du finner. Det som normalt hadde gjort at du kan vurdere å gå litt opp i pris er for å få ein større skjerm med høgare oppløysing, men ettersom du skal bruke ekstern monitor så er eigentleg det einaste du treng å tenke på er om hovedkortet/skjermkortet i laptoppen kan levere ønska oppløysing og hertz ut til ekstern skjerm. Men til ditt bruk så er vel ein Chromecast pluss ein usb c hub det beste alternativet slik at du kan koble på tastatur og mus?
-
Ulempen er at dersom ein i praksis berre får kjøpt kvitevarer av høgste kvalitet så vil det være mange som ikkje har råd til å ta den kostnaden, og dermed må gå ned i levestandard ved å måtte klare seg utan vaskemaskin. Personleg vil eg ikkje ha 10 års reklamasjon fordi det enten må etablerast massevis av unntak, eller så er det mange produkt som må lagast i svært høg kvalitet til tross for at bruksbehovet er kortvarig. Til dømes enkle handverktøy som hammer og drill er veldig greit å ha tilgang på som huseigar, men det vil være voldsomt ressurssløsande om alle husstandar skal kjøpe proff-verktøy designa for å tole årevis med dagleg bruk for å kunne skru opp ei hylle to gongar i året. Eg ville derfor fokusert meir på at det må bli lønnsomt å reparere. For sjølv om det finnes mykje søppel-produkt så meiner eg at også finnes god nok kvalitet om ein tilpassar seg behovet. Enig i det, men det er nok fleire element som kan diskuterast. Er det rett å tenke at ein bil berre skal vare 15 år? Det er litt under dagens gjennomsnitt, men samtidig er det ein viss usikkerheit rundt kva som blir brukstida på dagens bilar. Om elbilane kan brukast lengre enn fossilbilane så vil det hjelpe mykje på. Andre moment et kva eksakt ein reknar med som forureining i reknestykket, og om ein vektar forureina som skjer på fabrikken kontra i lokalområdet, osv. Men ja. Dagens elektriske bilar forureinar ikkje mindre enn andre nye bilar, men dei forureinar på ein anna måte. Som trådstartar er inne på så er det ikkje så lett å samanlikne CO2 utslepp på fabrikken med utslepp av vegstøv i lokalområdet, og særleg når ein berre brukar samlebegrepet forureining om alt saman. Grunnen til at det blir satsa på elbilar er fordi det er håp om at utviklinga går rette vegen om ein berre lagar eit marked for slike bilar.
- 80 svar
-
- 2
-
-
Ein forbruksøkonomi er ikkje særleg bærekraftig, men dei fleste er ikkje villige til å gå ned i levestandard. Klesindustrien åleine kunne nok vært redusert til ein tusandedel om formålet var å berre produsere kle til å beskytte seg mot elementa. Det aller meste av klær er funksjonelt sett unødvendig, samtidig blir det nok også feil å redusere forbruket med å innføre prisar på kva det burde koste for ulike ting.
- 80 svar
-
- 2
-
-
Min tur til å finne på ting. Spør eit barn om kva miljøvern er og dei vil svare sjokoladepapir og tomflasker i grøftekanten. Ja, sjølvsagt handlar miljøvern om meir enn drivhuseffekten, men det finnes ingen løysinga som ivaretek både lokale og globale miljøproblem. Men heller ikkje dette er heilt sant, for vi kan redusere folketal og levestandar. For dei fleste er det nok ikkje eit realistisk alternativ å halvere folketalet og livnære seg av jordbruk og fiske, men strengt tatt er det dette som er løysinga for ein bærekeaftig planet. Det store problemet er at miljødiskusjonen er komplisert, så alle prøver å dumme den ned til eit forståeleg nivå, og då forsvinn sjølvsagt nyansane.
- 80 svar
-
- 4
-
-
-
Sur nedbør fiksa vi i løpet av 90-talet gjennom internasjonalt samarbeid med å redusere utslepp av svoveldioksid. Elles så er det slik at det er den folkelege diskusjonen, herunder politiske diskusjonar, som blander begrepa ved å snakke om lokale miljøtiltak som å plukke søppel med internasjonale miljøtiltak som å kutte CO2-utslepp ved å snakke om miljø som om det var berre ein bestemt ting. Det som det er diskusjon rundt er kva som er fornuftig ressursbruk i dag for å kanskje finne betre løysingar for morgendagen. Her kjem debatten om mineralutvinning til batteriproduksjon og vindmølleblad som ikkje kan resirkulerast heilt klart til sin rett. Men faktaoppøysningane er vel offentleg kjente? Alle veit at ein elbil ikkje er miljøvenleg å produserer, spørsmålet går meir på om ein elbil er meir miljøvenlege totalt sett frå produksjon til resirkulering.
- 80 svar
-
- 5
-
-
Sjølv om det er vanleg at begge køyreretningar er i nærheita av kvarandre, så må det ikkje være slik. Eit eksempel på slike vegar er i tunnelar der kvar retning har ulike løp slik at du ikkje ser den motgåande trafikken. Men ja. Bildet er så dårleg at det er nok mest nærliggande å anta at det som er meint er at venstre felt er for motgåande trafikk sjølv om linjene har feil farge. Hadde alle felta vært i same retning så skal normalt kantlinja til venstre for venstre felt være gul for å vise at alle felta går i same retning.
-
Det som kan være hinderet er at sjølv sjefen er godt fornøgd med arbeidet som blir utført så medfører det ein større økonomisk risiko å tilby fast stilling. Ikkje berre blir det formell oppseiingstid å ta høgde for, men det er også strenge krav for kva som er oppseiingsgrunn. Ein midlertidig tilkallingsvikar kan ein berre slutte å ringe til for å spare lønnsutgiftene til den stillinga. Slik som det er no så får sjefen berre dei positive tinga, ein får ein god tilsett som gjer ein god jobb, samtidig så er ein ikkje forplikta til å betale lønn neste månad om ein ser at det ikkje er behov for arbeid.
-
Arbeidspsykologiske tester i forbindelse med jobbintervju?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Normalt sett så vil det på dei fleste slike testar være relativt enkelt å svare det du trur arbeidsgivar vil ha til svar, og ikkje det du sjølv meiner. Veldig mange testar har ikkje eit betre system for å fange opp uærlege svar på anna enn at dei spør om det same fleire gongar for å også sjekke om du er konsekvent i svara du gir, noko som sjølvsagt også har den ulempen at det tek mykje lenger tid å fullføre undersøkinga. Når du får spørsmål som "på ein skala frå 1-5 kor viktig er det for deg med punktligheit" og deretter spørsmålet? "På ein skala frå 1-5 kor akseptabelt er det å kome litt forseint?". På slike spørsmål er det openbart at arbeidsgivar vil at du scorer høgt på det eine spørsmålet og lågt på det andre spørsmålet som er formulert motsatt. Så å "jukse" seg til eit godt resultat er ikkje så vanskeleg. Så finnes det sjølvsagt også testar som prøver å være smartare enn den som tek testen, slik at ein skal "avsløre" dei som i testen seier at punktlegheit er svært viktig, for dei som gir maks-score er juksere og dei som reelt sett meiner at punktlegheit er viktig ville gitt ein firer. Må då er ein langt inne i kvasi-psykologi når ein skal prøve å gjette på kva kandidaten eigentleg meinte med eit bestemt svar.- 48 svar
-
- 1
-
-
Denne "regelen" om å eige maks fem bustadar er berre ein forvaltningspraksis hos skatteetaten. Den eigentlege regelen er at det skal vurderast om du er næringsdrivande, noko som mellom anna betyr ei vurdering på om virksomheita er eigna til å gå med overskot på sikt, om du driv for eiga rekning og risiko, osv. Til dømes så kan du bli vurdert som næringsdrivande med så lite som to utleigebustadar om du driv med korttidsutleige og dermed har stor omsetting. Sjølv om du berre eig fem bustadar så er det ingen garanti for at du ikkje kan bli vurdert som næringsdrivande, men som tommelfingerregel så har ikkje skatteetaten fokus på dei som eig maks fem bustadar. Korleis dette blir opp mot eit ekteskap blir også ei konkret vurdering. Det er i seg sjølv ikkje nok at fem bustadar er registrert på deg og fem bustadar er registrert på din kone dersom skatteetaten vurderer det slik at det i realiteten er felleseige fordi dykk har felles økonomi, eller at det i realiteten er ein av dykk som eig alle 10 bustadane og at partneren står registrert som rein proforma utan å være den reelle eigaren. Det du må tenke på er at du skal kunne overbevise skatteetaten at du ikkje driv med næring.
- 5 svar
-
- 3
-
-
-
Den store fordelen med å ha skrevne attestar er at dette er varig dokumentasjon på arbeidet du har utført. Dei aller fleste som skal tilsette vil uansett ringe for å prate med referansepersonen, men ein skriftleg referanse er eit godt alternativ om referansepersonen skulle bli utilgjengeleg, om det går så lang tid at vedkomamnde ikkje husker deg så godt lenger, eller til og med at dykk havnar i ei konflikt slik at den sjefen som før hadde gode ting å seie om deg ikkje lenger er villig til å skryte av deg. Då er det greit å ha denne skryten skriftleg. Ein anna fordel med skrevne attestar er at du kan ha dei som vedlegg til søknaden. For dei fleste som tilsetter så er det mykje raskare å raskt lese over for å sjå at her er det eit par tre gode attestar i staden for å bruke tid på å ringe rundt. Kor viktig det er med skriftlege attestar kan variere, men jo meir lettfatta info du kan legge ved i søknaden jo større sjanse er det for at akkurat din søknad gir eit betre fyrsteinntrykk slik at du har større sjanse til å få eit intervju. Eg ville sladda alle urelevante epostadresser og namn, om ikkje anna for å framstå som litt seriøs i måten du behandlar personopplysningar på. I tillegg skal du være litt forsiktig med å oppgi kontaktinfo til personar som du ikkje har gjort avtale om å ha som referanse. Sjølv om arbeidsgivar ikkje skal kontakte personar som ikkje er oppgitt som referanse så hender det seg at dei gjer det likevel, så pass på at dei personane som blir nemnt i søknaden er personar som kjem til å snakke pent om deg. Eg ville også vært forsiktig med å legge fram epostar som ikkje er skreve direkte til deg som ein attest, sjølv om det er skryt av ditt arbeid så er det nok litt ugreit med å vidaresende epostar til utanforståande utan at det er avtalt med avsendaren. Sånn sett kan det kanskje være like greit å berre skrive i søknaden at du har fått gode tilbakemeldingar frå oppdragsgivarar, og at du på førespurnad kan legge fram dokumentasjon på dette i form av epostar.
-
Eg er også einig i at det er ugreitt med slik prat på arbeidsplassen, og at det er enda verre når sjefen er deltakande og ikkje setter ein stoppar for det. Likevel så er det ein viss grad av slingsrom her. Det er ikkje gitt at alle har lik oppfatting av kva som er sladder, og til ei viss grad så vil det være ulik tålegrense på ulike arbeidsplassar. Som arbeidsgivar har sjefen ei plikt etter arbeidsmiljølova og syte for at arbeidstakarane ikkje blir utsatt for uheldige psykiske belastningar, men sjølv om ein arbeidstakar som til dømes kjem for seint på jobb synes det er ubehagleg å måtte stå til rette når sjefen påpeiker at ein har komt for seint så betyr ikkje det at sjefen ikkje har lov til å kommentere at arbeidstakaren kjem for seint. Likevel kan det bikke over til å bli ei slik uheldig psykisk belastning dersom arbeidstakaren blir irettesatt framfor alle kollegaene. Om slik prat er innafor eller ikkje kjem heilt ann på mange faktorar. Skjer det ofte at ein brukar negative karakteristika om arbeidstakaren? Er det alltid dei same personane som får denne behandlinga? Er det som blir sagt sant? Er dette reint sladder eller er det informasjon som kollegaene bør få? Kor alvorlege er karakteristikken, er det forhold som det eigentleg er tausheitsplikt om slik som helseopplysningar? Er denne praten ovanfrå og ned, eller er det slik at sjefen får tilsvarande karakteristikeringar og slengbemerkninga også andre vegen? Alt det sagt så er det likevel slik at dersom ein er i tvil om det er innafor så er ein ikkje i tvil. Altså at dersom dette oppleves som ugreit så bør det gjerast tiltak for å endre oppførsel. Ikkje nødvendigvis som varslesak, ein kan gjerne starte med å snakke med dei involverte for å minne dei på at ein ikkje bør snakke om andre på den måten.
-
Som nemnt så er det ein treårsregel. Etter å ha vært midlertidig tilsett i tre år så har ein krav på å få stillinga omgjort til fast stilling tilsvarande den gjennomsnittlege arbeidsmengden. Arbeid 2-3 dagar i veka tilsvarer då ei 40-60% stilling. Legg ein til at det av og til blir jobba heile veker og helgar så er nok den reelle stillingsprosenten over 50%, dette må ein sjølvsagt finrekne på. Grunnlaget for dette er at dersom firmaet har økonomi til å ha ein midlertidig tilsett i f.eks. 60% stilling over tre år, så har dei også økonomi til å ha ei fast 60% stilling. Hovudregelen er at alle skal ha fast stilling (men ikkje nødvendigvis fulltidsstilling), og at midlertidige stillingar berre kan nyttast der arbeidsbehovet er nettopp midlertidig. Eit midlertidig arbeidsbehov som varer i meir enn 3 år blir då ikkje rekna som midlertidig lenger. Slik eg ser det så står vennen din som har hatt midlertidig stilling i 2,5 år ovanfor eit strategivalg for korleis ein bør gå fram for å få fast stilling. Enten så sitt ein stille i båten og venter til at den midlertidige tilsettinga har vart i meir enn 3 år slik at ein kan gå til sjefen og kreve fast stilling etter AML § 14-9. Risikoen med den framgangsmåten er at dersom sjefen er bevist på bruken av deltidsstilling og ikkje ønsker å tilby vennen fast stilling så vil vennen din slutte å få arbeidsoppdrag når ein nærmar seg tre års grensa. Den andre strategien er å ta eit møte med sjefen for å kreve fast stilling no før ein har eit lovmessig krav på det. Ulempen her er at sjefen kan seie nei og slutte å bruke vennen som tilkallingsvikar. Fordelen med å ta dette opp no med ein gong er at dersom ein uansett ikkje får fast stilling om eit halvt år så kan vennen din like gjerne få vite det no slik at han/ho kan starte å leite etter andre jobbar med ein gong. Eg er elles einig i at dersom vennen din er fagorganisert så er dette ein prosess som det er fornuftig å ta gjennom fagforeininga.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Arbeidspsykologiske tester i forbindelse med jobbintervju?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Det er nok mest dette som er problematisk, det er svært mange firma som bruker slike testar som enten er for dårlege til å gi gode og konsise svar, eller at dei ikkje har kompetanse til å vurdere resultatet på ein fornuftig måte. Svært mange av disse testane har eit særdeles tynt vitenskapleg grunnlag. Samtidig er det ikkje nødvendigvis at bestemte personlegheitstrekk som ein leiter etter faktisk gir det forventa resultatet i arbeidsutføringa. Det har eigentleg blitt ein floskel at alle arbeidsgivarar søker etter ekstroverte arbeidstakarar til alle typar stillingar. Det er problematisk på fleire måtar, kanskje det viktigaste er at om ein person er introvert eller ekstrovert har liten betydning for korleis ein er i ein arbeidssituasjon. Introverte kan også jobbe som selgarar eller foredragsholdarar, om dei drar heim og slapper av med å lese ei bok eller henge med venner spelar ingen rolle for arbeidsutføringa. Tilsvarande så er det jo ikkje slik at ekstroverte er ute av stand til sette seg ned og jobbe sjølvstendig på eit kontor. Den største forskjellen er kanskje at dersom ein har ein arbeidsplass med berre ekstroverte arbeidarar så er det ein litt høgare sannsynlegheit for at det blir mykje henging rundt kaffeautomaten. Eg har ein viss forståing for at dersom ein har svært mange søkarar så vil alle måtar å redusere talet på søkarar å velge mellom være ein fordel. Og då er sjølvsagt ein test betre enn å trille terning å la tilfeldigheitene avgjere. Personleg så deler eg ditt synspunkt. Ein arbeidsgivar som vil utføre personlegheitstestar bør ha ein særdeles god grunn for kvifor det er viktig for at eg ikkje skal avfeie arbeidsgivaren som useriøs. For meg så vil eg ha same reaksjon om eg kjem til eit jobbintervju og intervjuaren dreg opp Tarotkorta for å spå om eg har ei framtid i firmaet, det blir for useriøst. Ein heilt anna grunn til at ein slik tilsettingsprosess er problematisk er også at det er ei grense for kor mykje tid eg som jobbsøkar er villig til å investere for muligheita til å få ein jobb utan at eg får betalt for betalt for tidsbruken. Om den som tilsetter vil at eg skal bruke ein time på å fylle ut ein psykologisk test eller om ein vil bruke den timen på å gjennomføre eit intervju går nok mykje for det same. Men når eg fyrst brukar ein time på å skrive søknad, deretter ein time for fyrste gongs intervju, så ein time for å gjennomføre test, deretter ein time til for andre gongs intervju, så begynner det å nærme seg ei grense for at eg vil ha betalt for ein halv arbeidsdag.- 48 svar
-
- 4
-
-
-
Du treng ikkje nødvendigvis ny arbeidsavtale, men du bør ha ei stillingsbeskrivelse som stemmer med jobben du utfører. I utgangspunktet så er det likevel ikkje gitt at stillinga kan endrast så mykje utan å ansjå det som ei endringsoppseiing der den gamle stillinga blir sagt opp og du trer inn i ein ny arbeidsavtale. Arbeidsgivar kan endre stillinga innafor styringsretten, men endring av stillingas grunnpreg vil ligge utanfor styringsretten. I dette tilfellet så forstår eg det slik at det ikkje er ueinigheit om kva jobben din i dag går ut på, då er det ein fordel for begge partar å skriftleggjere kva som er jobben din.
-
Det avgjerande spørsmålet er kva ransakingsordren gjekk ut på. Kva meiner du med at ransakingsordren var "uhjemlet"? Dersom politiet hadde ei ransakingsordre så må den openbart vært heimla ein stad, eller meiner du at politiet ikkje hadde ransakingsordre og at dei tvang seg inn ulovleg? At ransakinga seinare viste seg å være grunnlaus er utan betydning, spørsmålet er om politiet hadde skjellig grunn eller ikkje.
- 6 svar
-
- 2
-
-
Utleier solgt huset to uker før vi skulle flytte inn
The Avatar svarte på TanyaKing sitt emne i Juss
Ja, isolert sett er eg heilt einig. Det som gjer at det ikkje blir fullt så enkelt er at det i leigeavtalen står: *Depositum/garanti må foreligge senest innen én måned etter kontraktsunderskrift, og under enhver omstendighet før leieforholdets startdato som nevnt i pkt. 5. Leier vil ikke få adkomst til leieobjektet eller utlevert nøkler før depositum/garanti foreligger. Og med stjernepunktet: *Leier skal stille garanti med samme formål som depositum, .... Det betyr at sjølv om det er satt krav om at depositum/garanti skal betalast seinast innan ein månad, så gir neste del av setninga eit unntak frå det kravet og seier at det likevel kan betalast før startdato, og i tillegg til det igjen så opnar siste del av setninga for at ein uansett også kan betale depositum/garanti etter at leigeforholdet har starta men då med konsekvens av at ein ikkje får nøklane. Det utleigar burde har gjort i dette tilfellet er å sette punktum etter fyrste komma slik at det var eit absolutt krav at depositum skal stillast innan ein månad etter signering, men det har ein altså ikkje gjort og ein har i staden laga unntak på unntak frå kravet. Slik som vi har fått presentert leigeavtalen så er det i realiteten ingen absolutt frist for når depositumet må være betalt, og dermed er det heller ingen klar dato for når avtalen må ansjåast som mislegholdt slik at den kan annulerast. Og til alt overformål så har utleigar i tillegg tatt inn i leigeavtalen at det aksepteres annen garanti enn depositum ved å skrive: Dersom det er avtalt, kan utleier akseptere at leier stiller garanti i stedet for eller i tillegg til depositum, for eksempel fra NAV, arbeidsgiver eller andre. Dermed er ikkje manglande innbetaling til depositumskonto i seg sjølv misleghald. Det er mogleg at utleigar har tenkt på garanti som i betydning som NAV-garanti eller depositumsgaranti gjennom forsikringsselskap, men i dette tilfellet så har vi fått opplyst at utleigar har akseptert pant i bil som akseptabel garanti så då har ein oppfylt vilkåret om at utleigar har akseptert garanti i staden for eller i tillegg til depositum.- 38 svar
-
- 2
-
-
Takker. Kanskje eg nettopp gav svaret på kvifor fasiten seier at svaret er C og ikkje B? Altså at det er skrivefeil.
- 46 svar
-
- 1
-
-
Utleier solgt huset to uker før vi skulle flytte inn
The Avatar svarte på TanyaKing sitt emne i Juss
Det er ikkje heilt beint fram ettersom det er ueinigheit om avtalen fortsatt er gjeldande eller ikkje. Utleiger meiner at avtalen er oppheva fordi du ikkje betalt depositum. Du meiner at du fortsatt har ein leigeavtale sidan utleigar har akseptert pant i bilen som garanti. Dersom ein legg til grunn at at utleigar har akseptert at du kan stille anna garanti tilgjengeleg på eit framtidig tidspunkt, og du har akseptert at du ikkje får flytte inn sjølv om du startar leigeperioden 1 mars så er det i utgangspunktet slik at du må betale husleige frå 1 mars. Samtidig så er det jo utleigar som hevder at legeavtalen er oppheva, så eit eventuelt krav om husleige vil være motstridande med at det ikkje foreligg ein leigeavtale. Det er også slik at du ikkje er pliktig til å betale husleiga om du ikkje mottek motytinga som er bruksrett på husrommet. Men strengt tatt så blir ikkje du nekta innflytting 1 mars før du har stilt garantien tilgjengeleg, for det er fyrst då du etter avtalen skal ha tilgang på husrommet som utleigar ikkje lenger er i stand til å tilby deg ettersom huset er solgt. -
Utleier solgt huset to uker før vi skulle flytte inn
The Avatar svarte på TanyaKing sitt emne i Juss
Ja normalt er det slik, men i denne situasjonen kan vel også den nye huseigaren nekte å forholde seg til leigeavtalen som ein ikkje viste om og då berre forholde seg til kjøpsavtalen, og at dette blir ein tvist mellom trådstarter og utleigar/selgar? Utleigar/selgar er uansett i ein skvis, spørsmålet er berre om det blir konflikt mellom trådstarter og utleigar/selgar, eller om det blir konflikt mellom utleigar/selgar og kjøparen, eller om det blir konflikt med begge partar.