Gå til innhold

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 421
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Nja... er eit i Øygarden ved Kollsnes på rundt 10MW som brenn spillgass. Er vel Eviny som eig og driftar dette. Usikker på om det er andre slike. Fleire fjernvarmeanlegg har også gass som backup. Ellers har vi jo gasskraftverket på Melkøya som Equinor heilt sikkert må betale CO2 avgifter for å bruke. Dette er også rekna med i lista over produksjon for NO4 sidan det kan levere ut på nettet via ein 132kV kabel. Det har så lange eg veit ikkje skjedd endå.
  2. Det som skurrar for meg er argumentet om at nettvirksomheit må ha avkastning. Det offentlege driv og brukar pengar på mange ting som ikkje gjev inntekter. Tenar kommunane pengar på vatn og avløp eller er avgiftene der for å dekke drift og vedlikehald? Kva med skular og eldreomsorg?
  3. RME Fakta 2021-1 Alle faktaarka finn ein på: https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/
  4. Sjekk rekneskapa for alle kraftselskapa. Dei tek ut pengar frå nettselskapet sitt som utbytte. Dette kjem frå investeringar dei gjer i nettet, så meir nett blir meir verdiar som igjen gjev meir utbytte.
  5. Problemet hadde ikkje oppstått i like stor grad om ikkje produsentane kunne eksportere i store mengder året før. Det har vist seg at dei gongene det ha vore knapt så var eksporten i høgste laget året før. Dei er så ivrige etter å tene pengar at dei ikkje bryr seg om det blir litt lite i magasina. Dette problemet vart større når vi meir enn dobla kapasiteten ut/inn frå NO2 med NSL og NordLink. "Kan jo berre importere litt så går det bra. Ikkje så farleg kva folk må betale for straumen så lenge vi tener pengar."
  6. Problema i 2022 kom etter mindre nedbør enn normalt i 2021. Lite snø i fjellet vinteren 20/21. Og pga overfylte magasin i 2020 så tappa dei som galningar i 2021. Når så hausten 2022 kom og regnet mangla så burde dei ha redusert eksporten. September var uvanleg turr her i vest. Mykje av tappinga kom nok også av gode prisar etter at NSL opna i mai og NordLink i september det året. Det var på under eitt år to nye sugerøyr ut av landet. Var vel ikkje før dei var instruerte til å skjerpe seg at fyllingsgraden gjekk opp på slutten av 2022.
  7. Så langt eg veit er systemet for NSL likt som resten, men separat. Så "auksjonen" fungerer som den andre europeiske.
  8. De veit ikkje kva prisen blir i NO2 når prisen for NSL blir bestemt. Det skjer vel 1-2 timar før den vanlege auksjonen.
  9. https://www.faktisk.no/artikkel/hvem-har-ansvaret-for-stromkablene-til-tyskland-og-england/111836
  10. Trur ikkje de som tenker dette er greit er klar over at fat, koppar og bestikk blir vaska og skola ute i naturen etter bruk. Då kan vi få ting i naturen som ikkje skal vere her. Stoff som faktisk er forbode å bruke og sleppe ut i Europa. Dei kan ikkje sikre at mat dei tek med seg ikkje hamnar i naturen her. Er mange sjukdomar i dyr som vi knapt ser men som er heilt vanlege der borte. Ikkje veit eg, men det kan jo vere noko der også? Kan sikkert argumentere med at ein slepp ut som mykje anna skit i naturen ved øvingar, men skal ein gjere unntak for ting så blir det fort kaos. Slik eg les artikkelen så kan det virker som at det er manglade dokumentasjon på feltrasjonane som er problemet?
  11. Dei er veldig klar over regelverket i Europa så dette er lett å løyse. Maten dei et der borte er så full av stoff som er forbode her at det er skremmande. Bør vere ei enkel sak å lage rasjonar utan desse stoffa slik vi gjer her. Betre for soldaten er det også.
  12. https://www.nrk.no/norge/containere-med-amerikansk-mat-star-fast-_-usa-antyder-mindre-oving-i-norge-1.17207218 Ser her at Amerikanarane sutrar over at dei ikkje får inn feltrasjonar som kanskje ikkje er lovlege i Norge. Og truar så med å redusere aktiviteten. Skal ein godta at fordi dei er militære så skal det overstyre regelverk for mat?
  13. Tja, ikkje heilt. Sameiget som foreldra mine flytta til for rundt 4 år sidan har NIBE avtrekksvarmepumpe og vassboren varme felles med varmtvasstank i kvar leilegheit. Dei brukar langt mindre straum på å varme ei ca 80m2 leilegheit enn meg med ei på 48m2. No er dei midt i bygget så det sparar nok ein del. Eg bur i første med felles garasje under. Alle i første her har varmekablar i golvet pga dette. Blokka her er vel snart 25 år gammal.
  14. Ikkje frå Sauda, men frå Samnanger. Litt for å forsyne sokkelen, men også for å kunne oppgradere den gamle 300kV linja som går ut der i dag via Fana og Litlesotra. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/samnanger---oygarden/ Det har alt vore protestar mot trasear som er føreslegne. https://www.nrk.no/vestland/demonstrerte-mot-kraftlinjeplanar-1.17193215 Kabel delen av den 300kV linja blir også forsterka i desse dagar med eit nytt sett kablar og nye muffestasjonar på kvar side som skal vere klar for 420kV. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/oygardskabelen-mellom-lille-sotra-og-kollsnes/ Det blir også ny stasjon som erstattar gamle Kollsnes. Den kan ikkje utvidast og oppgraderast. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/oygarden-transformatorstasjon/
  15. https://www.statnett.no/om-statnett/nyheter-og-pressemeldinger/nyhetsarkiv-2021/vestre-korridor-er-ferdig-bygget/ Det der var for at dei skulle flytte kraft til/frå dei nye HVDC kablane som kom. Her kan du sjå kart som visar litt meir detaljar: https://openinframap.org/#8.07/58.862/6.341 Einaste som manglar er som du seier meir effekt i kraftstasjonane. No er det planar på gang for RSK kraftverka: https://roldal-suldal.no/ Men så spørs det om dei får lov. Er jo mange som vil ha bort kraftverka også og kanskje springe som ein hamster for å produsere kraft
  16. Ok, så vis oss dei tala du snakkar om. Statnett har i ein nyleg rapport frå desember konkludert med at dei kan knyte til 1500-2000MW meir forbruk i NO1. Om ein var avhengig av utlandet så ville dette aldri skje. Kapasiteten NO1-SE3 er på om lag 2100MW, men pga interne utfordringar i Sverige så er vel kun om lag 1250MW som kan brukast. Dei må ta høgde for at denne kapasiteten kan falle bort og fortsatt ha kapasitet inn til NO1. Eg har lest rapportar frå NVE, Statnett og dei andre selskapa siste 10 åra utan å ha sett noko som seier at vi må ha HVDC sjøkablane ellers blir det krise heile tida. Ja vi kan få utfordringar om vi har 2 år på rad med lite regn, men utanom det så vil det gå heilt fint.
  17. Jo vi har nok kapasitet til å forsyne austlandet (NO1) frå NO2, NO3 og NO5. Ver så snill å slutt å spreie feilinformasjon. Kapasiteten over NO1A (NO2+NO5 til NO1) er vel på over 5500MW om eg hugsar rett. Kvar av dei har 3500-3900MW åleine. Om du kan vise til rapportar som seier at dette ikkje er tilfelle så ver snill å vise til desse. Linjene til Sverige var bygde for fleksibilitet og fordi linjene internt i Norge på den tida var dårlegare. Dei har mykje meir nord-sør kapasitet enn vi har og difor flyt krafta ofte over grensa frå NO4/NO3 via SE1,SE2 og SE3 osv. Mistenker at du har interesser i kraftbransjen eller så sluker du Fornybar Norge og liknande sine rapportar rått.
  18. Det er tull. Vi er uavhengig av utlandet for å ha nok effekt eller produksjon enn så lenge. Ikkje siter kraftbransjen og etatar som får sin informasjon frå dei. Dei er kun ute etter å tene pengar på eksport av dyr straum. Statnett tenar grovt på utveksling med utlandet og vil jo difor ha fleire. Trur du at fordi vi utvekslar straum med utlandet så har vi ikkje nok her heime? Då har du misforstått heile systemet. Import av kraft frå utlandet har kun med pris å gjere. Når vi importerer så stoppar kraftverka som kan magasinere. Vi kunne ikkje hatt rundt 17GWh i året i netto eksport om vi ikkje hadde hatt nok effekt og produksjon her heime.
  19. Austlandet har alltid hatt underskot. I dag er dei og dei einaste som har dette. Men kapasiteten frå vest og sør inn til austlandet er god nok, og blir betre etter kvart som Statnett oppgraderer nettet. I dag er austlandet eit transittområde for straum der ein importerer masse frå Sverige, saman med flyt frå vest så går dette sørover for å dekke opp det som renn ut av kablane til utlandet. 5000MW er jo nær 50% av installert effekt frå vasskraft i sør. NVE baserer mykje av sine rapportar på ting dei får frå kraftbransjen. Statnett var jo ivrig på nye kablar sidan det var pengar å hente. Men dei kunne jo ikkje akkurat skrive dette så dei brukte andre argument. Eit underskot på effekt som vil føre til mørklegging for private skjer ikkje. Då vil alle som er knytta til på vilkår miste straumen først og så blir kraftkrevjande industri bedne om å redusere eller stoppe. Risiko for eit generelt underskot på kraft (ikkje effekt) er også mindre når det ikkje er så mange mogelegheiter til å sende kraft ut av landet. Då vil magasina også ha meir vatn lagra om det skulle bli turt ei stund. Krisa i 2010 ville nok ikkje vere like ille i dag pga store mengder vindkraft som dekkar ein del av forbruket og at magasin kraftverka då kan spare. Problemet på Nordmøre og i Trøndelag var også pga dårleg kapasitet i kraftnettet. Det er det ikkje i dag. Statnett selde dei to mobile gasskraftverka når dei fekk oppgradert nettet.
  20. Grunnen har vel vore forklart her inne før trur eg. Sidan dei ikkje lenger er med i EU eller EØS måtte det lagast ei eiga ordning for denne. Auksjonen på NSL skjer før resten så difor vil ikkje prisen vere lik.
  21. Ein fast pris ville også gjere det meir føreseieleg for produsentar. Slik det er no så må vindkraftverka selje på lange avtalar for å sikre seg. Trur nok at 30 øre er for lågt når ein ser på historikken samt inflasjon. Problemet er jo at ein for låg fast pris gjer det vanskeleg å få folk til å investere i sparetiltak. Vi skal uansett vere glad vi ikkje har britiske prisar. Det er taket på rundt 3,50 kr/kWh + 8,6 kr/dag for elektrisitet og gass er ca 80 øre/kWh + ca 4,5 kr/dag. Sjekka litt vilkårlege adresser med Octopus og ein elbil tariff. Då ligg ein fort på rundt 3,40 kr/kWh på dagtid og rundt 1 kr/kWh på natt (23:30-05:30).
  22. Kor mange kvadratkilometer med land trur du folk vil godta blir lagt under vatn? Kor mange elvar vil ein akseptere blir nær turrlagde for dette? Og til kva pris? Større kraftverk (effekt) med stort magasin er det ikkje så lett å byggje i dag. Vi har alt nær 1600 vatn/magasin til kraftproduksjon. Det som blir bygd ut i dag er elvekraft som hjelper lite når vi treng det mest på vinteren. Får håpe kraftselskapa finn det lønnsamt å oppgradere med pumping slik fleire ser på no. https://roldal-suldal.no/ Ved oppgradering til meir effekt i kombinasjon med pumping så kan ein nytte den variable krafta som vind og sol er.
  23. 5000 på ein månad er mykje når ein reknar eit snitt på 20-25k i året for heile landet. Det er vel rundt halve årsforbruket mitt.
  24. Heilt spinnvilt at ein går frå fleire kroner per kWh til nokre få øre på to dagar. Bevis på at systemet er sjukt.
  25. Samtidig så kvittar Statnett seg med sine. Den som sto i Sylling (Lier kommune) vart seld til Danmark og den som står i Frogner (Lillestrøm kommune) skal også fjernast ifbm fornying og ombygging der.
×
×
  • Opprett ny...