Gå til innhold

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 478
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Har du tilgang til straum så er nok motorvarmar frå Defa betre og rimelegare over tid. I eit kit så får du med ein slik ladar eg linka til også. Bilane vi hadde heime hadde same 12V batteri i 6-8 år minst. Spesielt fattern sidan han kunne bruke motorvarmaren på jobb også. Merka sjølv at min gamle 2012 Golf brukte ein del ekstra diesel på denne "aux" varmaren for å få motoren varm. Den starta når det var +5C eller lågare. Forvarming brukte eg kun når eg var på besøk hjå foreldra mine og bilen sto ute. Der kunne eg også kople til ein liten Ctek ladar dei timane. Var normalt berre behov for 5-10 minutt så var det grei temperatur, så eg starta den via fjernkontrollen før eg gjekk for å ta på klede.
  2. Er nok ein fordel å ha ladar i bilen. Eit Defa sett med kabel og kun batteriladar bør ikkje koste all verden. https://www.defa.com/no/produkt/chargerkit-1205-flex/ Ein tommelfinger regel er også at ein køyrer minst dobbelt så lenge som varmaren står på for ikkje å tappe 12V batteriet.
  3. Er 12V batteriet ok? Trur den vil nekte å virke om dette er for dårleg.
  4. Grunnrente gjeld kun når installert effekt er 10MW eller meir. Er faktisk eksempel der kraftstasjonen ikkje nyttar potensialet fullt ut for å sleppe denne. Dei installerte rett og slett mindre turbin og generator for å vere under 10MW. Ein stor del av småkraftverka er eigd av selskap som igjen er eigd av utanlandske selskap. Berre sjå på Småkraft som eig, heilt eller delvis, 145 småkraftverk i landet. Kun eit av dei er 10MW eller meir så langt eg veit.
  5. Denne serien har problem med coil whine og bråkete vifte så styr unna! Kjøpte ein slik nyleg og det var grufull coil whine som overdøyva alt anna ved idle. Vifta bråka også ein god del og starta opp anna kvart minutt. Alt anna enn Corsair reklamerer for på desse. Lest om folk som klaga og fekk ny fleire gonger med same problem.
      • 1
      • Liker
  6. Litt "off topic" her no 😛 Denne handlar om ladebrikke
  7. Gazer75

    Trafikalsk klagemur

    Om eg skulle klage på noko så må det vere feil bruk av lys. Tåkelys skal ikkje vere på saman med nærlys, men det virkar det som at ingen forstår. Her burde det vore eit krav om at desse ikkje kan vere på i fart over 30-50 ein plass. Litt som automatiske kurvelys kun virkar under 30. Dei lyser jo berre kanskje 5-10 meter framfor bilen og i grøfta, og har null funksjon på landeveg i 60+. Men refleksjonen i våt asfalt er mykje verre for møtande trafikk. Trur det raraste argumentet eg såg for mange år sidan var at ein såg elg/hjort i vegkanten betre. Om du ser dyret under 10m framfor bilen pga tåkelys så er det for seint å stoppe om dei går ut i vegen. Tåkelys gir faktisk dårlegare sikt lenger framover pga mykje lys rett framfor bilen. Er bot på 3700kr for feil lysbruk i dag, men er vel nesten ingen som får dette. Parkeringslys har folk gløymt kva er... Blinking i rundkøyring må vere ekstrautstyr for mange 😛 Hadde folk vore flinkare her, både venstre og høgre blink, så hadde rundkøyringane vorte betre utnytta.
  8. Gazer75

    Elbil-tråden

    No har vel fleire trafikkskular og trafikklærarar sagt at Highland er uaktuell som skulebil pga knappane. Dei meinar at det er ein distraksjon og trafikkfarleg. Kan ikkje vere lett å fikle med når knappane er nede rundt klokka 6-4 på rattet i ei rundkøyring. Eg har i alle fall ikkje hendene på same plass (kvart på tre) når rattet er i ein slik posisjon. Går som regel ikkje lenger enn ned til rundt 8-7 (venstre sving) eller 4-5 (høgre sving) før eg vil byte grep. Er nok ingen rally sjåfør som vrenger armane
  9. Ikkje heilt enkelt å forstå ein del meldingar der. Reknar med det er overbelastning ein eller anna plass i nettet om ein importerer for fullt. Var vel full import på alle HVDC linjer ei stund. Kanskje det laga problem for nettet i sør. Statnett må få fart på oppgradering av nettet mellom NO2 og NO5. Med Yggdrasil prosjektet som har fått straum frå land, så vil det gå ein del ut frå Samnanger. Estimert 150MW behov i 2029.
  10. Går ikkje alltid så bra på vinteren med dårleg brøyting. Kort kabel er eit problem på sommaren og blir ikkje betre på vinter. Snø har også dekka stolpenummer som jo er heilt nede. Idiotisk plassering spør du meg. Bytta frå ein 2012 Golf TDI til ein 2020 e-Golf i mai 2023. Ventar fortsatt på lading i burettslaget, men dei tek seg god tid. Har vist vore litt dårleg økonomi og ein del dyre vedlikehald siste par åra. Easee rotet hjelpte heller ikkje på sidan fleire av tilboda brukar desse. Hadde det ikkje vore for dette så hadde eg ikkje brydd meg. Kunne lade alt eg har bruk for heime på vinterstid. Lengste tur var vel rundt 400km t/r i fjor sommar. Nja... 5,75 er ikkje rimelegaste her på langt nær. Har Uno-X til 4,50 og Eviny til 4,99 som også har -10% "bonus" opptening. Så medrekna bonusen så er vel dei to ganske like på pris for tida. Tesla var rimelegaste i fjor sommar når prisen var nede i 3,75.
  11. Vekker ein gammal tråd her. Er det like tungvindt i dag? Må ein fortsatt ha eiga brikke for mange stasjonar? Vurderer brikke etter å ha stått i -15C eller verre og fikla med app på telefonen.
  12. Gazer75

    Elbil-tråden

    Knappane på VW Mk7 bilane var heilt perfekte og dei hadde ikkje behov for å endre på ting... Når ACC er på så vil raske trykk på RES og SET fungere som +/- 1 km/t. Den blanke med + og - vil hoppe opp eller ned til næraste heile 10 km/t. Topp høgre er ACC av/på og nede til høgre får opp ein meny i displayet som kan slå av og på diverse andre sensorar alt etter kva utstyr bilen har. Knappen i midten visar ACC avstand og kan justerast med den blanke +/- når dette visar i displayet. Bildet er frå ein 2019 eGolf, men akkurat same oppsett var det på knappane på på min 2012 Golf TDI også.
  13. Aurland 3 kraftstasjon er ein klassisk Norsk med reversible turbinar som pumpar i sesong. Nedre magasin, Veslebotnvatnet, er bere ein brøkdel av Nyhellermagasinet. Veslebotnvatnet vert også fylt opp via ei "takrenne" med bekke inntak på nordsida av Aurlandsdalen.
  14. Dagens avtale gjeld vel berre for området ved Storheia vindpark trur eg. Dei er ikkje einige om Roan vindpark. Den er 51% eigd av Aneo og 49% av Stadtwerke München. Nedover så er det eit samansurium sidan morselskapet Aneo Holding AS er delt 50/50 mellom HitechVision og Trønderenergi. Driftsselskapet Aneo Vind er 49% eigd av Stadtwerke München.
  15. Dette prosjektet har eiga nettside: https://roldal-suldal.no/ Kan nok fort bli ut på 30 talet før dette eventuelt er oppe å går. Uansett spennande greier. Presentasjon frå ope møte nede på denne sida: https://roldal-suldal.no/aktuelt/godt-oppmote-pa-apne-dager-article1355-1093.html Side 17 der visar kor komplekst systemet er.
  16. Nokon som veit kor ein får tak i denne i Norge? Så langt kan det virke som at Amazon UK er næraste seriøse butikk, men då kjem jo både dyr frakt, MVA og fortollingsgebyr på toppen. Ein eventuell retur osv ved feil vil også vere tungvindt. Og ein har vel heller ikkje retten til reklamasjon som ein får ved kjøp i Norge.
×
×
  • Opprett ny...