-
Innlegg
1 319 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
EU landa har god grunn til å innføre toll. Dei vil verne bilindustrien sin. Slik eg forstår det så er det ingen planar om dette her i Norge. Då kan det bli vanskeleg for dei Europeiske merka å konkurrere på pris mot Kina-bilane. Ser det berre her lokalt kor vi har VW og MG forhandlar. Ein ID3 er mykje dyrare enn ein MG4. 20-40k alt etter utstyr og batteri på dei vanlege modellane. Rimelegaste MG4 er 80k under rimelegaste ID3. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Einaste måte batteri produksjon i Norge vil fungere utan nær 100% automatisering er med høge avgifter på batteri basert på CO2/kWh. Men det må vere i regi av EU eller noko slikt. Norge er alt for liten til å innføre slikt på import av bilar med "skitne" batteri. Blir litt som USA som legg avgifter på bilar som ikkje blir produsert der borte. Dermed skapar det også arbeidsplassar. Det hjelper jo heilt klart dei amerikanske bilprodusentane sidan andre merker ikkje kan bruke billig arbeidskraft i Asia. -
Gratulerer. Vi får håpe HVAC ikkje streikar rett etter 5 år. Har same bil med alt utstyr. Keyless, digitalt instrumentpanel osv. Den har klart opp til 40kW så lenge batteriet er over 10 grader. På vinteren i -15C og kaldare så ser ein kanskje 30kW. På det meste tok det 50 minutt å lade 20-80% i kulden. Men då brukte bilen også 3-4kW til å halde varmen i kupeen. Dessverre er HVAC på Golfen med varmepumpe kopla til batteriet og ikkje framfor, så den kan ikkje trekke ekstra (om tilgjengeleg) frå ladaren til varming under hurtiglading. Forbruket mitt i sommar har vore 120-140Wh/km alt etter temperatur og om det regnar eller ikkje. 70% rekkevidd er vel kanskje 180km på sommaren utanfor motorveg. Altså lade til 80% og stoppe ved 10%. Problemet er at når estimert rekkevidd er 25km så slår varmeapparatet seg av. Ved 50km så går den automatisk i eco modus, men ein kan sette den tilbake til normal. Dette vil vere meir eit vinter problem. Den gamle appen var grei nok men vart lagt ned. Volkswagen appen er nok meir bygd for ID serien, men etter ein del oppdateringar så fekk vi tilbake alle funksjonar. App støtte vil uansett forsvinne når dei legg ned 2G nettet i 2025. Golfen har kun ein 3G modul og VW har ingen planar om å tilby byte til 4G eller 5G slik Tesla gjorde.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
No var det vel snakk om 1500 stillingar i Mo i Rana. Då er det ein stor arbeidsstokk. Med automatisering så nærmar ein seg vel datasenter som knapt har tilsette og kun brukar masse straum. Då kan dei berre ryke og reise frå landet. Det blir ulempe med høgare straumpris og liten nytte for samfunnet. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Batteriproduksjon i eit høgkostland er jo dømt til å feile. Spesielt når Kina subsidierer produksjon der borte. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Her blandar forfattaren selskapa som sel oss straum med produsentar. Desse har ofte i dag ikkje noko med kvarandre å gjere. Fjordkraft som nemnd i kronikken er eigd av veldig mange som ikkje har noko med produksjon å gjere. Dei fleste er diverse fond. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Heh, gode gamle overforbruk tariffen ja. Vår målar hadde detaljert visning opp til 3kW som var grensa før overforbruk. 2/3 av skiva var vel opp til 3kW. Rett under var brytaren til varmtvasstanken som alltid var av når ein laga middag -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ingen fast pris på nettleige lenger. Den vart bytta ut med effektpris. Den blir kalla ulike ting hjå ulike nettselskap. -
Veit ikkje kva bil du har, men ser at f.eks. dagens Tesla Model 3 og Y som klarar opp rundt 250kW i starten vil klare 0-100% på rundt ein time og ti minutt om ein ser på evkx.net. Det vil jo vere avhengig av temperatur osv. Snitt effekt er då 66kW. Så om ein då heller ikkje kjem inn med 0% og ladar på 50kW så ser eg ikkje at det skal ta så mykje meir enn 90 minutt å fylle. ev-database.org visar 74 minutt 10-80% på ein 50kW ladar. Slike 50kW ladarar blir det mindre og mindre av. Dei tek også plass som gjer at dei ikkje fungerer for gateparkering. På parkeringsplassar så vil det også gå bort ein del areal for slike. Der er vel Kempower sine dei som tek minst plass og kunne vore mest aktuelle. Då har ein ikkje teke med plass til omformar og nettstasjon. Om ein må gå 5-10 minutt kvar veg for å få seg mat så er det jo gått bort mykje tid der også. Kan fort gå 30 minutt i gange samt vente på maten. Eg ser ikkje på fast food på ein bensinstasjon som mat her altså 😛
-
Om du ikkje bryr deg om at bilen står og blokkerer ein DC ladar så går det sikkert fint. Er ikkje så veldig mange 50kW DC ladepunkt igjen som vil ta opp til 90 minutt på bilane med størst batteri. For dei fleste så vil ein 50kW lade bilen til nær 100% på under ein time. Av dei mest selde bilane så er dei største batteria rundt 60-75kWh. Så om ein ikkje sluker maten på restauranten så går nok ikkje det. Om ein stoppar ei stund så vil 11(22)kW AC vere perfekt. Er fleire og fleire p-hus som har eigne områder for elbilar med 22kw ladeboksar. No har ikkje eg ein langtur bil så 6kW AC er ein del på ein e-Golf. Om eg sat 1-2 timar på ein restaurant så vil det fort bli 9kWh. Det vil gi meg over 60km i ein bil som kanskje klarar 180km på ein varm dag med 80% av batteriet (ikkje motorveg). Har ikkje lading i burettslaget endå, så eg må anten bort til foreldra, eller stå i tunet utanfor leilegheita med ein kort skøytekabel frå uttaket på terrassen. Ikkje ideelt, men er no i det minste ein 2,5 kvadrat solid kabel med tette støpsel.
-
Ingen internett tilgang på EIN app. (Samsung S8)
Gazer75 svarte på Gazer75 sitt emne i Mobiltelefoner
Blir jo lite berekraftig å byte telefon når dei virkar fint og varer fleire dagar mellom kvar lading. Vart overraska når eg ikkje kunne bruke digitalt førarkort lenger pga krav om nyare Android. Det rare er at appen krev innlogging med Bank ID appen som fungerer heilt fint med Android 9. Om det er godt nok for Bank ID så burde det vere godt nok for ein førarkort app. Dagens S8 vart kjøpt når fleire viktige appar slutta virke med Android 4.3 som min gamle S3 hadde. Kan legge til at Bilkraft appen virka fint nokre dagar seinare utan at appen hadde vorte oppdatert. -
Sveits og Austerrike hadde fleire innbyggjarar enn vi har i dag på 50-talet. Dei har vel rundt 8.5-9 millionar i dag på eit landområdet som er mykje mindre. Er om lag 300km i rett linje mellom Bergen og Oslo. Langs vegen så er det rundt 460km via Hardangervidda og rundt 475km over Hemsedalsfjellet. Berre det å få fjerna smale parti der farten går kraftig ned vil redusere reisetida mykje. Er alt for mange hovudvegar som går rett gjennom bebyggelse med masse avkøyringar og mjuke trafikantar. Då må farten ned for at det skal redusere risiko for ulykker. Byggjer ikkje motorveg der ÅDT er under 1000.
-
https://en.wikipedia.org/wiki/Time-saving_bias
-
Det det er jo litt tullete. Kun Tyskland som har fri fart. Folk flest vil køyre på dagtid med trafikk og då vil det å køyre så fort ikkje vere råd. Slitsamt er det også om ein skal rase i den farten i 3,5 timar. Alt for stor risiko for eit sekund utan å vere oppmerksam og det kan gå veldig galt. Lite økonomisk er det også.
-
Under timen å spare på 650km. Snakkar altså om 5 vs 6 timar på vegen. Og så vil ladestoppene bli kortare også, så det er mindre tid der. Om ein ikkje må ha lange stopp for mat osv vel og merke. 650km på motorveg vil vel bety minst to ladestopp for bilar med god rekkevidd.
-
Neppe. Mykje høgare dekk slitasje med høg fart. Og så går jo energiforbruket til himmels. Ein tur på 100km er om lag 8 minutt lenger i 110 vs 130. Er jo ikkje utan grunn at lastebilar i USA ofte er avgrensa til 60-65 mph. Selskapet vil spare pengar om sjåføren ikkje kan køyre i 70-80 det det er lov.
-
Så då må ein køyre minst 130 altså? 😄 Alle bilar brukar meir og meir energi jo fortare ein køyrer. Også fossil.
-
Godt over fartsgrensa og klagar på forbruk... jaja... Høyres ut som politiet bør ha fleire kontrollar på motorvegane.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kunne vore ein trinnskatt basert på faktisk produksjon, ikkje installert effekt. Men då må kanskje vindkraft skattast høgare for produksjonen enn vasskraft. Dei har færre timar med produksjon vs installert effekt. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Eit eksempel på kva grunnrenteskatt på mindre vasskraftverk endar med: https://www.nrk.no/vestland/her-renn-deler-av-fossen-forbi-_-slik-at-dei-slepp-a-betale-skatt-1.15419705 Har sett fleire konsesjonssaker der kraftverket er dimensjonert rett under 10MW, men som sikkert kunne installert meir og nytta høg vassføring på vår og haust. -
Har også lagt inn dette med ferjetider som ønske til ABRP. Dei kan fint bruke API frå Entur til dette. Der er rutetabellen. 99% av tida så går ferja når den skal eller oftare. Hender vel no med elektriske ferjer at dei må hoppe over ein tur pga ekstra lading. For dei fleste ferjene så er det ganske konsekvent intervall. Normalt 15-30 minutt på dagtid og 30-60 minutt om dei går på natta. For mindre trafikkerte strekningar så kan det nok vere opp mot ein time mellom kvar avgang. Er også ferjer som kan vere over 2 timar mellom kvar, men då er det ofte alternativ rute eller ut til eit lite øysamfunn. Rutledal-Rysjedalsvika og Fure-Askvoll er eit par eg veit om med lang intervall. Med ferjetider så kan ABRP planlegge ladestopp før ferja og sleppe sitje der å kaste bort tid på kaien. På eit eller anna tidspunkt så får vi kanskje lading i ferjekøen også.
-
Når var dette? Veit det var noko greier der folk med B også fekk køyre lett lastebil opp til 7500kg. Var noko krav til fornying for dette. Trur foreldra mine hadde det men let det gå ut. Eg har kode 152 i mitt og kan køyre motorreiskap opp til 7500kg, men det gjeld då type gaffeltruck eller dumper osv. ikkje bil. Er litt idioti i systemet. Eg hadde ein Golf 2.0 TDI som eg kunne trekke fattern sin 1500kg Tredal hengar med. Men eg kunne ikkje trekke den med fattern sin Golf GTE sidan den var litt for tung. 2040kg tillat totalvekt, altså 40kg over.
-
Kor mange som kjøper seg elbil går også til trafikkskulen for å få BE førarkort? Er maks 3500kg tillat totalvekt bil+hengar på B kortet. Model Y som vel kan vere opp rundt 2500kg maks, då er det kun hengar opp til rundt 1000kg maks vekt på B. ID.4 4motion kan vere opp til rundt 2750kg, då har ein lite att til hengar og vil kun ha lov til å trekke ein 750kg maks vekt hengar på B. Ein veldig viktig ting på B vs BE er at med B ser på tillat totalvekt for bil+hengar, medan med BE så er det aktuell vekt som gjeld. Så med BE kan ein trekke ein tilhengar som kan ha maks vekt over det bilen har lov å trekke, så lenge den ikkje er lasta opp og veg over det bilen har lov å trekke. Ein kan ta eit 7 timars kurs og få B96 som då aukar tillat totalvekt til 4250kg. Då slepp ein også oppkøyring og praktisk test ved trafikkstasjon som ein må bestå for å få BE.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Er fleire mindre slike rundt om i verden, men litt vanskeleg å finne oversikt. Langtidslagring er nok langt fram, men at dei kan levere reserve osv vil eg nok tru. I land med lite roterande reserve så vil nok slike hjelpe ein del. Veit det er nokre gamle kolkraftverk og liknande i Tyskland der bygningar er brukt til dette, men akkurat kor dei er hugsar eg ikkje. Det var vel snakk om å bruke gamle elbil batteri osv. -
I dag når eg starta opp Bilkraft (Eviny ladeapp) så fekk eg beskjed om at den ikkje hadde internett. Kartet som ein kan zoome og panorere lastar helt fint og alle andre apps eg har virkar også. Testa med både wifi og mobil data. Har sletta data og cache. Reboota telefonen. Nokon som har peiling på kva som skjer? Den virka for nokre dagar sidan og eg har ikkje endra noko som helst på telefonen.