Gå til innhold

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 479
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Post linkar som seier dette er du snill.
  2. Skal ikkje så mykje til før effektleddet overgår det ein eventuelt tener den korte tida. Telemark Nett, Vestmar Nett, Glitre Nett og Lnett har veldig stor skilnad mellom dei ulike nivåa. Dei to førstnemnde har 3-400kr hopp mellom nivå. Alle desse har kundar i NO2.
  3. Reknar med dagens linje for kompensasjon på rekning blir bytta ut med "Norgespris" som då vil vere positiv eller negativ sum alt etter om ein må betale eller får att pengar.
  4. Ein må ha ein straumavtale med fast pris og så må spotprisen over denne. Då får ein uansett dekka inn det som er over denne faste prisen via Norgespris og den reelle prisen vert negativ, altså ein får betalt for å bruke straum. Men her må ein jo også legg til nettleiga før ein faktisk tener pengar på å bruke straum.
  5. Då får du ekstra rekning frå nettselskapet.
  6. Norgespris vil vere genialt for burettslag med ladeanlegg for elbilar. Då får ein ein føreseieleg pris på rundt 1 krone for dei fleste. Snakka med leiaren her og vi hadde visst ikkje gått opp noko særleg i effekt toppar etter at vi fekk lading. Men så er vi enn så lenge berre 5-6 stk av 32 plassar som har elbil, og det var svært lite samtidig lading. Og anlegget er uansett avgrensa til 40A (400V). Dei som har kjøpt pakke frå ein tredjepart kan fort sitte med skjegget i postkassa som vi seier.
  7. Der var nok forventingane litt annleis når auksjonen på NSL gjekk. Om ein ser tilbake i tid så var prisen tidlegare på dagen ganske lik.
  8. Straumsalselskapet fakturerer for det straumen kostar etter din avtale. Nettselskapet for nettleiga. Nokre selskap har avtale med nettselskapet ditt og vil samle fakturaen. Mange gjer ikkje det fordi dei då må ha ekstra kapital til det. Ikkje alle selskap ein har ein avtale med som har noko tilknyting til kraftselskapa/konserna i dag.
  9. Viktig å skilje her. Det er nettselskapa som har ansvar for dette akkurat som dagens ordning. Så ting blir som før. Får ein samla faktura så er ting greit. Men ved separat faktura så kjem eventuelle fråtrekk eller ekstra kostnad på rekninga frå nettselskapet. Det nye er at ein kan få eit påslag på nettleiga om spotprisen var under norgespris og det meste av forbruket var i dei timane straumen var rimeleg. Det vil ikkje vere all verden sidan rimeleg spot ofte er på sommar eller tidleg haust. Då er forbruket lågt for dei fleste uansett. Ein spotpris på 20 øre snitt vil då bety 300kr per 1000kWh ekstra i månaden. Andre vegen så vil 80 øre bety 300kr trekt frå på nettleiga.
  10. For at ein skal "tene" på ein fastprisavtale på 1kr/kWh så må vel spotprisen over 1,5kr/kWh ikkje sant? Ein betalar jo då fast 1kr til selskapet for straum og fordi ein har norgespris så får ein 1kr i "støtte" etter at ein trekk frå 50 øre. Då har ein faktisk fått 1 øre for å bruke straum - nettleige som kjem i tillegg. Så spotprisen må vel opp nær 2kr for at ein skal faktisk tene pengar på dette sidan nettleige ofte er rundt 40-50 øre + effektpris. No ser det ut til at energileddet skal gå ned frå 2026 og ligge på 4,18 øre/kWh. Er sikkert +mva så 5,225 øre/kWh. Uansett langt betre enn 21,2 øre/kWh som det kostar i dag. Så då snakkar vi om 1,8-1,9kr/kWh før ein faktisk tener pengar. Kor ofte er spotprisen så høg at dette skjer? Til og med i NO2 er ikkje det så ofte. Om ein får konsesjonskraft til endå rimelegare pris så kan det gi rare utslag.
  11. Kor mykje sparar du faktisk på dette når ein ser på Tibber sitt påslag og fast pris per månad?
  12. Ein må også vere klar over at "norgespris" er låst til målaren og ikkje person/kunde. Så om ein flyttar før bindinga er over så vil ny eigar også vere låst til den. Korleis dette vil fungere juridisk for folk som leiger veit eg ikkje. Mange betalar jo også straumrekninga for målaren der. Men dei eig vel ikkje akkurat målar.
  13. Det er heilt ok å vise linjer ute i dagen og trafostasjonar. Tidlegare så hadde dokumenta i konsesjonar ein del info som no er spesifisert som sensitiv. Typisk yting på trafo og kompensering samt tal på samleskinner og felt i innandørs anlegg. Dette er no klart spesifisert i rettleiinga frå NVE og fell under bokstav B og C. Under høyringa til ny forskrift så vart det vurdert å opne for kablar for å redusere talet på feil pga graving. I dag må entreprenørar be om data for dette i det området dei skal grave. Men det vart heilt klart stemt ned sidan det fell under bokstav E. Etter mi meining er dette forsøket på "security through obscurity" ein falsk tryggleik. Ein eventuell sabotasje eller konflikt bryr seg lite om detaljane. Det er anten digital hacking av system eller eit reint fysisk angrep i ei eventuell konflikt slik som i Ukraina. Å finne store stasjonar og linjer er jo lett via satellitt osv. Og der er jo null problem å sjå kva som er viktige punkt i nettet. Einaste resultatet er at vi må stole på at nettselskapa gjer ein god jobb og at NVE og OED folka også gjer jobben sin. Men så lenge alt er unnateke så kan ikkje tredjepart som f.eks. media kontrollere analysar og investeringar. Og ein kan jo sette spørsmålsteikn ved denne jobben når ein ser auken i nettleige og flaskehaslar som folk i Statnett burde vore klar over for lenge sidan.
  14. Langt unna total oversikt. For dette måtte ein saumfare konsesjonsdokument. Det vart ei kraftig innstramming i fjor etter at dei oppdaterte forskrifta og ting vart meir konkretisert. No vert mykje sladda i dokumenta som trafo detaljar osv. Kartet har også fått ein større boks rundt stasjonane slik at linjer ikkje går heilt inn. For å få total oversikt og utføre analysar så må ein ha einlinjeskjema og info om kapasitet på samleskinner, transformatorar, linjer osv, samt kompensering osv. Utan dette så har info ein kan sjå ute i dagen lite å seie. Nesten alt av info du ser på Openinframap som kjem frå Openstreetmap (OSM) databasen har eg lagt inn over ein periode på 5-10 år. Kartløysinga til NVE var så utdatert med feil og manglar, og er det fortsatt, at eg sette meg eit mål om å få inn rett info i OSM. Men no virkar det som dei har fått litt panikk og prøver å fjerne så mykje info som mogeleg. Til og med WMS med luftfartshinder blir no fjerna. Om ein kan fortsatt laste ned datasett er litt uklart. Og med ny forskrift så skal alle straumførande linjer inn i denne databasen. Før var det berre linjer over ei viss høgde i forhold til omgjevnaden. Denne endring kom vel etter helikopterulukka utanfor Nestunnelen for mange år sidan.
  15. Det har det vore snakka om fleire gonger i denne tråden. Det er ein 1000MVA autotrafo i Sogndal som avgrensa kapasiteten fram til no. Hugs på at NO3<->NO5 grensa går på 420kV linja Høyanger-Sogndal. Veldig mykje info om kraftsystemet er gøymd bak §6.2 i kraftberedskapsforskrifta https://veiledere.nve.no/kraftberedskapsforskriften/kapittel-6-informasjonssikkerhet/6-2-kraftsensitiv-informasjon/
  16. Anna nytt som kan forklare rare flytmønster i det siste. Publisert 14. august. https://www.statnett.no/for-aktorer-i-kraftbransjen/nyhetsarkiv/statnett-oppgraderer-nettet--norge-er-elektrisk-delt-de-narmeste-ukene/
  17. https://www.statnett.no/for-aktorer-i-kraftbransjen/nyhetsarkiv/aurland-sogndal-oker-nettkapasiteten-mellom-nord-og-sor/ Spent på kva dette vil ha å seie for prisane framover.
  18. For min del så ligg prisen på 140-150 øre/kWh no når vi stangar inn i støtta her i vest. Det er inkludert mva og avgifter men utan 276kr/mnd for 2-5kW effekt. Den må eg dele på forbruket for å finne eksakt. Men den utgjer nok minst 30 øre/kWh sidan eg ikkje brukar over 1000kWh/mnd på denne tida av året. Siste året var eg over 1000 frå november til mars. På sommaren når eg er under 500kWh så blir jo det over 55 øre/kWh berre i effektledd. Så då snakkar vi jo fort om opp mot 2kr/kWh i faktisk pris. Har shoppa rundt siste par åra på avtalar utan fast pris og 1-2 øre negativt påslag. 39kr/mnd som mange brukar vil ved eit forbruk på 750kWh/mnd bety 5,2 øre/kWh. For min del ligg det på 450-1400kWh gjennom året. Hovudkjelda til varme for meg er ein 2kW varmekabel i stove/kjøkken. Når det vert kaldt nok så klarar den ikkje halde temperaturen oppe pga maks temp i golvet på 28C. Då koplar ein 750W panelomn inn og hjelper til. Den står på kun 20C.
  19. Norge vart delt opp i to soner på 90-talet etter dereguleringa. I januar 2010 var NO2 og NO3 oppretta og mars same år NO5. Statnett vart klaga inn til ESA for dette den gongen.
  20. Tippar det er prosent av talet på kraftstasjonar/vindkraftverk.
  21. Ser eg skreiv feil. Skulle stått 20% men ser jo at det også er for høgt når ein er så langt nede. Tok utgangspunkt i min eigen prosent og trekte frå litt.
  22. Er nok ikkje nødvendigvis på bygda folk slit. Er ofte dyrare å bu sentralt. Ein ufør med knappe 300k brutto har ikkje så mykje å bruke på tiltak. Minste sats om ein er to er på 303k i 2025 eller 329k for einslege. Så går det bort rundt 20% i skatt på dette. Pensjonistar med minste utbetaling har endå mindre. 200k med sambuar som også er pensjonist eller 280k som einsleg. Mange av dei har ofte lite av verdi (skattbar formue) og betalar knapt skatt på pensjonen. Men ein har også dei som sit att med verdiar etter ektefelle og må skatte for dette. På sommaren så er straumen min rundt 10% av husleige og på vinteren kan den vere oppe i 20%. 5-10% går til nettleige uansett spotpris. Og då er eg godt innafor nedre kvartil når ein ser på prosentvis fordeling av inntekt for 2024. Fig. 3 på https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/hva-er-vanlig-lonn-i-norge Det at ein skal måtte lage ekstra ytingar for dei med dårleg råd visar jo berre at systemet ikkje virkar som det skal. Litt som då folk som hadde rett på bustøtte fekk 1000-1500kr ekstra i månaden uansett når prisane var som verst. Skulle mange betale 2kr/kWh + nettleige så måtte noko anna vike. Då går det ut over arbeidsplassar sidan folk har mindre pengar å bruke på andre ting som ikkje er nødvendige. Det som fort ryk er turar, gå ut med venner på ulike ting osv. Alt heng saman. Du er litt som Erna og høgresida. Dei klarar ikkje sette seg inn i korleis det er å ha dårleg råd virkar det som. Dei snakkar om skattelette osv, men dei gjev med eine handa og tek att dobbelt med den andre.
  23. Sikkert fint for dei som har over snittet inntekt og råd til det. Og det er dei som er nederst som ofte leiger og då har ein heller ikkje noko styring over det viktigaste som oppvarming og varmt vatn. Eg fekk bytta VVB her pga alder og ein feil på blandeventil for andre gong. Men det var uaktuelt med noko dyr smart sak for eigaren. Er jo ikkje han som betalar for straumen. Smart tank var mykje dyrare også etter Enova støtte.
  24. Det beste vi kan håpe på over kort tid er at Tyskland blir delt i 4-5 soner. Rapporten frå Entso-e som kom i april anbefalte 5 soner, men det er andre ting som speler inn. Acer har vel også meint at dei må dele opp. Så langt eg veit er det jo berre vi her i nord som har spotpris. Dei andre landa brukar faste prisar, men der prisen ofte er høgare på dagtid. Så kan ikkje forstå at ein fast pris skal vere i strid med EØS. Må sei heile dette EØS greiene er tullete. Vi er ein suveren nasjon, men det virkar ikkje slik. Vi får ikkje lov til å bestemme over eigne resursar og korleis vi skal fordele dei.
  25. Går frå dagens om lag 1000MW til 1800MW med den nye slik eg forstår det. Mykje av flaskehalsen no er jo ein 1000MVA 420/300kV trafo i Sogndal. Når linja er ferdig vil det kun vere eventuell produksjon i indre Sogn som vil gå via denne. Litt av dette vil jo også gå via 300kV linjene sørvest mot Modalen. Sidan straumen flyt minste motstands veg så veit eg ikkje heilt korleis dette vil fungere. Linja til Vik er gammal og har nok sikkert ikkje all verden med kapasitet. Er nok mange år til resten vert oppgradert. Statnett har vist spenningsoppgradert linja frå Refsdal(Vik) til Modalen, denne var allereie ei "duplex" (to kablar per fase) linje som kun trengde forlenging av kjedene. Resten er kun søknad så langt. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/refsdal-modalen/ https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/vik-ramnaberg/ https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/krossdalen-steinsland/
×
×
  • Opprett ny...