-
Innlegg
1 421 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Med full automatikk så vil rekninga for lading kome frå utleigar. Kort er heilt klart det enklaste. Dei fleste nye stasjonar som kjem i år vil nok ha dette, og gamle må ha det på plass før utgangen av 2025.
-
Ein del av dei gamle som vart bygde for 20-25 år sidan er vorte fornya. Gamle turbinar er fjerna og nye meir effektive er sette opp.
- 980 svar
-
- 1
-
-
Tråden har sklidd litt ut. Problemet her var ikkje å starte eller betale for lading, dei hadde appen og den fungerte fint. Du kan scanne QR koden på uttaket og få rett plugg i appen. Kortbetaling vil nok gjere ting endå enklare. Spesielt for turistar som kan bruke Visa eller Mastercard osv utan å styre med app. Det finnest vel apps i dag som støttar det meste av ladeoperatørar i Europa, men desse skal jo tene pengar og tek ekstra betalt. Automatisk lading ala Tesla kjem nok på fleire og fleire bilar. Er vel noko Plug & Charge greie på Mer sine stasjonar med VW ID bilane trur eg. Tesla opnar i desse dagar opp sine stasjonar i USA for Ford sine bilar og der går ting automatisk via ein CSS1 til J3400 adapter som Ford kundar kan bestille. Set adapter i Tesla pluggen (J3400) og set adapter i bilen så startar lading automatisk. Korleis ein stoppar ladinga veit eg ikkje, har ikkje sett video om prosessen endå.
-
Tapper kortet igjen og stoppar ladinga. På Uno-X så er det slik. Tappar ein kortet på kortterminalen så spør den om ein vil stoppe ladinga.
-
Møtte på eit trist skue i går. Kjem inn på ein ladestasjon og ser ein e-Up står og ladar på eit 43kW AC uttak. Visar seg at dei er franske på førstereis og har leigd seg elbil utan opplæring eller peiling. Var litt trøblete kommunikasjon sidan kun den eine var ok i engelsk, men kunne virke som at dei hadde kun lada slik sidan dei plukka opp bilen. Dei var ikkje klar over at ein kunne ta ut dekselet over DC pinnane og hurtiglade. Trur ikkje dei visste kva kW og kWh er ein gong. Fekk bytta dei over på DC, men etter 30 minutt med AC så var sikkert batteriet kaldt og effekten var kun 28kW, men med 3,7kW AC maks effekt så hadde dei vorte sitjande der heile natta.
- 56 svar
-
- 1
-
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Sjekk kva som skjedde åra før. Eksport og frykta for at det renn over er så stor at magasina vert tømde og straum eksportert i stor stil. Alt for profitt. Når ein så får mindre nedbør enn normalt så blir det problem. Hadde magasina vore fylte til randen kvar haust så ville det ikkje vore noko problem. Resten får vi frå Svenskane. Ser jo berre fyllingsgraden no etter rekordfulle magasin fleire plassar. Masse eksport samtidig som det var kaldt, og no er vi eit stykke under median igjen. Eit eksempel er rekordåret 2020 for NO2 der det rann over fleire plassar. Heile våren og sommaren 2021 var fyllingsgraden godt over median. Når hausten 2021 nærma seg så var det full eksport for å tømme magasin. NordLink var også i gang så det var endå enklare å eksportere. Dei venta regn og påfyll som aldri kom. Hadde eksporten venta til fyllingsgraden var høgare så hadde vi kanskje ikkje fått problem i 2022 der det var rekordlåg fylling frå veke 15 til 38 og prisane gjekk til himmels. Men profitten trumfar det meste. Vi vart delvis redda av mykje regn i oktober og november. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Var ikkje Putin åleine som gav oss dyr straum i Norge. Tyskland la ned sine atomkraftverk. HVDC kabelen til Tyskland fekk prisen i NO2 til å hoppe om lag 10 øre på timen den kom i drift, og prisen fortsette oppover mot det som då var ganske normal Tysk kraftpris om eg hugsar rett. Når NSL til UK kom i drift så fekk NO2 endå eit område med mykje høgare pris kopla mot seg og ein ser jo resultatet. Utan desse to kablane på 1400MW kvar så ville vi ikkje sett dagens prisar her. Då ville det vore meir som i Nord-Norge (NO4). Sverige har ikkje vorte straffa like hardt sidan dei har kun Baltic Cable på 600MW til Tyskland, SwePol til Polen på 600MW og NordBalt på 700MW til Litauen. Dei tre til saman er berre litt meir enn Skagerak HVDC mellom Norge og Danmark på 1650MW. Kan kanskje rekne med Kontek og Storebælt kablane også, begge 600MW. Men her blir Sjælland ein buffer mot Sverige. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
@Jarmo Det var eit høgt fastledd på dei tre lågaste trinna 😮 Her kostar det 167kr opp til 2kW, 219kr opp til 5kW, 271kr opp til 10kW og 375kr opp til 15kW. Prisen per kWh frå 1. april blir 45,6/39,3 dag/natt. Alle prisar er inkludert avgifter og mva. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://lovdata.no/dokument/TRAKTAT/traktat/2021-09-16-13 -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Dei norske straumprodusentane har jo funne ut at dei kan ta meir for straumen. Er litt som med olja. Når prisen går opp så går bensinprisen opp med ein gong, men om den går ned så vil dei ikkje redusere like mykje. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det triste er jo at mannen i gata ikkje forstår kva som skjer og dermed stemmer på partia som er for dette EU greiene. Er ikkje så mange parti som faktisk er imot heile greia. Dessverre så får desse partia samla normalt 10-20% av stemmene ved stortingsval. Ser ikkje for meg at verken Sp eller Frp gjer eit brakval i 2025 om ikkje det kjem andre større saker som folk er opptekne av. Både Høgre og Arbeiderpartiet diltar etter EU. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
I ein anna artikkel der vurderer Otra Kraft pumpekraft ved Holen kraftstasjon. Dei kan f.eks. installere 4x250MW reversible i Holen kraftstasjon. Mest sannsynleg til erstatning for dei tre gamle på 2x100MW og 150MW. Ved høgste vasstand i magasina oppe og lågaste i nedre ville det kunne køyre på full effekt i 10 dagar. Alternativa ser ut til å vere eit nytt pumpe-aggregat i Holen og ny tunnel til eit av magasina, eller eit nytt femte aggregat utan pumping i Brokke kraftstasjon lenger nede. -
Ingen problem med GTE'en til fattern. Den er også lett å spinne med frå start pga elmotoren. Men der er det jo ein liten bensinmotor og girkasse framme som sikker gjer at den har meir vekt i front med lite last. E-Golf'en virkar å ha ein eller anna redusering i starten slik at ein ved forsiktig trykk på pedalen ikkje får så mykje moment med ein gong. Var faktisk raskare å komme i gang med gamle TDI'en som hadde ein 2 liter og 150hk. Måtte venne meg til ein forseinking ved start i kryss med e-Golf'en, men når den først kjem i gang så går det raskare enn dieselen.
-
Der er jo faktisk e-Golf betre med modular framover i kanalen midt i bilen og under setene framme. Det meste er uansett under baksetet der tanken var.
-
Har aldri spunne så mykje på vinterføre som med e-Golf. Lett å samanlikne sidan eg gjekk frå ein Golf TDI til den og dei er begge MK7. Vekta på e-Golf'en er nok lenger bak. Veit ikkje om ein del av det er dekk. På gamle dieselen så var det 205/55 R16 dekk, men e-Golf'en kom med 195/65 R15. Brukte Nokian på gamle bilen i mange år og bytta til Continental siste par åra eg hadde den. Trur det er Continental på e-Golf'en.
-
Ingen elbil i Golf klassen som klarar dette i dag. Er vel Leaf 62kWh og ID3 i den klassen som har best rekkevidd med rundt 350km på sommaren. Vi testa ID3 når den kom, men knappane på rattet var vi einige om at var ein "dealbreaker". Han er også veldig motstandar av alt touch greiene som er i dagens bilar. Torer ikkje tenke på kva slags vingling det kunne vorte om han måtte sjå på skjermen for å styre ting. I dag ville nok ting vore litt annleis sidan det har skjedd mykje og det er også fleire brukte elbilar å finne. Problemet er all touch greiene som er i dag. Dei har heller ikkje bruk for hengerfeste lenger, og vogna/"hytta" er seld. Tvilar på det blir noko bytte av bil no. Dei er godt oppi 70-åra så reknar med ein 2015 modell GTE held lenge så lite som dei brukar bilen. Fattern har hatt bilane sine i om lag 15 år. Kan så vidt hugse ein Opel Kadett, så vart det ein Audi 100 diesel på 80 og 90 talet (brukt taxi som enda på nær 300k km før den vart seld) og så ein Octavia diesel fram til den vart seld som delebil
-
Var vel kun Tesla Model S/X som kunne trekke tilhengar på 1500kg den gongen, og spesielt ikkje ein liten bil. Moderen likte ikkje å køyre den gamle Skodaen utanom på landevegen. Dei hadde også ei fast vogn som "hytte" med nokre mil til næraste lading. Pris har jo litt å seie også. Ikkje alle som kan bruke 400k på ein bil. Usikker kva bilen kosta, men det var ein 1 år gammal demo bil hjå den lokale forhandlaren. Så vil tru dei fekk ein god pris.
-
Gammal tråd, men uansett... Ein viktig ting med plugin hybrid er jo at ein køyrer den dyraste køyringa elektrisk. På vinteren brukar både bensin og diesel mykje drivstoff første kilometerane når motor er kald. Har ein installert motorvarmar så vil det hjelpe ein god del. Foreldra mine har hatt ein Golf GTE i mange år og den er perfekt for dei som pensjonistar. Køyring lokalt går elektrisk og dei brukar vel ein halv tank med bensin i året. Den kan også trekke 1500kg som var praktisk første åra når fattern hadde ein tilhengar som var så stor. Ein kan samanlikne pris på lading og drivstoff her: https://www.smartepenger.no/105-kalkulator/1998-elbil-versus-vanlig-bil For min del var det lett å samanlikne Golf 2012 TDI 2.0 150hk vs 2020 e-Golf. E-Golf'en brukar 130-140Wh/km på sommar og 160-200 på vinter alt etter kor kaldt det er og om eg fyrer på varme. Skal eg berre på butikken ein tur så brukar eg berre 16 grader og setevarme på vinteren, samt eco mode i e-Golf'en. Dieselen brukte vel 0,6-0,7/mil på småkøyring og 0,4-0,5 på langtur. Så ved småkøyring (<20km) på vinteren så må lading koste 7,00-7,50 ved ein dieselpris på rundt 21kr literen for at dei skal vere like. Dieselen var problematisk ved småkøying på vinteren pga 12V batteriet som vart utlada. Dette er mindre problem på e-Golfen sidan den også ladar 12V batteriet når den står til lading på hovudbatteriet. Minuset for e-Golf'en er at den ikkje har temperaturstyring på batteriet. Er det kaldt så får ein kanskje 20-30kW effekt ved hurtiglading. Etter ein times køyring i -10 til -15 grader så fekk eg kun 19kW i starten og enda på 31kW. Tok nær 50 minutt å lade 20-80% i -15 grader
-
Har du tilgang til straum så er nok motorvarmar frå Defa betre og rimelegare over tid. I eit kit så får du med ein slik ladar eg linka til også. Bilane vi hadde heime hadde same 12V batteri i 6-8 år minst. Spesielt fattern sidan han kunne bruke motorvarmaren på jobb også. Merka sjølv at min gamle 2012 Golf brukte ein del ekstra diesel på denne "aux" varmaren for å få motoren varm. Den starta når det var +5C eller lågare. Forvarming brukte eg kun når eg var på besøk hjå foreldra mine og bilen sto ute. Der kunne eg også kople til ein liten Ctek ladar dei timane. Var normalt berre behov for 5-10 minutt så var det grei temperatur, så eg starta den via fjernkontrollen før eg gjekk for å ta på klede.
-
Er nok ein fordel å ha ladar i bilen. Eit Defa sett med kabel og kun batteriladar bør ikkje koste all verden. https://www.defa.com/no/produkt/chargerkit-1205-flex/ Ein tommelfinger regel er også at ein køyrer minst dobbelt så lenge som varmaren står på for ikkje å tappe 12V batteriet.
-
Er 12V batteriet ok? Trur den vil nekte å virke om dette er for dårleg.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Grunnrente gjeld kun når installert effekt er 10MW eller meir. Er faktisk eksempel der kraftstasjonen ikkje nyttar potensialet fullt ut for å sleppe denne. Dei installerte rett og slett mindre turbin og generator for å vere under 10MW. Ein stor del av småkraftverka er eigd av selskap som igjen er eigd av utanlandske selskap. Berre sjå på Småkraft som eig, heilt eller delvis, 145 småkraftverk i landet. Kun eit av dei er 10MW eller meir så langt eg veit. -
Denne serien har problem med coil whine og bråkete vifte så styr unna! Kjøpte ein slik nyleg og det var grufull coil whine som overdøyva alt anna ved idle. Vifta bråka også ein god del og starta opp anna kvart minutt. Alt anna enn Corsair reklamerer for på desse. Lest om folk som klaga og fekk ny fleire gonger med same problem.
-
- 1
-
-
Om eg skulle klage på noko så må det vere feil bruk av lys. Tåkelys skal ikkje vere på saman med nærlys, men det virkar det som at ingen forstår. Her burde det vore eit krav om at desse ikkje kan vere på i fart over 30-50 ein plass. Litt som automatiske kurvelys kun virkar under 30. Dei lyser jo berre kanskje 5-10 meter framfor bilen og i grøfta, og har null funksjon på landeveg i 60+. Men refleksjonen i våt asfalt er mykje verre for møtande trafikk. Trur det raraste argumentet eg såg for mange år sidan var at ein såg elg/hjort i vegkanten betre. Om du ser dyret under 10m framfor bilen pga tåkelys så er det for seint å stoppe om dei går ut i vegen. Tåkelys gir faktisk dårlegare sikt lenger framover pga mykje lys rett framfor bilen. Er bot på 3700kr for feil lysbruk i dag, men er vel nesten ingen som får dette. Parkeringslys har folk gløymt kva er... Blinking i rundkøyring må vere ekstrautstyr for mange 😛 Hadde folk vore flinkare her, både venstre og høgre blink, så hadde rundkøyringane vorte betre utnytta.