-
Innlegg
1 479 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Er ikkje sikkert. Går jo på kva verdi Lyse set på vatnet i magasinet. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
Gazer75 svarte i et emne i Politikk og samfunn
Har vi ikkje sett dette før? For snart 90 år sidan. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Og så har vi slike artiklar då... https://www.nrk.no/klima/xl/unik-kartlegging_-sma-kraftverk-legger-mer-km-elv-i-ror-enn-store-for-a-lage-like-mye-strom-1.16982097 Ikkje lett å få ting til her. Ser og at RSK prosjektet i Suldal får mange protestar blant anna frå statsforvaltar. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Er eit paradoks dette. Små kraftverk stoppar på ca 9,9MW(10MVA) for å sleppe grunnrenteskatt. Har vore i media om både nye bygg og game som skulle fornyast. I 2023 kom det vel fram at 13 prosjekt med konsesjon over 10MW vart redusert pga dette, og tapt effekt var ca 85MW. Kan virke som at kraftverk mellom 10 og 20MW eller rundt der ikkje er lønsame pga denne skatten. Eit system der det er pris per MVA installert kunne kanskje vore greit. Eventuelt med eit fritak som i dag opp til 10MVA. Eller at skatten var på faktisk produksjon over eit visst nivå og ikkje installert effekt. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Får håpe at det meste blir dekka av flaskehalsinntektene... https://e24.no/energi-og-klima/i/jQxVrq/milliardene-ruller-i-statnett-prisene-har-oekt-markant -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Fordelene med slik batteri effekt er å binde skiftande fornybar med fossil. Store delar av Europa har mangel på roterande masse og då treng dei noko som kan hjelpe til ved overgangen. Dei kan også hjelpe til ved topplast over kortare periodar. For dei som lurar så er roterande masse turbinar av ulike slag. Om dei brukar råstoff direkte, via damp eller ein kombinasjon som f.eks. CCGT. Her i Norge så er det alle turbinane i vasskrafta vår. Fordelen med vasskraft er at turbinane kan køyrast opp og ned raskare. Men moderne gasskraft er også vorte ganske raske til å endre effekt. Sidan slike også har omformarar, sidan batteri er likestraum, så kan dei yte reaktiv effekt som kan stabilisere nettet. -
Kor står det at eg køyrde på personen? Har aldri i mitt liv køyrd på nokon. Må lære deg å lese 😛 Eg brukte ikkje nok tid på å diskutere med fyren, men det eg kan tenke meg var at han kom ut mellom bilane akkurat der A stolpen er og forventa at eg skulle stoppe. Når eg ikkje gjorde det så vart han irritert og slo i bilen. Snakkar då om eit punkt det er for seint å stoppe uansett sidan ein då er kanskje ein meter frå der personen vi krysse. Hadde han gått ut så ville eg køyrd på fyren i 10km/t som vel er tomgangsfart på mange bilar. Ein stoppar ikkje ein bil momentant uansett. Om det er kravet så kan ein jo ikkje køyre nokon stad i frykt for å bryte lova. Kan jo lure på kva vitsen er med §19 om den ikkje gjeld nokon stad. Om ein les §13 punkt 1 og 2 så vil det vere motstridande eller overstyre §19.2. Kunne kanskje presisert i §9.2 og §13.3 at det gjeld parkeringsplass. Fordi ein parkeringsplass er ikkje det same som gågate eller gatetun her. Det vil uansett gjere §19.2 overflødig om den ikkje har unntak for parkeringsplass.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kaliningrad blir ei øy utan forbindelse til resten. Er i dag 3 stk 330kV og 3 stk 110kV som blir lagt ned. Meiner det er gassrøyr frå Belarus til Kaliningrad, men kva som skjer med dei vet eg ikkje. Russarane har uansett bygd ein LNG terminal. -
Skremt over kor mange her inne som ikkje forstår problemstillinga og kun fokuserer på at ein ikkje skal køyre på folk. Har aldri vore snakk om dette. Diskusjonen er kven som har vikeplikt på parkeringsplass og ingen ting anna. Var vel trafikkreglane som var diskutert så difor kommenterte eg slik. Men om ein skal dra in §3 i vegtrafikklova så gjeld den for alle, også gåande. Kjem ikkje til å svare innlegg som ikkje held seg til tema om vikeplikt på parkeringsplass. La meg ta eit anna scenario. Det står ein person ved rekka av bilar som vil krysse over til den andre rekka. Er bilførar då pliktig til å stoppe for å la dei gå over? Det er ikkje fotgjengarfelt på plassen. Er jo det dette kokar ned til sidan det er snakk om vikeplikt. Ikkje om ein berre skal køyre ned ein idiot som vimsar ut i vegen utan å sjå seg for.
- 68 svar
-
- 2
-
-
-
Den er definert i §1 bokstav c, så det bør jo vere greit. Og ein parkeringsplass er då vegen som definert ved bokstav a. Kva har §3 med dette å gjere? Er ingen tilvisingar på parkeringsplassen det er snakk om. Einaste oppmerking er for kvar lomme.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kartlegging av havbotnen vil sikkert ta eit år om ikkje meir, alt etter korleis været er. Ein må jo sjekke fleire alternativ i tilfelle ein finn ting som hindrar å legge kabel i eit område. Og kva trur du skjer når kartlegging av botnen finn både det eine og det andre av trua artar osv? Om du vil la kostnaden stige så kan ein sikkert bruke flytande stasjon på fjorden. Men kven vil godta ein slik svær flytande rigg? Snakkar fort om 40-50 dekar som vel er som ein plattform i nordsjøen. Ting tar tid når ein må kartlegge flora og fauna osv. Har vore fleire artiklar om naturvern på NRK som visar kva som skjer når ein ikkje sjekkar godt nok. Som eg sa så må linja gå mot Oslo eller liknande så det er mange kilometer med luftlinje frå Trondheimsfjorden over fjellet og nedover dalane. Tvilar på det har noko for seg å konvertere tilbake i Midt-Norge. Er ikkje der forbruket er størst. At Statnett er bakpå betyr ikkje at det er smart med HVDC. Om dei hadde vore ferdige med oppgradering av 300kV linjene så ville noko slikt ikkje vere økonomisk uansett. Det ville uansett gi 1000-1500MW ekstra kapasitet. HVDC kablar som dette blir bygde for om lag 1400MW pga kravet i det nordiske systemet. Faktisk usikker korleis dei handterer Olkiluoto 3 på 1600MW. Sørlige Nordsjø som er planlagt for 1500MW planlegg for 100MW batterireserve ved stasjonen på land for å vere innafor kravet. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Byggetid er berre ein liten del. VikingLink var vel på papiret i EU i 2015, men vil tru planlegging og diverse var starta før dette. Konsesjonsbehandling + eventuell klage som OED då må vurdere, så ser eg 2-3 år berre der. Men først må jo heile prosjektet planleggast. Det vil fort ta 2-3 år. Så frå ein ide til ferdig bygd så går det fort 10 år. Skilnad i pris blir jo berre mindre og minder med meir kapasitet. Og dei pengane er det folk flest som betalar, så det blir jo berre ein ekstra skatt. Skal ein HVDC link frå nord ha noko for seg så må den nok gå heilt til NO1 eller NO2 som då aukar prisen. Ein stasjon i Trøndelag vil då også bety investering i meir nett vidare sørover uansett. Som eg sa, skal den vere nyttig så må ein ha meir overskot i snitt enn idag. Altså at ein må eventuelt kunne hente vindkraft frå Sverige. Oppgradering av dagens 300kV linjer kjem uansett. Statnett skal utvide 420kV biten i Nedre Røssåga for å fjerne 220kV delen der linja frå Sverige er kopla på. Den fungerer i dag som ei samleskinne med transformering 220/132, 300/220 og 420/220. Når det er ferdig så vil det, om eg hugsar rett, kun vere kompensering (SVC og kondensatorbatteri), linja mot Marka (Mosjøen) og ein 420/300 trafo som går rett på den gamle 300kV biten. Med to nye 420/132 trafoar så slepp ein gå via 220 og 300 som i dag. Det visar jo at dei heilt klart arbeider med å fase ut 300kV. Slik ser det ut i dag: https://openinframap.org/#16.1/66.050974/13.782078 -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Blir nok dobbelt så dyrt som vanlege luftlinjer så det skjer ikkje. Det vil vere sløsing med pengar og neppe gå gjennom. Då må det eventuelt bli meir vindkraft i nord slik at ein kan styre flyten på den måten. Eit anna scenario kunne vere å oppgradere 220kV linja mellom Nedre Røssåga og Grundfors. Altså at ein kan sende meir Svensk vindkraft sørover med ein slik kabel. Tek nok like lang tid med all kartlegging av havbotnen og produksjon av kabel. Så skal det finnast tomt for HVDC stasjonar i kvar ende. Legging av ein så lang kabel kan også vere utfordrande langs kysten mtp ver- og vindforhold. Det vil uansett ta lang tid. VikingLink, som er den lengeste HVDC kabelen så langt, er totalt 765km og kosta over 23 milliardar å bygge. Ein HVDC sjøkabel frå rundt Narvik til Orkdal vil vere like lang som dette, og så kjem kabel eller luftlinje på land i tillegg til den. Statnett sine investeringar i nettet framover neste ti åra er rekna å bli 100-150 milliardar for heile landet. Skal ein då bruke kanskje 25-30 milliardar på ein enkel forbindelse? Folk er jo oppgitt over høg nettleige, blir ikkje noko betre då -
Neivel. Kor står det? Eller der det noko du meiner? Om det ikkje er køyrebane på ein parkeringsplass så kan ein heller ikkje køyre der.
- 68 svar
-
- 1
-
-
Kor i lov eller forskrift står det? Skulle likt så sjå kor det stå at vi har vikeplikt for gåande utanom gangfelt som er definert i §9.2 Kjørebane på ein parkeringsplass er jo der ein køyrer mellom radene. Bør vere ganske logisk for folk flest.
-
Jaha? Vi diskuterte vikeplikt. Han meinte eg hadde vikeplikt, eg meinte noko anna. Så spørsmålet mitt var jo om det stemmer. Men har ikkje funne noko i regelverket som seier det og som vart peika på så har gåande plikter etter §19.
-
Tittelen på tråden bør vere enkel å forstå.
- 68 svar
-
- 2
-
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Innestengd produksjon i NO4 er Statnett si feil. Dei er 5-10 år bak der dei burde vere i planlegging og utbygging av nett. Forstår ikkje at dei ikkje føresåg at nettet i Sverige kunne bli fylt opp av vindkraft når dei har bygd så mykje der borte. Virkar som at folka i Statnett har sove i timen. Det burde vore dobbel 420kV frå Nedre Røssåga (Korgen) og sørover heile vegen til Sunndalsøra, og så ei vidare heilt til Oslo. Altså at dagens gamle 300kV burde vore oppgradert allereie i dag. Då kunne ein sende meir kraft frå Trøndelag (NO3) sørover og så vil kraft frå NO4 flyte dit. Kunne kanskje også vurdert ei linje frå Nea/Tya til Rendalen og oppgradert stasjon og linje vidare mot Oslo. Då vil ein kunne få meir kapasitet sørover. SE2->SE3 snittet er ofte sprengt i dag, så då kan ein sende via NO3 og så vidare til NO1. Det vil også avlaste nettet i SE2 som vist nok har hatt utfordringar som resulterte i redusert kapasitet mot NO1. Det virkar som at alle planar frå Statnett tidlegare har ignorert NO3-NO1 snittet. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Når du ikkje seier kva nettselskap dette er så er det vanskeleg å forklare. Dei alle fleste nettselskapa driv med fornying og oppgradering av nett utan at ein kanskje ser det. Kostnader for materiell og løn har jo også auka kraftig siste åra. Alt arbeid i distribusjonsnettet, altså ≤22kV, krev ikkje behandling hjå NVE då dette går under områdekonsesjonen dei har. Ein del av kostnaden er nok også for å dekke tap i nettet. Er sluttkunde som faktisk betalar det som forsvinn på vegen. Blir vel litt som at ein butikk prisar varene for å dekke eventuelt svinn. Når spotprisen er høg så vil også kostnaden for nettselskapet stige når dei må kjøpe denne straumen. Ein del av dette blir dekka av Statnett som betalar ut delar av sine flaskehalsinntekter til nettselskapa for å kompensere. Siste vedtak frå RME kan ein lese om her. Kva kraftselskapet som eig nettselskapet brukar pengar på vil ikkje virke inn på nettleiga sidan denne er regulert. Om du hadde lest det som står i linken eg posta rett før hadde du kanskje ikkje kome med denne påstanden. Men her er den igjen. https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/ Ein kan heilt klart diskutere korleis nettleige blir berekna. Det er nokre ting der som burde vore endra meiner eg. Spesielt det med at dei kan velte tap i nettet over på kunden og samtidig få utbytte på avkastning. Er kanskje noko eg overser der, men skulle tru det ikkje vil gi insentiv til å redusere tap når dei berre sender kostnaden vidare. Etter mi meining brude nettet vore drifta på lik linje med andre offentlege tenester som renovasjon, skule og eldreomsorg. Altså at det ikkje skal tenast pengar på å eige nett. Då vil også kostnaden bli meir rettferdig fordelt slik at dei som har lite frå før ikkje blir straffa like hardt som millionæren. Ein kunne redusert til eit nettselskap per fylke + Statnett så vil ein kanskje også redusere administrasjonskostnader osv. I dag har vi jo over 80 stk som så langt eg veit er heilt unikt i verden for eit så lite land. Mange av desse driftar kun distribusjonsnettet med ein områdekonsesjon i ein eller fleire kommunar, medan stasjonar og linjer over 22kV er det ofte dei større nettselskapa som tek seg av. Litt meir komplisert med eigarforhold internt i trafostasjonane sidan det virkar variere kven som eig transformatoren, men overordna så er det slik. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det er litt feil faktisk. Du får lese deg opp på korleis nettleiga vert rekna ut trur eg Dei faktiske kostnadane tel kun 30%, 70% er basert på ein kostnadsnorm. Du kan lese meir på RME si side om dette. https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/ -
Det kan virke som at veldig mange trur dei har forkjørsrett over alt når dei går ja. Men er det eigentleg det om ein les §19 ? Fleire parkeringsplassar burde få gangfelt mellom rader og for kryssing av veg mellom rader. Altså f.eks. |P|P|P|P|P|P|P|P|P|P|P|G|P|P|P|P|P|P ------------------------G------------- |P|P|P|P|P|P|P|P|P|P|P|G|P|P|P|P|P|P GGGGGGGGGGGGGGGGGGGGGGGG |P|P|P|P|P|P|P|P|P|P|P|G|P|P|P|P|P|P ------------------------G------------- |P|P|P|P|P|P|P|P|P|P|P|G|P|P|P|P|P|P
-
Seriøst!? Har det nokon gong vore snakk om det? Saken er at folk er pliktig til å sjå seg for og ikkje hindre trafikk når dei kryssar utanom gangfelt. Så dermed kan ikkje folk skjene ut framfor bilar som køyrer mellom radene. Det betyr jo ikkje at ein skal køyre ned folk som ikkje tenker seg om. Men om dei går ut rett framfor ein bil utanom oppmerka felt så bryt dei med §19 og det er ikkje føraren sin feil.
- 68 svar
-
- 4
-
-
-
Var vel det eg lurte på ja. Om ein har vikeplikt for alle som vil krysse mellom radene. Det var det eg diskuterte med personen etter hendinga. Men som Jarmo visar til så stemmer nok ikkje det om ein les §19.
- 68 svar
-
- 1
-
-
For å vere heilt tydeleg her. Eg hadde i det tilfellet ein fart på 10-20 km/t som er ganske normalt vil eg tru. Eg er også mykje meir merksam sidan eg køyrer ein e-Golf utan VESS. Når personen så dukkar opp 1-2m framfor bilen og berre fortset ut i vegen så klarar ein ikkje å reagere og stoppe i tide. Hugs på at 10km/t er 2.7m/s
-
Det burde jo heilt klart vere ei presisering i regelverket her at gåande også er pliktig til å søke kontakt med føraren for å vere sikker før dei kryssar. Skulle likt å sjå folk redusere til gangfart på ein parkeringsplass. Det blir fort tuting og utolmodige folk bak om ein gjer dette ja. Spesielt ser eg dette i byane der folk virkar ha det veldig travelt.
