-
Innlegg
1 479 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Hjelper lite når ein har idiotar som ikkje tenker. Kan jo berre sette ned farten til gangfart over alt i trafikken for å vere sikker. Kan jo vere ein idiot som spring over vegen i ei 80 sone. Men då er det jo så klart føraren si feil. Ikkje så farleg om det tek eit sekund og over 20m berre å reagere.
- 68 svar
-
- 2
-
-
-
Ingen har null reaksjonsevne. Som eg sa så kan ein ikkje køyre framover om ein skal vere 100% sikker på at ein skal stoppe for ein idiot som tek steget ut i vegen 1 meter framfor bilen. Men sida det er føraren av bilen si feil så kan det spekulerast i dette.
-
Så om ein person går ut rett framfor bilen og ein har reaksjonstid osv så kan altså fotgjengar spekulere i å få folk til å miste lappen. Det er jo heilt hinsides all fornuft. Kan jo nesten lure på om det er det mange gjer når dei berre skjenar ut rett framfor bilen som dei heilt klart ser. Har sett dette mange gongar på parkeringsplassar på veg til og frå bilen. Føraren må bråstoppe.
- 68 svar
-
- 2
-
-
-
Ikkje det eg spør om. Blir jo risikosport om ein må stoppe for alle som berre går ut rett framfor ein bil på parkeringsplassen og forventar ein bilen stoppar momentant. Om ein skal vere 100% sikker på å klare å stoppe for alle så kan ein ikkje køyre framover i det heile.
- 68 svar
-
- 2
-
-
-
Er ein pliktig å stoppe for gåande som kryssar mellom rekker av bilar på ein parkeringsplass utanfor butikkar og kjøpesenter? Snakkar altså om utanom oppmerka felt. Fleire gongar så berre skjenar folk ut utan å tenke seg om og forventar at ein skal stoppe. Heldt på å køyre på ein eldre mann som kom ut og var delvis dekka av A stolpen samtidig som det regna godt og var på veg å verte mørkt ute. Fyren var skikkeleg forbanna, slo i bilen min og meinte eg hadde vikeplikt for han.
- 68 svar
-
- 1
-
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Gasskraft med CCS ser eg ikkje om aktuelt her i Norge på lang tid om i det heile. Då må alle andre former vere brukt opp tenker eg. Trur nok at prisen for gass med CCS vil vere mykje dyrare enn vasskrafta og sikkert like dyr som vindkraft. Veit ikkje kva prisen er i dag utan CCS, men dei la jo ned og reiv kraftverket på Kårstø og det som står på Mongstad er vel også på veg å bli lagt ned. Gasskraft vart for dyrt i forhold til å bruke kraft frå nettet elles. Tvilar på at dette kun skuldast CO2 avgifter osv. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Sosialhjelp får ein ikkje med ei slik inntekt. Same gjeld bustøtte. Om ting var så enkelt så ville ein ikkje sjå så mange folk be om å få utdelt mat osv. Ein må ofte kvitte seg med det meste før ein får sosialhjelp. Har ein bil så må den bort, ikkje så farleg om ein må gå ein time til butikken kvar veg. Og ein blir då endå meir isolert frå omverda. Det som skjer er at ein kuttar ut alt ein ikkje må bruke pengar på. Så då står ein att med leige/lån, mat og straum. Og må ein då kutte så er det i maten først. Må også hugse på at dei med dårleg råd ofte bur i dårlegare isolerte bustader. Med auka kostnader så har leigeprisane også gått veldig opp for leige av bustad med straum. Eigaren må ta høgde for at leigetakar brukar mykje straum. Mange som slit økonomisk kjem også frå ei familie som har dårleg råd, så ein kan ikkje forvente hjelp der. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ser ut til at Desember vart rundt 114 øre/kWh med alt og Januar estimert til 113 øre/kWh. Er i NO5. Hadde sett verre ut om eg ikkje hadde ein "ny kunde" avtale med NTE som gir -1,7 øre/kWh og null fast pris pr mnd. Dei fleste tek 39-49kr/mnd fast og/eller 4-5 øre/kWh påslag, det er ikkje ein ubetydeleg del av totalprisen. Spesielt på sommaren er den faste prisen ein veldig stor del av totalprisen. Skal ein unngå dette så må ein drive jakte rundt kvart år for å få ein god pris. Det visar jo også at dei fast pris avtalar som ligg ute i dag er heilt ubrukelege. Dei fleste skal ha 99 øre eller meir og då kjem nettleige på toppen. Så då vil prisen per kWh bli langt over. For min del ville det vore snakk om totalpris på kanskje 120-150 øre med avgifter og nettleige etter støtte. Det kan diskuterast. Om ein lever for under 250k i året så kan det vere vanskeleg. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Nja... er eit i Øygarden ved Kollsnes på rundt 10MW som brenn spillgass. Er vel Eviny som eig og driftar dette. Usikker på om det er andre slike. Fleire fjernvarmeanlegg har også gass som backup. Ellers har vi jo gasskraftverket på Melkøya som Equinor heilt sikkert må betale CO2 avgifter for å bruke. Dette er også rekna med i lista over produksjon for NO4 sidan det kan levere ut på nettet via ein 132kV kabel. Det har så lange eg veit ikkje skjedd endå. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det som skurrar for meg er argumentet om at nettvirksomheit må ha avkastning. Det offentlege driv og brukar pengar på mange ting som ikkje gjev inntekter. Tenar kommunane pengar på vatn og avløp eller er avgiftene der for å dekke drift og vedlikehald? Kva med skular og eldreomsorg? -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
RME Fakta 2021-1 Alle faktaarka finn ein på: https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/ -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Sjekk rekneskapa for alle kraftselskapa. Dei tek ut pengar frå nettselskapet sitt som utbytte. Dette kjem frå investeringar dei gjer i nettet, så meir nett blir meir verdiar som igjen gjev meir utbytte. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Problemet hadde ikkje oppstått i like stor grad om ikkje produsentane kunne eksportere i store mengder året før. Det har vist seg at dei gongene det ha vore knapt så var eksporten i høgste laget året før. Dei er så ivrige etter å tene pengar at dei ikkje bryr seg om det blir litt lite i magasina. Dette problemet vart større når vi meir enn dobla kapasiteten ut/inn frå NO2 med NSL og NordLink. "Kan jo berre importere litt så går det bra. Ikkje så farleg kva folk må betale for straumen så lenge vi tener pengar." -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Problema i 2022 kom etter mindre nedbør enn normalt i 2021. Lite snø i fjellet vinteren 20/21. Og pga overfylte magasin i 2020 så tappa dei som galningar i 2021. Når så hausten 2022 kom og regnet mangla så burde dei ha redusert eksporten. September var uvanleg turr her i vest. Mykje av tappinga kom nok også av gode prisar etter at NSL opna i mai og NordLink i september det året. Det var på under eitt år to nye sugerøyr ut av landet. Var vel ikkje før dei var instruerte til å skjerpe seg at fyllingsgraden gjekk opp på slutten av 2022. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Så langt eg veit er systemet for NSL likt som resten, men separat. Så "auksjonen" fungerer som den andre europeiske. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
De veit ikkje kva prisen blir i NO2 når prisen for NSL blir bestemt. Det skjer vel 1-2 timar før den vanlege auksjonen. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://www.faktisk.no/artikkel/hvem-har-ansvaret-for-stromkablene-til-tyskland-og-england/111836 -
Trur ikkje de som tenker dette er greit er klar over at fat, koppar og bestikk blir vaska og skola ute i naturen etter bruk. Då kan vi få ting i naturen som ikkje skal vere her. Stoff som faktisk er forbode å bruke og sleppe ut i Europa. Dei kan ikkje sikre at mat dei tek med seg ikkje hamnar i naturen her. Er mange sjukdomar i dyr som vi knapt ser men som er heilt vanlege der borte. Ikkje veit eg, men det kan jo vere noko der også? Kan sikkert argumentere med at ein slepp ut som mykje anna skit i naturen ved øvingar, men skal ein gjere unntak for ting så blir det fort kaos. Slik eg les artikkelen så kan det virker som at det er manglade dokumentasjon på feltrasjonane som er problemet?
-
https://www.nrk.no/norge/containere-med-amerikansk-mat-star-fast-_-usa-antyder-mindre-oving-i-norge-1.17207218 Ser her at Amerikanarane sutrar over at dei ikkje får inn feltrasjonar som kanskje ikkje er lovlege i Norge. Og truar så med å redusere aktiviteten. Skal ein godta at fordi dei er militære så skal det overstyre regelverk for mat?
- 20 svar
-
- 1
-
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Tja, ikkje heilt. Sameiget som foreldra mine flytta til for rundt 4 år sidan har NIBE avtrekksvarmepumpe og vassboren varme felles med varmtvasstank i kvar leilegheit. Dei brukar langt mindre straum på å varme ei ca 80m2 leilegheit enn meg med ei på 48m2. No er dei midt i bygget så det sparar nok ein del. Eg bur i første med felles garasje under. Alle i første her har varmekablar i golvet pga dette. Blokka her er vel snart 25 år gammal. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ikkje frå Sauda, men frå Samnanger. Litt for å forsyne sokkelen, men også for å kunne oppgradere den gamle 300kV linja som går ut der i dag via Fana og Litlesotra. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/samnanger---oygarden/ Det har alt vore protestar mot trasear som er føreslegne. https://www.nrk.no/vestland/demonstrerte-mot-kraftlinjeplanar-1.17193215 Kabel delen av den 300kV linja blir også forsterka i desse dagar med eit nytt sett kablar og nye muffestasjonar på kvar side som skal vere klar for 420kV. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/oygardskabelen-mellom-lille-sotra-og-kollsnes/ Det blir også ny stasjon som erstattar gamle Kollsnes. Den kan ikkje utvidast og oppgraderast. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/oygarden-transformatorstasjon/ -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://www.statnett.no/om-statnett/nyheter-og-pressemeldinger/nyhetsarkiv-2021/vestre-korridor-er-ferdig-bygget/ Det der var for at dei skulle flytte kraft til/frå dei nye HVDC kablane som kom. Her kan du sjå kart som visar litt meir detaljar: https://openinframap.org/#8.07/58.862/6.341 Einaste som manglar er som du seier meir effekt i kraftstasjonane. No er det planar på gang for RSK kraftverka: https://roldal-suldal.no/ Men så spørs det om dei får lov. Er jo mange som vil ha bort kraftverka også og kanskje springe som ein hamster for å produsere kraft -
Ok, så vis oss dei tala du snakkar om. Statnett har i ein nyleg rapport frå desember konkludert med at dei kan knyte til 1500-2000MW meir forbruk i NO1. Om ein var avhengig av utlandet så ville dette aldri skje. Kapasiteten NO1-SE3 er på om lag 2100MW, men pga interne utfordringar i Sverige så er vel kun om lag 1250MW som kan brukast. Dei må ta høgde for at denne kapasiteten kan falle bort og fortsatt ha kapasitet inn til NO1. Eg har lest rapportar frå NVE, Statnett og dei andre selskapa siste 10 åra utan å ha sett noko som seier at vi må ha HVDC sjøkablane ellers blir det krise heile tida. Ja vi kan få utfordringar om vi har 2 år på rad med lite regn, men utanom det så vil det gå heilt fint.
- 113 svar
-
- 6
-
-
Jo vi har nok kapasitet til å forsyne austlandet (NO1) frå NO2, NO3 og NO5. Ver så snill å slutt å spreie feilinformasjon. Kapasiteten over NO1A (NO2+NO5 til NO1) er vel på over 5500MW om eg hugsar rett. Kvar av dei har 3500-3900MW åleine. Om du kan vise til rapportar som seier at dette ikkje er tilfelle så ver snill å vise til desse. Linjene til Sverige var bygde for fleksibilitet og fordi linjene internt i Norge på den tida var dårlegare. Dei har mykje meir nord-sør kapasitet enn vi har og difor flyt krafta ofte over grensa frå NO4/NO3 via SE1,SE2 og SE3 osv. Mistenker at du har interesser i kraftbransjen eller så sluker du Fornybar Norge og liknande sine rapportar rått.
- 113 svar
-
- 6
-
-
