Gå til innhold

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 502
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Grønvasking av offshore er berre tull så var aldri for elektrifisering, men når det er vedteke så kan dei ikkje reversere dette. Det skapar berre usikkerheit om konsesjonar og vil hindre utvikling av diverse industri. Statnett er og godt i gang med ny stasjon rett utanfor Hammerfest der dagens 132kV stasjon ligg. Om offshore næringa vil elektrifisere så får dei byggje ut fornybar produksjon sjølve. Kan fint sende havvind til land om dei produserer meir enn dei treng.
  2. Problemet er at NO4 dreg opp heile greia. Ein kan ikkje forvente å få nytte av overskotet i NO4 nede i NO2 i løpet av året. Som eg har peika på før så har Svenskane bygd ut så mykje kraft i nord at linjene deira er fulle store delar av året. NO2 ligg 15% under median for året. Men langt frå noko krise i det. Problemet er energien som er lagra i snø i fjellet er svært låg. Vi er rundt 2010 krise året når det gjeld fylling, snø og tilsig i NO2. Det resulterte den lågaste fyllingsgraden vinteren 11/12. Kjem det ein god del nedbør framover våren så går det nok fint.
  3. Trur nok ein del av reduksjonen er fordi fleire ikkje bur i einebustad, men i små leilegheiter som brukar mindre.
  4. https://www.nve.no/energi/analyser-og-statistikk/hydrologiske-data-til-kraftsituasjonsrapporten/ Ser ikkje bra ut for NO2 om ein samanliknar med 2010. Einaste positive no er at NO4 har meir på lager enn dei hadde ved starten av 2010. NO5 ser heller ikkje heilt bra ut og er ned mot 2010 nivå.
  5. Flaskehalsen er der vel nær sagt heile tida om eg har forstått ting rett. Sverige har også vasskraft i nord som dei brukar nå dei må. Etter kvart som produksjon og forbruk har auka der borte så har kapasiteten minka. Og så er ikkje kraftverka våre bygde for effekt heller, så dei får ikkje sende ut mykje kraft på kort tid. Statkraft jobbar vel med å sette inn eit tredje aggregat i Alta kraftverk. Det vart bygd med plass til dette. Men 90 av 120MW som er planlagt er på vilkår. Resten er det kun plass til når/om statnett får byggje 420kV linje vidare frå Skaidi til Adamselv. No vil dette kun ha effekt på sommaren sidan dette er eit elvekraftverk. Men dei kan unngå å sleppe vatn forbi. For kapasiteten sørover så må ei ny 420kV linje til frå Ofoten til Nedre Røssåga ved Korgen, slik at ein har to, og så må den gamle 300kV linja sørover oppgraderast.
  6. Problemet er at Sverige har bygd ut mykje vindkraft i nord og då er det ikkje like mykje kapasitet i nettet der borte. NO4, NO3 og NO1 har i stor grad basert seg på at flyten gjekk via Sverige.
  7. Reduserte utgiftene med 40% når eg bytta til elbil dei to åra eg ikkje kunne lade heime. 200Wh/km til 3kr/kWh + 1500kr/år for Tesla abbo. over 15k km = 10500kr For at fossil bilen ved 20kr/L skal klare det må forbruket vere 3,5L/100km. Ein fossil bil tilsvarande ein elbil med 200Wh/km i snitt er langt unna det. For min del var det Golf TDI 2.0 til e-Golf. Ca 6L/100km i snitt mot 150Wh/km på e-Golf'en. Ein 1,6 liter diesel som eg hadde i Polo'en før kunne vel klart 5,5L/100km. Om eg tek i litt og brukar 160Wh/km så vil det bety 2,9L/100km ved 20kr/L. Litt OT, men følte eg måtte rette på den der
  8. Dette visar berre kor mykje energi ein potensielt kan flytte mellom områder på eit år. Det er nok neppe teke høgde for linjer som er nede for vedlikehald osv. NO4 hadde f.eks. ein nettoeksport på 6,87TWh i 2025. Nær dobbelte av 2024, men mindre enn 2023. NO3 hadde netto import på 1,96TWh NO5 netto eksport på 14,85TWh ein liten nedgang frå 2024 NO2 netto eksport på 17,25TWh ned frå 19,32TWh i 2024 NO1 netto import på 14,78TWh ned litt over 1TWh frå 2024
  9. Er enkelt for eit nettselskap å sjå trend. Dei har tal for kvar målar og kan samanlikne med åra før. I snitt så har målarane med norgespris altså auka forbruket med 2% i forhold til åra før. Usikker på kva type temperatur det har vore sidan oktober i forhold til åra før. Men her i vest var det uvanleg varmt.
  10. Då må differansen vere stor mellom områda. Det ser dårleg ut med det. https://data.nordpoolgroup.com/auction/day-ahead/prices?deliveryDate=latest&currency=EUR&aggregation=DeliveryPeriod&deliveryAreas=GER,NL,NO1,NO2,SE1,SE2,SE3
  11. Brot på EØS avtalen vil eg tru. Spesielt ei rein overføring.
  12. Kabelen dekkar knapt eit kraftverk som vart lagt ned, så nei...
  13. Hugs på at over 90% av kraftinntektene er offentlege og det staten brukar på Norgespris er ei lita tilbakebetaling av ekstra inntekter pga auka kraftprisar. Prisane har auka i stor grad pga prissmitte frå utlandet. Når verdien på vatnet er dobbelt så høg i England og Tyskland, og ein kan sende kraft dit så set produsentane opp prisen på krafta dei kan produsere.
  14. Så lenge VVB er kopla med stikk ja. Nyare installasjonar har kabelen rett i veggen pga nye krav. Eg fekk ny her i fjor og då var det krav om at stikket skal bort.
  15. Ta dusjen rundt kl 22 på kvelden. Dei fleste nettselskapa har redusert nettleige mellom kl 22 og 06 Her i blokka har eg merka meg at fleire vaskar kle seint på kvelden. Høyrer ofte sentrifugering lagt borte etter kl 23 på kvelden. Ikkje at det er den største forbrukaren av straum akkurat.
  16. Ser ikkje for meg at ei fornying av SK1+2 blir på kun 500MW. Dei vil jo så klart bruke nyaste teknologi som dei andre to til Tyskland og England. Så då snakkar vi om 900MW meir og vi er då oppe i ca 2500MW kapasitet til Danmark. Om nettet på kvar side har kapasitet vel og merke. Men då blir det vel brukt milliardar på oppgradering slik som for NSL og NordLink. I det minste blir det ei ekstra 420kV linje mellom Kvinesdal og Kristiansand. Kanskje også ekstra Kristiansand-Arendal-Bamble. No er det vel allereie planar om ei ekstra linje Arendal-Bamble sidan det kun er ei der i dag.
  17. Feil. Dei fleste har lik pris heile året. Det einaste dei må ha er ein effektpris og ein forbrukspris. Minst eit selskap har ein flat effektpris 0-100kW meiner eg.
  18. Forslag: 1000 kWh basis (som hytter)+ 250 per hushaldsmedlem. Så får ein 100 kWh extra for kvar grad normal snitt temperatur er under +5 for månaden det gjeld. Ein familie på 4 i Karasjok får då 2000kWh + 2000kWh i Januar. I Folldal får ein 1500 kWh ekstra i Januar.
  19. Poenget er at ein flat 5000 kWh ordning slår veldig skeivt ut. Folk med god råd og varmekabel i innkøyrselen kan kose seg. Eller dei fyrer opp badstu og boblebad eller bassenget på sommaren. Ikkje så farleg når ein har 5000 kWh med fast god pris. Taket kan vere basert på kor mange det er i hushaldninga og kva normal snitt temperatur er. Grensa kan også vere ulik kvar månad. Meiner eg såg eit nettselskap som faktisk set effekt prisen ulik etter kva tid på året det er.
  20. Fordi ingen som har dårleg råd vil bu ein plass ein må bruke så mykje straum på ein månad. Har du sett 4+ ungar til livet og må ha ein svær bustad samt samt denne dusje kvar dag greia osv så er det ikkje mitt problem. Har ein dårleg råd så er det uansvarleg. For min del er inntekt ein av grunnane til at eg ikkje har born. Ville rett og slett ikkje ha råd til å gi ungen det han treng. 5000 kWh/månad er mykje for dei aller fleste månader dei aller fleste plassar i Norge. Og det gjev som mange seier ingen insentiv til å spare.
  21. Høgaste forbruk nokon sinne her er 1621 kWh i Januar 2024. Temperaturen var 8,5 til -25,1 og snitt på -7,9. Desember 2023 enda på 1515 kWh. Temp 9,5 til -17,7 og snitt på -4,5. Så langt i Januar 2026 har eg brukt 554 kWh. Temp har vore 0,8 til -20,2 med snitt på -12,7. Rekar med å ende på rundt 1500 kWh om langtidsvarsel slår til. Eg har ikkje varmepumpe og det meste av oppvarming er frå varmekablar i stove/kjøkken og på badet. Har også varmekabelen i entre på litt når det er så kaldt. Ved temperaturar godt under null så må eg hjelpe til med ein liten panelomn under stoveglaset. Har vel vore 22-23 grader i stove/kjøkken i det siste.
  22. Foreldra mine brukte 25-30k kWh i året når dei slutta å fyre med ved. Dei fekk seg ei varmepumpe for stova. Så lenge vi var 4 heime så brukte vi vel 20-25k i året, men då var oppvarminga med ved på kvelden når vi kom heim. Dette varma hovudetasjen med stove kjøkken og eit soverom. Fattern fyrte i omnen sånn i 4-5 tida. Veden kosta kun diesel på ein traktor, litt straum til saga og arbeidstimar i skogen på vinteren. På dagtid var det kun ein liten elektrisk omn i stova som sto på litt om vinteren for å halde temperaturen oppe. Varme i kjellaren der vi ungane hadde romma våre var fortsatt med straum. Huset hadde vel ei grunnflate på ca 100m2 og to etasjar. No bur dei i ei ca 80m2 leilegheit og brukar kanskje 7-8k kWh i året. Fordel med å bu midt i mellom alle og moderne varmesystem. Eg ligg på 10k i året i ei eldre 48m2 leilegheit som har ein kald garasje under seg. Brukte f.eks. 1150 kWh i desember. Så ja, 5k per månad er heilt hinsides mykje.
  23. Tvilar på at elbilar vil stå for over 80% i 2028 når elbilar får MVA frå første krone. Om det skjer så blir nybil salet kraftig redusert pga svært høge prisar. Dei må jo auke avgiftene på fossile bilar så mykje at folk vel elbil. Ser for meg ein Suzuki Swift til 500k. Altså at små bybilar vil starte på kanskje 400-450k. Er neppe mange som fristar å kjøpe ein gammal elbil som er 6-7 år og har gått over 100k km. Då kan ein sitte med ein bil ein kanskje må bruke 100k ekstra på for å få fikse batteriet. Batteriet kan ha mista rundt 20% eller meir av kapasiteten også. Det vil jo gjere at bilar som ein gong hadde ok rekkevidd vil bli redusert til ein bil for lokal bruk maks.
  24. Når det er mange tusen produkt som treng 2G for å fungere så er det ok? Har ikkje sagt vi skal gå bakover i tid, det er eit tullete argument. Som eg har sagt fleire gongar, dei startar i feil ende. Ein må først krevje støtte for ny teknologi i produkt etter ein dato og så la den gamle bli fasa ut naturleg. Det kan ta 10+ år alt etter kva det er. I staden så har det ikkje vore sett krav og produsentar har produsert med minste krav fordi det er rimelegare. Då er det sluttbrukar som sit att med rekninga og hadde ingen måte å påverke dette. Dei må berre ta til takke med det dei får. Det gjeld vel på det meste som har brukt 2G slik som i bilar, alarmar osv. Ein blir tvinga til å byte ut eit fungerande produkt som lagar unødig e-avfall og nye produkt må produserast med dei negative konsekvensar det har. Meir sjeldne metallar osv må utvinnast. Eg måtte f.eks. byte ut telefonen min fordi Android versjonen vart for gammal og program slutta å virke på den. Ting ein brukar til dagen som bank ID, og bank appen osv. Eg kunne oppgradere Android versjonen manuelt, men då var ikkje telefonen original og det godtek ikkje slike program. Eg var tvinga til å kjøpe ny telefon endå den fungerte heilt fint. Kunne bytta batteri og telefonen ville fungert i fleire år til. Hadde politikarane hatt litt ballar så hadde dei forlangt at f.eks. bilindustrien må finne løysingar på alle bilar produsert etter varsling om stenging av 2G. Men det vil jo aldri skje fordi det kan velte heile industrien økonomisk. Og etter at 2G og 3G nettet forsvinn så blir dekninga berre dårlegare. Eg har knapt 4/5G signal når eg sit inne her eg bur. Når 3G fortsatt var oppe så fekk eg fullt utslag på signal på telefonen, same gjeld fortsatt for 2G enn så lenge. Og då bur er i ein ganske stor tettstad som har god dekning om ein er på dei rette plassane eller om eg går ut. Når signalet er så dårleg så byter telefonen til wifi tale som har sine problem. Lyden vert ofte kutta i nokre sekund med dette. Veldig frustrerande å halde ein samtale når lyden fell bort i 2-3 sekund. Ute i distrikta så har dekninga gått frå ok til veldig variabel eller ingen dekning. Dekning i tunnel er jo reine lotteriet. Kor er sikkerheita i dette? Om det er eit frekvensområde dei skulle ta i bruk for 5G så er det gamle 450Mhz. Det rakk langt opp i fjella utan problem. Men det er vel ICE som brukar dette til sitt mobildata nett.
  25. Er jo eit resultat av at bransjen får styre på som dei vil. Ikkje mykje miljøvennleg IMO. Alt for mykje "forced obsolescence" som dei kallar det. Kjem ikkje på eit godt alternativ på norsk.
×
×
  • Opprett ny...