Gå til innhold

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 601
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Problemet med utbytte er at det blir ein skatt sidan det reduserer trongen til andre avgifter og skattar i kommunen. Men straumprisen bryr seg ikkje om kor mykje folk tener så det blir ein veldig skeiv skatt.
  2. Slik er det jo med straumnettet også. Men VA er drifta utan profitt, så kvifor kan ikkje straumnettet og så vere det?
  3. Det kjem an på prisinga. Her vart det mykje dyrare for oss 4 i eit lite hus med målar enn stipulert forbruk. Var nok sikkert det dei fleste også såg når dei rekna på det. Eg har ingen målar her i leilegheita mi. Ikkje sett målar nokon stad i garasjen under der vatnet kjem inn i blokka heller. Det var ei greie her av og til fram til dei fornya vassforsyninga på 90-talet. No må elva og vatnet tørke ut om vi skal gå tom. Det vi brukar ute renn også tilbake i vatnet til slutt. Anna bruk inne går også tilbake der etter ein tur gjennom renseanlegget. Kan forstå at kommunar som har dårleg vassforsyning vil pålegge folk målar. Ein kan jo lure på kvifor vatn og avløp er drifta etter sjølvkost medan straumnettet det må det vere profitt på. Ingen vil jo drifte straumnettet om dei ikkje tener pengar på det. Men vatn og avløp det går fint? Kva er skilnaden på desse? Begge er like nødvendig i dagens samfunn.
  4. Merkeleg at det er kommunalt eigde selskap som driv slike ting her då. Slik har det vore i alle år. Avfallskøyring er det eit interkommunalt selskap som tek seg av her. Vatn har ein fast pris. Var vel snakk om at kommunen ville innføre vassmålar for alle, men då vart det opprør. Bygging og drift er to ulike ting. Blir jo litt som når kraftselskapa leiger inn entreprenørar til å bygge ein kraftstasjon.
  5. Ja, det har du rett i. Tenkte ikkje på samvirke. Men desse er jo eigde av brukarane og ikkje laga for profitt. Slik eg forstår det blir ikkje overskotet utbetalt, men brukt til drift og redusert nettleige. Usikker på korleis dette fungerer for Alta kraftlag SA. Dei har jo fleire AS under seg som f.eks. nettselskapet Alut AS. Fungerer vel sikkert likt som dei andre sidan samvirket ikkje har eigarar som tek ut overskotet. Altså at Alut ikkje betalar utbytte til samvirket. Kanskje det er slik alle nettselskapa brude vore organisert. Eigd av brukarane i området. Men det har vel lite å seie sidan ein då må betale meir for andre ting i kommunen.
  6. Ser du på konsernet no eller? Nettselskapet er kun ein liten del av dette. Kor mykje morselskapet får ut frå nettselskapet blir bestemt ut frå gitte reglar. Driv dei effektivt med lite feil og låge kostnader så er det meir til overs. Om straumen blir borte pga feil så tapar selskapet pengar og dermed kan dei ta ut mindre pengar i utbytte. Dei får ei bot på ein måte. Dette er det ein kallar KILE kostnader.
  7. Men det er jo ingen private som eig nett utanom produksjonslinjer frå privat eigde kraftverk, og nokre industrinett. Alle nettselskap som distribuerer til private er eigde av kommunane gjennom morselskapa.
  8. Treng ikkje vere profet når ein såg resultatet av nedbør i oktober (under halvparten av normal). Eg venta til slutten av november før eg bestilte for å sjå utviklinga. Men at det skulle bli så ille som det vart i januar og februar, som er ein av dei mest nedbørrike månadane her i vest, hadde eg jo ikkje forventa.
  9. Har ein 12-bay NAS der 6TB WD Red diskar har start å feile på den eine poolen. Og den andre som fortsatt er ok har eldre 3TB diskar. Blir dyrt å erstatte med dagens prisnivå.
  10. Når det gjeld Elvia og auka nettleige så mistenker eg at dei tok for mykje eit år tidlegare som gjorde at dei måtte redusere den for å kome i balanse? Når dei har det så set dei den opp att for å få inn det dei forventar å få lov til å ta. Mitt nettselskap har auka nettleiga jamnt og trutt siste åra. Men det er snakk om nokre øre/kWh + kanskje 10% på effektledd. Må hugse på at jo høgare spotprisen er jo meir vil nettleiga koste oss. Nettselskapa må kjøpe inn det som går tapt i nettet på spotmarknaden. Kabeltunnelen Hamang-Smestad gjennom Bærum burde nok heilt klart vore delvis finansiert av kommunen. Slik det er no så er heile landet med på å betale for at folk skal sleppe kraftlinje gjennom bustadområder. Men ein tunnel er også smart med tanke på framtida. Ein overføre meir gjennom kablar som ikkje er gravd ned og det er også lettare å fikse eventuelle feil.
  11. Og blir det ikkje noko sal så går det i svart eller ting stoppar opp fordi varen ikkje blir produsert. Men det er jo ikkje slik det fungerer. Produsenten kan jo fint berre seie at eg skal ha X per eining av vara eller så produserer vi ikkje. Dei har ingen plikt til å produsere. Det ville vel kanskje kome noko slikt når samfunnet stoppar opp pga mangel på f.eks. drivstoff. Men det vil jo drive prisen opp. For straum så er det diverse kontraktar og pålegg om produksjon for at ting ikkje skal gå i svart.
  12. Nei, greia er jo at prisen er jo sett ut frå bod som seljarane kom med. Og med marginalprising så er det jo høgste bod som set prisen. Hjelper lite om seljar X kan selje sin bensin til 10kr/liter om seljar Y verdset sin bensin til 20kr/liter. Bensinstasjon A får ikkje kjøpe bensinen frå seljar X til 10kr uansett. Dei må betale 20kr til alle fordi prisen er sett på ein børs. Blir som ein grossist kjøper inn frå ulike produsentar og så sel vidare til dyraste pris uansett. Bensinstasjonane kan ikkje kjøpe direkte frå produsenten.
  13. Er det ikkje slik at det ikkje er knappheit? Vi er jo på grøn status. Kva om ei bensinstasjon kjede seier dei vil kjøpe bensin for 20kr/liter. Det er høgste bod. Då skal alle andre stasjonar også kjøpe for 20kr/liter den dagen, timen eller kva det no måtte vere. Så då vil alle bensinstasjonar selje baser på høgste bod for bensinen. Eit flyselskap verdset ein billett Oslo-Bergen til 1500kr. Då må dei andre også prise billetten til det same. Greia er jo at det er ingen ting som hindrar produsentane i å sette opp prisen eit øre her og eit øre der. Til slutt så betalar kundane blodpris. Og dette er kun fordi høgaste pris er minimum. Einaste dei må produsere på er minste vassføring, elvekraft osv. Er det ille nok så kan dei jo berre sende vatnet forbi turbinen også. Så då får vi enorme svingingar i pris frå vind og sol til stille og overskya. Og så har ein jo systemet med at produsentar betalar andre for å ikkje produsere. Det skjer visst heile tida for Tyskland og Danmark der danske vindkraftverk får betalt for å la turbinane stå. Prisinga burde vere eit snitt eller liknande. Det vil også redusere tida med negativ pris som også er heilt meiningslaus. Det vil nok også gi betre vilkår for sol og vind. Einaste som held slike oppe i dag er langsiktige kontraktar. Det er jo litt som Norgespris det. Hadde vind og sol fått betalt for det dei faktisk produserer når dei produserer så hadde det aldri vore liv laga. Eg kunne godt tenkt meg å kjøpt 5-10k kWh/år på langtidskontrakt for 30 øre/kWh eller kva det no er bedrifter må betale.
  14. Kanskje vi skal marginalprise alle varer og tenester? Sikkert fint for alle land som kan produsere billig og tene rått på at prisen blir sett ut frå dyraste produksjon. Problemet er jo berre at folka der ikkje vil ha råd til å kjøpe mat osv.
  15. Neppe... kostnaden med KILE er ganske stor og ville nok kosta nettselskapet meir. Difor er det berre i distrikta med få kundar at folk er tilkopla ein radial. Då blir mengda kraft som ikkje er levert låg og "bota" mindre for selskapet. Eit eksempel, som eg meiner å ha nemd i tråden før, er Steigen og Hamarøy. Dei var forsynt med ei 66kV line frå Kjøpsvik som har 3 fjordspenn. Desse er sårbare(lang reparasjonstid). I tillegg er det kun eit av kraftverka der som kan halde frekvensen i øydrift. Så Statnett bygde ny stasjon ved Kobbvatnet slik at området fekk ei tosidig forsyning på 66kV. https://openinframap.org/#9.08/67.875/15.9218
  16. Fint for folk som har råd til å bu der. Her bygda vart ei blokk frå rundt 1980 kraftig oppgradert for rundt 10 år sidan. No kostar det 7-8k per mnd i fellesutgifter på dei minste. Dei som har vore for sal siste åra har vore 2-3 millionar pga dei høge utgiftene. Folk vill rett og slett ikkje kjøpe noko som har så høge kostnader. Den eg bur i er frå ca 2001. Varmekablar i alle leilegheiter i første etasje pga garasjen under. Resten har panelomnar på veggen. Varmepumpe er vanskeleg sidan utedelen må vere svært nær naboen sitt soverom. Eg er i første og brukar vel 9-11k kWh i året, alt etter kor kald vinteren er, i ei som er under 50m2. Får ikkje mykje hjelp frå nabo i denne. Har bodar og eit inngangsparti på eine sida, så yttervegg kun framme og bak. Kunne heilt klart spart med ei varmepumpe, men utan varmekabelen på så er det svært kaldt i golvet på vinteren. Kabelen i stove/kjøkken er vel på rundt 1600W. Ved -10C over tid så klarar den knapt å halde 22C inne åleine. Styringa har ei sperre for at ikkje golvet skal bli for varmt. Har og ein liten 700W panelomn under stoveglaset som hjelper til. Samanlika med foreldra mine så er det dårlege greier. Dei brukar 6-7k i året i ei over 80m2 leilegheit. Men så har dei andre leilegheiter rundt seg på alle kantar. Dei har også Nibe avtrekksvarmepumpe og vassboren varme i golvet for bad, gang og stove/kjøkken. Litt nyare bygg også... er vel 5-6 år gammalt no.
  17. Fint for folk som har råd til slikt eller heig hus der ein kan installere slikt. Er faktisk også mange eldre leilegheiter der slikt ikkje vil vere ok pga støy frå utedel. Ein må då ofte installere med så lange røyr at ein mister masse effekt. Dette vert også svært dyrt. Her vart det masse styr når nokon ville installere pga støyen. Utedelen vart så svak at den vist nok ikkje er brukande når det faktisk trengs Ikkje rekne med desse ordningane, dei burde ikkje eksistere i eit fungerande system. Ein spotpris på 1kr + nettleige og alle avgifter vil lett vere over 1,5kr totalt. Kanskje ikkje for kundar i nettselskapa som driv der for bur tett.
  18. Ein moderne ovn vil brenne bjørkeved til godt under 2kr/kWh. Alt etter kva prisen er på veden. For min del vil straum over ca 1,50kr/kWh vere dyrare enn å brenne ved. Hadde det ikkje vore for straumstøtte og norgespris så hadde det vore mykje vedfyring her i området. Det såg vi før det kom ordningar. Folk kjøpte ved som gale og bøndene tente masse ekstra på å hogge ved. Ved som ikkje kvar klar til bruk før etter fleire månader med lagring og tørking. Med dyrare straum er garantert ikkje noko til overs for å investere i tiltak. Som eg har peika på tidlegare så ville nok mange gått i minus utan nokon form for støtte. 4-5 månader i året ville eg brukt meir på straum enn mat med spotprisane som har vore siste åra. Alternativet er vel å sitte inne med hue og vottar og kanskje redusere til ein dusj per månad. Sorry at det luktar litt men Simen vil at AS Norge skal tene pengar så eg har ikkje råd til slik luksus 😛
  19. Alvorlig talt Simen. Med dei nyaste kablane så kan kraftselskapa eksportere meir på kort tid enn før. Det fører til at magasina oftare vert tømde og så må dei sette prisane over resten for at det skal bli import. Vinn-vinn for dei, men det er folk og næringsliv som tapar. Om du ikkje forstår dette så gir eg opp... Prosent av inntekt eg brukte på straum var lågare i alle år før ting tok heilt av rundt 2021. Einast grunnen til at den kanskje er lågare no er jo støtteordningar. Ein kald vinter var kanskje 70-90 øre nokre timar. På sommaren så var det kanskje 30 øre og ofte ned mot null eller gratis. Var ikkje uvanleg å få fastpris på under 50 øre hjå selskapa. I dag er det nesten 3 gongar så dyrt. Vi kan ikkje ha sentral-europeiske prisar på straum når vi har eit heilt anna klima her i nord. Om vi ikkje hadde straumstøtte så ville fyring med ved vore rimelegare halve året for min del. Og eg kunne sikkert fått den rimelegare sidan eg kan kjøpe direkte hjå slektningar på begge sider. Men vedfyring vil vi jo ikkje ha pga lokal forureining. Og ein kan ikkje berre argumentere for at vi har støtteordningar. Desse er unødvendige i eit fungerande system. Skal love deg at det hadde vorte eit ras av personlege konkursar om vi aldri hadde hatt nokon form for støtte. Sikkert mange saker i media om pensjonistar som hadde vorte funne døde etter at dei sparte på straumen osv. Ser for meg ein minstepensjonist som må bruke halve pensjonen sin på straumrekninga.
  20. Ser sikkert fint ut når ein ser på snittet. Prøv å rekne på det for ein minstepensjonist f.eks. Det er ca 280k i året. Skatten er 0 på så lite pensjon. For min del er straumen no 5-10% av det eg har å rutte med per månad alt etter årstid. Og då snakkar vi om Norgespris altså. Utan nokon form for støtte etter prisane gjekk opp, som du vil ha, så ville eg mest sannsynleg vore personleg konkurs for lenge sidan. Men fordi eg tener "godt nok" så har eg ingen rett på støtte frå det offentlege om eg går tom. Så då blir spørsmålet om ein skal fryse eller svelte for å ha nok pengar. Kan jo heller ikkje spare eigenkapital til å faktisk ha råd til å kjøpe husvære heller når prisane aukar meir enn det ein sit at med netto. Høg straumpris er med å presse KPI opp endå meir.
  21. https://www.nrk.no/vestland/krypto-smell-i-sogn_-regjeringa-seier-nei-til-omstridd-straumavtale-1.17876843 Heilt vilt kor mange folk i kommunane som blir sure for dette. Jaggu på tide seier no eg. Ein må sjekke nøye før neste kommuneval kven som er mot denne endringa. Er jo knapt lokalt tilsette ved slike datasenter. Alt er fjernstyrt og fysisk vedlikehald vert sett bort til eksterne som ofte held til i byane langt borte. Kommunen får vel støy og eigedomsskatt... For min del kan ingen parti eller politikar i kommunen som er for å bruke konsesjonskraft på datasenter og krypto få mi stemme. Hadde det vore opp til meg så vert slike bannlyst frå lokal politikk resten av livet 😛
  22. Men selskapa kan vel bestemme om dei vil produsere frå ein kraftstasjon eller ikkje? Dei kan vel også bestemme om dei vil bruke vatnet til å stille reserve i markedet eller produsere vanleg?
  23. Var det ikkje høgresida som styrte når stortinget vedtok dei to siste kablane?
  24. Så du har i snitt ikkje meir å betale på kvar månad? Om du har hus så har du diverse kommunale avgifter og forsikringar som sikkert brukar halvparten av det. Ein gjeldfri bil kostar minst 500kr/mnd i faste utgifter (forsikring+årsavgift) utan at den blir brukt. Lever du på luft eller? Husleiga mi er på 9000kr/mnd, som er godt under snittet her, og så skal det betalast for straum og mat osv.
  25. Vi importerer høgare straumpris i snitt. Hjelper lite med korte periodar med rimeleg vind og solkraft når resten av året blir dyrt. Spesielt på vinteren når vi brukar mest. Eit system utan flaskehalsar vil ikkje fungere for oss. Klimaet vårt er ikkje likt med resten av Europa. Vi vil ende opp med at fleire byggjer for å kunne fyre med ved som heller ikkje er bra. I moderne omn vil 1000L bjørkeved til 1600kr vere billegare å fyre med når straumen kostar 1,50kr/kWh + nettleige. Skal resten av Europa redusere forbruket av gass så vil dei også få merke høge straumprisar. Fjerne alle ordningar for redusert staumpris ville berre gått ut over dei som slit frå før. Det vil også redusere anna forbruk som igjen vil gå ut over bedrifter rundt om i landet. Folk har rett og slett mindre pengar å bruke på andre ting. Bedriftene blir då straffa dobbelt med auka produksjonskostnad og mindre sal av produkt og tenester. Staten blir kanskje rikare, men ikkje folk flest. Høyrest ut som eit forslag frå høgresida slik at dei kan fjerne formueskatten. Du snakkar om at stat og kommune tener meir. Men for kommunane så får dei auka utgifter til straum som et opp eventuelt ekstra utbytte frå kraftselskapet. For dei fleste så er utgiftene større. Oppvarming av skular og andre offentlege bygg kostar flesk og dei får vel ikkje straumstøtte. Er mange kommunar som eig ein svært liten del i kraftselskapa. Vi ser jo på nyheitene kor flinke desse kraftselskapa er til å bruke pengar på ting som ikkje er liv laga.
×
×
  • Opprett ny...