-
Innlegg
1 479 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Veldig få HVDC linkar som er monopol i dag. Dei kan operere som det, men med redusert kapasitet. Og nei ein må ikkje ha to ledere for monopol på land. Dei brukar elektrode linjer og så ei stort område der denne er kopla til bakken. https://en.wikipedia.org/wiki/Electrode_line -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Av 3300MW SE1->SE2 så er 2300MW tilgjengeleg. (70%) Av 7300MW SE2->SE3 så er 5000MW tilgjengeleg. (69%) Av 6200MW SE3->SE4 så er 4100MW tilgjengeleg. (66%) Samtidig er 30-40% av kapasiteten til/frå NO4 ute, og 60% av kapasiteten på NO1<->SE3. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Heile greia med eigne selskap som sel straum kan samanliknast med forsikringsselskap i USA som lønnar sikkert ein million ekstra tilsette for å jobbe med helseforsikringar. Det at nettselskapet er monopolist har har ingen innverknad på spotpisen. Påslaget vi betalar til selskapa i dag er for å lønne ei unødvendig næring som fordyrar alt. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Endre lova slik at eigaren som har selskap i Norge må skatte til Norge. Om dette ikkje vert betalt så blir selskapet skattepliktig direkte. Det vil også få slutt på alle desse som stikk av til Sveits osv. Alternativt at selskapsskatten når eigaren er i utlandet aukast for gjere ting rettferdig for lokale eigarar. Dette systemet kan også vere fleksibelt slika at det er justert etter prosent eigedel som er i utlandet. Eller så må formueskatten bort og selskapsskatten aukast over heile linja slik at det går i null totalt. Om dei ikkje finn dette greit så kan dei berre ryke og reise om du spør meg. Slik det er i dag så har utanlandske eigarar ein stor fordel som gjer ting urettferdig. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Tap pga avstad for HVDC er ekstremt lågt. Men vil jo klart vere ein del over så lange avstandar. Litt research visar ca 3-3,5% per 1000km -
Dårleg erfaring med base modellar. Krev ofte høyrselsvern
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Sorry, men då er systemet for dårleg. 99,9% av vanlege folk vil ikkje bruke tid på slikt tull. Om nettselskapa vil unngå toppar så får dei investere i automasjon for forbrukaren. Dette bør ikkje vere folk flest sitt ansvar sidan det slår svært skeivt ut økonomisk. Dei som har råd til å investerte gjer det for å "spare", men dei som har dårleg råd kan ikkje investere. Denne Enova avgifta er noko skammeleg tull som burde vore avvikla for lenge sidan. Ein ekstra skatt for dei med lite frå før slik at dei med god råd skal få støtte til å investere i sparetiltak. Og så deler dei ut milliardar til diverse prosjekt. Hywind Tampen fekk vel ein god del om eg hugsar rett. For min del ryk alt anna av ekstra ting å bruke pengar på før eg bryr meg med å flytte forbruk. Eg testa dette for eit par år sidan og vart heilt tullete av det. Var rett og slett lei og i dårleg humør av alt jaget for å sjekke pris og finne ut når eg skulle ta dusjen og om eg skulle lage varm mat eller ikkje osv. Investering i smarte løysingar fann eg ut ville teke 30+ år å spare inn og noko ein kan sjå langt etter når ein leiger bustad. Mest sannsynleg er det ikkje spart inn før eg er i grava uansett. For meg er største forbrukt 2kW på varmtvasstank og varmekabel i stova. Om eg flyttar desse så kunne eg kanskje spart 10-20 kr/mnd. Ville sikkert vore meir å spare om vi ikkje hadde noko støtte, men uansett ikkje noko eg kan gjere som leigetakar. Hadde faktisk ein timer på den gamle tanken slik at den ikkje var på dei timane som normalt hadde høg pris, men så vart den bytta og då vart stikken på veggen fjerna. Spurte om smart tank, men den var vist dobbelt så dyr og uaktuelt så klart. Er jo ikkje eigar som betalar for straumen. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Dei kunne heller ha redusert dagens topp til 65 øre før 90% støtte og så sett minste pris til 20 utan mva. Ein minstepris vil også gjere det enklare å investere og vurdere inntening for kraftverka. Men vil då måtte vere eit system på Nord Pool. Dei har jo allereie ein makspris, så burde vore lett å innføre minimum også. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Trafoen i ein vindtubin har ikkje pumpe så langt eg veit. Desse er små 0,69/22(33)kV transformatorar. Mange slike rundt om i mindre kraftstasjonar også. Typisk generatorspenning på mindre vassturbinar på 6-10MW er opp til 6,6kV, 2-6MW ~4,5kV, og så 690V under det. Større modellar har ofte radiatorar som då sirkulerer olja. Og så vifter utanpå for å auke kapasiteten ekstra. Om eg ikkje tek feil så gir vifter rundt 25% ekstra yting frå ein trafo. https://www.maddox.com/resources/articles/transformer-cooling-classes Mest vanlege er så langt eg veit ONAN og ONAF. -
Og rykta seier også at det kun er meir VRAM. Skal klare meg fint med 16GB ei god stund. Har kun 8GB i dag og ingen problem så langt.
-
Har 7800X3D og 32GB RAM så klarar meg fint. Men 3070Ti varer nok ikkje så lenge no. Ventar nok med å oppgradere CPU til Zen 6 eller kanskje Zen 7 om rykta stemmer.
-
Hmm... Asus ROG Strix 5070Ti OC til 11490 er vel ikkje så ille eller? Usikker om TUF er betre, og det var vel under 10k tidlegare?
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Er nok snittpris utan mva for månaden dei brukar, så innsparinga for folk flest på vinteren kan vere mykje høgare. Sjekka faktura for januar 2024 og der var straumen min i snitt på 1,19kr og det kosta meg 1925kr inkl. mva utan påslag og månadsavgift. Forbruket i kWh er rett. Om eg trekk frå mva så kjem eg ned på 1540kr som er nært dei 1500kr Elhub brukar i berekninga. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
No kan ein logge inn på Elhub og sjekke ut oversikt for Norgespris og kva den ville ha kosta om ein hadde dette tidlegare. For meg i NO5 så hadde den spart meg for 1300kr i 2024 med dei prisane som var då. Eg tapte litt på sommaren frå mai til oktober. Verste månad for ekstra kostnad ville vore september med 156kr ekstra, men så ville eg spart nesten 700kr i januar. Så lang i 2025 ville eg spart heile 647kr med Norgespris. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Bur i ein kraftkommune men ser ingen ting til denne konsesjonskrafta. Ikkje alle kraftkommunar som gjev innbyggjarane sine rimeleg kraft. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://www.nrk.no/rogaland/storste-kraftutbygging-pa-40-ar_-_-bidreg-til-lagare-straumprisar-1.17556548 Er eit dilemma dette her. Meir effekt eller ta vare på fauna. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://elhub.no/kraftmarkedsaret-2022/ Er rundt 70 som har privatkundar i dag. Mange har fusjonert sidan 2022. Denne lista skal vere ganske komplett: https://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_norske_nettselskap Det er også industrinett og produksjonsnett som ikkje er med i lista over. Nesten alle selskap som har større kraftproduksjon driv også reine produksjonslinjer for å få krafta ut. Ein del av dette er små 22kV linjer for å styre damluker osv langt inne på fjellet. Desse kan i nokre tilfelle forsyne hytter. Er litt tullete at vi har så mange selskap i eit lite land som Norge. Nettselskapa burde vore fjerna frå kraftkonserna og teke over av fylka og så dekka sitt fylke. Vi treng ikkje mange titals selskap som skal ha sin eigen administrasjon og planlegging. Mange av dei små må sikkert også hyre inn ekstern hjelp som kostar flesk. Det har jo allereie vore mange fusjonar siste åra. BBK (eigd av Eviny) her i vest har absorbert 3-4 andre selskap. Elvia på austlandet har også absorbert mange. Glitre Nett vart til etter at Agder energi og Glitre energi fusjonerte til Å Energi. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Heile oppdelinga var, og er, eit fordyrande element om du spør meg. Var vel noko som kom via EØS frå EU. Nettselskapa og mange av selskapa vi kan kjøpe straum frå er eigde av kraftkonserna. Desse vart oppretta for å kunne dele opp dei tradisjonelle kraftselskapa. Eksempel: Vibb AS som sel straum er eigd av Å Energi som også eig Glitre Nett. Wattn AS er eigd av: Tafjord kraft Sogn og Fjordane energi Tussa kraft Sognekraft Desse er så eigd av kommunar der dei held til eller opererer nettselskapa sine. F.eks. så eig Tussa, SFE og Tafjord nettselskapet Linja som driv nettet i Nordfjord og på Sunnmøre. Sognekraft eig 80% av nettselskapet Sygnir som driv delar av nettet i indre Sogn. Det har kome fleire og fleire selskap som sel straum utan å ha tilknyting til kraftkonserna. Agva kraft, Eletra energy, Kilden kraft, Saga energi osv. Desse er eigde av private og/eller utanlandske selskap. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Straum- og nettleverandør er separate uansett, men ved gjennomfakturering er det selskapet du har straumavtale med som sender rekning på heile greia. Det vil krevje ekstra kapital hjå straumsalselskapet som kan fordyre avtalen. Ein vil ikkje få att pengar sidan eventuell støtte er trekt frå totalen på den samla rekninga. Fordelen her er at sluttkunde slepp å ha ein buffer. Når ein får separat rekning så må ein ofte betale til straumsalselskapet først. Faktura frå nettselskapet kjem for min del 1-2 veker seinare. Har ikkje studert så nøye om eg får pengar inn same dag når eg har negativ nettleige pga støtte. Om så er så vil forfall på straumrekinga normalt vere etter dette. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Var avtalen ein konsesjonskraft avtale? Mistar du denne no når den nye støtteordninga kjem? Virkar litt rart om det skulle vere tilfellet. Då må vel kommunen ha gjort eit vedtak om det og vil heller selje denne på den opne marknaden. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Kan vere selskapet han har har sagt opp variabel pris avtale og ein må difor velje ny avtale. Det lokale selskapet her eg bur prøvde seg på det same og då vart det bråk. Så dei som hadde variable pris fekk behalde denne, men nye kundar kan kun velje spot. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Fin avtale det ja. Mitt lokale selskap prisa seg ut med 5 øre påslag og 39kr/mnd fast for sin spotpris avtale. Eg har siste åra shoppa rundt og skaffa meg avtalar med negativt påslag og 0kr/mnd fast. Akkurat no så er det -2,5 øre på spotten. Kjem til å vente litt og sjå om den nye linja over Sognefjorden vil ha noko å seie. Har no uansett dagens støtte så skilnaden er ikkje så enorm. Om prisane neste året blir som dei var siste 12 månader så sparar eg 500-750kr i året på å byte støtta til "Norgespris". -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Nei du kan bestille ein straumavtale med kven som helst og det kan vere ein spotpris avtale eller ein med fast pris. Kva du vel av dagens støtteordning eller Norgespris er også opp til deg. Norgespris har ingen ting med kva straumavtale du har. Den er separat. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Dei seier ingen ting om kva straumavtale du kan ha. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
For dei som har liten skilnad på pris mellom effektledd så kan det nok vere noko å hente. Men ein må nesten ha automasjon for å få noko særleg ut av dette. Ein er jo ikkje nødvendig vis heime når toppane kjem. Og dei varar ofte kun ein time eller to.
