Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 442
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Statsministeren har jo allereie bastant hevda at dei som seier dette lyg eller er dumme.
  2. Eg las artikkelen, men er skeptisk til konklusjonen. Kven skal leie når kommunikasjonslinjene ligg nede? Er det ikkje akkurat då det er viktig med desentralisert leiing?
  3. Litt på sida av temaet, men no vil ein sentralisere brannvesenet slik ein allereie har gjort med politiet. Så dersom det bryt ut krig eller uvêr og straum og kommunikasjonar går ned må folk i distrikts-Norge greie seg sjølv eller berre la det brenne. https://www.nrk.no/norge/norsk-brannfaglig-landsforbund_-_-brannvesenet-er-ikke-rigget-for-kriser-og-krig-1.17369364
  4. https://direkte.dn.no/krigen-i-ukraina/#164491
  5. https://www.dn.no/investor/nyhetsstudio/164494 Kan det tenkjast at Trump vil vere like hard mot Russland og Putin?
  6. Er det å tilleggje folk meiningar dei ikkje har ein god debatteknikk?
  7. Kva er det som gjer at så mange 1. maiparolar dreier seg om pro Palestina, og kvifor ser ein ikkje det same engasjementet for ei sak som i mykje større grad angår Norge og Europa, nemleg Russland sin krig i Ukraina?
  8. Feil skjer alle stader, men ein bør unngå at feil kan få så store konsekvensar. Når eit stort system kan kollapse som fallande dominobrikker viser det at systemet er altfor sårbart. Ei heilt anna sak er at dette vart ein test av beredskap som ein kan lære mykje av. Det kjem fram at folk som var avhengig av pustemaskiner sat i mørkna og lurte på kor lenge batteriet ville halde, samt at dei var utan mogelegheit til å ringe etter ambulanse for å komme seg til eit sjukehus. Neste gong det skjer ei slik hending bør det liggje konkrete planar på bordet om kven som må hentast og korleis det skal skje.
  9. Om eg har forstått det rett har utfallet samanheng med stor andel fornybar kraft som lett koplar ut dersom det av ein eller annan grunn oppstår ustabilitet i nettet. Så kven er det eigentleg som lyg? Det ville ha vore mykje betre at politikarane frå etablerte parti venta med å uttale seg til hebdingsforløpet er avklart, og at ein deretter seier det slik som det er. Når politikarar frå etablerte parti lyg og bortforklarar vil folket i større grad stemme på ytterfløyane som har lygn og bortforklaringar som vane.
  10. Men kvifor tek det så lang tid å få nettet opp og gå etter eit slikt tilfelle?
  11. Det ser ut til at dei som diskuterer her meiner det stikk motsette:
  12. Sannsynlegvis nokre harde utfall mot Russland, men elles ingenting. Det mest interessante med dette er likevel kor avhengig alt er blitt av at ein har tilgang til elektrisk straum til ei kvar tid. Og verre blir det med det grøne skiftet. Kva gjer ein den dagen eit større straumbrot rammar Norge, elbilar, elbussar, jarnbane og elferjer går i stå, dab og mobilnett går ned, elektroniske betalingstenester blir utilgjengelege, heisar stansar opp og folk som ikkje har ein god gammaldags analog husnøkkel ikkje kjem seg inn i sine eigne hus? Straumnettet er sårbart for digitale angrep, krig og naturkatastrofer. I 1859 førte uvanleg sterkt nordlys til at det brann i telegraflinjene. Kva gjer vi neste gong ein tilsvarande solstorm slår ut straumnett og kommunikasjon?
  13. Ukraina er i ferd med å utvikle eigen forsvarsindustri, og vil ha fått mykje erfaring. Når krigen er over vil nok Ukraina væpne seg til tennene.
  14. For meg ser det ut som at heile storfamilien til Gjert, inkludert kona og sonen Martin står på den eine sida og dei andre borna og deira familiar på den andre. Og at splittinga er så djup at folk frå dei ulike sidene ikkje er på talefot. Eit eksempel er farmora som prøvde å invitere borneborna i 80-årsdag, men der ingen ville komme. Det kan sjå ut som at den eldre generasjonen tykkjer at saka er teken ut av alle proporsjonar.
  15. "Damned if you do, damned if you don't" Spørsmålet er om splittinga hadde blitt noko mindre dersom forklaringa var kjend for alle.
  16. @fredrik2snakka vel om heile saka. Når det gjeld forklaringa til kona virkar det for meg som at den var til tiltalte sin fordel. Dermed var det kanskje ein ekstra grunn til at forsvaret helst hadde sett at forklaringa var offentleg.
  17. Som nemnt i mitt forrige innlegg: Gjert og forsvararane ynskte i utgangspunktet at heile saka skulle vere lukka.
  18. https://www.nrk.no/rogaland/bistandsadvokaten-etter-tone-ingebrigtsens-forklaring_-_-den-verste-dagen-for-dem-1.17397128 Oppsummert: Gjert er fornøgd med vitneforklaringa, medan Jakob og dottera ikkje er det. Men forklaringa vil få lite å seie for ein evt. dom. Og så kan ein komme i den absurde situasjonen at Gjert blir frikjend i straffesaka, men dømd til å betale erstatning til fleire av borna. Dette har skjedd tidlegare, m.a. i den mykje omtalte Birgitte Tengs-saka.
  19. Så det du eigentleg seier er at i eit hypotetisk tilfelle kunne ein ektefelle utnytte stillinga til å krevje å få betalt for å vitne? Det blir etter mi meining ei rar samanlikning.
  20. Den einaste konsekvensen for vitnet ville vere at ho mistar mogelegheita til å påvirke saka den eine eller den andre vegen. (Er det kanskje dette som er poenget når det blir snakka om "utpressing"?) Om ho berre ynskjer å fortelje si eiga historie kan ho gjere dette til den- eller dei ho vil, heilt uavhengig av rettsaka.
×
×
  • Opprett ny...