Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 308
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Trump hevdar at ho er venstrevridd. Dette inneber ofte at ein er redd for å støtte Ukraina. Eg håpar at eg tek feil, og at Trump lyg som vanleg.
  2. Er det sagt noko om at Ukraina tok ut absolutt alt som vart sendt?
  3. Ikkje der det er plukk&mix.
  4. Det betyr at du betalar med eit kva som helst slags kredittkort. Men før du betalar skannar du Trumf-kortet eller qr-koden frå Trumf-appen i kassa. Dermed får du trumf + evt. rabatt som kredittkortet gjev. Med trumf kredittkort blir derimot trumf registrert automatisk når du betalar. I tillegg gjev kredittkortet 1% ekstra trumf.
  5. Rekk dei å få utbetalt noko av dette før dei er døde?
  6. No er ikkje sauer noko "uvanleg" dyr å ete, og ein del av det andre du nemner er det heilt sikkert også lange tradisjonar for å ete dei stadene det er naturleg. Så dette skulle eigentleg ikkje vere noko årsak til at pandemiar skulle oppstå oftare no enn før.
  7. Er du ironisk her?
  8. Dersom ein åt ein sjokolade som ein snørrunge hadde grisa med er eg ganske sikker på at ein ville kunne bli smitta. Skitne hender etter å ha teke i ei snørrete handlevogn vil garantert også kunne føre smitte til munn og nase. Munnbind var som du nemner lite effektivt dersom ein ikkje sjølv var smitta. Men mange var jo smitta i fleire dagar før dei fekk symptom. Fpv-masker ga vel derimot betre beskyttelse mot andre som var smitta. Toppidrettsutøvarane brukte dette, og brukar det vel framleis i visse situasjonar. Men spurte ein etter desse maskene på eit apotek visste dei ikkje kva ein snakka om.
  9. Brukte ikkje desse munnbind allereie lenge før pandemien, m.a. på grunn av høg luftureining i storbyane der?
  10. Skilnaden er at vi i Norge venta med å sleppe viruset laust til befolkninga var gjennomvaksinert. I tillegg vart viruset mildare med tida, men meir smittsamt. Dermed kunne ein, iallefall i teorien spare mange liv, samt at langt færre vil få long covid.
  11. Vil ikkje auka urbanisering føre til det motsette, dvs. at færre bur på landsbygda og enno færre har kontakt med husdyr i landbrukssamanheng?
  12. Forkjølelse er heller ikkje eit reint sesongvirus, det er fullt mogeleg å bli forkjøla også midt på sommaren. Eg trur at koronaviruset vil bli på same måten.
  13. Var det ikkje nokon som prøvde seg med å gå rundt omgitt av store oppblåsbare plastbobler? Desse påfunna var vel ganske ekstreme også der og då. I ettertid er jo alt dette ganske komisk.
  14. Neidå, du treng heilt sikkert ikkje leite lenge før du finn noko om den også. Typisk er det snakk om vaksiner, men der ein unnlet å nemne at desse vaksinene har 0 verknad mot borreliose, men virkar mot eit bestemt virus som stort sett berre finst på Austlandet.
  15. Det var vel eit par månader der det rett og slett ikkje var nokon vits i å sjå Dagsrevyen. Det var ingen nyheiter, alt dei hadde å tilby var bla bla bla om pandemien. Om ein ville vite litt om kva som skjedde elles i verda måtte ein leite med lys og lykter mellom alt pandemistoffet på norske nettsider, eller finne andre kjelder. Til og med lokalavisene var fulle av pandemistoff. Dekninga av Gaza-krigen og Midtausten fungerer litt på same måten, men dei tek trass alt ikkje opp heile nyheitssendingane bortsett frå vêrmeldinga i månadsvis.
  16. Nettopp. Og årsaka er at vi treng desse folka. Vi treng evnerike, oppfinnsame folk med initiativ for å løyse- og/eller komme oss gjennom krisene, og rikdom er belønninga for dei av desse som har flaks, og er på rett stad til rett tid.
  17. Evt. er Venezuela eit land med mykje korrupsjon og ein stor svart økonomi. Grad av tillit og storleik på svart økonomi heng saman. Manglar tilliten blir det også vanskeleg å sluse økonomien gjennom opne kanalar, og dermed også å skaffe skatteinntekter til Staten. Og folk vil helst unngå å betale skatt når ein veit at pengane uansett forsvinn i lommane til korrupte.
  18. Der har du det ja. Eg har sett slike gummikuler, men har aldri lagt merke til nokon larve inne i plomma.
  19. Smakar det noko i det heile teke? Og dersom det var sukker, burde det ikkje då smake søtt?
  20. Her må det bemerkast at Norge er sosialdemokratisk, der ein kombinerer demokrati og marknadsøkonomi med ein godt utbygd velferdsstat og sterk offentleg styring.
  21. Gandhi er vel det beste eksempelet ein har på det motsette. Han fekk visstnok spørsmål frå ein britisk journalist om kva han syntest om den britiske sivilisasjonen, og svarte noko slikt som "I think that would be a very good idea".
  22. Føresetnadane var vel ganske ulike. Norge var, og er eit samfunn med små skilnader og med lange tradisjonar for demokrati som går like tilbake til 1814. Etter krigen skulle landet byggjast, det var sterk konsensus og Arbeidarpartiet styrte fornuftig nesten utan avbrot fram til midt på 60-talet. Det vi i dag kjenner som velferdsstaten vart hovudsakleg forma i denne perioden. Grunnlaget for ei fornuftig forvalting av oljerikdommane som kom alle til gode var dermed lagt. Latin-amerika var på mange måtar det motsette. Det var tradisjonelt stor skilnad på fattig og rik, og dermed også sterk polarisering mellom venstre- og høgrevridde. @JK22sitt innlegg ga ei lang utgreiing om korleis det som sidan kunne gå gale har gjort det.
  23. Ei gammal sak frå Nrk: https://www.nrk.no/buskerud/xl/aleksandra-og-veronika-dro-til-norge-for-a-gifte-seg-i-hemmelighet-_-i-russland-er-forholdet-ulovlig-1.15893549 Det stemmer ikkje med mitt inntrykk.
×
×
  • Opprett ny...