-
Innlegg
9 070 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg har også lagt merke til at han av og til overdriv, men meiner at ein skal ta innlegga hans på alvor (til det motsette er bevist). -
Veit vi kva strategi Dnb har utover det å kvitte seg med ein brysam konkurrent? Kan det ikkje også vere slik at Dnb prøver å omforme Sbanken til noko liknande som Bulder er hos Sparebanken Vest?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når Zalushnui er meir populær enn Zelenskyj er det ikkje der problemet ligg. Det kan godt hende at du har eit poeng her. Og at ulike oppfatningar om val av strategi gjer det vanskeleg å samarbeide. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg trur dette vil vere demotiverande og øydeleggje for Zelenskyj og støtta til krigen både internt og eksternt. Er det Zaluzhnui sin feil at sommaroffensiven ikkje innfridde forhåpningane, eller er det på grunn av at Ukraina heile tida har fått alt for lite støtte, alt for seint? Har Zakuzhnui gjort nokon feil som gjer at han bør skiftast ut? Eller får han sparken berre fordi han sa sannheita? Når landet står midt i ein eksistensiell krig må ein leggje eventuelle konfliktar til sides så godt det lar seg gjere og greie å samarbeide. Eg håpar sjølvsagt at eg tek feil, og at det finst gode grunnar for dette skiftet. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det rette er i følgje Wikipedia at Serbia og Jugoslavia vart frigjort av kommunistiske partisanar, men med støtte frå den sovjetrussiske hæren. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Jugoslavia Då var eg vel ikkje det eg skreiv så veldig langt unna? Men det eg lurte på var om ikkje det offisielle serbiske synet på Ukraina-krigen er at dei russiskokkuperte områda tilhøyrer Ukraina? -
Blir ikkje Bulder-banken til Sparebanken Vest litt det same som Sbanken i Dnb? Ein bank-app utan nettbank? Er det nokon spesiell grunn til å velje Bulder-konseptet framfor Sbank-konseptet?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Frå artikkelen: Dette stemmer ikkje slik eg har forstått det. Serbia har vore russarvennlege, men det har vel mykje å gjere med krigen med NATO om Kosovo. Når det gjeld Ukraina og Krim har vel Serbia etter det eg har forstått det same synet som dei har på Kosovo, nemleg at internasjonale grenser skal respekterast. (I dette ligg også at dei gjer krav på Kosovo som ein del av Serbia). Dette synet inneber også at den russiske invasjonen av Ukraina er ulovleg, og at Krim er ukrainsk. Om eg tek feil håpar eg at nokon kommenterer dette. (Elles har vel Serbia til felles med Norge at russarane kom som frigjerarar under 2. verdskrigen, og at dei ikkje vart verande som okkupantar under den kalde krigen. Jugoslavia stod fram som alliansefritt land under den kalde krigen, og fekk militær støtte frå USA). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Så du meiner at det er betre at Donald Trump tek over? Edit: Å kalle Biden for hauk er nok litt på viddene, men han vil trass alt at Ukraina skal vinne og prøver å støtte landet militært. Eg går ut frå at det var dette @Copium247 meinte. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/ytre-hogre-bolgje-i-tyskland-1.16731961 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein vesentleg skilnad var at i Afghanistan spelte vestalliansen rolla som okkupant, medan Taliban representerte (iallefall til ei viss grad) dei som vart okkupert. I Ukraina er det Russland som er okkupanten og krigen er ein forsvarskrig som har full støtte blant ukrainarane. Det åleine burde føre til at Russland til slutt må gje seg, slik Vesten (og Sovjetunionen) måtte gje seg i Afghanistan.- 77 774 svar
-
- 12
-
-
-
-
Endringer i bistand til flyktninger fra Ukraina
torbjornen svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Reglane skal vere diskriminerande. Det er politisk einigheit om at flyktningar bør hjelpast i nærområdet. Når det er krig i Europa er vi ein del av nærområdet.- 93 svar
-
- 3
-
-
-
https://sbanken.no/aktuelt/sparing/hvordan-blir-losningen-for-fond-og-aksjer-etter-varen-2024/
-
Endringer i bistand til flyktninger fra Ukraina
torbjornen svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Det var eit innslag i Vestlandsrevyen om flyktningar i Florø som har venta i 2 år på asylintervju, som skal avklare statusen deira. I mellomtida lever dei i uvisse på mottak og kan heller ikkje jobbe. 2 år av liva deira er vekkasta, og mange utviklar også psykiske problem. Årsaka var visstnok stor tilstrøyming av flyktningar til Norge. Ukrainske flyktningar er ikkje inkludert, sidan desse har kollektiv beskyttelse og slepp asylintervju. Hadde eg vore diktator i Norge skulle eg ha tilsett nokre fleire byråkratar til å få unna desse sakene og sytt for at desse sakene fekk ei rask behandling. Slik ville ein få ut dei som ikkje skal vere her. For dei andre ville eg ha sett fullt trykk på integrering og norskkurs, samt sett dei til å gjere noko fornuftig så raskt som mogeleg. Om dei fekk jobbe side om side med nordmenn ville dei lære seg norsk raskare. Resultatet ville ha vore at ein hadde spart store summar skattepengar som kunne ha vore brukt på noko anna. F.eks. å gjere integreringa enno betre.- 93 svar
-
- 2
-
-
-
Årsaker til at fotballkarriere må stoppes etter blodpropp?
torbjornen svarte på Ænonym sitt emne i Helse
No var det vel i dette tilfellet ein operasjon som førte til blodproppen. Om han ikkje hadde måtta operere hadde han vel spelt fotball lukkeleg uvitande om dette. Er det skade etter operasjonen som gjer at han må leggje opp? Eller er han meir utsett enn andre for blodproppar uavhengig av operasjonen? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/boris-nadezjdin-far-stotte-til-a-bli-russisk-presidentkandidat-1.16739909 -
Endringer i bistand til flyktninger fra Ukraina
torbjornen svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Tenk om ein kunne ha snudd på tala. 12,5 milliardar til ukrainske flyktningar og 100 milliardar til NAMMO og produksjon av granatar til Ukraina. Diverre er det slik at om ein kuttar i eitt budsjett vil ikkje dei same pengane bli overført til det andre budsjettet. Dette er det politiske prioriteringar som avgjer. Uansett: Hadde Vesten stilt opp med dei ressursane som skal til for å vinne krigen ville ein heller ikkje hatt nokon flyktningstraum.- 93 svar
-
- 6
-
-
-
-
Eksempel: Eit A-fond har 0,8% forvaltningshonorar, og betalar samstundes tilbake til banken din 0,4% returprovisjon for at dei sel fondet på si plattform. I staden for å stikke pengane i eiga lomme sender banken returprovisjonen til deg, men tek 0,3% i plattformhonorar. Du betalar då til saman 0,7%, der 0,3% går til banken din og 0,4% går til forvaltaren av fondet. Eksempel 2: Du har i staden eit nettofond, eller N-fond. Forvaltningshonoraret er 0,4%. Banken din tek framleis 0,3% i plattformhonorar. Du betalar 0,7% der 0,3% er til banken din og 0,4% går til forvaltaren av fondet.
-
Eg har kredittkort og sparekonto i Santander Consumer Bank. 4,55% rente, utan bruksavgrensingar. Enkel og grei nettbank, og lett å overføre pengar til den vanlege kontoen. Einaste minus er at ein ikkje har eit vanleg 11-sifra kontonummer, at ein må bruke eit felles kontonummer + kid for å setje inn pengar og at ein dermed heller ikkje kan betale rekningar direkte frå sparekontoen. For meg speler dette ikkje noko rolle. https://www.santanderconsumer.no/sparing/ (Men har ein mykje pengar er high yield fond eit betre alternativ).
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Med Trump og Orban, samt manglande opprusting kan mykje skje. -
Endringer i bistand til flyktninger fra Ukraina
torbjornen svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Det han seier er vel iallefall at 63 millionar til ukrainske kjæledyr er musepiss samanlikna med den totale kostnaden for flyktningestraumen til Norge.- 93 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ungarn ligg uendra på 76. plass saman med Bahrain, Kina, Cuba, Moldova, Nord-Makedonia og Trinidad og Tobago. Kalkunlandet ligg på 115. plass. -
Endringer i bistand til flyktninger fra Ukraina
torbjornen svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Det er vel dette flyktningane no vil måtte betale av eiga lomme. Eg tippar at kjæledyra heretter vil bli att i Ukraina eller evt. avliva etter ankomst til Norge. Er alle desse kjæledyra verdt 63 millionar skattebetalte kroner? Mi meining er nei. Om det er andre land som har rausare ordningar når det gjeld ukrainske kjæledyr får ein heller flykte dit.- 93 svar
-
- 1
-
-
Endringer i bistand til flyktninger fra Ukraina
torbjornen svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Sidan 1993 er det mange bosniarar som er blitt norske borgarar, har stifta familie og fått born som i dag er vaksne. Desse er ein naturleg del av samfunnet vårt. Slik vil det også bli med mange ukrainarar. Om ting går slik dei fleste her håpar på vil ukrainarar i tillegg om nokre få år reise fritt ut og inn av Norge som borgarar av EU, busetje seg her og søkje arbeid på lik linje med nordmenn. Spørsmålet er ikkje om vi skal ha innvandring eller ikkje. Det debatten bør dreie seg om er byrdefordeling i forhold til andre land når det gjeld mottak av ukrainske flyktningar, samt korleis desse kan integrerast raskast mogeleg utan at dei kostar skattebetalarane for mykje eller i for stor grad utfordrar kapasiteten til det kommunale velferdstilbodet. Samt om nokre av desse heller burde bli verande i Ukraina og kjempe for landet dei kom frå.- 93 svar
-
- 3
-
-