Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 101
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Avtalar om kraftutveksling er i utgangspunktet positivt. Men det føreset at alle land tek ansvar, og ikkje slik som tyskarane som la ned atomkraftverka og gjorde seg avhengig av m.a. russisk gass og norsk vasskraft.
  2. https://www.dagbladet.no/bok/norge-bor-vaepne-seg/81491759 Hmmm... Eit velkjent triks dersom ein vil unngå kritikk og behalde makta er å skaffe- eller skape seg ein ytre fiende. Men var det no verkeleg difor Putin starta denne krigen, og ikkje stormannsgalskap og eit ynskje om å vere den som gjenoppretta Sovjetunionen?
  3. Desse videosnuttane er interessante å følgje med på. Her kom det f.eks. fram at videoklippet av Biden som såg ut til å ville setje seg under D-dagsmarkeringa var kutta, slik at ein ikkje fekk med seg resten som viste at både han og dei andre sette seg. Biden var kanskje sliten og ville setje seg ned for tidleg, men det er ingen ting ved dette som tyder på at han er dement. Eit velkjent triks i propaganda er å ta ting ut av samanhengen, eller å berre vise ein del av samanhengen slik det vart gjort her.
  4. 32,5% + 15% = 47,5%. Kva stemte resten? Macron har vore upopulær lenge. Han har nok også mista mange veljarar til parti på venstresida. Diverre er vel heller ikkje dette nokon fordel for Ukraina. Ein risikerer å få fleire maktpersonar av typen Olaf Scholz.
  5. Skal ein investere i enkeltaksjar utan å vere "ekspert" bør ein velje "trygge" aksjar som f.eks. Orkla, Gjensidige, Equinor eller Telenor. Flyaksjar bør ein halde seg langt unna. For dei fleste vil det vere betre å setje sparepengane i indeksfond.
  6. Eg har ein gammal Samsung Galaxy S4. Den støttar 4G, men ikkje tale over 4G/Wifi. Mobilen er sidan oppgradert med LineageOS 17, som tilsvarar Android 10. Finst det nokon måte å få tale over 4G på denne, slik at den kan brukast som reservetelefon etter at 2G blir lagt ned?
  7. Og så må du flytte til Sverige i tillegg for å få dekning.
  8. Analog er telefonen uansett ikkje. NMT-telefonane var analoge.
  9. Har ein lang tidshorisont er vel standardsvaret globalt indeksfond. Skal pengane vere tilgjengelege slik at dei kan brukast kor tid som helst er høgrentekonto svaret. Ein mellomting er rentefond. High Yield-rentefond gjev høgare rente, men har samstundes ein risiko som ligg nærmare aksjefond. Kombinasjonsfond er blanding av rentefond og aksjefond. Dersom utsiktene i aksjemarknaden er bra sel forvaltaren aksjar og kjøper rentepapir i staden. (Eller var det omvendt?)
  10. https://www.nrk.no/innlandet/onsker-a-endre-reglene-for-sameier_for-a-sikre-at-alle-har-plass-til-beredskapslager-1.16908720 Vel... Dette meiner eg at kvar enkelt av oss bør greie sjølv. Derimot bør Staten ha eit ansvar for matvareberedskapen gjennom beredskapslagring av korn m.m.
  11. https://www.nrk.no/urix/ukrainske-menn-som-ikke-vil-bli-soldater_-rommer-fra-krigen-1.16902328 Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk er redde for liva sine, og mange menn har heller ingen ting ved fronten å gjere. Samstundes finst det også mange viktige oppgåver som ikkje inneber å liggje i skyttargraver ved fronten.
  12. Dette er å dra det for langt. Ein kan konstatere at i krig betyr menneskelege omsyn lite, og for kyniske krigsherrar er menneske berre eit middel for å oppnå sine mål. Vi ser gong på gong at valdtekt og tortur (også mot sivile) blir brukt som eit middel i krig, og vi ser russarane brukar menneske som kjøt for å overvelde motstandaren eller avsløre deira posisjonar. Ein må erkjenne at dersom ein skal halde seg til krigens reglar kan det bli vanskeleg å vinne mot ein motstandar som bryt alle reglar. Det betyr sjølvsagt ikkje at vi skal bryte alle reglar, men ein må også la vere å leggje på seg sjølvpålagde reglar slik at ein må kjempe med ei hand på ryggen. Krigsbrotsverk som valdtekt og tortur håpar eg likevel at ingen støttar.
  13. Altså ikkje terror slik det ser ut no. Men går ein dansk statsminister fritt rundt i gatene utan at nokon passar på?
  14. Enklare sagt enn gjort. Israel si høgrevridde regjering bryr seg lite om kva USA meiner, og bryr seg nok enno mindre om kva franskmennene måtte meine. Ein må også rekne med at Russland gjer sitt i det skjulte for å fyre opp enno meir.
  15. ... og i tillegg er krigen i stor grad svart-kvitt, i motsetnad til ein viss krig ein annan stad. VG har fått ei aha-oppleving. Kva med Nrk?
  16. Det er Russland som står for eskaleringa. Ukraina har rett til å forsvare seg, også ved å bombe Russland slik at det blir vanskelegare for Russland å bombe- eller krige i Ukraina. Russland kan trekkje seg ut og avslutte krigen når dei vil.
  17. Det blir vel som med Tyskland. Det var stor arbeidsløyse, men Hitler fekk folk i arbeid.
  18. Dette skulle jo gjelde land som Ungarn også.
  19. Og framfor alt viser dette at det må finnast kanalar for samtalar/dialog/orientering, også når det er snakk om regime eller organisasjonar som står for heilt andre ting enn oss. Særleg viktig er det at det finst kanalar der større land eller supermakter kan kontakte kvarandre direkte dersom det skulle bli behov for det. Oslo-prosessen er eit eksempel på ein kanal som førte fram til forsoning mellom partane. Her oppnådde ein at terrororganisasjonen PLO annerkjende Israel og ville jobbe politisk for å oppnå ein palestinsk stat i staden for å drive terror. Og i Nord-Irland slutta bitre fiendar fred og har sidan sote i regjering saman, trass i at ein har ulike målsetjingar når det gjeld framtida til provinsen.
  20. Og nye alliansar kan oppstå. https://www.nrk.no/urix/valginnspurt-i-eu-1.16909251
  21. https://www.nrk.no/urix/ukraina_-vil-ha-vestlige-militaerinstruktorer-pa-ukrainsk-jord-1.16915531 Så då endar det vel med at Biden får siste ord, og at Macron feigar ut.
  22. Norge har ei svært viktig rolle som energileverandør til Europa no. Så får ein håpe at auge og øyre følgjer med, slik at ein unngår sabotasje og terror.
  23. Konflikten i Midt-Austen har ei lang historie som går like tilbake til at området var okkupert av Storbritannia, som lova vekk det same området til både jødar og arabarar. Sidan Israel vart oppretta (einsidig) har arabarane gått til krig fleire gonger. Israel har ofte følt at dei har kjempa "med ryggen mot veggen" for eigen eksistens. Det kan seiast mykje om denne konflikten, og alle partar har gjort feil. Oslo-prosessen ga håp om ei tostatsløysing, men denne vart sabotert av både israelske regjeringar som eigentleg aldri var interesserte i noko tostatsløysing, samt palestinske terrororganisasjonar som heller ikkje var interesserte i dette. USA er for ei tostatsløysing, og har slik sett same målsetjing som dei fleste land i verda. Så er ein ueinig i kor stor grad ein skal støtte ulike sider i konflikten på bekostning av andre, og korleis ein skal komme fram til dette målet. Samstundes jobbar tida mot ei tostatsløysing og for ei apartheidliknande einstatsløysing. Norge si annerkjenning av ein palestinsk stat som berre er eit luftslott er såleis eit resultat av at det er gått 30 år, og at ein innser at ein ikkje kjem nokon veg berre med å snakke med partane.
  24. Den russiske doktrinen er vel å hindre angrep ved å true. Men når du har trua mange nok gonger er det ingen (bortsett frå Sullivan og Biden) som er redde lenger.
  25. Faren er at Vesten ville bli latterleggjort av både Russland og Kina. Ein kan nemne dette i lukka rom, og så kan ein heller gå ut med dette offentleg når/om temaet byrjar å bli aktuelt.
×
×
  • Opprett ny...