-
Innlegg
10 104 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette "fredsforhandlings"-pratet frå russisk side minner framleis mest om krav om ukrainsk kapitulasjon, og er ikkje så ulikt det Russland har kravd heile tida. Eg tykkjer at Ukraina skal halde fram slik dei gjer no, samt at Vesten må auke- eller i det minste halde fram støtta. Før eller sidan må det rakne for Russland, det finst ei grense for kor store tap dei kan tole i denne meiningslause krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg er heilt einig i alt dette, men samstundes er det viktig at NATO tek over styringa no som det blir meir og meir sikkert at Donald Trump om få månader er president i USA. Det at ein forpliktar seg når det gjeld støtte eit år fram i tid gjer også at ein har litt tid på seg før ein hamnar i ein situasjon der hjelpa evt. blir blokkert på nytt. Eg håpar elles at Europa nyttar tida godt for å kunne ta over frå eit USA som ikkje er til å stole på. Men eg tvilar. -
Ringe og motta samtale med norsk nummer utenfor EU?
torbjornen svarte på Impulzive sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Men korleis fungerer eigentleg tale over wifi om ein ringer frå (eller tek imot samtalar i) f.eks. Kina? Må ein betale som om ein ringte frå det kinesiske mobilnettet? Eller slepp ein unna som om ein brukte telefonen i Norge? -
Ringe og motta samtale med norsk nummer utenfor EU?
torbjornen svarte på Impulzive sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Nei. Men du må (vanlegvis) betale for å ta imot samtalar.- 8 svar
-
- 1
-
-
Men nokre gonger er det heilt ål reit. Når det gjeld overflatevatn vil det alltid vere ein viss fare med å drikke det, og det er mange fuglar og dyr som pissar, drit eller rotnar i naturen. Drikkevatn frå kommunale vassverk vil vere reinsa både ein og to gonger før det hamnar i springen. For min del bur eg på landet nær kysten der fiskemåsen har sitt naturlege habitat, og lyden som følgjer med assosierer eg med sommar. Når det gjeld nattesøvnen min ville den nok bli meir uroa av å bu i ein by med biltrafikk o.l. Blir det for mykje fuglekvitter eller måseskrik om natta får ein heller late att vindauget eller bruke sov-i-ro.
-
Det må han seie, så lenge han ikkje har bestemt seg for å trekkje seg. Biden treng litt tid til å tenkje seg om, og det same gjeld demokratane. Så får ein sjå kva utfallet blir.
-
For ein gongs skuld er er einig. Det var nok "barnehage" då Biden og Trump krangla om golfferdigheiter. Eg tvilar på at Biden ville imponere veljarane med å kalle Trump for "valdtektsmann". Sidan Trump stort sett kjem med skjellsord og løgner burde det ikkje vere så mykje meir som skal til for å vinne enn at demokratane stiller opp med ein litt yngre kandidat som greier å snakke, argumentere og ta tak i- og avsløre ein del av løgnene.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Medan Ukraina ventar og ventar på løyve til å bruke amerikanske ATACMS mot russiske flybasar regnar det med glidebomber over Kharkhiv. https://www.nrk.no/urix/kharkiv-bebuarar-terroriserte-av-gamle-sovjetbomber-1.16949590 -
Eg kan ikkje forstå korleis Biden skal kunne snu dette og skape den entusiasmen som må til for å hindre Trump i å vinne ein soleklar siger. Dette løpet er tapt, med mindre demokratane finn ein eller annan person, anna enn Biden som er villig til å stille opp mot Trump.
-
Om Biden ikkje trekkjer seg er det stor sannsynlegheit for at den neste presidenten heiter Donald Trump. Om Biden trekkjer seg og peikar ut ein flink og samlande kandidat kan alt skje, men då har ein framleis tid på seg til å drive valkamp, og ein har ein god sjanse til å vinne valet.
-
https://www.nrk.no/urix/biden_-_-eg-sovna-nesten-1.16950164 Med alle forbehold om feil i omsetjing osv.: Dersom denne framstillinga stemmer er unnskyldningane både oppsiktsvekkjande og lite truverdige. Om det skulle vere sant at han ikkje var kommen til hektene på 2 veker står det skrøpeleg til.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Belarus slepper fri nokre få politiske fangar som lir av alvorlege sjukdommar. https://www.nrk.no/urix/opposisjonspolitikar_-fleire-politiske-fangar-lauslatne-i-belarus-1.16950884 -
Trump snakka vel om at demokratane ville tillate abort når fosteret var 8-9 månader, og til og med etter at barnet var fødd. Så det som Trump kom med var rein oksedrit, og ikkje suppe med spikar i.
-
Ny fjernkontroll til gammel dekoder?
torbjornen svarte på Subara sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Fint at problemet vart løyst. Og takk for at du oppdaterte tråden. -
Men dette er i så fall handlingar som dei har gjort på vegner av USA som "commander in chief". Det vi snakkar om no er evt. brotsverk som dei gjer mot USA og/eller i strid med amerikansk lov. At stormakter som USA, Russland, Kina osv. hevdar at dei står over internasjonal rett er ein heilt annan diskusjon. Det er forresten heller ikkje nokon overnasjonal domstol som faktisk har dømt USA for det du nemner.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kven bestemmer over franske bidrag til Ukraina? President eller statsminister? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Putin brukte Belarus som oppmarsjområde for å invadere Ukraina. Kan det tenkjast at han også vil bruke Belarus til å sprenge ei atombombe over Ukraina? Og kva vil i så fall USA gjere då? Eg er redd at den noverande administrasjonen i USA er så nedsylta i "eskaleringsfrykt" at ein vil gjere fint lite før Russland startar 3. verdskrig og sender atombomber mot USA. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel like mykje USA som gjev Ukraina berre akkurat nok våpen til å halde linjene nokonlunde, og som framleis legg begrensningar for korleis amerikanske våpen kan brukast. Dersom krigen går dårleg nok gjev ein meir eller legg færre begrensningar, men ein vil aldri gje Ukraina det som skal til for å vinne krigen. For då er ein redd for at Russland vil kollapse. Russarane bombar Ukraina i filler, medan Ukraina ikkje får lov til å bruke amerikanske ATACMS for å ta ut flybasane. Om ukrainarane til slutt skulle miste motivasjonen til å halde fram kampen ville det ikkje vere vanskeleg å forstå. Vi treng ein Trump-variant kompetent president som støttar Ukraina, og som er villig til å setje hardt mot hardt. Det er ille at USA har ein president som ikkje fungerer, og at alternativet (sannsynlegvis) vil vere enno verre for Ukraina. -
Ein viss mann på 78 år sa iallefall i ein debatt på amerikansk tv for eit par dagar sidan at Europa hadde gitt halvparten av det USA har gitt. Diverre fekk alle løgnene stå uimotsagt fordi den andre debattanten knapt greidde å snakke.
-
Europa har vel gitt minst like mykje støtte som USA.
-
Eg fryktar Trump, men eg er ikkje på nokon måte fornøgd med det Biden har gjort i forhold til å støtte Ukraina.
-
Dersom Biden får halde fram vil Ukraina få akkurat nok støtte til at det held krigen gåande. Dersom Trump blir vald kan kva som helst skje. Mest sannsynleg vil amerikansk støtte minke, slik at Russland får eit overtak. Men det er også ei mogelegheit for at det motsette kan skje. Eg trur at Trump vil ha ein snarleg slutt på krigen, og tvilar på at republikanarane vil leggje nokon begrensningar på korleis eventuell amerikansk våpenhjelp kan brukast.
-
Og medan Biden-administrasjonen i USA framleis nektar Ukraina å ta ut flybasar inne i Russland med ATACMS kan russarane halde fram med å bruke desse til å angripe Ukraina. Noko som ein ser dagleg om ein følgjer med på Ukraina-tråden her på diskusjon.no:
-
Retting: Det var Michael McCaul, republikanar og sjef for utanrikskomiteen i representanthuset som påpeika at kongressen ikkje hadde lagt begrensningar på våpenstøtta til Ukraina. Dersom ein blar fram til ca. 5:10 kan ein sjå korleis han ordlegg seg. Men også Mike Johnson har argumentert for å fjerne begrensningane, på same måten som Blinken, Stoltenberg og mange andre). Med ein svekka Biden er det Sullivan som førebels ser ut til å ha styringa.
