Eg ser ikkje noko stort poeng med NATO-soldatar i Ukraina. Ukraina må fyrst og fremst få det utstyret og den ammunisjonen dei treng, slik at dei kan jage russarane vekk. Så lenge Ukraina ikkje har akutt mangel på soldatar er det liten vits i å sende NATO-soldatar inn i kjøtkverna. (Blir det nødvendig å setje inn NATO-soldatar ved fronten vil det vere nok eit bevis for at Vesten si støtte så langt i krigen har vore alt for svak, og at store mengder ukrainske soldatar har mista livet heilt unødvendig).
Men NATO-soldatar kan ha ei viktig rolle når det gjeld å trene ukrainsk personell eller til å utføre sørvis og vedlikehald. Det same gjeld etterretning. Både Storbritannia og USA har allereie folk inne i Ukraina, og det ville heilt sikkert vere mogeleg å gjere meir av dette.