Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 101
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Stemmene vart vel talt på nytt i fleire delstatar også i 2020?
  2. Men då kan kanskje du forklare kva Biden gjorde som ikkje var i samsvar med planen til Trump. Var planen gjennomførbar?
  3. Utanrikspolitisk har Biden vist seg å vere svak. Afghanistan-exiten (som Trump starta) enda slik den måtte gjere. Israel gjer som dei vil, enten amerikanarane likar det eller ikkje. Iran, Hizbollah og huttetu-militsen gjer det same. Ukraina-hjelpa har vore for lita og for treg (dette må både Europa og republikanarane som trenerte våpenhjelpa ta sin del av skulda for). Russland bombar sivile, kraftverk, infrastruktur og stillingar på fronten meir eller mindre fritt. Samstundes får ikkje Ukraina bruke amerikanske våpen til å ta ut flyplassane inne i Russland som russarane opererer frå. Biden vil ikkje at Russland skal vinne krigen, men vil heller ikkje la Ukraina vinne. Resultatet er eit blodbad, samt at Ukraina til slutt kan bli pressa til å godta ei audmjukande våpenkvile eller fredsavtale.
  4. Her skjønar i det minste dei fleste at Trump snakkar tull, og at det er humor. Men likevel med eit visst alvor. Trump viser at han har overskot. Kontrasten er stor til ein stotrande Biden som mistar tråden, ser ned i golvet og prøver å komme på ordet som han skulle seie... "Medicare" var det visst.
  5. Frykta kjem vel av at historia viser at ein ikkje kan ta demokrati for gitt. Weimar-republikken var demokratisk. Også Russland hadde eit slags demokrati ein periode etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Det har også hendt andre stader at diktatorar har komme til makta gjennom demokratiske val. USA skulle i utgangspunktet vere eit stabilt demokrati, men den sterke polariseringa og mangel på respekt for spelereglane (slik ein såg fram mot 6/1 2021) er farefulle teikn.
  6. Biden har heller ikkje starta nokon krig, det er det Russland, HAMAS og andre som har gjort. Tvert imot fullførte Biden exiten frå Afghanistan som Trump sa han ville gjennomføre. Amerikansk økonomi er bra, men det er inflasjon over heile verda på grunn av etterverknadane av pandemi og krigen i Ukraina. Trump hevdar at Putin aldri ville ha invadert Ukraina dersom han var president. Men Ukraina vart invadert allereie i 2014, utan at verken Obama eller Trump gjorde noko for å styrke det ukrainske forsvaret eller å kaste Russland ut av Ukraina. Tvert imot prøvde Trump å drive utpressing mot Ukraina for å få dei til å hjelpe til med å sverte Biden med falske anklager mot sonen. Er amerikanske veljarar så dumme at dei ikkje ser dette?
  7. Kan det vere slik at ein dømmer Trump etter kva han seier og at løgnene blir gjennomskua, medan ein dømmer Biden etter kva han har gjort eller kjempa for?
  8. Og det er heller ikkje nemnt noko om russiske raid mot ukrainske grensebyar. Det er ein viss skilnad på at krigen kan ramme dei som bur på grensa og Russland som jamnleg bombar Kyiv og andre stader langt frå fronten heilt bevisst.
  9. Sjølvsagt. Det var vel mange som gjetta at då Russland ikkje kom nokon veg med å konstruere eit nytt flyktningeproblem i Europa vart desse i staden sende rett i kjøtkverna. Men det er greit å få dette stadfesta.
  10. Han er flygar (passasjerfly) og er vel russiskspråkleg ukrainar som kjem frå Krim. Elles er han vel ein vanleg mann, akkurat som vi som diskuterer her i denne tråden.
  11. Det er eit par ting eg la merke til i meiningsmålinga til CNN. I utgangspunktet var det vel 55/45 som trudde at Trump ville vinne debatten. Forventningane til Biden var med andre ord ikkje gode. Etter debatten var vel stillinga 67/33. Er dette eit uttrykk for at det Biden faktisk sa var meir fornuftig enn det som Trump sa? Eller er det "grunnfjellet" til demokratane som står att? Hadde det vore heilt krise burde vel dette heller ha vore f.eks. 95/5 til Trump? Har Biden ein sjanse til å rette opp att det dårlege inntrykket seinare?
  12. Litt om Vovtsjansk, litt om russisk framgang i aust. Men det meste av tida brukte han på å snakke om den amerikanske presidentdebatten og prestasjonane der. Dommen var klar. Biden burde trekkje seg som presidentkandidat, elles kjem Donald Trump til å vinnne valet. Og det ville neppe vere bra, verken for USA eller for Ukraina. Samstundes burde det ikkje vere vanskeleg for nokon som er talefør å debattere mot Trump.
  13. I utgangspunktet høyrest Project 2025 ut som namnet på ein konspirasjonsteori.
  14. Reporting from Ukraine og Denis Davydov legg ut videoar nesten kvar dag som inneheld ei oppsummering av kva som har skjedd ved fronten og/eller politisk den dagen. Eg tykkjer at desse videoane er interessante, sjølv om det ikkje alltid er så lett å samanfatte det viktigaste med få ord. Eg reknar med at neste oppdatering frå Davydov ikkje er så mange minutt unna. Eg tippar at han kjem inn på prestasjonen til Biden i den amerikanske presidentduellen, samt frigjeringa av Vovtsjansk. Vi får sjå...
  15. https://www.google.com/search?q=usd+rub Rubelen har eigentleg styrka seg litt det siste året. Men kursen på rublar seier vel svært lite om reelle forhold lenger. Han har elles rett i at det er farleg å undervurdere Russland.
  16. https://www.nrk.no/urix/iran-velger-president_-reformist-med-knepen-ledelse-1.16944991 Det er val i Iran. Så er spørsmålet om ein reformvennleg president kan utfordre ayatollaen.
  17. Russarane skal altså endeleg vere ute av Vovtsjansk etter å ha lidd store tap. Vil dei med dette måtte trekkje seg heilt ut av Kharkhiv-regionen, og kor lang tid vil i så fall dette ta? Er det framleis overlevande russiske soldatar att inne i fabrikken som vart omringa, og har desse evt. tenkt å overgje seg?
  18. Danmark lettar på sløret om F16 til Ukraina: https://nyheder.tv2.dk/2024-06-27-der-gaar-lang-tid-foer-danske-f-16-fly-goer-en-forskel-i-ukraine-siger-chef-for-flyvevaabnet I løpet av sommaren skulle bety at dei fyrste flya er på plass innan 1. september. Eg legg merke til at det står at Danmark framleis skal bidra, men at treninga vil halde fram i andre land. Sjølv om Ukraina burde ha hatt desse flya for lenge sidan skal ein altså ikkje svartmale situasjonen. Uføresette ting oppstår, ting tek tid og sidan ein ikkje ynskjer å informere russarane kan ein heller ikkje gå ut med alle detaljar.
  19. Det seier seg sjølv at det er langt enklare å lese opp ein tale enn å delta i ein debatt. Om han er i ferd med å bli dement vil det dessutan vere stor skilnad på dagsforma frå den eine dagen til den andre.
  20. Sjølvsagt burde både legning og hudfarge vere irrelevant. Men dette hjelper lite når amerikanske veljarar legg større vekt på slike ting enn kva politikarane meiner og vil.
  21. Tja. Presidentfrua hadde kanskje vore betre eigna som presidentkandidat enn presidenten sjølv?
  22. Kvifor har Kamala Harris vore så anonym i dei åra ho har vore visepresident? Ein må jo ha tenkt tanken på at Biden ikkje ville vere i stand til å stille i presidentvalkampen. Er ho dårleg til å debattere? Om ho høyrer til "feil" fløy, så må det vel vere mogeleg å moderere seg og stå for ein politikk som er nærmare sentrum?
  23. Eg kom til å tenkje på den skrantande fylliken Boris Jeltsin som peika på Vladimir Putin. Kan Biden peike ut ein mogeleg etterfølgjar? I så fall har han dårleg tid.
  24. Trump svarar på desse utfordringane ved å svekke NATO, og dolke ukrainarane i ryggen. Biden har vore ein svak president, men kva får ein med Trump? Det innanrikspolitiske er diverre langt viktigare for amerikanske veljarar enn utanrikspolitikken.
  25. Hadde Trump hatt ein talefør motdebattant ville også ein del av løgnene ha blitt avkledd. Når motdebattanten slit med å snakke blir Trump vinnar og alle løgnene får stå uimotsagt.
×
×
  • Opprett ny...