Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 101
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Ja, her burde ein ta fram popcornet medan ein sendte Orban til Kina eller Pakistan med ein "fredsplan".
  2. Eg skulle helst ha sett at restriksjonane ikkje var "reduced", men derimot "removed". Ukraina veit best korleis dei kan bruke vestlege (samt eigne/sovjetiske) våpen til å slå til mot Russland på ein fornuftig måte, og har bevist dette over lang tid. Det er viktig at Ukraina får lov til å slå til mot russiske flybasar, slik at det blir vanskelegare for Russland å bombe Ukraina i filler med glidebomber. Det er meiningslaust at dei må kjempe denne krigen med ei hand på ryggen.
  3. Takk for artikkelen. Dette var oppklarande. Det går fram at det har vore begrensningar heile tida, men Zelenskyj hevda sjølv at den nye britiske regjeringa ville løsne på desse begrensningane. Men dette viste seg å ikkje stemme. Så situasjonen er uendra, i allefall så langt. Også britane ser med andre ord ut til å lide av "eskaleringsfrykt".
  4. Kven er det tredje landet? Er det Biden og USA som er bremsekloss igjen? Eg tek gjerne imot artikkelen på PM.
  5. 99 land stemte for, 60 avsto frå å stemme. Deriblant India og Kina. Dei 9 som stemte imot (Kjelde: Denys Davydov):
  6. https://t.me/pilotblog Bileta i siste video frå Davydov om "førebuingar på Krim" viste seg altså å vere frå Odesa.
  7. https://www.telegraph.co.uk/world-news/2024/07/11/starmer-ukraine-british-storm-shadow-missiles-russia/ Britisk snuoperasjon om bruk av Storm Shadows mot mål inne i Russland, om ein skal tru The Telegraph. Artikkelen er bak betalingsmur, så eg får ikkje lese den. Held heile den vestlege støtta til Ukraina på å falle saman?
  8. Scholz burde ta seg ein tur til Kharkhiv for å finne ut om det er "unødvendig" å forsvare seg mot russiske glidebomber som kjem fordi Ukraina ikkje får slå til mot flybasane som Russland brukar.
  9. Eg er sanneleg ikkje sikker. I mai grilla leiaren i utanrikskomiteen i kongressen (republikanar) Blinken om frisona Russland hadde bak grensa til Kharkhiv-regionen, og understreka at kongressen ikkje hadde lagt begrensningar på bruken av amerikanske våpen, og framståande republikanarar har også ved andre høve sagt at Ukraina burde få bruke amerikanske våpen slik det passar best. Trump har trua med å svikte NATO-land som ikkje betalar nok, men truslane kan sjåast på som eit krav om at medlemslanda betalar meir i ei tid der dette er heilt naudsynt. Trump har også lova at han vil ha ei rask avslutning på krigen, i motsetnad til utmattingskrigen som Biden-administrasjonen har stått for. Det er ingen annan måte han kan få dette til på enn ved ein ukrainsk siger. Europeiske land har saman med NATO involvert seg så sterkt i denne krigen at det vil vere umogeleg for ein amerikansk president å stanse dette. Samstundes vil Ukraina halde fram med å kjempe for eigen eksistens så lenge dei kan. Biden og Scholz er nesten like store problem som Orban, om enn på ein annan måte. Trump har kritisert Biden for den lite ærefulle tilbaketrekkjinga frå Afghanistan, men får no sjansen til å vise kva han duger til. Eg kryssar fingrane for at Trump og republikanarane fjernar alle sjølvpålagde begrensningar og syter for at Russland må trekkje seg ut av Ukraina for godt.
  10. https://www.nrk.no/norge/fly-angripes-av-fiendtlige-signaler-_-mister-kontakten-1.16914179
  11. Ein får håpe at polakkane er i stand til å tenkje sjølv og ta sjølvstendige avgjerder. Om Biden får det slik han vil blir det ein langvarig blodig utmattingskrig som til slutt endar med at Ukraina må inngå ein "fredsavtale" på Putin sine premissar.
  12. Han der skulle eg ynskje hadde stått fram etter 11/9 2001, då USA invaderte Afghanistan og Irak. Men dette er heilt malplassert i ein situasjon der Russland er den eskalerande parten, og Europa står ovanfor trusselen frå ein ny Hitler.
  13. Ein kan byrje å lure på om Ukraina får nokon fly før etter at Donald Trump har teke plass i det kvite huset. Danmark har lova F16 i Ukraina i løpet av sommaren, altså innan 1/9. Kan dette halde, eller ville Biden komme til å "pisse i buksa" av "eskaleringsfrykt"? Redigert: Ser at Danmark nok ein gong stadfestar at Ukraina vil få F16 i sommar. Dette er lovande.
  14. Er dette dei same Patriot-systema som har blitt lova i lenger tid? Kor tid kjem desse til Ukraina. Ser ein dei i bruk før Ukraina er gått i svart i vinterkulden?
  15. Når det gjaldt NATO-krigen med Serbia kom den etter at verda stort sett hadde stått og sett på krigane i det tidlegare Jugoslavia i nesten eit tiår. I mellomtida fann f.eks. massakren i Srebrenica stad - med FN som tilskodarar.
  16. Kva er det med amerikanarar? Russland tek ein på med silkehanskar, men på den andre sida er Israel heilage. Russland må behandlast på same måten som ein behandlar HAMAS.
  17. Det som må skje er at den demente presidenten i USA sluttar å høyre på Sullivan og "eskaleringsspøkjelset", og at ein sender Ukraina det dei treng for å bombe russiske flybasar utan sjølvpålagde begrensningar. No må silkehanskane av! I tillegg må Russland sanksjonerast der det er mogeleg, og behandlast som dei terroristane dei er. Og det er også viktig at ein gjer noko medan ein har sjansen, i staden for å overlate avgjerdene til den neste presidenten, som blir Donald Trump.
  18. Er den franske venstresida nesten like Putin-vennlege som Nasjonal Front? Kva vil skje med fransk støtte til Ukraina no?
  19. Ein får ofte inntrykk av at verda går til h......, men dette gjev vel eit lite håp om endring til det betre, trass i at det er ayatollaen og prestestyret som har bukta og begge endane. Kan den nye presidenten greie å få Iran til å ta avstand frå Russland og krigen i Ukraina?
  20. Dette "fredsforhandlings"-pratet frå russisk side minner framleis mest om krav om ukrainsk kapitulasjon, og er ikkje så ulikt det Russland har kravd heile tida. Eg tykkjer at Ukraina skal halde fram slik dei gjer no, samt at Vesten må auke- eller i det minste halde fram støtta. Før eller sidan må det rakne for Russland, det finst ei grense for kor store tap dei kan tole i denne meiningslause krigen.
  21. Eg er heilt einig i alt dette, men samstundes er det viktig at NATO tek over styringa no som det blir meir og meir sikkert at Donald Trump om få månader er president i USA. Det at ein forpliktar seg når det gjeld støtte eit år fram i tid gjer også at ein har litt tid på seg før ein hamnar i ein situasjon der hjelpa evt. blir blokkert på nytt. Eg håpar elles at Europa nyttar tida godt for å kunne ta over frå eit USA som ikkje er til å stole på. Men eg tvilar.
×
×
  • Opprett ny...