Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 550
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Kina har ikkje territorielle krav mot dei sentral-asiatiske landa, og det blir stor skilnad på å hevde retten dei meiner å ha til å styre Tibet eller Taiwan og å ta over Kazhakhstan. Så dersom NATO ikkje har evne til- eller er villige til å ta opp dei sentral-asiatiske landa (Sverige brukte 2 år på å bli medlem i NATO, Ukraina og Georgia har møtt ei kald skulder i mange år) er vel ein allianse med Kina det einaste alternativet som iallefall kan bevare ei viss grad av sjølvstyre samstundes som ein kan avskrekke Russland. Eg tykkjer det er merkeleg dersom ikkje desse tinga blir diskutert i dei landa det gjeld. Sit kashakhstanarane berre og håpar på at dette går over?
  2. https://www.nrk.no/ytring/ukrainas-farlige-var-1.16832465
  3. Kazhakhstan som medlem av NATO har vel aldri vore diskutert før russarane bringar det på bana. Burde ikkje både Kazhakhstan og dei andre tidlegare sovjetrepublikkane (med unntak av Kviterussland) bli ørlite granne bekymra over situasjonen etter kvart, og søkje støtte hos Kina eller NATO? Kan det vere slik at eventuelle samtalar er hemmelege, slik at ein kan melde seg inn i NATO raskt dersom det skulle bli nødvendig?
  4. I fjor var det høge forventningar til ukrainsk motoffensiv, og ein veit korleis det enda. I år er det russarane som har "presset" på seg. Når vestleg støtte til Ukraina til ei viss grad uteblir, og mangel på ammunisjon og luftvern gjer at russarane sakte men sikkert avanserer på slagmarka eller tek ut kraftstasjonar og luftvern ser det også ut til at politikarane omsider byrjar å vakne og forstå alvoret. Tsjekkia har skaffa fram ammunisjon, og dei baltiske landa er i gang med det same. Frankrike har gjort heilomvending i politikken når det gjeld støtte til Ukraina. NATO, som i størst mogeleg grad har prøvd å distansere seg frå krigen er også komne på bana og vil ta over meir av styringa slik at ein blir mindre avhengig av skiftande regjeringssjefar og presidentar i enkeltland. Og no sist har også den norske Støre-regjeringa vakna og har lagt fram ein plan for storstilt satsing på forsvaret som etter kvart vil nå 3% av bnp. Er ein heldig kan kanskje også MAGA-speakeren Mike Johnson bli felt av sine eigne med Marjorie Taylor Greene i spissen, slik at proppen forsvinn ut av systemet og ein endeleg får levert den omfattande hjelpepakken som skulle ha vore levert for eit halvt år sidan. Samstundes bit ukrainarane godt frå seg i krigen, svartehavsflåten blir meir og meir redusert, russarane har snart ikkje fleire tanks og må hente fram gamle doningar overlesst med kamuflasje og andre improvisasjonar eller avansere i kinesiske "golfbilar", ukrainske droner flyg meir eller mindre fritt over dei okkuperte områda og langt inn i Russland, oljeraffeneri brenn, olje- og gassleidningar eksploderer, flyplassar med kampfly blir bomba. Nærmar vi oss det store vendepunktet i krigen der Russland sin angrepskrig kollapsar, samstundes som Ukraina endeleg får den støtta dei treng for å avslutte krigen og jage orkane tilbake der dei høyrer heime?
  5. Om dette stemmer vil eg tru at det er fint lite Russland kan gjere med det. Transnistria er for tida heilt isolert frå Russland, som kan hjelpe verken over land, frå lufta eller frå Svartehavet.
  6. Har ukrainarane øydelagt så mykje luftvern at det for alvor byrjar å rakne for russarane?
  7. Det vil alltid finnast kvinner som er fysisk jamngode med gjennomsnittlege menn i same alder (reaksjonsevna skulle vere den same uavhengig av kjønn), og difor bør ein heller ikkje utelukke noko. Men generelt har du nok rett i dette. Biletet nedanfor var henta frå ein artikkel som dreier seg om det som går føre seg på ukrainsk side no - som er nettopp det å prøve å forsvare stillingar. https://www.nrk.no/urix/soldater-ost-i-ukraina-graver-nye-skyttergraver-1.16814102
  8. Er du så sikker på det? Om ein toppidrettsutøvar i 30-åra skal gå eit skirenn vil rutine vere det som kompenserer for at den fysiske forma gjerne går ned med alderen. Når ein er 18 er ein gjerne usikker på mykje, medan ein blir sterkare mentalt med alderen. Uansett trur eg at det vil vere ein fordel med ei god blanding av dei "rette" folka dersom det skulle bli krig. Også kvinner har ei rolle i krigen, enten det er ved fronten eller som støtte lenger bak. I Ukraina har ein sett mange eksempel på kvinner som stiller opp, og som kjempar ved fronten.
  9. Det er viktig at dette og andre ting på lista ikkje kjem i konkurranse med Ukraina sine akutte behov for ammunisjon og luftvern. Men så snart som Ukraina har nok av dette må ein fylle opp våre eigne lager.
  10. Er det nokon som skal ha fått utbetalt utbytte til ASK etter omlegginga, og som greier å finne dette att i nettbanken til DnB? Gløym det. Det tok berre litt tid før statusen var oppdatert.
  11. https://www.nrk.no/urix/russland-trapper-opp-angrepene-pa-ukrainsk-stromforsyning-1.16827760 Om ikkje noko skjer snart får Norge og andre land bla opp og kjøpe dette frå USA.
  12. No er det vel ikkje nokon motsetnad her. Ingen kan hindre Macron eller dei baltiske landa i å sende styrkar på eiga hand.
  13. Det er vel slik at legar eller psykologar ofte har avgrensa tid til å lytte, og at dei som alle andre kan feiloppfatte og misforstå. Og skal ein tru det @Milhouse85skriv vil ein då kanskje heller ikkje leggje vekt på å skrive alle detaljar heilt korrekt, så lenge dei vesentlege tinga stemmer og den raude tråden er bevart. Verre er det dersom vesentlege ting, altså ting som har medisinsk betydning viser seg å vere feil. Slike feil bør jo absolutt rettast dersom dei kan få konsekvensar for seinare vurderingar. Det å skrive eit referat er jo uansett ein kunst.
  14. Det som du ser i nettbanken er ikkje nødvendigvis skattemessige verdiar. Dei skattemessige verdiane skal følgje med ASK-kontoen heile vegen frå bank til bank. Eg overførte fleire fond til Sbanken for årevis sidan. Eit fond frå Eika står med nokonlunde korrekt investert beløp slik som det gjorde i gamle VPS. Fonda frå DnB står derimot med tilnærma 0 investert, og svimlande avkastningsprosentar. Då eg kontakta Sbanken-konseptet om dette før samanslåinga no i mars fekk eg forklart at dette vil endre seg kvar gong fonda blir flytta, men at dei skattemessige verdiane likevel blir korrekt. Kundebehandlaren la også ved eit Excel-ark som viste dei skattemessige transaksjonane og verdiane på ASK-kontoen.
  15. Då blir altså konklusjonen tvert imot at ein i tilfelle som dette kan ha eit utbytte av at den noverande fastlegen eller psykologen får lese gjennom gamle journalar, trass i at det som står der ikkje nødvendigvis samsvarar i detalj med korleis pasienten sjølv har opplevd/hugsar konsultasjonane og si eiga sjukdomshistorie. Dersom det er snakk om ein lang journal blir det vel uansett eit spørsmål kor mykje tid legepersonell kan bruke på å lese gjennom gamle journalar. Fastlegen er vel vant med at dei fleste konsultasjonar tek eit kvarters tid der legen målar blodtrykk og spør generelt om alt er bra eller om det er noko hen kan hjelpe med, før ein takkar for seg etter å ha fått ny time om eit år.
  16. Dette var altså Ukraina sine fyrste steg mot NATO og EU. Det seier seg sjølv at ein fyrst ville måtte ha ei viss oppslutning internt om at "dette går vi for", for at eit slikt ynskje skulle bli teke seriøst eksternt. På denne tida såg ein ikkje den faren Russland ville kunne komme til å utgjere i framtida. Russland vart sett på som ein seriøs avtalepartnar, som då Ukraina ga frå seg atomvåpena mot at m.a. Russland garanterte for at dei aksepterte Ukraina som nasjon med dei dåverande grensene.
  17. Her fekk iallefall Putin viljen sin. Forteljinga gjev også inntrykk av at Putin sitt syn om at Ukraina ikkje var eit "ekte" land ga gjenklang hos Tyskland og Frankrike, og at Ukraina i motsetnad til dei baltiske landa ikkje vart tekne seriøst når dei snakka om NATO-medlemsskap. Dette kan ein angre på i dag. Bush ville invitere Ukraina inn som kandidatland, men Tyskland og Frankrike blokkerte dette. Samstundes var det nok få som såg nokon reell fare for krig i Europa den gongen. I 2024 ville nok både Tyskland og USA ha vore to store bremseklossar for tettare integrering med NATO, i tillegg til dei "vanlege" kverulantane Ungarn og Tyrkia. Det virkar derimot som at Macron og Frankrike er meir på offensiven etter to år med krig og vestleg tafattheit, og der ein hugsar biletet av Macron og Putin i kvar sin ende av det lange bordet som eit symbol på mislukka diplomati. Når det gjeld desse som gjekk inn for NATO-medlemsskap i 1992 var vel kanskje dette ei gruppe som ikkje representerte meininga til fleirtalet, verken i eliten eller hos folket. I Ukraina var det fram til 2014 regjeringar med skiftande standpunkt når det gjaldt spørsmål om tillnyting til Russland eller Europa/Vesten, og det var vel aldri noko fleirtal i befolkninga for å bli med i NATO før etter at Russland gjekk til fullskala krig i 2022.
  18. Så konklusjonen her er med andre ord at "halvparten" av det som står i journalane er feil eller misvisande, og at det er betre å starte med blanke ark og bli utgreidd på nytt?
  19. Og det er ikkje fyrste gongen terrorstaten Russland gjer dette.
  20. Skal dei fyrst endre namn tykkjer eg at Lyse Tele er for tungvint. Telelyse ville ha vore betre.
×
×
  • Opprett ny...