-
Innlegg
9 063 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Eg hadde ei tante som ynskte å døy når dottera var heime. (Dottera budde vanlegvis på ein annan kant av landet). Og slik vart det. Ho døydde på sjølvaste nyttårsafta, 92 år gammal.
- 45 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er det eg har vore redd for heile tida. Russland aukar produksjonen av materiell og ammunisjon, medan vestlege demokrati brukar år på å bestemme seg. Om det ikkje skjer noko drastisk er eg redd for at Russland kjem til å vinne. -
https://www.firda.no/trudde-han-hadde-gjort-eit-bruktbil-kupp-blei-lurt-trill-rundt/s/5-15-1660894
-
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte bank? (DNB)
torbjornen svarte på PosteMonopolet sitt emne i Privatøkonomi
I tider med inflasjon og renter er rentefond eit greit alternativ for dei av oss som ikkje har så godt greie på aksjar. Når det gjeld langsiktig sparing er globale indeksfond kjekt å ha pengar i.- 279 svar
-
- 1
-
-
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte bank? (DNB)
torbjornen svarte på PosteMonopolet sitt emne i Privatøkonomi
Har ein pengar i banken taper ein pengar. Har ein pengar på ein god sparekonto taper ein mindre, men inflasjon og skatt vil framleis føre til at ein taper pengar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det ser ut som at Kina trur det er fritt fram no som det er kaos i USA og ein har hendene fulle med krig både i Ukraina og Midtausten, samt eskalerande konfliktar både i Afrika og Mellom-Amerika. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når det gjeld islamofobi vil eg heller seie at det er både- og. Dei færraste muslimar er terroristar, men mange på ytre høgre er redde for islam og muslimar generelt. Dette er gjerne dei same grupperingane som støttar Russland og som misbrukar ytringsfridommen til å brenne koranar og andre provokasjonar. Dei same folka var også motstandarar av vaksiner og koronatiltak. Samstundes er det ingen tvil om at islamisme er eit reelt problem. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Hevar Erdogan stemma like mykje når Russland legg ned veto mot resolusjonar som fordømmer krigen i Ukraina? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Som påpeika tidlegare er fobi ein ubegrunna redsel. I dette tilfellet er det såleis snakk om russlandfrykt, og ikkje ordet russofobi som russarane sjølv brukar i propagandasamanheng. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
For eit par år sidan valde Nrk å bruke sjølvaste jonsokafta til å sende homofest frå Oslo rådhus. Det tykkjer eg var ei merkeleg prioritering. Når ein feirar muslimske høgtider som ramadan og id tykkjer eg også at statskanalen kunne vise litt interesse for våre eigne norske merkedagar! Men i den store samanhengen er dette ein bagatell. Det er bra at vi her i Norge er komne så langt at ingen skal måtte skamme seg eller bli hetsa for å vere den ein er. Rett nok kan ein bli lei av at Nrk og andre norske media har eit vel stort fokus på pride eller transpersonar/ikkje-binære. Men vi skal samstundes vere glade for at ein slepp å leve i eit erkekonservativt samfunn som det amerikanske eller i eit undertrykkjande samfunn som Russland, Iran eller i Afrika.- 77 724 svar
-
- 10
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Her har du sjølvsagt heilt rett. -
Eg lurer forresten på om de som meiner at det er så viktig å tillate koranbrenningar meiner at det også bør vere lov å henge opp eit israelsk flagg der davidstjerna er erstatta med eit hakekors slik ein såg eksempel på nyleg. Og bør brenning av regnbogeflagg framfor London pub i Oslo også vere ei lovleg ytring? Kvifor/kvifor ikkje?
- 884 svar
-
- 2
-
-
Det som blir spennande er vel kva koranbrennarane skal finne på å provosere med når dei ikkje lenger kan brenne koranar. Eller kanskje neste koranbrenning vil finne stad utanfor deira eige private hus for å teste kvar grensa går? Problemet er merksemda desse grupperingane får, og media må ta sin del av skulda for at dette blir blåst ut av alle proporsjonar. Korleis provokasjonar blir oppfatta i andre deler av verda med andre kulturar og der ein ikkje kjenner til kva ytringsfridom inneber får vi ikkje gjort noko med, og det er også vanskeleg å hindre Russland i å infiltrere antiislamske grupperingar og å utnytte situasjonen til å spreie desinformasjon, drive destabilisering og splitt og hersk. Det som er sikkert er at vi står att som taparar. Det beste er difor at ein unngår slike meiningslause provokasjonar under dekke av "ytringsfridom".
- 884 svar
-
- 3
-
-
-
Kvifor er det så om å gjere å brenne religiøse tekstar? Finst det ikkje betre måtar å gå fram på dersom ein vil kritisere religiøse forhold? Er det kanskje mangel på argument som gjer seg gjeldande?
- 884 svar
-
- 2
-
-
-
Eg tvilar på at det er så mange kristne som tykkjer at bibelbrenning har noko med ytringsfridom å gjere. Dei som ropar høgast om ytringsfridom er vel dei som eigentleg er motstandarar av religionar generelt, samt folk på høgresida som fyrst og fremst er motstandarar av islam.
- 884 svar
-
- 2
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
FN har vel i stor grad gått god for tala. Elles fortel Leger uten grenser at deira legar er drepne, at sjukehus er blokkerte og at kolonner med hjelpeforsyningar blir angripne. Dette er ein organisasjon som ikkje pleier å ta side i konfliktar. Elles er krig i urbane strok noko heilt anna enn krig i spreiddbygde strok, slik sett står Israel ovanfor ei umogeleg oppgåve. Ein har vel sett at Ukraina prøver å gå rundt framfor å angripe tettbefolka område. Russarane har derimot ingen respekt for sivile, og har gjort bykrig til sitt varemerke. Enten det er snakk om Mariupol eller Bakhmut. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Trump svikta kurdarane som har kjempa på Vesten si side mot islamistane i Syria. Trump bestemte seg for å trekkje amerikanske styrkar ut av Afghanistan, men Biden fekk skulda for at afghanarane vart overlatne til Taliban. No er det Ukraina som blir svikne av USA og Vesten. Det går slik Putin trudde, men det tok berre litt lenger tid enn han hadde rekna med. Er det rart at folk på Taiwan er redde, og at imperialistar verda rundt kappast om å invadere sine naboar? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Midtaustenkonflikten har alltid vore ei kruttønne. Då USA gjekk til angrep på Irak i 1991 etter invasjonen av Kuwait prøvde Saddam Hussein febrilsk på å få i gang ein større krig der Israel var involvert ved å sende rakettar mot Israel. USA sendte då Patriot-systemet, samstundes som at Israel fekk klar beskjed om å halde seg i ro. Dette var vellukka. I 2023 derimot har terrorangrepet frå HAMAS blitt Israel sitt 11/9, og har fått i gang ein krig som er med på å samle ikkje-vestlege land på Russland si side og mot Vesten og USA. Samstundes er det politisk kaos i USA og Ukraina mistar både merksemd og støtte. Krigen i Gaza har vore ein stor suksess for Russland og Iran, og det ville ha vore interessant å vite i kor stor grad det er dei som eigentleg stod bak terrorangrepet. Som påpeika av fleire ser det mørkt ut både for Ukraina og verdsordenen, Vesten er handlingslamma, resultatet er at det dukkar opp destabilisering og imperialistar fleire stader og ein kan byrje å lure på om det snart blir verdskrig. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om det er slik at Israel bombar sivile i Gaza blir ikkje Russland sine brotsverk i Ukraina mindre alvorlege av den grunn. Set ein andre standardar for krigen i Gaza enn for krigen i Ukraina? Kanskje. Kanskje ikkje. Men om ein brukar krigen i Gaza som argument for ikkje å støtte Ukraina er dette whataboutisme. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg tippar at han meiner at mykje av det som skjer i Ukraina kjem i skuggen av krigen på Gaza. Redigert: Det var visst ikkje det han meinte likevel. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
På den eine sida høyrer ein at Ukraina skyt ned det meste av dronene som blir sendt mot Ukraina, og at hovudstadsområdet er rimeleg trygt. På den andre sida kjem det artiklar som dette. Kor godt er eigentleg kraftforsyninga sikra mot russiske angrep i år samanlikna med i fjor? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Saudi-Arabia har vore nært knytt til USA. Er dette ein konsekvens av at USA er i ferd med å bli heilt handlingslamma på grunn av den alvorlege politiske splittinga i landet? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg klarer ikkje å halde meg unna å gje ein kommentar til dette: Dersom ein bombar meir eller mindre tilfeldige mål er ikkje dei som tilfeldigvis kjem i vegen såkalla "menneskelege skjold" brukt av motparten. Dette er rein propaganda, og det gjeld reglar for krig uansett kven som har skulda for at krigen starta, og uavhengig av om det er snakk om Mariupol eller Gaza. Det er også verdt å minne om at Israel (og Egypt) held innbyggjarane i Gaza som gislar i eit stort fengsel, og ein såg berre kor vanskeleg det var å få ut utanlandske statsborgarar, m.a. norske frå dette fengselet. -
https://www.sognavis.no/atvarar-mot-iphone-svindel-pa-facebook-me-hadde-in-felles-ven-og-det-var-ordforaren/s/5-115-1077188