Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det som blir problematisert er at juks på masteroppgåve ikkje er spesielt godt definert. Bruk av hjelpemiddel som ikkje er tillatt er openbart juks. Har du med kalkulator på matteeksamen der kalkulator ikkje er tillatt hjelpemiddel så er det klart juks, men på ei masteroppgåve så er det ingen slike ulovlege hjelpemiddel. Så då står ein berre igjen med å vurdere om reglane for kjeldebruk er fulgt. Det er tydeleg at sensor som vurdere oppgåva i 2021 har lagt heilt andre vurderingar til grunn for kva som er reglane for kjeldebruk. Det ligg også ei fagleg og ganske så subjektiv vurdering til grunn her. For det fyrste så er det opprinnelege utslaget på 19% tekstlikheit ikkje nødvendigvis einsbetydande med juks, slik tekstlikheit får ein opp også om teksta er oppgitt med rett kjelde. Sensor må derfor uansett gå inn og sjekke opp om den oppgitte tekstlikheita er kopiert utan kjeldehenvisning eller om det er rett sitert og derfor kan sjåast vekk frå. Den andre faglege vurderinga som sensor skal gjere er å vurdere kva studenten har funnet ut og konkludert med i oppgåva. Ein kan nok i teorien kopiere 80% av teksta om ein har korrekt kjeldehenvisning dersom dei siste 20% er svært gode vurderingar der forskning frå andre har blitt brukt til å dra nye spennande konklusjonar. (Eg meiner personleg at det i klartekst burde stå at det også er juks få andre til å skrive tekst på din bestilling utan å oppgje den personen som opphavsmann sjølv om teksta er ny og upublisert). Eg vil til slutt legge til at det framstår som rimeleg klart at heile masteroppgåva til Kjerkol i svært stor grad støtter seg til oppgåva som Fossland leverte i 2019. Eg vil derfor påstå at oppgåva til Fossland derfor var det aller viktigaste kjelda å oppgi, og at det å ikkje oppgi oppgåva til Fossland som kjelde ikkje kan forsåast på anna måte enn at Kjerkhol framstilte teksta til Fossland som sin eigen tekst. På dette spørsmålet er eg litt delt. På den eine sida så er bestått grad ein relativt viktig formalitet, og rett skal være rett. Samtidig så meiner eg at masteroppgåva ein har levert blir mindre og mindre viktig for yrkesutøvinga jo lenger tid det går. Om 3 år er lenge nok er eg også i tvil om, men om det er 30 år sidan mastergraden vart levert og vedkommande har praktisert yrket like lenge utan store feil så tenker eg at eg heller vil ha ein anestesisjukepleiar med mykje erfaring (og kunnskap) framfor ein nyutdanna sjukepleiar som var ganske god på å skrive referanseliste. Så sjølv om det er feil at det skal lønne seg å jukse, så tenker eg samtidig at dersom ein har praktisert eit yrke lenge nok så vil ein på eit eller anna tidspunkt nå eit skjæringspunkt mellom formalkompetanse og realkompetanse. Har det gått tilstrekkeleg lang tid så vil det å annulere graden bli ein rein formalitet for å straffe juksere. Og i veldig liten grad basert på at det er nødvendig å fråta vedkommande jobben fordi vedkommande ikkje har kompetansen. Når det har gått nokre år i yrkeslivet så er omtrent alt ein lærte på skulen uansett gløymt, så studieresultata blir mindre og mindre viktige. Eg tenker likevel at 3 år fortsatt er relativt ferskt, og ein må anta at ein person som berre har jobba i tre år fortsatt støtter seg til kompetansen som ein skulle ha fått gjennom skulen. Ein foreldingsfrist på mellom 5 og 10 år framstår som meir passande. 1. Eg meiner at det må vurderast som juks når det var så mykje som var kopiert frå ei tidlegare masteroppgåve utan at den oppgåva har vært oppgitt som referanse. Eg er langt meir tilbøyeleg med å avfeie kopiering av tekst frå andre stadar utan referanse som slurv, men masteroppgåva til Fossland burde openbart blitt oppgitt som kjelde, og som minimum som inspirasjon om Kjerkol skal fortsette å påstå at det ikkje vart kopiert frå den. 2. Her er eg til dels einig. Det går ikkje klart fram at eit universitet har adgang til å ombestemme seg og i ettertid underkjenne eksamensresultat. Feilaktige vedtak kan i utgangspunktet takast opp til ny vurdering om det kjem fram heilt nye opplysningar, men det er litt tvil på om dette er ei slik sak som kan vurderast på nytt, og om vilkåra om nye opplysningar er oppfylt. Adgangen til å trekke tilbake ein godkjent grad bør i alle tilfeller forskriftsfestast slik at det er heilt klart at ein får graden på vilkår. Forskrifta bør nok også ha ei foreldingstid, men kanskje viktigast så bør det være avgrensing for kor mange gangar ei jukse sak kan takast opp til vurdering. Særleg for politikarar og andre profilerte personar så kan eg potensielt sjå ei utfordring om at det kan kome anklagar om juks kvart valg år som ein del av valgkampen. Det får være nok at ei oppgåve kan granskast på nytt berre ein gong. 3. Heilt einig i at det utvilsomt er dårleg handtverk. Sånn sett er det nok mest pinleg for Nord Universitet som klarte å gi toppkarakter på ei slik oppgåve, då kan ikkje lista for bestått masteroppgåve ligge spesielt høgt.
  2. Nord universitet har nok kasta seg rundt i eit forsøk på å redde ansikt og framstå som seriøse. Eg er forøvrig einig i at det er problematisk dersom kvart enkelt universitet skal kunne vurdere heilt sjølv kva som er akseptabel kopiering. For det medfører at det kan bli til dels store forskjellar frå universitet til universitet kva som eigentleg ligg til ein mastergrad.
  3. Eg fant i farta ikkje statistikk med heilt oppdatert graf. Denne grafen frå SSB stopper i 2003 så dei siste 20 åra mangler. Det betyr likevel forholdsvis lite fordi dei siste åra så har andelen som blir brukt på mat flata ut og ligg i dag på ca 13%, vi har vært nede i 11 % også men grafen flatar ganske greit ut der den stoppar på grafen nedafor på mellom 10 og 15 %. Konklusjonen er at sidan etterkrigstida der nesten halve lønna gjekk til å kjøpe mat så er vi i dag nede i ca 10%. Største fallet har vært sidan 1985. Det er fleire grunnar til at maten har relativt sett blitt billegare. Eg tenker at det kanskje er særleg relevant å dra fram at vi i dag har fleire utgiftspostar å fordele lønna vår på. Frå 50-talet der ei husholdning omtrent berre hadde utgifter til hus, mat og kle, så har vi i dag mange andre utgiftsposter i tillegg, særleg innafor kommunikasjon og underholdning. Sjølv om det kanskje ikkje er superrelevant for statistikken så gjer eg meg også nokre tankar om at maten kanskje eigentleg er billegare enn grafen viser. Gjennomsnittsnordmannen har nok langt dyrare matvaner enn ein hadde før 80 talet. Både med tanke på at fleire i dag tek seg råd til flottare råvarer, og ikkje minst at svært mykje av matvarene i dag er heil eller halvfabrikata. Eg trur nok at statistisk sett så kunne vi brukt langt mindre andel av lønna på mat om vi i større grad kjøpte reine råvarer. Når halve Norge har Grandiosa til middag så er det nødvendigvis dyrare enn å lage heimelaga middag.
  4. Tenker det samme. Det folk forstår som fengselsstraff er at ein må inn for å sone. Så når kortversjonen "dømt til fengsel" er brukt så kan du trygt anta at det er ubetinga fengselsstraff som er meint. Når ein bli idømt betinga fengselsdom så vil det være presisert. Vil legge til at ein betinga fengselsdom er ikkje nødvendigvis berre at ein slepp å sitte i fengsel om ein ikkje begår nye lovbrot i prøvetida. Betinga fengsel kan også ha andre betingelsar, heriblant at delar av fengselsdommen må sonast medan resten kan være på prøvetid. Andre aktuelle betingelsar kan være tvungen behandling, avstå frå rus, og liknande. Får ein slike betingelsar så tenker eg at det ikkje er heilt korrekt å seie at ein i praksis ikkje får straff, for i slike tilfeller så blir ein ilagt avgrensningar på kva ein får gjere. Ved "vanleg" betinga dom så har du heilt rett i at ein unngår i praksis straff om ein klarer å holde seg på matta gjennom prøvetida. I slike tilfeller der det ligg vilkår til dommen så kan nok avisoverskriftene variere litt alt etter kor godt journalisten har satt seg inn i dommen, men hovudregelen er at ein spesifiserer kva straffeutmålinga vart om det er noko anna enn ubetinga fengsel.
  5. Det er ikkje det at eg trur at Kjerkol snakka sant, poenget mitt var at det er ein teoretisk muligheit for at Kjerkol ikkje viste om jukset. Ho burde uansett tatt meir ansvar. Om ikkje ved å legge seg heilt flat så skulle ho i alle fall tatt ein langt meir ydmyk tilnæring og ikkje vært så avvisande. Hadde forsvaret hennes vært at dei henta tekst frå andre oppgåver, men at dei meinte at det var innafor det som var akseptabelt i oppgåveskrivinga så kunne ho i det minste redda seg inn på at ho hadde gjort ei feilvurdering, og ikkje på at ho har juksa og prøvd å bortforklare juksinga etterpå. Det siste er langt meir problematisk for tilliten som politikar enn det å ha feilvurdert.
  6. Kanskje eg skal gjere det same. Grunnen til at eg falt av og ikkje fullførte spelet var nok at eg rota meg vekk i sideoppdrag og samlemani. I tillegg var det vel eit oppdrag som eg fyrst i ettertid forstod var tidskritisk. Så sjølv om det ikkje eigentleg betyr noko at eg ikkje fekk fullført det oppdraget fordi eg var for opptatt med å plukke blomster så bidrog nok det til at motivasjonen fekk seg ein knekk. I alle andre spel så går ikkje oppdraga ut på tid slik at ein har god tid til å gjere mykje anna sjølv om ein er på eit hasteoppdrag. Dette er kanskje det som er største ulempen med at spelet prøver å være realistisk, samtidig så er det kanskje lettare å starte ei ny gjennomspeling når eg er klar over dette og ikkje bruker opp tida på å utforske verdenen. Realistisk sett så ville nok ein karakter som skal hevne sin familie ikkje brukt så mykje tid på heilt andre ting. Nokon som veit korleis det fyrste spelet fungerer når du er ferdig med main quest? Er det slik som i liknande spel at du då går over til "free roaming" og kan fullføre alt av sideoppdrag etterpå? Eller er det rulletekst og tilbake til hovedmenyen?
  7. Det er nokre fordelar også med gruppeoppgåve, fyrst og fremst at ein kan spare litt tid ved å dele på skrive og lese-arbeidet. I enkelte tilfeller kan også oppgåvene bli betre som gruppearbeid dersom kvar av deltakarane bidreg med ein spisskompetanse slik at fleire fagområder kan kombinerast til ei ny og unik samanstilling av kunnskap. Det sagt så er nok den vanlegaste grunnen til at ein skriv masteroppgåve saman med nokon andre at det er ein forholdsvis enkel måte å få levert ei godkjent oppgåve på.
  8. Kjenner til det. Har berre sett litersbokser til øl og har også prøvd å drikke frå ei slik ølboks. Konklusjonen er at boksa blir sotr og uhandterlig å drikke frå, og at du skal drikke ganske så fort for at ølet ikkje skal bli både varmt og flatt mot slutten. Etter mitt syn så eigner litersbokser seg svært dårleg til å drikke kullsyreholdig leskedrikk. Det er mogleg at litersboksa er tenkt for å dele slik at ein heller over til to eller tre glass, men etter mitt syn så forsvinn då litt av poenget med å ha ei stor boks framfor fleire små. Treng ein litt større kvantum så får ein også på enkelte butikkar kjøpt 5 liters ølfat, men det er ein heilt anna type beholder. Slike fem liters fat er også heilt håplause på alle måtar, og har vel som einaste funksjon at det er litt stilig å sette ei øltønne på bordet. Mistenker at ølboks på rundt 1 liter er omtrent rundt maksstørrelse før det blir for stort volum i forhold til tjukkelsen på aluminiumet.
  9. Det som openbart var meint var at Kjerkol har sjølv valgt å utsette seg for potensielle mediastormar ved å ta jobben som minister. Så det at mastergraden vart underkjent gir også konsekvensar for denne rektoren som ho skreiv oppgåva saman med. Det Kjerkol indirekte seier er at jukse saka er eit politisk angrep mot hennar politiske verv, og at denne rektoren ikkje fortente å miste mastergraden i ein kritikk som var retta mot Kjerkol. Eg kan være einig i at det kan virke "urettferdig" at også denne rektoren mister sin grad, hadde det ikkje vært for at Kjerkol er politikar så ville nok juksinga aldri bli oppdaga. Det betyr likevel ikkje at det er feil at også rektoren mister mastergraden. Det einaste gode argumentet for at det er urettferdig at også denne rektoren blir ramma i denne saka er at dei fleste andre med mastergrad som ikkje er aktive i politikken og som har sluppet unna med plagiering nok kan sove trygt om natta sidan universiteta ikkje kjem til å gjennomføre etterkontroll av andre masteroppgåver som er skrevet av meir anonyme studentar. Det er nok også eit moment at konsekvensane ved å miste mastergraden potensielt er mykje større for denne rektoren. I ytterste konsekvens så kan tapet av mastergraden medføre at ho mister jobben som rektor. I det offentlege skal ein tilsette den best kvalifiserte søkaren, så utan denne mastergraden så er det ikkje sikkert at ho var beste søkaren til rektorjobben slik at jobben rettmessig skulle gått til nokon andre. Kjerkol kjem til å sprette tilbake uavhengig av om tek masteren på nytt, ho treng ikkje utdanning for dei jobbane som er aktuelle for henne, enten det er politiske verv eller som rådgjevar. Det sagt så meiner eg at media har vært veldig flinke til å ikkje omtale rektoren med namn eller anna identifiserande informasjon. Så for dei som berre har lest om saka i media og ikkje bur i det aktuelle lokalområdet (eller har søkt opp masteroppgåva) så har namnet til rektoren vært ukjent for offentlegheita. Eg klarer ikkje å sjå korleis media skulle ha klart å skåne rektoren meir enn det som har blitt gjort. Det må i så tilfelle være ved å ikkje oppgi at Kjerkol har skrevet masteroppgåva saman med ein person til. Det å holde tilbake slik informasjon vil presse-etisk være tvilsomt, i tillegg så har det vært til Kjerkol sitt forsvar når ho gjekk ut og nekta for plagiering. Fortsatt er det ikkje klart om dei juksa saman eller om det berre er ein av dei som juksa. Og dersom det skulle være berre denne rektoren som har juksa utan at Kjerkol viste om det så taler jo det for at Kjerkol kan ha snakka sant når ho avviste at det hadde blitt juksa.
  10. Mistenker at det har med produksjonsvolum å gjere. Markedet for mopedbil er ganske lite så ein får ikkje dei heilt store masseproduksjonsfordelane. I tillegg er det ikkje heilt rett fram når det gjeld førarkort. Utan klasse B så må ein ha sertifikat for moped, og då må ein være bevist på kva kode ein har tatt. Har du tatt førarkort med kode 145 (gjeld i Norge) eller kode 146 (gjeld i Europa) så kan du køyre mopedbil, men berre opp til maks eigenvekt på 150 kg. I praksis er alle mopedbilar tyngre enn dette og då må ein ha mopedsertifikat med kode 147. Dette slepp ein å tenke på om ein er over 18 år og har tatt lettmotorsykkellappen eller vanleg førarkort, men om ein ikkje har anna enn mopedlappen så må ein være bevist på kva sertifikat ein har. Den som berre har førarkort for vanleg moped kan ikkje køyre mopedbil, og skal ein endre til kode 147 så må ein i praksis ta all obligatorisk opplæring på nytt. Det er derfor ikkje gitt at ein kvar 16 åring med mopedsertifikat kan køyre ein mopedbil på sitt sertifikat, så det gjer også sitt til for at det blir litt avgrensa kor mange mopedbilen er aktuell for. Den aller største fordelen med mopedbil er strengt tatt at dersom ein har mista førarkortet på grunn av helsemessige grunnar så kan ein via legen søke om å få tilbake førarretten for mopedbil. Det er nok også grunnen til at største brukargruppa av mopedbilar er godt voksne personar som av ulike grunnar ikkje har fått godkjent helseattest men som likevel har fått lov til å fortsette å køyre mopedbil. For å spissformulere meg litt så medfører det at mopedbil for veldig mange blir ein avansert motordreven rullestol. Mopedbilane fyller ei veldig smal nisje som det er veldig få som befinner seg i. Så har du gyldig førarkort i klasse B så er det nesten ingen grunnar til å kjøpe mopedbil. Eg vil nesten påstå at dersom du køyrer så korte avstandar at ei makshastigheit på 45 km/t ikkje er eit hinder for dit bruksområde, så kan du like godt vurdere å kjøpe ein motorisert rullestol med tak. Då blir makshastigheita riktig nok redusert til maks 15 km/t men til gjengjeld får du fordelen av å være definert som gåande slik at du kan ta snarvegar via gangfelt og gater som er einvegs eller har forbod mot motorkøyretøy. Med mopedbil må du holde deg i vegbana og du må følgje alle dei vanlege trafikkreglane.
  11. Pantesystemet vårt er det beste i verden av den enkle grunn at det norske pantesystemet er det einaste universielle pantesystemet. Med unntak av nokre av våre naboland som har tatt i bruk vårt system så har ikkje resten av verden system for pant som gjeld på tvers av produkt og på tvers av utsalgsstadar. Om vårt system er best for klimaet er nok meir opp til diskusjon. Argumentet frå Infinitum er at å smelte ned flaskene og lage pellets til støyping av nye flasker er meir miljøvennleg fordi ein sparer inn på transporten når tomme flasker og bokser kan komprimerast før retur. Miljøpåvirkninga samanlikna med andre ordningar kjem mykje ann på korleis ein rekner på det, og ikkje minst kva data ein legg til grunn for berekningane. Det som er nok er viktigaste grunnen til å beholde dagens panteordning er at det er veldig arbeidskrevande å skulle sortere flasker ned i bruskasser og laste opp lastebilane med bruskasser. Særlig i Norge der arbeidskrafta er dyr så er nesten fullautomatiske panteautomater langt meir rasjonelt. Så lenge dagens panteordning er omtrent like miljøvennlig som den gamle ordninga så er det ein stor fordel å gå for den ordninga som er billegast. Jo billegare panteordninga er å drifte jo billegare blir produkta å kjøpe for forbrukarane. Sjølv om vi får tilbake panten så betalar vi for ordninga i form av at produsentane må dekke inn kostnadane ved panteordninga i produktprisen. Særleg sidan dette EU-kravet til gjenbruk av flasker også medfører store investeringar i form av ombygging og nye panteautomatar så vil det koste meir enn det smaker. Einaste positive eg ser i forslaget til EU er dersom bransjen gir opp å produsere på plastflasker til fordel for aluminiumbokser som kan pressast flate og sendast til nedsmelting. For bransjen er det kanskje like greit å berre produsere bokser på 0,33 eller 0,5 liter, det gir nok betre inntening sidan ein ikkje kan kjøpe brus i større kvantum til ein lavare pris, men for forbrukarane så er det nok lite gunstig (sjølv om det for folkehelsa sikkert er like greit å kutte både i brus- og ølkonsumet). Kanskje fører dette EU-direktivet til at vi får brus på melkekartongar? Då slepp vi heile pantesystemet men samtidig så er det større sjanse for at emballasjen havner i restavfallet og ikkje i papiravfallet. Fordelen med pantesystemet er at det er relativt få flasker og bokser som blir kasta i restavfallet.
  12. Lurer på kva Netflix har av sjåartal? Det overrasker meg at det er gitt grønt lys for ein femte sesong når dei knapt har rukket å starte på innspelinga av fjerde sesong. Det er tydeleg at Netflix finn det lønnsomt å skulle fullføre serien så lenge dei har bøker å baserer seg på, men når serien uansett berre er laust basert på bøkene så ser eg ikkje heilt poenget å skulle avgrense seg. Særleg når dei gjer det så klart at femte sesong også blir den siste. Så laust forhold dei har til kjeldematerialet så burde det ikkje være til hinder for å lage ein sjette sesong. Manglande kjeldemateriale var tydelegvis ikkje til hinder for å lage "Blood Origin" prequelen. Netflix har tydelegvis stor tiltru til dette prosjektet, også etter at Henry Cavill gav seg sjølv om Cavill sin rolle var bortimot det einaste lyspunktet i serien. Det må da vel være ein enorm risiko for at langt fleire sjåarar hopper av serien i fjerde sesong når Henry Cavill ikkje lenger er på skjermen? Og kanskje for å gni det skikkelig inn så har Netflix vært ganske så kjappe med å kanselere seriar som hadde gode forutsetningar for å bli populære seriar. Til dømes "Shadow and Bone" som berre fekk to sesongar og som har litt av same målgruppa som "The Witcher". Storserien "1899" var publisert som ein av dei mest sette seriane på Netflix, men vart likevel kanselert nesten umiddelbart. Serien hadde vært ute berre ein liten måned før nyheita om kanselering kom. Og sjølv om det er nokre år sidan no så vil eg også dra fram "Mindhunter" og "Glow" som gode Netflix seriar som ikkje fekk avslutte. Så enten så har "The Witcher" veldig gode sjåartal hos Netflix, eller så må det være nokon i leiinga til Netflix som har ein særleg interesse for å holde serien i live. Serien er heller ikkje spesielt billeg å produsere, så det blir investert ein del når det skal lagast to sesongar til.
  13. Tenker at sjølv om det ikkje nødvendigvis er mindre miljøvennlig å vaske flasker slik som det nye systemet legg opp til, så vil vel openbart eventuell miljøgevinst gå tapt ved den store omlegginga som må til?
  14. Koster deg ingenting å føre opp. Sjølv om det ikkje er krav om det så vil nok dei fleste kjøparar argumentere med at "bør utføres av faglærte" betyr det som det openbart ikkje er grunn til å bruke faglærte til. Du vil ikkje bli straffa i pris eller betalingsvilje ved å være overtydeleg.
  15. I prinsippet ja. Likevel vil vel ikkje eit slikt forbehold være gjere det bindande for den som kjøper bustaden på forkjøpsrett? Herver det snakk om at Navn Navnesen kan få leige, og opptil 30 dagar i året. Den som kjøper på forkjøpsrett kan heilt fint omgå dette atterhaldet ved å seie nei til Navn Navnesen. Saka stiller seg annaleis om det blir skrevet kontrakt på at Navn Namnesen skal leige leilegheita i juli måned i X år, men ein slik kan klausul betyr eigentleg ingenting. Vilkåret om rask overtaking fungerer fordi dei som potensielt kunne brukt forkjøpsretten ofte ikkje har finansieringa i orden på kort varsel. Det er også eit atterhald som ny kjøper kan haldast til ved at det stilles krav til at betalinga skal være på plass innan den avtalte overtakingsdatoen. Merk også at som kjøper av burettslagsleilegheit så skal du godkjennast som andelseigar av styret, og det kan bli problematisk om det er openbare forsøk på å hindre bruk av forkjøpsretten. Konsekvensen av å ikkje bli godkjent er at du har kjøpt ein bolig som du må selge fordi du ikkje får flytte inne i. Vanlegvis er godkjenning frå styret ein rein formalitet, men det er akkurat slike tilfeller der avslag kan være relevant.
  16. Du må nesten vurdere sjølv om det gir meining for deg å kjøpe mopedbil. Etter mitt syn så kostar det meir enn det smaker, særleg om du har førarkort klasse B. Mopedbil er billig i drift og kan være heilt kurrant om du berre har småkøyring, men du skal ikkje køyre mykje i 50 sone før du merker irritasjonen med maksfart på 45 km/t. Mopedbilen er "halv bil" og du mister fleksibiliten du har med vanlig bil, som til dømes at du kjem til å bruke omtrent dobbel så lang tid i 80 sonene.
  17. Sjølvforsyningsgraden er basert på det vi treng for å opprettholde dagens forbruk. Altså er det eit tal på kor mykje av maten vi vil ha som vi også klarer å produsere sjølv. Er ellers einig i at når ein snakker om sjølvforsyning i beredskapssamanheng så bør ein sjå på kaloriproduksjonen og ikkje i kor stor grad vi gjennom ei krise kan ete avocado sandwich og drikke Cava.
  18. Det er ikkje nødvendigvis så lett å finne slike jobbar der du ikkje treng å møte fysisk. Sjølv i jobbar med mykje heimekontor så er det forventa at du jobbar frå heimen og kan møte opp fysisk ved behov, så å kombinere dette med reise kan bli problematisk. Det du ser etter er ein jobb der du produserer heilt uavhengig av andre. Det er då viktigare å finne rette jobben enn det er å ta rette utdanninga. Mesteparten av slike jobbar vil naturleg nok ligge innafor kontorsegmentet, men om du jobbar som forfattar, økonom, telefonselgar, eller liknande speler nok mindre rolle.
  19. Det er eigentleg berre å stikke av. Ved å ikkje jobbe i oppseiingstida så pådrar du deg eit erstatningsansvar, men det er avgrensa til reelle tap som til dømes dersom det må leigast inn vikar når du er vekke frå jobb. Det er ikkje alle jobbar der fråvær medfører eir direkte tap (når du heller ikkje krever lønn) så størrelsen på erstatninga er avgrensa. I tillegg er det arbeidskrevande å skulle kreve erstatning frå deg, og særleg når omstendigheitene er uklare i forhold til om arbeidsmiljøloven er fulgt. I verste fall så kan du bli dømt til å dekke lønnskostnadar for å skaffe vikar for deg under prøvetida. Sett opp mot viktigheita for at du kjem deg vekk av omsyn til eiga mental helse så tenker eg at den risikoen er det verdt å ta.
  20. Det du må gjere er å bygge dokumentasjon. Loggfør når du blir påført plager, kor lenge det varer og korleis du oppfatter det. Snakk gjerne med naboane dine, er du plaga vil gjerne naboane også være plaga. Det hjelp mykje å ikkje være den einaste naboen som klager. Når naboen som er problemet også sitt i styret så kan der være at du må vegen om å få bytta ut vedkommande. Om det er andre som er villige til å sitte i styret så burde det ikkje være eit problem å få bytta ut eit styremedlem som ikkje følger ordensreglane. Ellers er rådet mitt å skille sakene. Din klagesak gjeld lukt, for styret betyr det i utgangspunktet ingenting om det er hasj, tobakk eller matlukt. Rydd for eiga dør når det gjeld hundeholdet. Sjølv om du har rett i at hundens bjeffing skuldast røykinga så er det vanskeleg å bli trudd på det, særleg fordi dykk nok har fleire naboar som er mot deg og bjeffinga enn mot ho som røyker. Røyklukta er det nok berre dei nærmaste naboane som blir plaga av.
  21. Heilt enig. Koste meg med sesong 1. Såg heile sesong 2 men med lite engasjement, og har sett fyrste episode av episode 3 før eg hoppa av. Eg vil derfor påstå at eg har gjort eit seriøst forsøk på å like serien, og at min kritikk ikkje er utelukkande basert på dårleg omtale. Eg klarer å heve meg over kritikken over dårlege kostymer og eit voldsomt fokus på mangfold, går heilt fint for min del at det finnes mørkhuda alver, sjølv om også eg synes det tek vekk litt av realismen når små bygder på landsbygda har mangfold likt det ein forventer å sjå i store byar med mykje innflytting. Likevel er det ikkje tvil om at The Witcher ikkje klarer å levere historien på ein engasjerande måte, blir for mange snarvegar for min del. Eg synes også at det var eit forferdeleg dårleg valg av serieskaparane å skulle fortelle fyrste sesongen i ikkje-kronologisk rekkefølge. For dei fleste sjåarar var det vanskeleg nok å forstå verdenen om ikkje ein også skulle hoppe i tid, og med all tidshoppinga så er det eigentleg umogleg å forstå at i dette universet så er det ikkje alle karakterane som blir merkbart eldre i løpet av ein generasjon eller to. Det er ikkje lett å henge med i svingane når serien hoppar så mykje i tid samtidig som det berre er enkelte av karakterane som er meint å skulle sjå eldre ut. Å lage ei god og fengande historie satt i eit fantasi univers og som i tillegg ikkje skal være kronologisk er særdeles vanskeleg, og desto tydelegare blir det når ein snubbler og går på trynet fordi serieskaparane ikkje får det til. I tillegg er eg heilt einig i at å skulle fortelle historiene om Geralt utan å ha med Geralt er heilt idiotisk. Eg klarer ikkje å forstå kvifor Netflix bruker penger på å kjøpe rettigheitene til eit univers som dei openbart ikkje har tenkt å filmatisere. Dei kunne fint stjålet både karakternamn, monster og alver for å fortelle sine historier heilt gratis ved å ikkje bruke merkevaren The Witcher. Er det så dårleg stilt blant manusforfattarane at dei er redusert til å skrive fan-fic basert på populære bøker? Det må vel være både betre og enklare å lage sitt eige fantasiunivers og der stå heilt fritt til å fortelle akkurat dei historiene som dei sjølv vil fortelle?
  22. Skal ein hevde at batteriet (som ikkje er utskiftbart) er ein slitedel så må det nesten gå veldig klart fram av produktinformasjonen kva som er estimert batterilevetid, og kva som blir rekna som vanleg bruk. Det er lov til å selge slike øyrepropper med atterhald om at dei ikkje er meint å vare i meir enn to år, men då må denne informasjonen være tydeleg. Særleg på slike øyrepropper som blir lada via eit etui med batteri så er det ikkje til å unngå at øyreproppene til stadigheit blir lada til 100%. I tillegg så er det vanlegvis ikkje mogleg å slå av slike øyrepropper manuelt, dei er designa for å slå seg av når dei blir lagt på plass i etuiet. Så for ein forbrukar så er det veldig vanskelig å bevare batteriet lengst mogleg, for enten så legg ein øyreproppene tilbake i etuiet for å ta vare på dei slik at dei automatisk blir lada opp til 100%, eller så lar ein øyreproppene ligge å slenge mellom bruk slik at dei ladar seg heilt ut. Begge deler er vel omtrent like dårleg for batteriet.
  23. Det siste er i alle fall heilt korrekt, eigenmeldingar dekker heile arbeidsdagen og kan ikkje delast opp i timar. Kva ein kan og ikkje kan gjere vil nok variere litt frå arbeidsplass til arbeidsplass. Det er nok mange som praktiserer det slik at ein får gå heim i løpet av dagen utan å bli trekt i lønn for dei timane som er igjen av arbeidsdagen. Det som strengt tatt er mest korrekt er at ein får lønnstrekk om ein ikkje jobber full dag, så då vil det nok for mange være slik at ein då må bruke opp eine eigenmeldingsdagen på fyrste dagen ein er sjuk sjølv om ein alt har jobba mesteparten av dagen. Det sagt så kan det også være praktiske utfordringar ved å bruke eigenmelding etter at du har stempla inn og starta på ein ordinær arbeidsdag. Om ein ikkje har gode rutiner er det i slike tilfeller ein fare for at ein får "dobbelt betalt" ved at ein både for lønnskompensasjon for heile dagen når ein leverer eigenmelding, samtidig som det ikkje blir trekt frå dei jobbane ein rakk å jobbe før ein vart så sjuk at ein måtte gå frå jobb. Mitt konkrete råd i slike situasjonar er todelt. 1. Snakk med arbeidsgiver og gjer avtale. Blir du sjuk i løpet av arbeidsdagen så snakk med sjefen for å spørre korleis du skal løyse det, enten det er å levere eigenmelding, at du får lov til å berre gå heim utan å bli trekt i lønn, at du avspasserer dei gjenståande arbeidstimane, eller liknande. Svaret du får her vil nok også variere litt med kor langt inn i arbeidsdagen du er, du får nok eit anna svar om du seier du må gå heim i løpet av fyrste arbeidstimen kontra du gir same beskjeden heilt på slutten av arbeidsdagen. 2. Om du er i tvil på om du er heilt frisk så gjer du det mykje enklare for deg sjølv om du er i forkant og bruker eigenmelding med ein gong i staden for å møte på jobb og eventuelt måtte gå heim. Sjølv om vi nødig skal oppfordre folk til å ikkje gå på jobb om ein er i stand til å jobbe, så er det også eit moment å ta med seg at dersom du startar å kjenne deg dårleg alt før du drar på jobb så er det stor fare for at du kan smitte kollegaer og kundar om du har noko som er smittsomt. Totalt sett er det billegare for både bedrifta og samfunnet om du ved sjukdom held deg heime i staden for at du kjemper deg på jobb, kaster inn handkleet etter ein halv dag, og i tillegg har du smitta 2 kollegaer.
  24. Det er vanskeleg med rekonstruksjon når ein eigentleg ikkje har eit godt grunnlag for kva som har skjedd. Dersom JHA var åleine så er den mest nærliggande forklaringa på sjølve utføringa av ugjerninga at den vart utført med trusslar. Det var minst eit våpen innvolvert i form av ein kniv som vart brukt til å utføre drapa, den har nok også blitt brukt til å true med. Neddoping er vedlig lite truleg, det ville nok blitt avdekt under obduksjonen. Det er nok også lite truleg at JHA kunne hatt tilgang til både eit bedøvande middel som kunne brukast. Så det som er mest sannsynleg er at JHA har brukt eine jenta som gissel for å kontrollere den andre, og omvendt. Det å fryse i ro er ein like vanleg reaksjonsform som å stikke av eller rope, særleg om ein trur at det å flykte eller rope medfører at vennina kjem til skade. I etterpåklokskapens lys så virker det inngåande at ein burde gjort alt i sin makt for å kome seg unna, men der og då var det ingen som viste kor langt JHA var villig til å gå. Dersom ein blir rana på gata så er det vanlegaste rådet at ein bør samarbeide med ransmannen, gi frå seg verdisakene og la ransmannen stikke av. For vanlegvis er motivet for ranet utelukkande å rane. Men det er klart at i dei sjeldne tilfella der ransmannen også har tenkt å bli drapsmann så blir det heilt feil strategi å ikkje kjempe imot. Eg har absolutt ingen fasit, men eg finn ikkje grunnlag for at det er usannsynleg at ein voksen mann med kniv ikkje skulle kunne utføre denne ugjerninga åleine. Det hadde nok utvilsomt vært lettare dersom det var to eller fleire gjerningsmenn, men så vidt eg kan forstå så er det ingen forutsetning at det må ha vært minst to. Eit anna moment er at vi veit heller ikkje kva JHA klarte å forstå av etterspelet etter ugjerninga. Det kan hende han tenkte at sjølv om den eine jenta hadde stukket av så var han langt inne i skogen der han var godt kjent og at han derfor hadde gode muligheiter for å stikke av gjennom skogen og kome seg unna før politiet kom fram. I år 2000 var det generelt lite kunnskap om åstedsetterforskning, så det er ikkje sikkert at JHA tenkte på eller i det heile tatt forstod at han etterlot seg tekniske spor som kunne felle han i ettertid om han skulle klare å kome seg vekk frå åstedet utan å bli sett. Om drapa var planlagde eller ikkje har vel ikkje blitt slått fast? JHA benekter sjølvsagt at det var planlagt (hans forklaring er jo at han vart lurt og tvinga av VK), men om JHA stod for ugjerninga åleine så er det lite sannsynleg at han ikkje hadde tenkt på slike ugjerningar før. Som med andre seksuallovbrot så var det nok det seksuelle som var hovedmotivet, sjølve drapa kan fort ha vært for å skjule spor.
  25. Kva overtidsbetalinga skal være og på kva dagar det skal være ulike satsar er avhengig av kva som er avtalt. Per definisjon er søndagar raude dagar, så med mindre det er presisert at søndagar skal reknast som noko anna enn høgtidsdagar så er overtidsbetalinga på søndagar lik som om ein hadde jobba 2 juledag. Eg er likevel einig i at 200% er litt råflott. Det vanlegaste er vel at søndagsarbeid (og andre helligdagar) blir lønna med enten 100% eller 133%? 200% er ei tredobling av lønna og 100% er ei dobling. Det er sikkert dei som har svært gunstige arbeidsavatalar, men tredobling av lønna for søndagsarbeid høyres litt for godt ut til å være sant. Det kan sjølvsagt være gode grunnar til at ein har ei slik ordning, alt frå at det er vanskeleg å få nokon til å jobbe på søndagar utan så høgt lønnstillegg til at grunnlønna er så låg at ein må opp i ei tredobling for at det skal visast igjen. Lønnstillegg på 133% for søndagsarbeid er vanleg i det offentlege, og det har kanskje noko med at grunnlønna er så lav at ein må litt over dobbling for å gi tilstrekkeleg kompensasjon for søndagsarbeid.
×
×
  • Opprett ny...