Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Ein sykkel slit på underlaget på ein heilt anna måte, problemet er ikkje den vertikale belastninga ved kvart skritt men den horisontale krafta som lager gjørmete stier ved at sykkelhjulet går rundt. Du får tilsvarande slitasje med vanleg sykkel, men med elsykkel blir det meir kraft i hjulet bevegelse. Dette speler ingen rolle på etablere grusvegar, men det har stor betydnig for stiar som blir veldig gjørmete for andre turgåarar.
  2. Kommunene får sine tilskot frå staten, så sjølv om det ikkje er direkte samanheng mellom statleg styrt straumpolitikk og kommunenens økonomi, så er det slik at når staten får mindre pengar inn så er det mindre pengar å betale ut til kommunane. Sjølvkostprinsippet er vel og bra det, men i praksis så er heller ikkje sjølvfinansierte kommunale tenester i eit vakuum som er uavhengig presten av komnuneøkonomien.
  3. Legg gjerne merke til at FrP er flinke til å foreslå korleis ting skal bli billegare, men dei manglar forslag på kva som skal fjernast for at AS Norge skal ha nok inntekter til å holde tenestenivået oppe. Det hjelp lite at straumprisen går ned om det fører til at renovasjonsavgifta går opp. Høgre er mindre populistiske og meir realistiske. Det gir ofte utslag i at dei klarer å drive politikk gjennom heile perioden, men dei har litt mindre krutt i kanonen når det er valgår. Som til dømes eksempelet ditt med at Høgre ikkje blankt avslår samarbeid med MDG. Om alt det koster H å støtte MDG i nokre enkeltsaker så vil det fort være fornuftig når ein då kjem i posisjon til å også utøve høgrepolitikk. Frp er ofte i opposisjon og nekter å samarbeide med andre parti slik at dei kjem i posisjon. Det gjer at FrP ofte er i mindretal i alle saker, men samtidig er det trygt å kunne fritt kritisere partia som har politisk makt utan å sjølv må stå til ansvar for negative sider ved politikken. For FrP så er det kanskje best å være i mindretal med ein tydeleg politikk på at avgiftene må ned, utan å faktisk måtte utøve den makta og bestemme at for å finansiere avgiftskuttet så må til dømes trygdeutbetalingane reduserast eller at nokre sjukehus må leggast ned.
  4. Eit interessant spørsmål er korleis det vil stille seg rundt opphavsrett dersom ein artist AI genererer ein heil sang og deretter kopierer AI sangen og lager ein heilt ny versjon med same lydbilde. For då er det ikkje eit orginalt åndsverk lenger, men samtidig er det eit åndsverk utan opphavsperson og som aldri har blitt publisert før.
  5. Ja, det er ingenting å tene på å varsle om feilen. Det einaste du kan oppnå er negative ting som at sensor blir oppmerksom på feilen og må då reagere på den. Sannsynlegheita for at du kan redde inn ein redusert karakter eller i verste fall ein styrk ved å peike it feilen og be sensor om å ikkje sjå på den er i beste fall liten. Det er mykje større sjans for at du snakker deg til ein reaksjon. Som plagiatsaka har vist så kan sensor velge å sjå mellol fingrane på slike feil, men ikkje når feilen blir påpeikt.
  6. Det kjem heilt ann på om Leathermanen blir vurdert som eigna til å forårsake kroppsskade. Det er uansett bæring av kniv uavhengig av om du har den i lomma eller gjemt i botnen av ryggsekken. For at kniven skal bli rekna som lovleg så må du ha eit aktverdig formål, og det blir også ei vurderingssak. Det er ikkje gitt at du blir trudd på at du treng kniven for å opne chips posen når du er i byen, og i alle fall når det nærmer seg kveld. Så kvar du fysisk befinner deg har også betydning, lommekniven som er heilt OK når du skal på skogstur treng ikkje å være OK når du er på vei til pubben.
  7. Vanlegvis er det langt mindre alkohol, typisk nærmare 0,4. Grunnen til at det står 0,7% på flaska er at dette er maksimalt alkoholinnhold for at ølet skal være klassifisert som alkoholfritt. Neste klasse er lettleste som kan være opp frå 0,7 til 2,7 %. 0,7% er forøvrig same alkoholinnhold som kulturmjølk.
  8. Husk også eplejuice er alkoholfri vin og vatn er alkoholfri vodka. Særleg smaksatt øl slik som radler (som eg antek er meint med øl med ulike smakar) så er det mest brus. Hadde det blitt solgt som brus med naturleg sødme frå malt så hadde folk kjøpt det fordi det er sunt. Smaksatt øl har ellers ikkje så mykje til felles med anna øl.
  9. Er det bevist at VK faktisk hadde på seg disse klærne og ikkje husker feil? Sjølv om VK meiner å huske kva klær han hadde på så er det ikkje gitt at han faktisk husker rett. Om det er rart at han husker dette kjem heilt ann på kva som er omstendigheitene, som at t-skjorta var ny eller at han brukte denne arbeidsbuksa kva dag.
  10. Einaste som tilseier at det blir lettare å seinare drikke øl i voksen alder er at ungen har lært seg å like drikke som ikkje smaker søtt. Om det er ein ulempe eller ikkje blir sjølvsagt eit anna spørsmål. Min fyrste tanke er at det er spørsmål om kva som eventuelt er alternativet, alkoholfritt øl er eit langt sunnare alternativ enn brus. Personleg så kjenner eg meg ganske sikker på at det er ingen som har vokse opp og blitt alkoholikarar fordi dei fekk smaken på alkoholfritt øl i barndommen. Det er tross alt alkoholen og rusen ein eventuelt misbruker, ikkje smaken av alkoholfri drikke.
  11. Er det ikkje akkurat det same for alle offentlege nybygg? I dag er det berre funksjon og økonomi som betyr noko. I dei fleste tilfeller så medfører det ein firkanta kloss med vedlikeholdsfri fasade. Utsmykking og kunst er heilt fråværande, og i beste fall minimalt. Slik byggestil gir mest mogleg bygg for minst mogleg bruk av offentlege midlar, men det medfører også at det omtrent ikkje blir bygd praktbygningar lengre.
  12. Det er faktisk eit problem sjølv om det ikkje burde være eit problem. Problemet ligg i at det er ulike budsjett. Ein får ikkje lov til å tilsette meir folk enn ein har stillingar til då det å tilsette folk er ei langsiktig økonomisk forplikting. Samtidig så er det slik at når du manglar arbeidsressursar så er det ein unntakssituasjon som gjer det heilt akseptabelt å leige inn vikarar og konsulentar til fire gongar så høg kostnad. Sjølv om dei fleste forstår at det totalt sett er både billegare, meir effektivt og betre for kvaliteten å ha litt fleire på jobb enn det er budsjettert for kontra å ha akkurat litt for lite folk på jobb og deretter måtte betale i dyre dommar frå vikarbyrå, så lar det seg ikkje gjere når kvar avdeling blir målt på sitt budsjett og ikkje får lov til å ha lønnskostnadar over ein bestemt sum. Medan innleige av vikarar er rekna som heilt nødvendige kostnadar og blir ført på budsjettet for innleige som ofte ikkje har ei øvre ramme sidan det er rekna som kritisk for tenesta å skaffe den arbeidskrafta som mangler. Same problemet har ein også opp mot høgt sjukefråvær. Sterkt pressa personalbudsjett som fører til stort arbeidspress på dei få som er på jobb gir høgt sjukefråvær og dermed stort behov for vikarar. Men hadde ein tillat seg å heile tida ha ein bemanning som ligg 10% over minimumskravet så hadde det gitt mindre arbeidspress og større trivsel, og ein ville nok spart inn dei ekstra lønnsutigftene i mindre bruk av vikarar som følgje av sjukefråvær.
  13. Det å jobbe redusert stilling er ofte frivillig og også ei rettigheit i mange tilfeller. Utfordringa er at det går utover veldig mange fleire ved at det då må lysast ut deltidsstilling for å fylle heile stillingsheimelen. Det er nok veldig få som søker på 70% stilling som sjukepleiar som tenker at 30% er nøyaktig den stillingsprosenten dei vil ha, mange søker på ei slik stilling fordi det er den som har blitt ledig. Hadde kommunen/staten tatt seg råd til å spytte inn friske lønnsmiddel slik at stillinga kunne blitt utlyst som 100 % stilling så hadde ein nok også fått fleire søkarar. Staten og det offentlege forvørig er på langt nært like trygg arbeidsplass som det var før. Arbeidsvilkåra er under stadig press for å få mest mogleg effektivitet ut av minst mogleg betaling, og stadige omorganiseringar gjer at ein ikkje nødvendigvis er sikra jobb livet ut heller. Plutseleg er den avdelinga ein jobbar på nedlagt etter ei omorganisering slik at ein står utan jobb.
  14. Det er her definisjonen av våpen blir litt trøblete. I praksis så blir det ein form for profilering som avgjer om du blit tatt med eit lovleg verktøy eller ulovleg våpen. Våpen er i denne samanhengen definert som gjenstandar som er eigna til å påføre nokon kroppsskade. Det er ikkje eit krav om at gjenstanden må være særskilt farleg eller eigna til å påføre nokon alvorlege kroppsskadar, så ein fort ryke på ei bot for å gå med våpen på offentleg stad dersom ein blir tatt med ein negleklippar i lomma og politiet meiner du kunne brukt denne til å påføre skade. Det aller meste kan bli til våpen om det er rette personen som held gjenstanden. Held ein nøklane mellom knokane så er nok skadepotensialet vel så stort som om nokon skulle gå til angrep med ein tapetkniv, forskjellen ligg berre i at ein vil aldri bli bøtelagt for å ha nøklar i lomma, men ein kan få bot for å ha tapetkniv om du ikkje blir trudd på at du har eit aktverdig formål. I denne konkrete saken som det er linka til i fyrsteposten så er framstår beslaget av ein slik lommekniv som lite forholdsmessig. Det er ikkje så lett å vurdere kor langt knivbladet er utifrå bildet men om det er ein slik vanleg lommekniv så er bladet akkurat under 6 cm langt, noko som betyr at den kniven som vart beslaglagt i denne politikontrollen ville vært lov å ha med seg gjennom sikkerheitskontrollen på Gardermoen. Det er vel og bra at politiet tek førebygging på alvor, men eg kjenner meg ikkje spesielt mykje tryggare når alt kontrollen oppnådde var at ein person mista lommekniven sin. Hadde politiet avdekt og beslaglagt macheter, knokejern, og liknande gjenstandar som utgjer ein stor fare og i tillegg ikkje har så mykje anna formål i eit bymiljø utanom slåssing så hadde det vært noko anna. Og var det verkeleg ingen middelaldrande damer som vart tatt på fersken med lange metallstrikkepinnar? Å bli stukket med ein 30 cm lang strikkepinne i aluminium er vel fort mykje farlegare enn å bli stukket med ein liten lommekniv?
  15. Det er nok rett oppfatta, det er likevel nokre forskjellar. Sjølv om det ikkje er unikt for helsesektoren så får ein fort både behov og ønske om deltidsstillingar ved døgnkontinuerleg drift. Særleg i dag når stadig fleire verdsetter fritid høgt så er det er stor andel som veldig gjerne vil jobbe berre akkurat nok nattarbeid til å ha få ei passeleg utbetaling. Tilsvarande tendens ser ein også på dagtidsarbeidarar. Ved å gå ned til 80% stilling så vil veldig mange få utbetalt nesten like mykje som når dei jobbar 100% på grunn av at ein 20% lønnsnedgang også betyr mindre skattetrykk. Då tek ein sjølsagt ikkje omsyn til kva ein taper i pensjonsopptening, men for småbarnsforeldre så er det fort attraktivt å berre jobbe frå kl 09 til 15 kvar dag slik at ein kan hente og levere i barnehagen og samtidig få nesten like mykje utbetalt. I private helseforetak er det litt mindre bruk av deltid, men det skuldast nok på den eine sida at mykje av dei private helsetenestene er rein dagtidsjobbing, samt at arbeidsgivaren i private helseforetak kan være litt hardare i klypa og kreve at dei tilsette skal jobbe i fulltidsstilling. Ein må også ta med seg at krav i private helseforetak om at alle skal jobbe fulltidsstilling også er noko av grunnen til at lønnsniåvet i private helseforetak er høgare. Offentlege helseforetak har lågare lønn, og er nok i stor grad avhengig av å kunne vise fleksibilitet og tilby deltidsstillingar til dei som setter krav om å få jobbe deltid for å klare å rekruttere. Utfordringa med å være velvillig og tilby frivillig deltid, er at det også blir veldig mange som må jobbe ufrivillig deltid for å fylle opp skiftet. For kvar einaste tilsette som får lov til å ha ei 80% stilling så blir det ei ledig 20% stilling ledig som kan være utfordrande å kombinere med andre ting. Det er veldig få som ønsker seg ei så lita stilling som 20% men det vil være ein god del som ikkje får tilbud om anna og som tek stillinga i håp om å kunne få ei større stilling seinare. Sjølv om den same tilsette klarer å få fem 20% stillingar så er det så og seie ingen sjans for at ein kan kombinere dette til ei 100% stilling, og i alle fall ikkje utan at ein får store hol i arbeidsplanen der ein til dømes har fire timar fri på ettermiddagen før ein igjen må møte på jobb. Dette med bruk av deltidsstillingar i det offentlege helsevesenet er ei stor utfordring som ikkje er så lett å løyse. I tillegg til at veldige mange av arbeidstakarane får dårleg økonomisk forutsigbarheit, så er det også veldig fordyrande for det offentlege å drifte. Med mykje deltidsstillingar så betyr det at det er svært mange personar som fyller alle disse stillingane, dette er personar som alle skal ha personleg oppfølging, dei skal alle ha lønn, og ikkje minst må nokon bruke administrativ tid til å sette opp vaktplaner som syter for at ein heile tida har den bemanninga som ein skal ha utan at nokon deltidstilsette jobbar meir enn dei skal, som igjen betyr at det må tilsettast fleire i administrasjonen. Det store spørsmålet eg sitt igjen med er om denne deltidsproblematikken kunne vært løyst med høgare lønningar? Det må være lettare å rekruttere ein helsefagarbeidar som må jobbe fulltidsstilling om lønna også er god nok til å gjere opp for den ulempen som arbeidstakaren synes det er å jobbe heile dagar?
  16. Politiet har eksplisitt lovheimel til å visittere med formål om å avdekke våpen, ved å i tillegg visittere alle så kan politiet heller ikkje anklagast for ulovleg profilering. Det som gjer det litt problematisk er at skillet mellom ulovleg våpen og verktøy med aktverdig formål blir litt vel subjektivt. I motsetnad til sikkerhetskontrollen på flyplassen så er det ingen grense på at knivblad under 6 cm er lov og lengre knivar ikkje er lov.
  17. Småriper høyrer vel til uansett med L-skilt? Med mindre bilen er heilt nyvaska før ein sett på eit magnetisk L-skilt så vil ein vel nesten alltid skrape smuss og skitt ned mot lakken? Det er veldig vanskeleg å ta vekk eit magnetskilt ved å bare dra skiltet rett ut, som regelen så blir det ein sidevegs bevegelse som kan gi riper. Skal ein feste skiltet med snorer så forutsetter eg at ein fester det slik at skiltet ikkje flaggrer, fyrst og fremst fordi skiltet ikkje er lesbart om det får flaggre fritt men også fordi det kan slå inn mot bilen.
  18. Ettersom kravet for ein dom er at handlinga skal være bevist uten rimeleg tvil så har eg vanskelegheiter for å sjå korleis det blir feil å tolke bevisa til i favør av den tiltalte. Dersom det er rimeleg tvil om påstanden frå avhøyret var ei løgn så er dette per definisjon ikkje godt nok til ein dom sjølv ein er ganske sikker på at det var ei løgn. For den tiltalte så er det sjølvsagt fordelaktig å sette søkelyset på at han kanskje berre blanda saman dagane, for så lenge det ikkje er heilt usannsynleg at påstanden skuldast at den tiltalte huska feil så er det i utgangspunktet nok til at ein ikkje kan dømme på bakgrunn av den forklaringa. For aktoratet er det derfor viktig å underbygge forklaringa med andre bevis. Det var dette som vart gjort med VK ved hjelp av mobilbeviset. Aktoratets påstand var at VK var tatt i løgn og meinte at ein med rimeleg sikkerheit kunne plassere VK i Baneheia i det aktuelle tidsrom på bakgrunn av at årstaden lå innafor teoretisk dekningsområde. Grunnen til at VK vart utsatt for justismord var jo fordi alt som gav rimeleg tvil om han verkeleg var skuldig vart satt til sides fordi det ikkje stemte med politiets hovedteori om to gjerningsmenn, og fordi Viggo Kristiansens forklaring ikkje stemte overeins med JHA sin justerte forklaring på kva som hadde skjedd. Eg klarer derfor ikkje å sjå kvar ein finner støtte for at bevisa (både fysiske og vitnemål) på at VK utvilsomt må være skuldig. Det ein i dag sitt igjen med av bevis mot VK er i all hovudsak berre JHA sitt avhøyr, som det i seg sjølv gir grunnlag for tvil all den tid JHA vart presentert for muligheita til skulde på VK. I tillegg har ein vitnemålet til VK der han sjølv hevda å ikkje ha vært i området i det heile tatt den aktuelle dagen. Det blir sjøvsagt ei vurderingssak på om dette må ha vært ei kalkulert løgn for å unndra seg straffeansvar eller om det kan skuldast at VK har blanda saman dagane. Likevel så er det ikkje eit sterkt bevis for skuld sjølv om ein legg til grunn at VK nekta å samarbeide med politiet, det kan jo også ha vært andre grunnar til å lyge anna enn at han er skuldig som til dømes at han er uskuldig og var redd for å havne i politiets søkelys og i verste fall bli utsatt for justismord og dømt likevel. Av fysiske bevis så er det eigentleg berre mobilbeviset som sjølv under dei beste forutsetningar må seiast å være tvilsomt. For det må vel være objektivt meir sannsynleg at tekstmeldingane gjekk via basestasjonen han hadde god dekning på frå heimen nettopp fordi han var heime enn for at tekstmeldingane gjekk gjennom denne basestasjonen sjølv om han var heilt i grenseland og truleg også litt utanfor det teoretiske dekningskartet for området. I beste fall er dette eit "kan ikke utelukke" bevis som er ganske langt frå å være bevist utan rimeleg tvil. Det andre fysiske "beviset" som også er i kategorien "kan ikke utelukke" er mangelen på DNA frå VK, og det "beviset" må vel i alle fall kunne seiast at reint objektivt ligg veldig langt unna å plassere VK på åstaden heilt utan rimeleg tvil? @WiiBoy Liten kommentar til fyrste kulepunktet ditt. Sjølv om det nok er usannsynleg at VK kjente godt nok til måten politiet jobbar på til å bevist bruke dette som strategi, så er det slik at dersom du får status som mistenkt så er det dummaste du gjer å samarbeide med politiet. Er du alt mistenkt så er det forseint å forklare deg ut av mistanke, og alt du seier til politiet vil kunne brukast mot deg. Mest vanleg ved at politiet drar fram lydopptaket av din fyrste forklaring til politiet der du samarbeida og forklarte deg og samanliknar den med din andre forklaring og brukar alle ulikheiter mellom dei to forklaringane som bevis for at du har noko å skjule. Ettersom det heller ikkje er straffbart å ikkje samarbeide med politiet som har starta eit etterforskning mot deg for å få deg dømt, så er det innmari dumt å frivillig fortelle politiet ting som kan vriast mot deg.
  19. I tillegg må du bytte heile bordet når du får råte. Med liggande bord så må du i verste fall bytte berre det nederste bordet.
  20. Det er nok det at kvaliteten har gått ned som har mest å seie. Sjølv om mange snakker høgt om at dei ikkje vil støtte spel som er woke så ser ikkje det ut til å gi utslag i salgstala. Det vi derimot ser er at iveren etter å lage eit spel som kan markedsførast mot alle kundesegment gjer at mange av spela berre blir ei suppe av halveis realiserte idéar. Her er ofte mangfold ei av mange omsyn som spelet prøver å få med.
  21. Det kjem veldig ann på. Det fyrste spørsmålet er om du er fornøgd med ordninga både i dag og slik som du trur du kjem til å jobbe i framtida. Dersom du sjølv synes det er mest fordelar ved at du får fleksibilitet så er det ikkje sikkert du skal gjere noko med det sjølv om det er feil. Det er eigentleg ikkje ditt problem at stillinga ikkje følgjer arbeidsmiljølova heilt ut, og skulle arbeidstilsynet kome på tilsyn og gi pålegg om at det må ordnast opp så får du heller ta diskusjonen på eit seinare tidspunkt. Merk at veldig mange arbeidsgivarar brukar "særleg uavhengig stilling" for å kunne pålegge deg meir arbeidsoppgåver enn du klarer på ei vanleg arbeidsveke utan å gi deg overtidsbetalt. Så før du prøver å få endra på stillinga di så bør du ta ei vurdering på om du lønnsnivået ditt er akseptabelt når du veg lønna opp mot talet på timar du legg ned. Kjem du gunstig ut med talet på arbeidstimar sett opp mot lønna så skal du i alle fall ikkje kreve endring slik at du blir pålagt å jobbe fulle dagar fem dagar i veka. Men om du alltid må jobbe "overtid" utan betaling så bør du kreve å få stillinga endra. Om du krever stillinga endra så kjem det veldig ann på kva syn arbeidsgivar har. Ofte vil arbeidsgivar meine at det er korrekt at du har særleg uavhengig stilling, og er det uenigheit rundt faktum så kan du risikere at du eventuelt må heilt opp til arbeidsretten for å få slått fast kva slags stilling du skal ha. Dersom arbeidsgiver er heilt einig i at du ikkje har særleg uavhengig stilling så kan dykk berre lage ei ny arbeidsavtale om at du har normalstilling, og kva som då skal være lønnsnivået i ei slik stilling. Fungerer det fint for deg med særleg uavhengig stilling så er det uproblematisk å fortsette med det. Den aller største ulempen med ei slik stilling er at du mister forutsigbarheit, både på kort og lang sikt. Det ligg i stillingens natur at du må jobbe når det er behov for å jobbe, så fordelen med ei normalstilling er at sjølv om du må være heile dagen på jobb er at du kan legge ned arbeidet ved arbeidsdagens slutt, eventuelt må du påleggast overtid og få betalt for det.
  22. Clas Ohlson har L skilt med sugekopp til kr 79,90. Utan at eg har prøvd sjølv så ville nok eg vurdert å stikke hol i det L-skiltet du har for å feste to snorer, og brukt skiltramma til å henge L-skiltet frå. Då blir L-skiltet hengande midt på like over støtfangeren, det blir ikkje så langt frå same høgda som du normalt hadde hengt opp L-skiltet. Ein patent der du fester noko i skiltet som du lar ligge i klem ut av bakluka kan kanskje også vurderast. Om du har hengerfeste så kan det kanskje være aktuelt å bruke 105 kr på eit slikt sykkelstativ og feste skiltet i sykkelstativet?
  23. Det er vel i dag ytterst få abonnement som betalar for å ringe. Så at det er vanleg pris for å ringe 02800 betyr i praksis ingenting. Einaste konsekvensen av at det er vanleg pris å ringe 02800 er at dersom du har kontantkort eller liknande så kan du risikerer at samtalen brytes om du går tomt for pengar på kortet. Sjølve nødnummeret må vel være gratis for at det skal være mogleg å ringe nødnummeret også utan SIM-kort i telefonen, men så vidt eg veit så gjeld dette berre nødnummeret. Så sjølv om det hadde vært gratis å ringe 02800 så må ein ha eit aktivt abonnement for å kunne ringe. Om eg forstår spørsmålet til trådstarer rett så er det her spørsmål om nødnummeret bør fortsette å være gratis, eller om det bør koste pengar for å redusere talet på unødige oppringingar? Mitt syn er at nødnummeret bør være gratis å ringe, også for dei som har kontantkort eller på anna måte betalar per minutt. Viktigaste grunnen til det bør være gratis er at det i enkelte situasjonar er nødvendig å halde linja open i lang tid, og da bør det berre være færrast moglege hinder for dette. Til dømes så kan ein få ein langvarig gisselsituasjon der det er nyttig for politiet å holde linja open i mange timar for å kunne lytte til kva som foregår i rommet sjølv om innringaren sjølv ikkje kan prate. Ved misbruk av nødnummeret så bør ein bruke vanlege straffereaksjonar med bøter og i verste fall fengsel ved reint misbruk. Ei løysing som skissert der det kostar pengar å ringe nødnummeret og skal operatøren etter samtalen vurdere om samtalen var nyttig nok til at du skal få prisavslag eller gratis oppringing høyres veldig tungvindt ut. Ein av dei viktigaste grunnane til at politiet får mange unødige anrop er at alle telefonar har satt opp slik at det er veldig enkelt å ringe 112. Ein treng som nemnt ikkje SIM-kort for å ringe nødnummeret, og dersom telefonen er låst så kan ein fortsatt ringe 112 utan å låse opp telefonen. Dette gjer nødnummeret enkelt tilgjengeleg, men det gjer sjølvsagt at små barn som får tak i ein mobiltelefon lett kan aktivere nødnummeret, og i tillegg så kan ein få problem med lommeringing til 112 sjølv om telefonen er låst. Så mange av dei unødvendige anropa kan ein eliminere dersom ein er villig til å endre krava til kor enkelt det skal være å ringe nødnummeret. Før når alle betalte tellerskritt så var politiet plaga med at enkelte som hadde tomt kontantkort ringte til 112 fordi det var einaste nummeret dei kunne ringe utan pengar på kontantkortet. Då vart nødnummeret misbrukt til alt frå å spørre om politiet kunne ringe ein namngitt person og be dei ringe til innringaren med tomt kontantkort, be om å få bestilt taxi heim frå byen, eller alt mulig anna tull som ikkje nødnummeret er meint å brukast til. I dag tviler eg på at det er særleg mange slike telefonar som politiet mottek. Her tenker eg at den litt særnorske ordning med tre nødnummer er ein stor fordel. Ettersom nesten alt av unødige telefonar kjem til politiet så betyr det at dei to andre nødnummera 113 og 110 stort sett har ledig kapasitet og kort ventetid. Og utan at eg har gode data for det så vil eg tru at dei mest livskritiske situasjonane oftast gjeld sjukdom og ulykker slik at det hastar mest med å varsle ambulanse og brannvesen. Ikkje at politiet ikkje er ute og redder liv, til dømes i voldssituasjonar men eg vil nok gjette på at det er veldig mange fleire som til ei kvar tid er i livsfare på grunn av ulykker og sjukdom enn på grunn av kriminell aktivitet.
  24. Ja du må nok loggføre timane når arbeidsgiver ber om det. Det som er viktig er at ettersom du har særleg uavhengig stilling så skal ikkje timetalet ha betydning for anna enn det som er nemt her som budsjettoversikt og berekning av arbeidstimar på eit bestemt prosjekt, at arbeidsbelastninga er forsvarleg, eller til anna dokumentasjon. Det skal derfor ikkje ha betydning for din jobb om du rapporterer inn at du berre jobbar 20 timar i veka like lite som det har betydning at du rapporterer om at du jobbar 60 timar i veka. Realistisk sett så er nok du ein av mange som har arbeidsavtale om særleg uavhengig stilling utan at du reelt sett er så uavhengig som det er forventa at ein tilsett i særleg uavhengig stilling skal være.
  25. Kva er eigentleg sannsynlegheita for at ein person har hatt kontakt med sin beste venn (som ein alle sa hang sammen heile tida) både tidleg og seint på dagen? Det er i utgangspunktet ingenting mistenkeleg i at to venner møtes. Om JHA og VK til vanleg ikkje hadde noko særleg kontakt, men plutseleg hadde veldig tett kontakt tett opp mot ugjerninga så kan det være mistenkeleg. Isolert sett er det heller ikkje eit bevis på at dei må ha samarbeida om ugjerninga, men det er ein del av bevisvurdering når ein skal vurdere om det er sannsynlegheitsovervekt for at dei har planlagt og utført utgjerninga saman. Mangel på DNA kan aldri brukast til å utelukke nokon, det kan ha vært to gjerningspersonar og det kan ha vært 200 gjerningspersonar. Det ein har DNA bevis for er at JHA eller ein nær mannleg slektning har avlagt DNA. I tillegg har ein nokre ufulstendige DNA treff som kan kan stamme frå VK eller halve den mannlege befolkninga i Norge. Med minst 12 mannlege etterforskarar som har vært på åstaden og deltatt i sporsikringa og som også kan ha avsatt sitt DNA så er det ganske langt utanfor rimeleg tvil at det må være ufullstendige DNA treff frå akkurat VK og ikkje nokon andre. Disse ufullstendige DNA profilane kan heller ikkje utelukke at det kan være ufullstendig DNA-profil frå nettopp JHA. Det at ikkje alle DNA-spora som er sikra gir sikker identifikasjon på JHA betyr ikkje det må ha vært fleire gjerningspersonar. Det vi derimot veit med svært høg grad av sikkerheit er at JHA har vært på åstaden. Både fordi vi har eit såpass sterkt DNA treff på JHA som kombinert med at JHA har delvis tilstått gjer at vi kan uteleukke at det ikkje var JHA sin far, bror eller bestefar som var på åstaden. Det kan derfor utan rimeleg tvil slåast fast at JHA var på åstaden og gjennomførte ugjerningane. Sjølv om JHA har fortalt at han ikkje var åleine så er lite anna objektive bevis som underbygger den påstanden. Det nærmaste ein kjem er mobilbeviset, som er eit særdeles tynt bevis og medfører at ein må legge til grunn at mobilnettet ikkje fungerte som tilsikta på det aktuelle tidspunktet. Vi kan derfor med tilstrekkeleg høg nok sannsynlegheit slå fast at JHA er skuldig i utuktig omgang med begge jentene basert på DNA treffa, og vi veit at han er skuldig i det drapet som han har tilstått. I mangel på bevis for at det har vært ein person til på åstaden som har deltatt aktivt utan å sette igjen DNA spor så er det ingen andre enn JHA som det er natuleg å sikte også for det andre drapet. DNA treffa mot JHA er også særlig sterke i denne saka ettersom det både er snakk om DNA treff frå intime plassar, og fordi jentene hadde vært å bada. Vi kan derfor utelukke at JHA til dømes møtte jentene tilfeldig på stien og spytta på dei, gav dei ein klem, eller på anna måte hadde kroppsleg kontakt med dei, og at det er det som er grunnen til at ein fant JHA sitt DNA på begge jentene. Så sjølv om VK skulle være skuldig, så kjem ein ikkje unna det faktum at det ikkje finnes sikre nok bevis mot han til at han kan dømmast. Det var i utgangspunktet heller ikkje sterke nok bevis under den opprinnelege rettssaken, men fordi JHA sitt vitnemål vart tillagt så stor vekt og fordi ein hadde skylappar for at det måtte være to gjerningsmenn og JHA berre hadde ein venn som i tillegg hadde ein tvilsom historikk så vart VK dømt utan fysiske bevis.
×
×
  • Opprett ny...