Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Forsikringsselskapa tek høgde for dette, til dømes ved høgare eigenandel ved skade. Så er det heller ikkje slik at flate tak nødvendigvis er dårlegare enn andre tak, men med flatt tak så er det mindre tilgivande dersom det blir gjort feil. Både ved at det er større fare for vanninntrenging ved dårleg arbeid, og ved at lekkasjen blir større om den fyrst skjer.
  2. Så vidt eg kjenner til så finnes det ingen offentleg tilgjengeleg database å søke i. Jobbar du i skatteetaten så kan du søke opp personen der. Om du skal søke deg fram så har eg ikkje anna råd enn at du bør sjekke sosiale media og sjå om arbeidsplassen er oppgitt i profilen, og då særleg LinkedIn om vedkommande har ein profil der.
  3. Støtter det å ha kaldt vatn ståande i kjøleskapet, gjer det mykje meir fristande å drikke vatn. Ellers så er mitt råd å prøve å redusere matinntaket steg for steg. Om du ikkje klarer å kutte ned til berre 3 skiver til lunsj, så kanskje du kan redusere kaloriinntaket ved å droppe majonesen? Det er ikkje for alle å ete frukost, for enkelte hjelp ein skikkeleg frukost på å redusere matinntaket gjennom dagen, men for andre blir frukosten berre nok eit måltid i løpet av dagen. Om du har nytte av å ete frukost så er det eit tips å smøre opp noko som frister kvelden i forvegen slik at frukosten står klar neste morgon. Med skrivebordsjobb så kan det også være at du kan prøve å ta frukosten etter at du har komt på jobb. Om ikkje ei brødskive eller to, så kanskje eit eple? Utanom det så tenker eg at den viktigaste innsatsen er på å prøve å reduserr middagsporsjonen. Der har eg to konkrete tips. Det fyrste er å bruke lengre tid, prat gjennom måltidet evt. vær bevist på å tygge maten ordentlig. Det neste tipset er å ete berre ein porsjon og pakke resten ned som rester. Sjølv om du startar på middagsrestane alt ein time etter middag fordi du er svolten, så har du klart å få måltidet til å vare ein time lengre. Og klarer du å vente enda lenger slik at middagsrestane blir kveldsmaten så har du spist eit måltid mindre. Mykje av svolten du kjenner på kjem av at du har utvida magesekken slik at den er vandt med å være full. Ved å innta mindre måltid om gongen så vil magesekken trekke seg saman slik at du etterkvart blir like mett av mindre mat.
  4. Kva er eigentleg greia med uteplassar som har så stort problem med kokainbruk at dei smører matolje og handballklister på toaletta? Det kan da vel ikkje være så mykje enklare å sniffe kokain frå eit dolokk enn det er sniffe fra handbakken som om det var snuff-tobakk? Om det absolutt må sniffast frå ei hard overflate så har vell alle ein mobiltelefon? Kva er det eg ikkje forstår som gjer at gjestane ikkje får til å ruse seg på kokain når uteplassen ikkje har reine overflater tilgjengeleg? At det blir sniffa inne på toaletta forstår eg forsåvidt ettersom ein vil gjere det ein stad utan å bli oppdaga av vakter eller gjestar som vil tipse vakta om dei ser noko slikt. Men eg slit med å forstå kva som er hensikta med å legge dopet på doringen før inntak.
  5. Børster kan lage små riper, med med rein spyling så blir det ikkje ordentlig reint, ikkje utan å bruke sterke vaskemiddel men då er ein tilbake på at det slit på lakken igjen. Sjølv har eg berre positive erfaring med børster sjølv om det er litt skummelt. Vaskeautomaten er sjølvsagt designa slik at jeg ikkje blir brukt meir fysisk kontakt enn nødvendig, så faren for riper er redusert. Er bilen veldig møkkete så bør du vurdere å vaske i to omgongar ein med spyling for å få vekk veistøv og slikt som kan slite på lakken om skiten blir massert inn av børstene, og deretter ein børstevask for å få bilen rein. Handvask med gnikking gir fort same utfordringane sjølv om du har litt meir kontroll når du vasker sakte for hand. Personleg så har eg lite betenkeleggeiter med å vaske ny bil med børstevask, normalt sett er det liten risiko for riper, i alle fall riper som du ikkje får vekk med voksing.
  6. Frå gamalt av så var ein viktig suksessfaktor at mykje av overskotet vart investert tilbake i bedrifta i staden for at eigaren tok det ut i utbytte. Dette sikra bedrifter som hadde økonomi til å overleve dårlege tider og dermed fekk tid til å bygge seg opp. Vill spekulasjon frå min side, men det kan være på grunn av generelt dårlege forutsetningar for å etablere bedrifter på Sunnmøre at det vart ekstra viktig å tenke langsiktig og ikkje ta ut meir i lønn enn absolutt nødvendig.
  7. Strengt tatt skal du trekkast i lønn og feriepengane betalast på siste lønningsdag før uttak av ferien. Det har likevel blitt ganske vanleg at dei fleste bedrifter for enkelheitsskuld berekner og betalar ut feriepengane i juni måned, så for veldig mange så vil juni være måneden der ein får ein litt større utbetaling enn vanleg. Denne forenklinga blir mellom anna også gjort for at då blir alle fem vekene med ferie utbetalt samtidig då det er meir arbeid å stadig gjere justeringar på lønnsutbetalinga alt etter kor når ein tek ut sine feriedagar. Skal ein være heilt nøyaktig så er det slik at dersom du i påska tok 3 feriedagar, så skulle du blitt trekt i lønn for dei tre dagane og heller fått utbetalt feriepengar tilsvarande dei tre feriedagane, tilsvarande om du deretter hadde tatt 3 veker sommarferie i juli, så skal du eigentleg ha vanleg lønn i juni, og trekk for tre veker i juli. Og til slutt om du tek resten av feriedagane i desember så skal du ha tilsvarande trekk i desember måned. Dette er likevel ganske så tungvidt, så dei aller fleste bedrifter gjer livet enkelt for seg sjølv og betalar ut feriepengane i juni ettersom dei fleste tek sin sommarferie i juli uansett.
  8. Klarer ikkje å forstå kvifor digitalt førarkort ikkje skal være akseptabelt som ID kort. Det er ikkje nødvendigvis lettare å forfalske ein app enn det er å forfalske eit plastkort. For veldig mange bruksområder, som å hente ut ein pakke så burde det vel være rikeleg godt nok med å sannsynleggjere sin identitet? For slik som Posten praktiserer sin ID kontroll så er det ikkje akkurat nokon garanti for for at ikkje feil person får utlevert pakken. Går posten nøye til verks så scanner dei passet, men det vil i beste fall berre stadfeste at passet er ekte. For å være sikker på at passet ikkje er stjålet og at det er rett person som står foran dei. For det er noko merkeleg å ha pass med massevis av sikkerheitssystem, men ein baserer seg fortsatt på at den som står i skranken skal kaste eit raskt blitt på bildet og anslå om det faktisk er deg som vart avbilda for 8 år sidan i det du stirrer rett i kameraet og ikkje f.eks. din bror eller andre som likner på deg. Dersom pakken du skal hente er så kritisk at den berre blir utlevert til rett person så burde det vel være eit krav om at identiteten også blir verifisert gjennom biometriske data? Det er altså eit kraftig misforhold mellom kor formelle krava er til ID-kortet og kor formelt viktig det er å være sikker på at du er den du utgir deg for å være, og til slutt korleis identitetpapira blir brukt for å være heilt sikker på at det er rett person som har ID-kortet. Kan politiet godkjenne digitalt førerkort som både ID og dokumentasjon på at du har gyldig førarrett, så burde Vinmonopolet AS (som er heileigd av staten) også kunne godta digitalt førarkort som ID. Det vil jo tross alt være langt meir alvorleg om du lager ein falsk førarkort-app for å lure politiet til å tru at du har førarkort enn det er å bruke den same falske appen til å lure Vinmonopolet til å selge deg ei flaske sprit som du ikkje er gamal nok til å kjøpe. I mange tilfeller så burde det være rikeleg nok å sannsynleggjere at du er den du utgir deg for å være. Har du eit HMS-kort frå Arbeidstilsynet, eit bibliotekkort utstedt frå kommunen eller eit studentkort frå Universitetet som er godt nok til at busselskapet aksepterer det som bevis for at du har rett på studentrabatt, så burde vel det være godt nok for dei fleste kvardagslege situasjonar? Eg klarer ikkje å forstå kvifor daglegvarebutikken i praksis krev at du må ha førarkort eller pass for å handle øl, men i møte med politiet så treng du ikkje å vise ID-kort i det heile tatt, alt du er pliktig til å oppgi er namn, fødselsdato, fødselsår, stilling og bopel, og deretter må politiet sjølv sjekke opp om dei opplysningane er korrekte. Eg er forøvrig også einig med blant anna @Morromann om at det er kritikkverdig at det er den private tenesta BankID som har blitt defakto standardløysing for digital identifikasjon. Ikkje berre hos bankar, men også hos ei rekke andre aktørar. Digital ID bør forbeholdast til dei aller viktigaste digitale tenestene, det er etter mitt syn ikkje greit at både frisørsalongen på hjørnet og skatteetaten bruker BankID, for det gjer oss langt meir utsatt for svindel når både seriøse og mindre seriøse aktørar maser om BankID.
  9. Ja. Eg vil ha ein lege som er dyktig i faget sitt, om journalen lar seg lese som poesi eller berre eit referat av kva som er gjort bryr eg meg ikkje så mykje om. Forhåpentlegvis så finn ikkje min lege noko så spesielt på min kropp at det er nødvnedig å skrive vitenskapleg avhandling om temaet. Og misforstå meg rett, det skal ikkje lønne seg å jukse. Likevel så meiner eg at dersom ein student blir tatt for å jukse med metodikken så bør det føre til stryk og kanskje også ei kortare utestenging om det er alvorleg nok før ein får forsøke igjen. Har ein derimot juksa grovt ved til dømes ved å ha med læreboka på eksamenen så bør det straffast mykje strengare, og ein bør kanskje også bli utestengt på livstid.
  10. Månedslønna skal være årslønna delt på 12 månadar. Ikkje bland inn feriepengegrunnlaget, det gjer det berre meir komplisert. Det kan være relevant å ta det med om du skal rekne ut eksakt kva du kjem til å få utbetalt frå arbeidsgivaren din i løpet dette kalenderåret, men månadslønna di skal være årslønn delt på 12 månadar, altså 45 833 kr. Om du har bruttolønn på 44 500 kr så mangler det 1333 kr. Kan dette være lønnstrekk? Til dømes fagforeiningskontigent eller forsikringar?
  11. Eg tenker at eg ikkje har spesielt mykje meir tillit til ein lege, kirurg eller pilot som eg veit er god til korrekt sitere sine kjelder når dei skriv rapport. Å sitere korrekt er viktig i forskningssamanheng, men for yrkesutføringa det må vel være ein av dei minst nyttige kompetansene ein har tilegna seg? Eg synes det er litt absurd at ein lege som sparte seg litt tid ved å stjele tekst frå ein tidlegare student i sin hovedoppgåve blir straffa på heilt same måte som ein "lege" som har juksa seg gjennom alle eksamenane. Openbart så bør det være veldig ulik straff og konsekvens på dei to tilfella. Det bør være stor forskjell på om det er juksa i det som er fagleg viktig, og det som ikkje er viktig. At piloten min var heilt elendig på diktanalyse og derfor juksa på den prøva for mange år sidan betyr fint lite i dag, men det stiller seg sjølvsagt annaleis om det viser seg at piloten ikkje har lært engelsk og derfor ikkje forstår kva som blir sagt over radiosambandet.
  12. Også i dagens rettssak har ein uttalt at mangelen på DNA ikkje betyr VK er uskuldig. Isolert sett så er det sjølvsagt sant at det å ikkje finne bevis ikkje er bevis for at VK ikkje kan ha vært der likevel, det er likevel litt vel søkt å skulle fronte det synet når dei no har analysert 230 DNA prøver på nytt utan å finne anna enn meir treff på JHA. Skal ein legge så stor vekt på at mangel på DNA bevis ikkje nødvendigvis betyr at ein er uskuldig, så slår ein vel beina rundt mykje av DNA bevisa i seg sjølv? At ein finn masse DNA frå JHA treng ikkje å bety at JHA er skuldig, for kanskje har jentene sittet på ein stein som JHA hadde runka på tidlegare den dagen og at det er der DNA spora stammar ifrå? DNA er ikkje ei bevis på skuld eller uskuld, men det er ei stor vekt i vektskåla der ein må vurdere det som heilt usannsynleg at DNA spor etter JHA har blitt avsatt på jentene av andre grunnar enn at JHA var til stades ved ugjerninga. Når ein då har knytt JHA til åstaden samtidig som jentene var der, så blir neste vurdering å vurdere sannsynlegheita for at JHA som einaste personen som beviseleg har vært der også kan stå bak ugjerninga.
  13. Tenker også at det å gå vegen om frivillig vergemål kanskje er den beste løysinga, også fordi ting kan endre seg i framtida. Sjølv om personen i dag hadde brukt heile arva på alkohol så betyr ikkje det at det same er sant om X år. Ein måte å gjere det på kan kanskje være å kreve vergemål, om ikkje så blir pengane gitt vekk før det går til arv.
  14. Husk også å sjå nøye på planløysinga slik at den blir best mogleg. Blant anna bør du prøve å få på plass mest mogleg bodplass, helst med ei dør midt på den lengste veggen slik at du kan ha hyller og skap på tre av veggane. Boddøra kan med fordel svinge utover for best mogleg plassutnyttelse. Tenk også over kvar det blir montert tekniske installasjonar som varmtvannsbereder, sikringsskap, fordelerskap, ventilasjonsanlegg, osv. Typisk vil utbygger foreslå å plassere disse der det er lettast å kome til for å montere, men du bør vege dette opp mot utnyttingsgrad. Har du ei lita bod med tekniske installasjonar i kvart hjørne så er det ikkje mykje anna du får plass til i den boda. Tilsvarande bør du sjå nøye på størrelsen av soveromma. Pass på at det er nok plass til å plassere den senga du ser for deg du vil ha. Husk også at du heilt sikkert vil montere garderobeskap på soveromma så det må du også sette av areal til. Eg ville også sett litt på plassering av vindu og lettveggar. Det kan være greit å ha ein plan B der du ved å sette opp ein ny lettvegg kan bygge eit ekstra soverom dersom du får behov for det. Du kan fort få behov for fleire soverom om du får fleire barn enn planlagt, om du får behov for å ha eit eige rom for heimekontor, osv. Sjølv om det ikkje er optimalt med små rom så kan det være tilfeller der du vil ha moglegheita til å bygge om for å få fleire rom. Ved å unngå veldig breie vindu, og ved å ha litt god avstand mellom vindua så blir det lettare å dele opp til to rom enn dersom du har eit stort vindu langs heile veggen slik at du også må bytte vindu for å kunne lage fleire rom. Prøv også å unngå å bruke opp areal på korridorar. Det er greit å ha ein stor gang som både fungerer som vindfang og har plass til garderobeskap, men du bør unngå for mykje korridorar som også fort blir mørke.
  15. Vil berre kommentere at det er dette skjer dessverre rett som det er. Ein del opplever å bli plassert inn i stilling som blir kalla særleg uavhengig stilling og med overtidsbetaling "innbakt" i årslønna. Vilkåra for å ha særleg uavhengig stilling er i utgangspunktet strenge men det blir ofte juksa med dette. I eit slikt tilfelle så går timeslønna i praksis ned jo fleire timar ein jobbar overtid sidan ein ikkje får ekstra betalt for dei timane.
  16. Her går eg nok litt mot strømmen, men eg hadde også tenkte nøye over korleis det blir med vindusvask med slike høge trekanta vindu. Når ein har store vindusflater så krev det litt ekstra av vasking. Reint funksjonelt sett så hadde eg gjort nokre vurderingar på om du treng så store vindusflater. For å stå inne og sjå ut så treng du ikkje å ha ein heil vegg av glas for at synsfeltet ikkje skal bli innsnevra. Kor mykje du ser ut av vinduet har mykje med kor langt frå vinduet du står. Står du med nasen heilt inntil veggen så er det ikkje store glugga du treng for å sjå alt. Det er sjølvsagt mykje smak og behag, men personleg så hadde nok eg ikkje utnytta slike vindu fullt ut fordi eg hadde nok brukt solskjerming i store delar av året uansett.
  17. Den oppgitte årslønnen er lønna du får om du jobbar alle arbeidsdagar i året i 100% stilling. Det er kanskje lettare å forstå det når det betyr at dersom du hadde jobba 50% stilling så hadde årslønna for full stilling vært uendra men du hadde berre fått utbetalt halvparten så mykje. Dette kan være litt forvirrande, men det er etablert praksis på at oppgitt årslønn er lønna for 12 månedar, og at den måneden du tek ut ferie så får du ikkje utbetalt lønn men du får i staden utbetalt det du gjennom året har blitt trekt i feriepengar. Dette gjer også at dersom du får oppgitt ein månadslønn så skal du gange denne med 12 for å få årslønna sjølv om du berre jobbar i 11 månadar. For dei som jobbar overtid så medfører berre det at overtidsarbeidet aukar månedleg utbetalt og dermed også feriepengegrunnlaget. Forutsett her at dei som jobbar overtid får overtidsbetalt for arbeidet sitt. I dei aller fleste tilfeller så er årslønna basert på 100% stilling der ein berre jobbar avtalt arbeidstid. Overtidsarbeid skal kome i tillegg (og sjølv om det er mindre vanleg å snakke om, lønnstrekk dersom ein har jobba mindre enn avtalt arbeidstid). Det er med andre ord ikkje nødvendigvis slik at ei årslønn på 550 000 kr er fastlønn der det er beløpet du får utbetlat uavhengig av kor mykje eller lite du jobbar. Det kan være det i enkelte tilfeller der ein har særleg uavhengig stilling men det må i så tilfelle være særskilt avtalt.
  18. Det er som regel tryggast å gå for tradisjonelle hus med løysningar som har vært testa mange gongar før. Det er for all del også gode funkishus, men det er ein stor fare for å velge noko som ein arkitekt har sittet å tegna og som ingen har bygd og budd i før. Då er det også større fare for at du etterkvart oppdager uheldige løysingar. Flatt tak gir større fare for vanninntrenging, også fordi du er meir avhengig av at dreneringa til ei kvar tid fungerer og ikkje har blitt tett. Mange næringsbygg har flate tak, men det er fordi det er fordi flate tak gir maksimalt bygningsvolum til ein lav pris, og at næringsbygg ikkje nødvendigvis har som formål å skulle vare i minst 50 år.
  19. Det er ein sikkerheitsventil for å opprettholde Eurovision som ein sangkonkurranse. Det er problematisk når fagjuryen er heilt i ulage med folket, men hensikta er at det er mindre sjans for at ein jury beståande av fagfolk lar seg distrahere av politikk, kostymer, og andre ikkje-musikalske innslag. Med berre publikumsstemmer så vil mange av landa stemme i blokk slik at stemmene hovudsakleg går til naboland litt uavhengig av musikkvalitet.
  20. I Eurovision er det litt 50/50 om vinnaren er vanleg pop-låt eller om det er noko litt sært. Det å blande pop med folkemusikk har vist seg å være ein suksess. I forhold til kven som vinn i år så blir det nok veldig avhengig av fagjuryen i år. Folkestemmene vil nok drukne i politiske stemmer, litt slik som i forfjor når Ukraina fekk mykje sympatistemmer frå folket sjølv som juryen ikkje var like begeistra.
  21. Er eigentleg usikker på om ein kjem til å få gjennomført konkurransen. Nå har det tilspissa seg såpass mykje at eg trur at mange av deltakarane kjenner presset på at dei må ta sine minutt i rampelyset til å protestere for å blidgjere sine viktigaste fans på heimebane. Eg ser for meg at det blir mange muta mikrofonar for å hindre deltakarane i å rope ut bodskap før og etter gjennomføringa.
  22. Ja det trur eg også dei som støtter Israel kjem til å stemme på Israel uavhengig av musikken, dei som er imot Israel kjem til å boikotte, og EBU kjem ikkje til å gå ut med detaljar om stemmegivinga så vi vil aldri få vite kor mange som faktisk boikotta. Er stor fare for at dette blir siste Eurovision i alle fall i denne forma. Det skal veldig mykje til for at Israel kjem til å kunne arrangere, og det kan være vanskeleg å få deltakarane til å reise til Israel. Får vi nok eit Eurovision som må arrangerast i eit anna land så blir heile poenget med at vinnarlandet skal arrangere borte.
  23. For meg var største problemet at hobbit filmane hadde tegnefilmfysikk med actionsscener som ikkje gir meining. Det var ein del andre manusmessige ting også, og då kanskje særleg at sjølv med tre lange filmar så fekk vi aldri bli kjent med dvergane, då var det berre forvirrande med så mange karakterar.
  24. Folk har også ulike behov, særleg i ulike livssituasjonar. For meg er det heilt unødvendig å bruke opp ein fastlegeplass når det ikkje er det eg treng. Eg går sjeldan til lege, og når eg gjer det er det fordi eg treng ei legeerklæring, fordi eg har skada meg og treng nokon som kan sy kutt, eller fordi eg har fått noko som krev reseptbelagte legemiddel. Neste gong eg treng lege så er det stor sannsynlegheit for at den legen uansett har slutta slik at eg likevel må snakke ned ein framand lege. Det er litt annaleia om eg hadde hatt kroniske lidingar, då er det sjølvsagt ein fordel med fastlege for å ikkje trenge å bruke tid på å forklare heile historikken min til ein tilfeldig legevaktlege kvar gong.
  25. Krev attest uansett. Sjølv om du ikkje har tenkt å sette denne jobben på CVen no, så kan det være aktuelt å gjere det i framtida. Ein dokumentasjon på at du har hatt denne jobben er uansett fornuftig å ha. Til dømes ved utrekning av ansiennitet i ein framtidig jobb så kan dokumentasjon på denne jobben være det du treng for å kome opp eit lønnstrinn. Det kan til og med være at du i framtida vil ha dokumentasjon på at du har erfaring frå ei varslingssak. Så krev attest, og krev at attesten er nøytral. Så kan du legge attesten i ei skuff til du eventuelt får bruk for den.
×
×
  • Opprett ny...