
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 813 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
NATO skal ikkje ha initiativ, det er litt av poenget. Som forsvarsallianse så skal ikkje NATO ta ein aktiv part i konflikter. Ved å ta ein offensiv linje overfor Israel eller Russland som eit verdenspoliti så går vi utover det som NATO skal være, og ein utsetter heile alliansen for ein potensiell konflikt. Leiarane av kvart enkelt medlemsland kan tørre å være litt harde i klypa ettersom dei har beskyttelse gjennom NATO, men NATO som organisasjon er ikkje ei krigsmaskin som skal jobbe aktivt, NATO er ein forsvarsallianse som skal ha nødvendig slagkraft dersom det blir krig. Dersom medlemmar i NATO velger å gå inn i Ukraina krigen så vil dei som sjølvstendige nasjonar kunne velge å gjere dette, men det er då uklart i kva grad ein kan påberope seg beskyttelse frå resten av NATO dersom ein blir utsatt for motangrep. Om til dømes Polen går inn i Ukraina og kjemper mot russerane så er det på ingen måte gitt at Polen kan rekne med at NATO kjem til Polen dersom Russland skulle svare med å rulle inn i Polen. Om Polen då blir brudert som den aggresive part så er det ikkje gitt at dei andre NATO landa lenger er forplikta ettersom NATO er ein forsvarsallianse. -
Det er meir halvhjerta å gå inn i eit forhold utan å ha ein plan for framtida. Ein treng ikkje å sjå på det som å planlegge for eit brudd, det handlar vel så mykje om å planlegge for ein felles økonomi som også er forutsigbar. Det får ein ikkje om kvar av partane berre tek ansvar for ein uspesifisert del av felles lån og heim.
- 61 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Einig med din analyse. Utfordringa med til dømes Trump er at han potensielt kan avvikle NATO medlemsskapet til USA gjennom passivitet. Dersom ein av medlemsstatane ikkje følgjer opp sine forpliktingar etter artikkel fem så er det stor og reell fare for at alliansen rakner ved at risikoen og kostnaden ved å gå inn i ein krig blir sjølvsagt større dersom ein ikkje kan gjere det saman med alle sine allierte. Skulle Finland bli invadert og dei andre NATO landa får kalde føter så er det mykje større risiko for Norge og Sverige å kome til unnsetning militært om vi ikkje kan gjere det saman med til dømes USA, Polen og Tyrkia. Sjølv om det finnes mekanismer også i USA til å følgje opp internasjonale forpliktingar sjølv om presidenten seier nei så er det både tungvindt og tidkrevande, då kan hjelpa frå USA kome for seint. Ellers så meiner eg at største strategiske fordelen med å ha med USA og Canada er at dersom det skulle bli krig på det eine eller andre kontinentet så er det godt truleg at det andre kontinentet blir forskåna såpass at ein kan drive med produksjon av militært materiell på eine kontinentet medan den direkte krigføringa skjer på eit heilt anna kontinent. Eg meiner likevel at NATO er ei svært nyttig allianse også om USA og andre nasjonar skulle trekke seg ut. Den militære kapasiteten er fortsatt til stades. For eit land som angriper så er det sjølvsagt vanskelegare når ein må kjempe mot hæren frå to land og ikkje berre frå eit land. NATO vil også være ein avskrekkande faktor, sjølv om det kan være tvil om medlemslanda er motiverte til å kome til unnsetning dersom artikkel fem blir aktivert. Ein går ikkje bort og pirker borti ein sovende bjørn, heller ikkje når ein er ganske sikker på at bjørnen ikkje kjem til å vokne. Har ein nasjon alt prika borti bjørnen utan at noko skjedde, då snur situasjonen seg litt. Då vil også andre av våre fiender kunne finne på å nytte sjansen til å gå til krig fordi ein då ser at bjørnen ikkje er farleg likevel. -
Dette blir ganske langt unna det som er vanleg bruk, så eg ville ikkje tatt for gitt at styret er einig i at slik aktivitet er rimeleg. Sjølv om du har ein god plan for korleis du skal gjere dette utan særleg ulemper for burettslaget så trur eg ikkje at du utan vidare blir trudd på at dette ikkje vil støye eller støve, og at du ikkje vil bruke straum frå fellesanlegget. Eg er ellers einig i at motargumentet vil nok være potensiell brannfare, samt at boda ikkje er godkjent for kortvarige besøk og ikkje for varig opphald. Slik eg ser det så har du to valg. Enten å berre realisere planen og håpe at ingen klager på aktiviteten slik at du ikkje får beskjed om å slutte. Eller så søker du til styret på førehand og satsar på at du får løyve. Sjølv om det ikkje finnes eksplisitt forbod så må du rekne med at det ikkje er store ulempane for naboane som skal til for at din aktivitet ikkje blir vurdert som tungtvegande nok. Styret kan lett fastsette nye ordensreglar som til dømes forbyr opphald i fellesareal om dei ikkje ynskjer at du skal drive med slik hobby. Sidan du uansett har tenkt å holde på bak ei støvdør og du har tenkt å rydde etter der, er det ikkje då eit alternativ å gjere dette inne i eiga leilegheit? Verktøy og liknande kan du oppbevare i boda. Det du driv med i eiga leilegheit vil det være langt vanskelegare å nekte deg, særleg om du klarer å avgrense eventuelle støyplager.
- 44 svar
-
- 1
-
-
Du har openbart stor fare for å bli utbrent, men det er kanskje ein heilt anna ting. Dei to jobbane du har lar seg dårleg kombinere når du må jobbe nattskift og deretter gå til dagjobben. Eitnforslag er å be om å få gå ned i stilling slik at du har fri i hovudjobben dei to dagane kvar tredje veke. Då vil du sjølvsagt få mindre utbetalt, men det er delvis kompensert ved at nattskiftet betalar betre. Før du tek opp forslaget om å gå ned i stilling så bør du sjekke om du i det heile tatt hadde lov til å ta ein jobb til. Det et relativt vanleg at primærarbeidsgivaren stiller krav om at du må spørre om å ta ein ekstrajobb. Det følger også av vanleg praksis at det er primærarbeidsgivaren som har fyrsteretten på din arbeidskraft og at du derfor plikter å møte utkvilt på jobb. Du har rett og slett ikkje nok timar i døgnet til å over tid kombinere ein fulltidsjobb, ein deltidsjobb og studier. Då må du i alle fall ha jobbar der du kan gjere andre ting i arbeidstida utan å få problem.
- 5 svar
-
- 2
-
-
Daglig leder vanskelig angående timekonto på jobben hvor jeg slutter.
The Avatar svarte i et emne i Juss
Som dagleg leiar så er det ikkje nødvendig å ha særleg uavhengig stilling, det er også unntak på overtid for leiande stilling på omtrent same vilkår som særleg uavhengig stilling. Utanom det så kjem det heilt ann på kva som heilt konkret er avtalt i arbeidsavtalen. -
Forklaringa er vel så enkel som at det er veldig mange eksamenar som blir arrangert kvar år, og at vi berre høyrer om dei få eksamenane som går galt og ikkje alle dei eksamenane som det ikkje er problem med. Den andre delen av forklaringa er at dette er arbeid som har den uheldige kombinasjonen av at det å lage og publisere ei eksamensoppgåve er eit stort stykke arbeid som må utførast innafor ein streng tidsfrist, av ein person som berre gjer denne jobben ein eller to gongar i løpet av året. Det sagt så vil ei enkel rutine som at ein annan lærar/tilsett loggar seg inn som student og sjekker at eksamensoppgåva er i orden, både med tanke på at ein ikkje har lasta opp fasiten som i dette tilfellet men også ved å sjekke at dei dokumenta som høyrer til er lasta opp.
-
Sjefen din har delvis rett. Det er likevel fleire ting som speler inn. Det fyrste spørsmålet er kva arbeidskontrakt du har. Har du arbeidsavtale der det er avtalt kva som er fast arbeidstid eller har du ein såkalla nulltimerskontrakt der alt arbeidet ditt er akkordbasert? Din sjef kan pålegge deg overtidsarbeid som del av sin styringsrett, kravet er likevel at det føreligg eit særleg og tidsavgrensa behov for det. Dersom du blir pålagt overtidsarbeid så skal du i tillegg har overtidsbetalt. Eg antek her at sidan du har akkordlønn og frivillig har jobba lange dagar tidlegare så har dette vært det som heiter meirarbeid der du ikkje har fått meir betalt for arbeidet du utfører etter ordinær arbeidstid? Om det ikkje føreligg nokon spesielle omstendigheiter for at du må jobbe overtid så kan heller ikkje arbeidsgivar pålegge deg overtidsarbeid. Typiske grunnar for overtidsarbeid er at det er sjukefråvær som må dekkast opp, at det er arbeid som må utførast umiddelbart for at det ikkje skal stå på skade. For hyttebygging kan dette kanskje være at ein må få tett tak før arbeidet kan settast på pause ei stund. Andre gyldige grunnar for å pålegge overtid er dersom det har oppstått stort arbeidsbehov som det ikkje kunne planleggast for, eller dersom arbeidet i sin natur er såpass sesongbasert at det er om å gjere å få utført mest mogleg arbeid akkurat dei få månadane der det er tilgjengeleg arbeid. Grunnregelen etter arbeidsmiljølova er at dersom det over tid er eit behov for overtidsarbeid så skal dette behovet dekkast ved å skaffe fleire tilsette og ikkje ved å presse eksisterande tilsette til å jobbe lange dagar. Uansett så er sjefen din avgrensa til at du ikkje kan påleggast å jobbe meir enn 10 timar overtid i veka, meir enn 25 timar i løpet av fire veker, eller meir enn 200 timar i løpet av året. Samla arbeidstid kan uansett ikkje være meir enn 13 timar i løpet av 24 timar eller meir enn 48 timar i veka i gjennomsnitt over ei periode på 8 vkeer. I tillegg så må alt arbeidet uansett være forsvarleg og ikkje gå utover din helse.
-
I tillegg til særleg uavhengig stilling så er det eit tilsvarande unntak for leiande stilling. Også i leiande stilling er ein friteke for delar av arbeidsmiljøloven herunder overtidsreglane. Vilkåra som arbeidstilsynet legg til grunn for at ein har enten leiande stilling eller særleg uavhengig stilling som er friteke frå overtidsreglane er relativt sett like. Arbeidstilsynet nemner avdelingsjefar som ein av disse gruppene som (kan ha) leiande stilling. Det konkrete spørsmålet som arbeidstilsynet tek stilling til er om du som avdelingsleiar sjølv avgjer behovet for eigen arbeidsinnsats og kan styre din eigen arbeidsdag. Det vil såleis være lov å avtale at du har stilling som avdelingsleiar med X kr i årslønn utan at rett til overtidsbetaling og utan at det er spesifisert kva arbeidstid som er lagt til grunn. Ein bør likevel prøve å få til ein avtale der ein får ekstra betalt dersom arbeidsbelastninga overstiger ein bestemt terskelverdi, som til dømes at ein jobbar meir enn X timar utanom vanleg kontortid. Dette fordrar sjølvsagt at du som avdelingsleiar har nødvendig råderett og fullmakt til å sjølv styre arbeidet ditt, dersom du reelt sett berre blir ein mellomleiar som er underlagt direktørens krav og tidsfristar så har du ikkje unntak frå overtidsreglane ettersom stillinga då verken er leiande (i stor nok grad) eller særleg uavhengig. @Loke2024 Eit konkret råd når du skal forhandle lønn i ei slik stilling, men samtidig er redd for å foreslå ei for høg årslønn, det er å ta inn noko av det overskytande lønnskravet ditt som krav om andre goder. Då blir ikkje beløpet du krev som årslønn like høgt, og det kan kanskje være enklare å forhandle om andre goder som firmabil, dekt telefon og internett, osv. I enkelte tilfeller kan det også være enklare for arbeidsgivar å innvilge eit krav om diverse goder ettersom dette blir litt skjult i lønnsbudsjettet. Så eit alternativ kan være å kreve 950 000 som er likt med den andre avdelingsleiaren, og i tillegg diverse goder. På den måten kan arbeidsgivar innfri ditt krav som då i sum bikker over millionen men samtidig hevde at du ikkje har fått høgare årslønn enn den andre avdelingsleiaren (som har vært i jobben lengre enn deg).
- 46 svar
-
- 1
-
-
Du har dessverre ikkje særleg med rettigheiter i ein slik situasjon. Det viktigaste er at du passer på at det du har utført av obligatoriske emner er registert slik at du slepp å ta det på nytt. Så forhåpentlegvis så taper du ikkje meir enn den tida du må stå på venteliste for å få ny køyrelærar. Det er bra du ikkje har førehandsbetalt for då hadde du nok også tapt pengar på dette. Litt avhengig av kor mykje du har igjen så kan det kanskje være aktuelt å sjekke med køyreskular lengre unna også for å prøve å få ta resten no så raskt som råd.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Det som kanskje er viktigaste eigenskapen er å ha tilstrekkeleg med eigenkapital, og høg nok risikovilje til å sette eigenkapitalen på spel i håp om forteneste. Deretter så må ein ha stor arbeidskapasitet, realistisk sett så må du forvente å kunne ta ut veldig lite forteneste dei fyrste åra ettersom du må investere mesteparten tilbake i firmaet for å kunne bli ein stor aktør. Ein anna viktig eigenskap er flaks. Sjølv med dei beste forutsetningane så er det ofte at det ender opp med tilfeldigheiter på om du starta opp og gjorde dei rette tinga til rett tid, eller om du var uheldig med timinga. Ofte handler det om å være fyrst ute med å tilby eit produkt eller ei teneste, men det er viktig å ikkje være for tidleg ute for då har du ikkje eit stort nok marked å selge til, samtidig må du ikkje være forsein slik at nokon andre kjem deg i forkjøpet. Eit døme er f.eks. utleige av elsparkesyklar. Det var fleire som startar med utleige av ståhjulingar men det tok eigentleg aldri av, det var fyrst når elsparkesyklane kom at dette vart noko for folk flest. Deretter handla det om å ha nok pengar til å kjøpe inn mange nok elsparkesyklar til å kunne gi eit skikkeleg tilbod som folk ville bruke. Den store faren var at dersom det hadde floppa så hadde ein sittet igjen med ein heil masse med elsparkesyklar som ein ikkje fekk gjort noko med. I dag er gullalderen for elsparkesyklar over. Det er for mange aktørar i bransjen til at det er rimeleg å tru at ein skal kunne etablere enda eit utleigefirma, og i tillegg har det kommet såplass mange avgrensingar at det er langt mindre lukrativt å drive med slik utleige i dag. Og til slutt så er det ingen ulempe om du har ein litt rufsete moral, slik at du kan bygge din eigen rikdom på å utnytte andre eller ved å gjere ting som er ulovleg eller tvilsomt. Skal du starte med noko i dag så handlar det om å forutsjå eit behov som du kan skape, det handlar om å investere tungt nok til å ha tyngde nok til å lykkes, og det handlar om å jobbe hardt for å få til ei vellykka bedrift. Det er lett å sjå bakover i tid og sjå at ein skulle ha investert i fidget spinners, termokoppar, Prime energidrikk eller andre ting som ei periode var kjempepopulære produkt, men det er ikkje like lett å forutsjå kva det neste store blir.
- 6 svar
-
- 2
-
-
Munnlege avtalar er like bindande som skriftlege, utfordringa er å bevise det. Dersom du hadde avtale om å leige fram til våren 2025 så har du ein tidsbestemt leigeavtale, det er likevel ikkje gitt at dykk har avtalt at leigeavtalen skal kunne seiast opp tidlegare eller ikkje. Slik som du legg det fram så er i alle fall din forståing av den munnelge avtalen at avtalen ikke kunne seiast opp før den vart naturleg avslutta våren 2025, spørsmålet er kva forståing utleiger har lagt til grunn. Dersom det ikkje er inngått ein lovleg tidsbestemt leigeavtale så går leigeavtalen automatisk over til å bli tidsubestemt og følgjer dei vanlege reglane etter husleieloven om ikkje anna er avtalt. Dersom det ikkje er gyldig grunnlag for ein tidsbestemt legeavtale så blir leigeavtalen tidsubestemt og då skal oppseiingsfristen være tre månedar med mindre ein har avtalt noko anna. I huseleigelova så står det at du i rimeleg utstrekking skal gi leigesøkande tilgang til å sjå på husrommet. Same forståinga blir også lagt til grunn ved visning i samband med salg. At du i rimeleg utstrekking skal gi tilgang betyr at du skal ha rimeleg forvarsel og at det er ei avgrensing på kor ofte det kan være visningar før det blir urimeelg. Kor god sak du har er veldig avhengig av omstendigheitene. Mulig salg vil ofte bli akseptert som sakleg oppseiingsgrunn ettersom salsverdien utan leigetakar ofte er høgare enn å selge med leigetakar. Og sjølv om selgaren ikkje har sakleg oppseiingsgrunn så har utvilsomt ny eigar oppseiingsgrunn for å bruke bustaden sjølv. Det er derfor også eit spørsmål om kor mykje du har å hente på å krangle. Skal du ta den heilt ut så kan du sjølvsagt nekte å forholde deg til oppseiinga og dermed tvinge huseigar til å gå til rettslege skritt for å få deg kasta ut, men det medfører også ein risiko for erstatningskrav.
- 36 svar
-
- 1
-
-
Det store problemet er finansiering. Eigentleg er det rart at nettavisene i det heile tatt fortsatt driver med ekte nyheiter, for det er jo openbart kjendisstoff, sex/nakenheit og fasinerande videoklipp dei lever av. Så at dei fortsatt har journalister som skriv om politikk og hendingar i inn og utland er nok hovudsakleg for å momsfritaket som tidsskrift sidan det er meir lønnsomt enn å være reint ukeblad med kjendisstoff. NRK er delvis forskåna for dette gjennom at dei har ei finansiering som ikkje er direkte avhengig av klikk for å generere inntekter. Aftenposten har også stort sett klart å unngå å gå i clickbait fella, men det er nok også fordi at nesten alt dei produserer ligg bak betalingsmur, og at dei har klart å holde på eit såpass seriøst omdømme at folk er villige til å betale. Det er likvel ikkje gitt at Aftenposten vil kunne få nok inntekter i framtida til at dei får det til å gå rundt. I tillegg til er det også ei utfordring at det gode journalistiske arbeidet der eit par journalistar bruker vekesvis på å gjere research naturleg nok er dyrare enn å berre vidareformidle ei nyheitssak frå NTB.
-
Det er også naturleg nok ei balanse mellom at spesialeininga må ha nok kompetanse som ein typisk får gjennom kontakt med fagmiljøet som i dette tilfellet er politietaten, og ei tilstrekkeleg avstand til at det kan gjennomførast objektive vurderingar. Ein kunne sjølvsagt hatt ei spesialeining som er bygd på same modell som forliksrådet der det er lekfolk (ofte politikarar) som skal vurdere slike politisaker, men det openbare problemet då er at spesialeiniga då manglar fagkompetanse og vil berre kunne uttale som om korleis dei synes det bør være og ikkje utifrå regelverket som politiet skal følgje. Dette vil gi mildt sagt utfordrande arbeidsforhold for politiet som kan risikere å bli dømde av spesialeininga sjølv om dei har fulgt instruksen sin til punkt og prikke. Det er ikkje spesielt tilfredsstillande å ha ein "folkejury" som i ettertid velger å straffe ein politibetjent som skreiv ut fartsbot fordi "folkejuryen" syntes at det var veldig strengt å gi 3000 kr i bot til den uføretrygda åleinemora. Ein kan gjerne meine at bota er for høg men då må ein fyrst endre regelverket som politiet skal følge, og ikkje vilkårleg straffe politiet for å følge reglane. I denne saka om politivold så er det heilt klart eit misforhold mellom den folkelege oppfattinga av korleis ein ynskjer at politiet skal oppføre seg, og den politifaglege vurderinger frå dei i politiet som turte å uttale seg om saka.
-
Sikkerheitsrådet kan vedta at FN skal gripe inn, oftast med bruk av sanksjonar men også gjennom å sette inn FN soldatar. Ofte er dette likevel vanskeleg å gjennomføre i praksis sidan dei faste medlemmane av sikkerheitsrådet har vetorett. Så lenge Israel har støtte frå USA så må vi rekne med at USA vil legge ned veto mot å sanksjonere Israel. Og sjølv om sikkerheitsrådet skulle vedta slike sanksjonar eller militær innvolvering så er det likevel opp til kvart enkelt medlemsland i FN om dei vil følgje opp vedtaka frå FN. Konsekvensane av at FN land ikkje følgjer opp vedtaka frå FN er at disse landa sjølv kan bli utsatt for FN sanksjonar. Utanom det så er sikkerheitsrådets viktigaste bidrag å legge til rette for fredsmeklingar mellom partane. Sjølv om at det er truleg at det også denne gangen blir lagt ned veto mot at FN skal gripe inn så er det gjennom slike møter i sikkerheitsrådet at ein kan overtale dei fem faste medlemslanda til å ikkje bruke vetoretten sin. På eit eller anna tidspunkt så vil også USA nå ei grense for kor lenge dei kan stå i vegen for at FN-sanksjonar mot Israel utan at USA sjølv opplever negative konsekvensar.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Kva som er best vil nok variere litt. Dersom du er i tvil så vil eg likevel anbefale at du syter for å få overtidsbetalt. Dersom det reelt sett går opp i opp så er det ofte enklare å berre få ei høgare årslønn og ikkje bruke tid på å føre timar, utfordringa er at du i liten grad kan velge å legge ned arbeidet om du får fleire arbeidsoppgåver enn du klarer å utføre på normaltid. Sidan du alt har kompensert for å måtte jobbe ein del ekstra gjennom ei høgare årslønn så må du også rekne med at arbeidsgivar kjem til å pålegge deg arbeidsoppgåver som du må utføre utan ekstra betalt. Sjølv om du kanskje den fyrste tida går i pluss ved at du får høgare lønn og ikkje treng å jobbe like mykje ekstra som du får kompensert for, så kan dette over tid endre seg. Det sagt så kjem det også litt ann på kor strukturert du sjølv er til å få unna arbeidsoppgåver. Jobbar du veldig tidseffektivt slik at du klarer å presse meir produktivitet ut av ein vanleg arbeidsdag enn det som er normalt så vil du ha lite behov for overtidsarbeid og dermed får du heller ikkje ekstra utbetalt i form av overtidsarbeid. I eit slikt tilfelle så er det meir fordelaktig å få kompensert for at du jobbar veldig effektivt ved å få høgare årslønn sjølv om du då ikkje får føre overtidstimar. Eit anna argument for å gå for høgare årslønn sjølv om du ikkje får overtidsbetalt er at det gir litt større forutsigbarheit på kva du får utbetalt kvar månad. Med overtidsbetaling så vil utbetalinga kunne variere ein del etter som at overtidsbehovet ofte varierer frå månad til månad. Personleg så ville eg heller hatt lågare lønn og rett til overtidsbetalt. Ei slik arbeidsordning vil i stor grad kunne verne deg mot å måtte jobbe alt for mykje. Sidan du skal ha overtidsbetalt for overtidsarbeidet du utfører så blir nok også terskelen for å pålegge deg overtid høgare ettersom det er ein konkret kostnad ved overtidsarbeidet. Har du derimot overtidsarbeid inkludert i lønna så er det ingen grunn for arbeidsgiver å ikkje gi deg ekstraarbeid ettersom du alt har fått betalt. Eit anna moment å vurdere er kva sjølvråderett du realistisk sett vil få. Arbeidstakarar som ikkje har rett på overtidsbetalt skal enten være i kategorien særleg uavhengig stilling eller i særleg leiande stilling. I begge unntaka så ligg det til grunn at du skal ha fått fullmakt til å sjølv vurdere behovet for når du treng å jobbe. Som avdelingsleiar utan rett til overtidsbetalt så skal du eigentleg ha så stor makt som leiar at du kan velge om du utfører arbeidet sjølv eller om du pålegger andre arbeidstakarar under deg til å utføre overtidsarbeidet, eller kanskje også at du heller tilsetter ein person til. Dersom arbeidsdagen din er styrt av leiaren over deg så vil du normalt sett ikkje oppfylle vilkåra som eigentleg skal ligge til grunn for å ikkje ha rett til overtidsbetalt.
- 46 svar
-
- 1
-
-
Er man i samme husstand når en deler felles kontrakt, med tanke på husleie?
The Avatar svarte på taino sitt emne i Juss
For ordens skuld så er den relevante paragrafen i straffelova: Det er punkt d. om at lova også gjeld personar i husstanden som opner for at også storfamilie og bufellesskap inngår i paragrafen om mishandling i nære relasjonar. Om det med husstand er meint bufellesskap eller om det er meint å fange opp andre slektningar som ikkje er i rett nedstigande eller oppstigande linje er eg litt usikker på. Sidan lova gjeld slektning i nedstigande linje også frå noværande eller tidlegare samboer så dekker lova også stebarn, samt at med oppadstigande linje så dekker lova foreldre og svigerforeldre. Det som ikkje er dekt av paragrafen (utanom gjennom punkt d. og e.) er andre familemedlemmar som bur i husa, som din ektefelles søster, nieser og andre slektningar som kan tenkast å bu i huset utan å være slektningar i oppover/nedover linje. Det er likevel kanskje ingen prinsipiell forskjell på om volden foregår ovanfor ein person du har valgt å bu saman med gjennom eit bufellesskap og ein person du har valgt å bu saman med gjennom eit sambuarskap. Forskjellen er vel ofte berre om dei to i husstanden også deler seng eller ikkje. Sjølv så meiner eg som sagt at det er ei svakheit i lovverket at vold i nære relasjonar ikkje er definert meir utifrå at det er eit avhengigheitsforhold mellom voldsutøvaren og voldsofferet. Om eg banker kona og ho ikkje kan flytte ut på grunn av at ho ikkje har anna heim og at ho har inngått ei sosial forplikting om å ikkje flytte ut, eller om eg baker opp den innleigde barnevakta som ikkje kan slutte å møte opp på grunn av ansvarskjensla ovanfor barna og dei økonomiske konsekvensane ved å ikkje møte på jobb, det burde vel gå mykje for det same? I begge tilfeller så er det jo snakk om å mishandle ein person som har avgrensa muligheit til å sette seg til motverge og kanskje også har vanskelegheiter med å søke hjelp. Sjølv om det finnes andre beskyttelsesmekanismer i eit arbeidsforhold, så er det vel i prinsippet like gale å mishandle personar som ein har kontroll over gjennom å være arbeidsgivar som det er å mishandle nokon ein har kontroll over gjennom familietilknytting? -
Er man i samme husstand når en deler felles kontrakt, med tanke på husleie?
The Avatar svarte på taino sitt emne i Juss
Poenget er vel å fange opp vold mot personar som reelt sett ikkje kjem seg unna fordi trusselen er i heime sin, som ein av ulike grunnar ikkje berre kan flytte ut frå. Sånn sett så burde ein kanskje også omfatte arbeidsforhold, sameigarar, og lilnande relasjonar der ein gjennom kontraktsmessig eller sosiale normer også er "fanga" i ein relasjon med nokon som utøver vold. Det sagt så er sjølvsagt hovedfokuset med vold i nære relasjonar voldsutøving frå personar som voldsofferet også bryr seg om. Det er dette elsk/hat forholdet som gjer det vanskeleg å flytte ut, ikkje at ein taper 3 mnd med husleige ved å bryte ein leigeavtale.- 4 svar
-
- 1
-
-
Korfor skal den tilsette som knappast nok gjer jobben sin premierast med same lønn som den dyktige tilsette som gjer jobben sin med godt resultat? Sjølv om ein seier at det skal være lil lønn for likt arbeid, så ender det alltid opp med lik lønn for lik stillingstittel og ansiennitet. Om ein produserer med tilfredsstillande kvalitet og kvantum så får ein nøyaktig det same som kollegaen som gjer ein dårleg jobb. Resultatet er at dei dyktigaste i staten forsvinna inn i privat sektor (og kjem tilbake som dyre konsulentar), medan dei som ikkje burde jobbe i staten klorer seg fast fordi ein får fod lønnsøkning for liten innsats.
- 35 svar
-
- 2
-
-
Vil fråråde å gjenopprette til fabrikkinnstillinger. Det er eit vanleg tips men eg har sålagt ikkje opplevd at det fungerte, og det er som du seier mykje styr å legge innigjen det du har sletta. Det høyres ut som at noko er feil med Bluetooth på din telefon, om det er software eller hardware som har svikta ee ikkje godt å seie.
- 6 svar
-
- 1
-
-
Eg ser ikkje korleis JHA kan få mildare straff. Alt han innrømmer vil være straffeskjerpande. Som at han stod bak to drap og ikkje berre eit, at han har fått ein uskuldig dømt for ei forbrytelse som han sjølv har utført, osv. Den fulle og heile sannheita er det berre 1 person som veit, og det er den personen som beviseleg var der. Slik bevisa står no så er det ingen grunn til å tru at VK har noko å tilføye.
- 987 svar
-
- 3
-
-
Det som han kanskje har mest rett i er at spel som the Last of Us som er veldig cinematiske gjer spelet langt meir tilgjengeleg for folk flest. Særleg når ein no har starta med å lage TV-seriar som er blåkopi av spelet. Største forskjellen mellom ein gamer og ein TV-sjåar som fortærer tLoU er om ein ser på skjermen med ein kontroller i hånda eller ikkje. Dersom Naughty Dog tørr å ta steget heilt ut til å lage animerte filmar i staden for spel, så vil dei gjere spelmediet enda meir tilgjengeleg for folk flest. Største hinderet for ein ikkje-gamer å spele tLoU på konsoll er vel at spelsekvensane ved å bevege seg rundt i spelverdenen, klatre over hinder og sloss mot fiender er kanskje litt utfordrande for dei som aldri har holdt ein kontroller før. Spelmediet kan derfor gjerast mykje meir tilgjengeleg om ein tek vekk gameplayet i spelet og i staden berre har veldig enkle inputs slik at sjåaren kan være med å styre historien litt utan å være ein gamer. Spørsmålet då er vel berre omdet blir for kjedeleg for gamers som ikkje vil sitte passivt å sjå film når dei gamer.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Får ikkje heilt taket på den eksakte problemstillinga. Eg tenker likevel at med mindre du har fått eit nært forhold til disse personane så ser eg ikkje kvifor du skal blande deg inn i det som strengt tatt er ei privatsak. Med mindre du tenker at personen utgjer ein fare for seg sjølv eller andre så ville eg holdt meg unna, og i alle fall når problemet utansett løyser seg snart når det blir utflytting. Utanom det så burde dette sjølvsagt vært tatt tak i for lenge sidan. Utleigar pliktar å ha husordensreglar og syte for ro og orden, i tillegg så bør kollektivet ha sine eigne ordensreglar om korleis dykk fordeler husarbeidet og kva som er godt nok utført husarbeid.
-
Kontrollspørsmålet er kva som blir situasjonen om dykk velger ein ny styreleiar og eit nytt styre der denne personen ikkje lenger har ei rolle. Er det då forsatt aktuelt å leige inn dagens styreleiar gjennom firmaet som også er deleigar? Eller vil ein då finne andre løysingar som å bruke eit anna firma, eller legge jobben med å følgje opp handtverkarar og likande inn i styrearbeidet utan anna betaling? Med 50 andelar så burde ikkje denne jobben som dykk no betalar ein ekstern styreleiar for å gjere være uoverkomeleg for eit styre beståande av berre interne andelseigarar. Det handlar vel mest om å ta imot beskjed om ting som må fiksast, ringe etter handtverkar som kan fikse tingen, og betale fakturaen for arbeidet? At det ikkje er nokon av bebuarane som vil melde seg frivillig til å gjere denne jobben er jo ei ærleg sak det, men då blir det litt rart å klage på at det er for dyrt med ekstern styreleiar som utfører jobben ein ikkje sjølv vil gjere. Spørsmålet som dykk i burettslaget bør stille seg er om det er nokon som vil ta på seg jobben som styreleiar for å redusere utgiftene med 100 k i året, for i underkant av 25 000 kr i styrehonorar? Om det ikkje er nokon som vil ta på seg jobben så er neste spørsmål om dykk kan ha høgare styrehonorar og få nokon til å ta på seg jobben på den måten? Så lenge aukinga av styrehonorarert er på under 100 000 kr i året så vil laget spare pengar på det.
- 16 svar
-
- 2
-
-
Angåande det som var nemnt med vedlikehold så anbefalar eg at dykk begge betalar inn eit beløp tilsvarande eigarbrøken til ein konto som er øyremerka vedlikehold og oppgradering. Då har dykk både oversikt over pengebruken ved vedlikehald, og det er uansett ein fordel å sette av pengar til vedlikehald slik at det ikkje blir nedprioritert. Ved salg av bustaden så kan den same kontoen brukast til å betale eigedomsmeklaren, og eventuelt restbeløp blir delt etter eigarbrøk.