
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Om dette var eit reelt forsøk på å drepe, og ikkje berre påføre kroppsskade som er det ho er tiltalt for så var det eit ganske så halvhjerta forsøk på å fullføre drapshandlinga. Den viktigaste grunnen til at ho ikkje er tiltalt for drapsforsøk er fordi påtalemakta vil være sikker på at dei har sterke nok bevis til å få ho dømt. Påtalemyndigheita tek ut sikting på det dei er ganske sikre på at dei skal klare å bevise. Dersom ein hadde tatt ut sikting for drapsforsøk og då ikkje klart å føre bevis for det så ville ho måtte frikjennast for siktelsen.
- 916 svar
-
- 4
-
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Det eg synes er verst er at dersom DAB-prosjektet hadde blitt utsatt nokre få år, så hadde vi alle hatt tilgang til digital radio nesten over alt via mobilnettet, då hadde vi ikkje trengt å sette opp ein heil masse DAB sendere i tillegg. For dei aller fleste så er det ganske saumlaust å knytte mobiltelefonen til bilen for å streame radio, og dei aller fleste har også rikeleg store nok datapakkar til at slik radiostreaming kan foregå utan vesentleg kostnad. DAB-radioane som folk har heime og på jobb kunne utmerket godt nytta tilgjengeleg wifi-nett. Ein anna fordel er at med internett-radio så får ein plutseleg tilgang til alle verdens radiokanalar om ein vil, så då forsvinn mykje av argumentet med at med DAB-nett så kan ein tilby fleire radiokanalar. -
Eit slikt forslag bør kome frå ein bebuar. Styrets forslag er det som er blir lagt fram som forslag til vedtak. Sjølv om det det går ann så vil det sjå rart ut om styret kjem med eit anna benkeforslag enn det styret alt har foreslått som forslag til vedtak. Det er likevel ikkje heilt uhøyrt at dette skjer, men då kallar ein det vanlegvis ikkje eit benkeforslag. Dette skjer vanlegvis dersom ein etter diskusjonen hos GF har blitt einige om å formulere forslaget om vedtak på ein litt anna måte og deretter stemmer på det justerte vedtaksforslaget. Merk likevel at det er eit tiltak som krev 2/3 fleirtal, og i slike saker så er det også eit krav om at sakas hovudinnhald skal framgå av sakspapira som er sendt ut. Så sjølv om det viktigaste kravet er at dette prosjektet må stå i sakspapira, så er det også ei avgrensing på kor mykje av innhaldet som kan endrast på møtet utan at det må sendast ut nye sakspapir. Ei endring til å berre gjennomføre delar av forslaget vil likevel ikkje endre hovudinnhaldet i forslaget. Du vil ikkje måtte trekke deg frå styret, men samtidig så forstår eg forståing for styreleiaren sitt syn. Styret i burettslaget har plikt til halde bygget i forsvarleg stand, denne plikta er det vanskeleg å oppfylle dersom ein meinar at bebuarane er til hinder for å gjere den jobben. Får ikkje styret tillit til å gjere jobben sin på ein skikkeleg måte så er det sjølvsagt berre dumt å sitte som styremedlem og ha ansvar for noko som ein ikkje får gjort noko med. Hadde eg vært styreleiar, og eg hadde meint at eit slikt prosjekt var heilt nødvendig å gjennomføre for å ikkje bli sittande med ansvaret for at bygningsmassen ikkje får det vedlikehaldet som er nødvendig, så hadde eg trukket meg om eg ikkje fekk gjort jobben min. Då kan heller nokon andre få ta på seg vervet og stå ansvarelg. Eg vil også kommentere at det vil være ein litt merkeleg situasjon dersom generalforsamlinga går imot det som det valde styret foreslår, og deretter gir dei same personane fornya tillit til å fortsette å sitte i styret. Om ein meiner at styret ikkje er i stand til å styre burettslaget på ein fornuftig måte så må ein sjølvsagt finne eit nytt styre. Når det gjeld sjølve prosjektet så vil eg også påpeike at argumentet om at ein må etterisolere er fyrst og fremst i OBOS sin interesse for å kunne selge inn slike prosjekt, og at dette EU-kravet med all sansynlegheit er heilt urealistisk å tenke seg at er mogleg å oppfylle innan tidsfristen. Og sjølv om EU skulle stå veldig sterkt på at vedtaket må oppfyllast, kva trur du skjer i 2050 når til dømes ditt burettslag ikkje har etterisolert? Det er ikkje som at det kjem nokon frå Brussel for å kaste dykk ut av leilegheitene. I verste fall så kan det ha betydning for leilegheitsverdien når ein etter 2050 skal selge, men det er tvilsomt at det kjem til å lønne seg å ta opp så mykje gjeld for å gjennomføre jobben. Folk flest kjøper tross alt bustad basert på lokasjon, størrelse og generell standard. Det dykk som generalforsamling likevel bør vurdere er i kva grad det lønner seg å ta ei kjempestor oppgradering no der ein gjer "alt", kontra å sette opp stillas for å berre bytte vindauga i år, for så å sette opp stillas ein gong til om nokre år for å ta balkongane, og ein tredje gong nokre år etter det igjen for å etterisolere.
- 68 svar
-
- 6
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Ja stort straumforbruk er også ein av ulempane med DAB-radio. Det sagt så blir dette på mange DAB-radioar delvis kompensert ved at det er eit relativt stort innebygd batteri. Dersom det er fare for langvarig straumbrot så kan det være at ein må vurdere å rasjonere batteriet slik at ein berre slår på radioen kvar heile time for å høyre om det er oppdatering på nyheitssendinga. DAB-radioen med best batteritid vil nok for dei fleste være bilradioen. -
1. Om du bruker forsikring eller ikkje blir ei vurderingssak. Fordelen med å bruke forsikringa er at då er du og sikra om skadene skulle vise seg å være meir omfattande enn fyrst antatt. Du vil uansett kunne reise krav om at naboen skal dekke ditt tap, enten den relle kostnaden eller eigenandelen. Med ein slik nabo er det likevel ikkje sikkert at han har å pengar du kan kreve. 2. Kommunen har ikkje ansvar sidan treet falt ned heilt utanfor kommunal kontroll, ansvaret ligg her på den som sagde ned treet. Hadde treet blåst ned eller liknande så hadde det vært ei anna sak. 3. Det er sjølvsagt ikkje lett å skaffe nye tre, kommunen har ingen plikt til å plante nye tre og antageligvis så vil dei ikkje erstatte trea sidan dette både er til hinder for eventuell framtidig bruk av tomta, samt at det gir framtidige kostnadar ved å fjerne trea når dei blir for høge, eller erstatningsansvar om trea ramlar ned. Naboen din har erstatningsansvar for dokumenterbare tap, men det å miste tre som ikkje er dine er kanskje ikkje eit tap du er påført. Kommunen kunne også ha fjerna trea frå eiga tomt utan å ha ansvar for om det gir deg fordelar eller ulemper. I dette tilfellet så ville eg heilt klart brukt forsikringa, då vil også forsikringsselskapet ordne med trefellarar som kan fjerne treet. Å skulle utføre slik potensielt farleg arbeid sjølv slår meg som ein dårlig idé. Ein kan også fort risikere at det oppstår andre skadar i samband med fjerninga, så det er ein unødvendig risiko å ta om du ikkje har både kompetanse og utstyr til å gjere jobben sjølv. I samband med erstatningssøksmål mot naboen så er det også enklare å kreve eigenandelen tilbake sidan du også har ei tapsbegrensingsplikt. Har du brukt forsikringa så vil du vanlegvis ha oppfylt denne plikta ved at erstatningssummen er avgrensa til eigenandelen slik at ein ikkje risikerer større kostnadar dersom skaden skulle være større. Eit anna moment er at dersom det seinare dukker opp andre kostnadar så vil du nok heilt sikkert hellee ha eit forsikringsselskap å ta dette med, og ikkje måtte gå tilbake til ein litt ustabil nabo som verken har betalingsvilje eller emne.
- 7 svar
-
- 3
-
-
-
Eg vil nesten tru at dei planlegg å bruke sminke (muscle suit?) eventuelt CGI for å portrettere det fysiske. Om ikkje må dei gjere endringar i historiefortellinga sidan mykje av motivasjonen som driv karakteren forsvinn om rollen skal fyllast av ei tynn jente.
- 20 svar
-
- 1
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Ser forresten at det ligg ute ein logg over nødvarsel som har blitt sendt ut. Det står ikkje over kor stort område nødvarselet har blitt sendt ut, men det er likevel litt interessant å sjå over gitt debatten tidlegare i tråden om dette varslingssystemet kjem til å bli forbeholdt reelle nødsituasjonar, eller om systemet blir misbrukt til mindre viktige meldingar. Nedafor har eg sitert dei hendingane som ikkje er testar eller openbare feilsendingar. Kort oppsumert så har ein ikkje brukt systemet veldig mykje. Den 30 juni så meldte politiet i Møre og Romsdal om jordras. Så den 7 august så skjedde det mykje. Politiet meldte kl 06.28 om væpna aksjon på Sørrollnes, og med ny melding kl 21.28 om at faren var over. I tillegg så vart det sendt ut fem farevarsel om ekstremværet hans, også dette 7 august. Eg veit ikkje kva områder dei ulike farevarsla vart sendt ut på, men eg tenker at det kanskje var litt unødvendig at både Statsforvaltaren og politiet sendte ut omtrent like farevarsel på omtrent same tidspunkt. Men som sagt så kan det være at varsla er sendt ut på ulike stadar slik Statsforvaltaren varsla eit område medan politiet tok ansvar for å varsle eit heilt anna område. Så om eg skal evaluere bruken av nødvarslinga i 2023 så må eg nok konkludere med at systemet tross alt er lite brukt, så det er i alle fall bra at vi ikkje blir spamma ned av nødmeldingar kvar gong det kjem eit vindkast. Eg litt usikker på om eg synes at ekstremværet Hans var akutt nok til å forsvare bruken av nødmeldesystemet. Ja det var eit voldsomt uvær, men det var eit varsla værfenomen som dei fleste burde ha fått med seg i dagane før uværet traff Norge. I tillegg var det så vidt eg kan huske også noko feil ved varslinga av ekstremværet Hans slik at det også var ein del som fekk nødmeldinga sjølv om dei var langt unna. Det var vel blant anna her på forumet fleire som meldte om at dei hadde fått nødvarselet sjølv om dei var i Oslo. Varselet om at det hadde gått fleire jordras, og at det fortsatt var fare for fleire ras tenker eg er heilt innafor det som nødvarslinga burde brukast til. Dette er tross alt ei hending som utgjer ein direkte livsfare for dei som eventuelt måtte være i området. Tilsvarande må eg nesten anta at varselet om ein våpna politiaksjon var såpass tidskritisk og potensielt livsfarleg at det sikkert var rett å bruke nødvarslinga for å åtvare eventuelle forbipasserande om at dei burde halde seg innendørs. -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Ja, nødvarselet slår på lyd om telefonen er på lydlaust og speler av alarmen på det høgaste volumet. Dette er sjølvsagt gjort for at du skal ha best mogleg sjangs for å fange opp varselet sjølv om du ikkje har telefonen i handa. Ein anna fordel er at om du ikkje sjølv har telefon som kan motta nødvarsel så er det ein god sjangs for at du får med deg at nødvarslet går på telefonane til andre i nærheita. Ulempen er for dei (relativt få) som av ulike grunnar treng å ha telefonen på lydlaust, så finnes det ingen alternativ til å få varselet på anna måte enn at skjermen slår seg på og at lyden kjem på maks volum. Jo det skal det være. Tyfonane blir testa to gongar i året, den andre tysdagen i januar og den andre tysdagen i juni. No har ein også lagt til test av nødvarselet på mobil. Om du ikkje høyrte tyfonane så er nok det fordi du var for langt unna nærmaste tyfon til å kunne høyre den der du oppholdt deg, eller fordi din nærmaste tyfon ikkje fungerte. Grunnen til at ein testar to gongar i året er fordi det ikkje alltid fungerer, for at tyfonen skal fungere så må signalet som kjem via mobilnettet eller nødnettet nå fram til tyfonen, deretter skal signalet registrerast og luftkompressoren må starte, og til slutt så må lufta frå kompressoren kunne straume fritt ut av tyfonen med tilstrekkeleg trykk og fart til at ein får lyd. -
Då er det vanskeleg for Studentsamskpinaden og argumentere med at hybelen ikkje er berekna for meir enn ein person, og også argumentet om at lokalet blir overbefolka blir svekka (sjølv om belastninga på fellesareala blir marginalt større). (Du får gjere som terroristen å saksøke Studentsamskpinaden for at det er menneskerettigheitsbrot å ikkje tillate besøk 😜)
-
I denne samanhengen så må vel reglane til sporten sjåast i ein større samanheng enn den offisielle regelboka? I ishockey så har ein har uoffisielle reglar for slossinga, som blant anna at den som vil sloss fyrst kaster kølla og deretter tar av seg hanskane, om den andre spelaren også vil sloss så svarer han med å gjere det same. Frå artikkelen: Sjølv om reglane i sporten ikkje er fulgt, så kan det arguemnterast med at han har gitt sitt samtykke ved at konsekvensane ved å kaste hanskane burde være openbare og at slosskampen lett kunne vært unngått ved å ikkje besvare utfordringa. Det sagt så er det sjølvsagt rom for tvil ettersom TV-kameraet ikkje fanga opp det som skjedde før slaget, så det noko uklart om han som vart slått ned kasta hanskane frivillig eller om hanskane kan ha falt av under slossinga, eller fyrst vart kasta etter fyrste slaget for å kunne forsvare seg sjølv betre. Men hadde dette vært snakk om sjølvforsvar så ville det vel gi meir meining med å bruke kølla for å holde avstand i staden for å kaste hanskane.
-
For meg framstår det ganske klart at det juridiske holdepunktet til Studentsamskipnaden er svakt. Sjølv dei mest objektive argumenta om kapasitet og reinhald vil aldri kunne brukast som eit generelt arguement for alle hyblar, ein må i så tilfelle vise til kvifor dette er ein urimeleg stor ulempe for utleigar i kvart enkelt tilfelle. Husleigelova har nokre eigne reglar for studentbustadar, som mellom anna opner for at ein kan avtale at opptak av husstandsmedlem må godkjennast. Men overnattingsbesøk er ikkje det same som opptak i husstanden. (Eg er også litt nyskjerrig på kvar ein sett grensa mellom ein vanleg gjest og ein overnattingsgjest? Er det slik at ein kan ha gjestar på dagtid men ikkje om natta? Må gjesten sove for at det er ulovleg? Kan ein ha nattegjestar som ikkje overnatter? Kan ein ha gjestar som søv på dagtid og er våkne heile natta?, osv). Argumenta om sikkerheit er også relativt svake. Det kan ikkje bety særleg mykje om det skulle være ein ekstra person som må evakuerast, særleg ikkje når denne gjesten har registrert seg slik at ein veit at den aktuelle hybelen så ligg det to personar akkurat denne natta. Om eg skal argumentere for studentsamskipnaden så ville nok eg ha fokusert meir på at formålet med studentbustadane er å gi eit billeg bustadalternativ for studentar, og at ein såleis har så lite ekstra plass at ein ikkje kan ha besøk, og at eventuelt besøk kan være ei unødvendig belastning for andre studentar å måtte forhalde seg til. For realistisk sett så er det nok ikkje så lett for ein student å skulle nekte ein anna student å ha ein på besøk. Eit anna moment som er særskilt for Svalbard sin del er ein spesiell bustadsituasjon der nesten alle bustadane er eigd av arbeidsgjevarar eller staten. For å bu på Svalbard utanom hotella så må ein ha jobb for å kunne få tilbod om å leige bustad av arbeidsgjevaren sin, eller som i dette tilfellet være student for å få tilgang til bustad frå studentsamskipnaden. Eg frostå rdet at det kan være ryddig for studentsamskipnaden å ikkje være med å legge til rette for at personar som ikkje har anna bustad på Svalbard likevel kan opphalde seg der under påskotet med å være gjest. Men samtidig så kunne det mykje lettare blitt regulert med ei tidsbegrensing i staden for forbod. Så kan det være at Svalbard er eit spesielt populært reisemål for mange å besøke om dei har moglegheita til å bære overnattingsgjest og få gratis overnatting med nokon dei kjenner. For då kan det sikkert til tider bli svært mange overnattingsgjestar i enkelte periodar, men igjen så burde slike problem kunne løysast på ein anna måte. Det som kanskje er største utfordringa med å krangle med Studentsamskipnaden er at dei har særdeles stor makt. Om dei finn ein grunn til å nekte deg vidare hybelleige så betyr det at ein i praksis mister studieplassen. For det finnes omtrent ikkje eit privatmarked bustadmarked ein kan leige på, er ein student så er ein heilt avhengig av studentsamskipnaden.
- 22 svar
-
- 1
-
-
Vennskap og menneskerettighet? Fjotolf Brevik. rettssak.
The Avatar svarte på plankeby sitt emne i Juss
Det er nok eit grunnlag for hevde menneskerettsbrot når han etter alle praktiske formål er avskjært frå å knytte sosiale relasjonar med andre enn personar som står på statleg lønningsliste. Men samtidig så er ikkje menneskerettigheitane så konkrete at hans situasjon som drapsdømt etter rettferdig og offentleg rettssak heilt klart viser at det er eit menneskerettigheitsbrot. I tillegg så er det ganske mange unntak frå menneskerettigheitene der det er nødvendig av omsyn til samfunnet forøvrig. Det dette eigentleg handlar om er kva form for risiko som det er akseptabelt at Staten tek. Breivik utgjer ein risiko, så vidt eg kan huske så var han vel til og med så idiot at han skreiv i manifestet sitt at det å hevde seg rehabilitert og angrande kunne være ein taktikk for å sleppe straff. Så då er jo han i den situasjonen at ingen kan vite om han faktisk har endra seg og kan blir ein lovlydig borgar eller om han berre venter på å få sjansen til å fortsette på same måten. Staten er no eigentleg anklaga for å psykisk terrorisere terroristen ved å ha strenge sikkerheitskrav. Samtidig så er det sikkerheitsmessig svært vanskeleg å endre på noko. For ikkje berre er Breivik i seg sjølv farleg, både fordi han er ein drapsmann som kan finne på å drepe på nytt, men også fordi han sjølv har opphøyd seg sjølv som ein slags profet som gjennom nettopp denne mennesklege kontakta han gjerne vil knytte utgjer ein fare for å inspirere og radikalisere likesinna. Men i tillegg til at han er ein farleg mann, så er han også ein mann som er i stor fare. Det er mange andre kriminelle (og lovlydige for den slags skuld) som kunne tenke seg å drepe han, så om han får omgås andre fangar i fengselet så er det ein reell fare for at det blir intern konkurranse om kven som klarer å kverke han fyrst og som kan få den æren. Og i tillegg til at det finnes saklege argumentasjon for å ha slike soningsforhold både for hans eiga sikkerheit og samfunnets sikkerheit, så er det i tillegg eit moment av at ein ikkje ynskjer å gi Breivik gode soningsforhold. Det kan derfor være vanskeleg å skille mellom soningstiltaka som er innført på reint nødvendig sikkerheitsgrunnlag, og soningstiltaka som er innført fordi ein ikkje ynskjer at Breivik skal få gode soningsforhold. Tross alt så har Breivik gode soningsforhold objektivt sett. Han er i dag i praksis åleine på ei avdeling over to etasjar, han har TV, PlayStation, treningsrom, kjøkken, og vel eigentleg det meste han kan ønske av underhaldningstilbod. Det einaste han manglar er denne sosiale omgangen, og den vil han sjølvsagt ha i tillegg til alle dei fordelane han i dag har utover det som vanlege fangar får tilgang på.- 18 svar
-
- 1
-
-
Kan jeg nekte å ta en vakt? Eventuelt si ja, men med høyere lønn?
The Avatar svarte på ltdata sitt emne i Jobb og karriere
Om det ikkje er avtalt noko anna i arbeidsavtale eller tariffavtale så er det reglane etter arbeidsmiljølova som gjeld. Arbeidstida skal i utgangspunktet være avtalt. Det følgjer av arbeidsmiljølova § 14-6 om minstekrav til arbeidsavtaler. I arbeidsavtalen skal det mellom anna være definert kva som er dagleg og ukentleg arbeidstid, og at dersom det er snakk om periodevis arbeid så skal arbeidsavtalen gi godt nok grunnlag for å berekne når arbeidet skal utførast. Om din arbeidsavtale ikkje oppfyller minstekrava så støttar ein seg til det som ein har praktisert som vanleg arbeidstid (fordi dette er beviseleg ei ordning som begge partar har stilletiande akseptert som greitt). Arbeid utover avtalt arbeidstid vil då måtte være basert på einigheit mellom partane. Så har arbeidsmiljølova nokre unntak. Du kan påleggast å møte på jobb dersom det er nødvendig for å avverge for for eller skade på liv eller eigedom, mot at ein minimum får kompanserande kviletid. Det at dette i det heile tatt blir eit spørsmål viser vel eigentleg at arbeidsavtalen er for dårleg eller at den blir ulikt oppfatta. Eg tenker at når du blir oppringt den same morgonen og bedt om å møte på jobb for å dekke sjukefråfall så må dette handterast på ein av følgjande måter: Det må være basert på at du som tilsett seier deg villig til å møte på jobb på kort varsel. For deg med deltidsstilling så må det då avklarast om den arbeidsdagen skal tellast som ein av dine tre vanlege arbeidsdagar, eller om den kjem i tillegg som ein fjerde arbeidsdag, samt eventuelt andre forhold som må avklarast på førehand. Du vil i utgangspunktet ikkje ha rett til overtidsbetalt (då må arbeidstida være meir enn 9 timar på ein dag eller 40 timar den veka. Tariffavtaler har ofte anna grense for overtid på 37,5 timar per veke). Det er ingenting i vegen for at ein kan forhandle der og då om å få dobbelt betalt, eller anna overtidsbetaling. Dersom du skal kunne påleggast å møte på jobb så må det være fare for liv og eigedom, at det kostar pengar at du ikkje kjem på jobb er ikkje eit godt nok grunnlag. Alle forespørslar kan du sjølvsagt takke nei til. Hadde du vært avtaleforplikta til å stille opp på kort varsel så hadde du ikkje fått spørsmål om du kunne jobbe, då hadde du fått beskjed om å møte.- 12 svar
-
- 1
-
-
Slik som eg forstår spørsmålet så er du mest ute etter gode råd, men sidan det også er ein del underspørsmål så skal eg gå litt systematisk gjennom. Fyrst det praktiske. Punkt 1 er å snakke med din potensielle arbeidsgivar for å finne eit tidspunkt for intervju som passar dykk begge. Intervjua vil vanlegvis foregå på dagtid sidan den som tilsetter har dagarbeidstid, men ved å legge intervjuet til starten eller slutten av dagen blir det ofte litt enklare å få til. Det kan til og med hende at ein er villig til å ha ein litt lengre arbeidsdag for å gjennomføre intervjuet med deg. PS. Husk at ved å forklare at du jobbar nattevakter og har behov for eit meir passande tidspunkt så demonstrerer du også at du er ein pliktoppfyllande arbeidstakar. Du må ikkje finne på å la den potensielle arbeidsgivaren tru at du er villig til å skulke jobb for å gjere private ting. Dette svaret gjeld også i forhold til løysing av caser, legg du fram kva tid du har tilgjengeleg for å jobbe med caset så brukar det å være ganske kurrant å avtalt ein fornuftig tidsfrist som passar din arbeidsplan. Punkt 2 er å snakke med dagens arbeidsgivar dersom du må ha fri. Det er ikkje rett at du sjukemelder deg eller brukar eigenmelding, slik misbruk vil i beste fall føre til at du mister retten til å bruke eienmeldingar og i verste fall kan det være grunnlag for både lønnstrekk og oppseiing. Skal du gjere dette etter boka så må du avtale med arbeidsgivar at du får bruke ferie eller avspassering for å få fri. Om det ikkje passar at du får ta ut ferie så er neste steg å søke permisjon. Å få lønna permisjon kan du ikkje rekne med å få, men du kan søke om ulønna permisjon. Har du tariffavtale så vil retten til slik permisjon ofte følge av tariffavtalen, alternativt utifrå lokal personalhandbok. Har du ikkje nokon slike avtalar om permisjon så må du nesten berre forsøke å søke permisjon likevel, og grunngje dette med arbeidsgivar plikt etter arbeidsmiljølova å ivareta dei tilsette sin fysiske og psykiske helse, samt vurdere velferdsbehov. Normalt sett må bedrifta sine behov være ganske sterke for å kunne nekte deg ulønna permisjon. I dette tilfellet er nok arbeidsgivaren din alt på litt tynn is alt sidan denne nattejobben openbart påverkar helsa di negativt. Blir det veldig vanskeleg å finne eit tidspunkt for intervju så er det sjølvsagt alltids eit alternativ å finne alternative måtar å gjennomføre intervjuet på. I fyrste omgang kan det være snakk om å ta intervjuet på telefon/video, fordelen med dette er at også du får danne deg eit fyrsteinntrykk for å vurdere om du er villig til å eventuelt bruke ferien din på å prøve å få denne nye jobben. Men det er heller ikkje heilt utenkeleg at intervjuaren kan kome til deg, eller at dykk kan møtast på halvvegen. Eit jobbintervju treng ikkje å foregå på eit møterom, det kan også ein prat på ein café. Så litt råd vidare på vegen. Som @Gaea skriv så kan søvnproblem være sjukemeldingsgrunnlag, særleg når det er sannsynleg at dette kan relaterast til jobben din som nattevakt. Du er heller ikkje eit godt teikn at det kan gå meir enn eit døgn utan søvn, og at du treng å bruke sovemedisin for å klare å sove når det passar deg best. Hadde eg vært deg så ville eg absolutt ha vurdert å seie opp nattevaktsjobben du har, ingen jobb er verdt å øydelegge helsa di for. Og dersom det er så ille som du seier så kan det å prøve å holde ut i denne jobben nokre månadar til være det som skal til for at du ender opp som heilt arbeidsufør. Det er alltid litt skummelt å seie opp jobben utan å ha ny jobb å gå til, men i forhold til dagpengar frå NAV så kan du få hjelp av legen din til å dokumentere at oppseiinga er helserelatert og dermed ikkje sjølvforskuldt slik at du skal ha karantenetid på dagpengane frå NAV. Eit anna alternativ som kan hjelpe deg fram til du finn deg ein jobb på dagtid som passar deg betre er å kreve å gå ned i stillingsprosent slik at du ikkje jobbar like mykje nattarbeid. Etter arbeidsmiljølova så kan du kreve dette når det er f.eks. helsemessige grunnar for det, og der dette kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for drifta. Kravet for vesentleg ulempe ligg ganske høgt, og litt avhengig av kor stor del av stillinga du vil seie frå deg så brukar det ikkje å være spesielt vanskeleg å tilby ei deltidsstilling som nattevakt til nokon andre.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Eg er heilt einig, samtidig så gir ei slik tilnærming andre utfordringar. Enkelte naturinngrep gir folk flest betre tilgang til naturen, men ein må finne ein måte å regulere det på. Ein fordel med utbygging av vindkfraft er at ein får ein anleggsveg som gjer at fleire kan kome seg opp på fjellet. Eg forstår at det er øydeleggande for dei som for eiga maskin vil slite seg opp på fjellet for å sjå urørt natur, men det bør være mogleg å tilrettelegge ulike fjellområder til ulike formål.
-
Elbiler er med å overbelaste strømnettet, vintertid.
The Avatar svarte på plankeby sitt emne i Politikk og samfunn
Strengt tatt kan det også være heilt motsatt av det trådstarter hevder. Kanskje er det elbilane som blir løysinga til å kompansere for eit dårleg straumnett? https://www.elbil24.no/nyheter/dette-ble-redningen-for-atle-genialt/80773246 Elbilar kan også fungere som ein buffer for å hjelpe å flate ut straumtoppane ved at bilen lader når det er lite straumbruk og at ein etterpå brukar av elbilbatteriet i staden for å bidra til å lage store straumtoppar. I dag er dette mest ein "kjekt å ha" funksjon på ein del elbilar, men ein kan også tenke seg i framtida at fleire legg opp straumnettet sitt for å kunne utnytte slike muligheiter. For Atle i artikkelen så måtte han ty til ei skøytelednign for å straum til vasspumpa i brønnen, men hadde han planlagt dette betre så kunne han plugga elbilen direkte til hytta og via sikringsskapet styrt fordelinga slik at berre det viktigaste fekk straumforsyning frå elbilen.- 166 svar
-
- strøm
- overbelastning
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Søksmål mot firma for leietakers skade på leilighet (firmagaranti)
The Avatar svarte på FuzzyLogic sitt emne i Juss
Det er nok absolutt ein fordel for deg å ta kontakt med firmaet fyrst. Kven veit, kanskje tek firmaet ansvar og sørger for å utbedre mangelen før utflytting? Deretter er vel saksgangen at du retter eit krav til bedrifta som har stilt garanti. Dette beløpet må du nødvendigvis spesifisere, så sjølv om du ikkje treng å ha utført jobben på eiga rekning så må du ha innhenta fornuftige kostnadsanslag. Om dine krav er større enn det depositumsgarantien dekker så kan du sjølvsagt rette resten av kravet mot leigetakaren direkte. Då må du nok rekne med å måtte ta rettslege steg slik at du får ei utleggsforretning, som du då kan bruke vidare til å kreve inn pengane om det er pengar å hente. Det sagt så er likevel det viktigaste for din del å få klarheit i kva det er som har skjedd her slik at du veit heilt sikkert at dette er avtalebrot frå leigetakaren, og at dette er kostnadar som du kan kreve å dekt gjennom depositumet. Det virker litt merkeleg at leigetakaren nekter for å ha røyka inne når det er røyklukt i leilegheita, men det kan være at røyklukta kjem frå ei naboleilegheit og at røyklukta siv gjennom utettheiter i veggane. I så tilfelle så er det eigaren av naboleilegheita som er den du må gå etter. -
Det viktigaste er at nødstarter/startkablar har overspenningsvern. Mitt inntrykk er at dagens nødstartere er utstyrt med overspenningsvern, så det meste av det du finn i butikkane er heilt kurrant å bruke. Forskjellen ligg då mest i kvaliteten og ikkje minst batteristørrelsen. Kva slags nødstarter du treng er litt avhengig av ditt behov. Om tanken er å ha ein nødstartar tilgjengeleg no når det er kaldt så ville eg vurdert ein med relativt lite batteri slik at vekta er lav nok til at du lett kan ta den med deg inn i varmen.
-
Elbiler er med å overbelaste strømnettet, vintertid.
The Avatar svarte på plankeby sitt emne i Politikk og samfunn
Dette har med unntaka å gjere. Krava som gjeld står i TEK17 § 14-4. Det er ikkje lenger lov å montere varmeinstallasjon for fossilt brensel, i denne samanheng er dette fyringsolje og propan. Det er lov med bio-olje, bio-gass, samt ved. Alle småhus skal ha skorstein, men det er gitt unntak dersom bueininga har vannbåren varme eller dersom energibehovet er innafor kravet som gjeld for passivhus. I praksis betyr dette at mange nye hus blir bygd utan skorstein fordi det er ofte billegare å legge vannbåren varme i stova (bad, soverom, og liknande rom kan varmast opp elektrisk), eller fordi ein uansett bygger med mål om å oppnå krava til passivhus (og skulle ein ikkje få til å oppnå kravet så det alt for lett å jukse seg til ein godkjent passivhuskarakter). Dette gjer at svært mange bustadar i dag er 100% avhengige av elektrisk oppvarming. Sjølv om vannbåren golvvarme kan fungere ei stund ettersom vatnet i varmtvannsberederen held temperaturen ei god stund sjølv om straumen har gått, men samtidig så vil ein ikkje kunne pumpe rundt varmevatnet ved straumbrudd så om straumen blir vekke lenge så får ein eit problem. Når det gjeld trådens eigentlege tema så er det største problemet med overbelasta nett at straumnettet er for dårleg vedlikeholdt og utbygd. Kva vi brukar straumen på er mindre viktig. Innføringa av straumtariff var eit nødgrep for å prøve å bruke straumprisen som incentiv til å heller få straumkundane til å jamne ut straumforbruket sitt i staden for å investere i eit straumnett som taklar moderne straumbruk. Elbilar er såleis det "nyaste" tilskotet som bidreg til store straumtoppar, men det er eit vel så stort "problem" med induksjonsovnar, kaffetraktere, og liknande elektriske installasjonar som dreg mykje effekt som alle slår på omtrent samtidig om morgonen før jobb og på ettermiddagen etter jobb. For elbilane sin del så er nok den foretrukne løysinga at ein investerer såpass i infrastruktur til at ein kan tilbydast saktelading omtrent overalt der ein parkerer. Det burde være unødvendig for ein elbileigar som ikkje køyrer veldig langt om gangen å bruke hurtigladar med stor effekt fordi ein ikkje får saktelade heime, på jobben, eller utanfor butikken. Dette er ikkje eit argument for at slik ladetilgang skal være gratis, tvert i mot så må ein rekne med å måtte betale for ladinga. Men det må etablerast enkle betalingsløysingar som ikkje krever at ein må laste ned nok ein ny app og opprette brukarprofil på denne appen. Betalingsløysinga bør openbart være å "tæppe" kortet eller kanskje til og med myntinnkast om vi skal gå skikkeleg "old school".- 166 svar
-
- strøm
- overbelastning
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Arv speler i alle fall liten rolle lengre. Med dagens levealder så kan ein ikkje rekne med å motta arv frå sine foreldre før ein sjølv er pensjonist (og forhåpentlegvis har klart å etablere seg med hus). Eg er likevel ikkje einig i premisset at unge har det verre i dag enn før oljen (60-talet). At den økonomiske situasjonen har endra seg er eg heilt einig i, men den generelle levestandarden var lågare på 60-talet. På 60-talet var det fortsatt mange som måtte forholde seg til sikringskost og passe på å få i seg nok mat. Dagens unge kjem seg kanskje ikkje inn på bustadmarknaden, men dei går i det minste ikkje rundt utan å få i seg nok mat. Den norske oljen og ikkje minst strategien med å opprette oljefondet har gitt ein enorme forbetring av norske levevilkår, men samtidig så har den gitt nokre utilsikta skeivheiter. Grunnen til at vi har høge bustadprisar er nok mellom anna at mange nordmenn fekk ein del meir i inntekt i løpet av 70 og 80 talet og fekk då kjøpe seg relativt billege bustadar (om dei hadde råd til å låne pengar med tosifra rentesats). Dette gjer at vi har fått ein generasjon som har fått særleg god utteliing for sine bustadinvesteringar.
- 81 svar
-
- 1
-
-
Rekner med at "gamle kvite menn" er den tabloide vinklinga av søksmålet og at hovedtyngda i søksmålet i realiteten er søksmål for usakleg oppseiing og aldersdiskriminering? Eg veit ikkje kor gode rettigheiter dei tilsette har i slike amerikanske teknologibedrifter, men det er ikkje utenkeleg at han kan ha eit sakleg grunnlag dersom han vart sparka på grunn av alderen. Det sagt så reknar eg med at Activision Blizzard sitt sterkaste forsvar er at det er nødvendig å også ha tilsette som kan henge med i både den teknologiske utviklinga, samt den generelle samfunnsutviklinga. Ein sikkert krangle mykje på om ein spelutviklar tener mest pengar på å blir "woke" for å applere til unge og mangfoldige gamere, eller om det er best å fortsette å produsere spel slik ein "alltid" har gjort.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Du får logge deg inn på vegvesenet.no og sjekke tilgjengelegheita. Dei tilsette på trafikkstasjonen har nok arbeidstid fram til kl 12 på julaftan, så i teorien kan det være at det også blir satt opp nokre få oppkøyringstimar den dagen. Realistisk sett så vil eg likevel tru at dei tilsette som kan tek avspassering denne halve arbeidsdagen eller at det ikkje blir opna for timebestilling.
-
Bevisbyrden vil være høgare for å kunne ilegge dom for voldsbruk i idrettssamanheng enn elles. Dette fordi det alltid blir spørsmål om i kva grad offeret sjølv har samtykka ved å fyrst delta i sporten, og deretter eventuelt bidratt til slossinga. Eit anna moment er det ofte har lite for seg med strafferettsleg oppfølging når den sportslege straffa som typisk er utestenging og interne "bøter" som skal betalast til klubben for brot på interne instruksar. Særleg når det er høgt oppe i divensjonen så vil sjølv eit par kampars karantene ofte bety ganske store økonomiske tap for den som blir disiplinert.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Ungdom tyr til AI-terapeuter
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Eg synes det er sterkt kritikkverdig at chatbotten utgir seg for å være pyskolog, sjølv om Character.ai påstår at dei gjer det klart at det berre er oppspinn så er nok forvekslingsfaren urovekkande stor. Det sagt så handlar mykje av psykoterapien om å sette ord på og uttrykke det ein kjenner på, så om denne chatbotten ikkje setter diagnoser eller foreslår behandling så har nok tenesten ein verdi. Det er sikkert ikkje alltid det er nødvendig å betale ein autorisert psykolog 1000 kroner timen for å sitte å nikke medan klienten prater, så ein chat teneste der ein alltid får støttande og oppløftande svar kan nok være nyttig om den blir brukt på ein god måte.