
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 813 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det må du nesten spørre om. Tviler på at eit stort bemanninsbyrå har så lettvinte rutiner at du blir informert om at du får jobben ved å få ein "godkjent" status og ikkje via eit brev eller ein telefonsamtale. Om eg skal gjette så har du fått merkelappen "godkjent" fordi nokon har vært inne å sjekka CVen din opp mot stillingskrava til stillinga du har søk og funnet ut at du er kvalifisert. Med andre ord så trur eg dette betyr at du er grovsortert som ein av kandidatane som det blir jobba vidare med.
- 1 svar
-
- 1
-
-
It depends. Especially on whether you are an employee or a freelance. As a freelance you will not have a guaranteed income, so that might be problematic if you are living on a tight schedule. It will be possible to live of this kind of work, but it really depends on how and when you work. As a primary job you will probably be better off in a more traditional job where you get a steady pay every month instead of having a income that depends on both how you work and if there is work to be found. How much you can earn will depend a lot. According to Foodora their carriers earns at average 218 kr/h, plus tips. Do note that a lot of carriers only works a few hours when during the busiest times, so that will increase the average. If you are planing on working 8-10 hours a day then you will also need to work at times where there is not much to do, so that will lower your average hourly pay. Personally I would advice you to find a job where you get a fixed hourly pay, and instead work part time as a food carrier when you can. It might be hard to make a good living with such a job. But if you work both hard and smart you could potentially earn quite well if you get the best trips with the customers that tips you well.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Vanskeleg å følge kva sak som er kva, men om du kan betale ned det kravet som går til lønnstrekk med sparepengar så bør du gjere det. Det er mykje betre å ha frivillige betalingsavtalar enn å måtte tvingast av Namsmannen. Kva lån du skal betale ned fyrst blir eit spørsmål om å rekne på rentekostnader. Du bør sjølvsagt prioritere det dyraste lånet fyrst slik at du får meir pengar tilgjengeleg som du kan bruke på å fortare betale dei andre låna.
- 19 svar
-
- 1
-
-
- inkassogjeld
- inkassoloven
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Slik bruk mot utmark har fra 2010 vært eksplisitt ulovleg etter lov om dyrevelferd. Regelverket skiller ikkje mellom dei uike typane av piggtråd som finnes, det er nok at gjerdet er eigna til å gi dyr unødig påkjenning. Unødig påkjenning er noko heilt anna enn til dømes smerte og lidingar, så strengt tatt skal ikkje mykje til for at gjerdet kan utgjere ei slik påkjenning for ville dyr. Og etter grannegjerdelova så er gjerder som er farlege for folk eller husdyr ulovleg. Så i ein hage mellom innmarka til to naboar så kan ein bruke piggtråd sålenge det ikkje er farleg, men mot utmark der det kan være andre dyr så er det ulovleg også om gjerdet utgjer ei unødig påkjenning. Så vanlege piggtrådgjerder som ikkje er spesielt spisse kan nok være akseptabelt mellom to naboar fordi eit slikt piggtrådgjerde ikkje er å rekne som farleg, men opp mot lovens ordlyd så trur eg nok at det er litt risikabelt reint juridisk.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Woke i moderne underholdningsindustri
The Avatar svarte på Reg2000 sitt emne i TV-serier og -programmer
Ja blir sikkert hylekor uansett. Men i akkurat denne samanhengen så er det jo snakk om ei filmatisering av ein musikal som er basert på L. Frank Baum sitt arbeid, så at visjonen har endra seg frå originalen er ikkje så overraskande. Eg ser i alle fall tre ulike retningar kritikken kan gå, så uansett kva filmskaparane hadde gått for så ville ein nok fått kritikk frå hylekoret. 1. Det kan bli kritikk på kvifor det er den mørke skodespelaren som må ikle seg grønn maling, men kritikken om det var motsatt hadde nok vært enda større om det var Adriana Grande som var iført og "greenface" og den mørke skodespelaren som fekk ha eigen hudfarge. 2. Det kan bli kritikk på at Adriana Grande er for etnisk latina, spansk, italiensk(?) til å være "whiteface" med blondt hår. 3. Og kritikken kan sjølvsagt gå i retning av at begge hovudrollene burde vært spelt av enten to kvite eller to mørke skodesplarar alt etter på kva side av ytterkantane kritikken kjem frå. -
Om ein fyrst skal gå for denne løysinga så foreslår eg at sjølve ringeklokka blir plassert hos naboen, og at trådstarter setter opp eit skilt som informerer om nettopp dette. Då blir det sikkert meiningslaust å snike i trådstarters hage ettersom naboen som blir spionert på kjem til å dra for gardinene. Lyden av ringeklokka er det ikkje sikkert denne dama synes er meir plagsomt enn å få tilsnakk av trådstarter, men om naboen blir varsla ved aktivitet i hagen så forsvinner heile hensikta med å spionere. Akkurat det å sette opp ei ringeklokke (eller lys) på sensor er ganske uskuldige tiltak, men sidan vi er på juss-forumet så vil eg oppmode til at ein er forsiktig med å legge ut noko som liknar på feller. Det vil fort kunne være straffbart med slike tiltak sjølv om det er på privat grunn. Etter grannegjerdelova er det mellom anna forbod mot gjerde som kan være farleg for menneske eller dyr. Sånn sett er eg litt overraska over at politiet har anbefalt bruk av piggrådgjerde sjølv om det "off the record". Sjølv om mange av dei lokale forskriftene med forbor mot bruk av piggtråd vart oppheva etter det vart innført eit generelt forbod om å bruke piggtråd for å regulere ferdselen til dyr, så gir det også ein peikepinn at det i mange forskrifter var forbod mot piggtråd også på grannegjerder med mindre gjerdet var ca 2 meter høgt. Kor høgt piggtråden er montert vil nok være eit viktig moment når ein skal vurdere om gjerdet er farleg for folk og dermed ulovleg eller ikkje. Generelt sett så er det nok slik at det ikkje skal være mogleg for mennesker å skade seg på piggtråden med mindre ein forsøker å klatre over gjerdet. Og skal ein fyrst gjerde inn heile hagen med eit gjerde som er vanskeleg å klatre over så finnes det også mange andre fullgode alternativ til piggtråd som ein kan bruke.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Besøksforbod er eit alternativ, men det er ikkje ei rask løysing sidan det då må reisast sak for å få dom på at det skal nedleggast besøksforbod. Her er det også snakk om fleire personar i tillegg til ho dama som er mest i hagen, mellom anna veninner av denne dama og tilsette i barnevernet, så det hjelp ikkje så mykje å berre nedlegge besøksforbod mot denne dama dersom veninnene tek over "jobben" med å luske i hagen. Det er heller ikkje så mykje hjelp i eit besøksforbod om politiet uansett ikkje priorterer dette. Ja ho risikerer meir straff om ho blir tatt, men når ho ikkje blir tatt for å bryte besøksforbodet så er det ikkje så mykje som skjer reint praktisk. Dette er ei form for ordensforstyrringar som på mange måtar minner om nabokranglar om feststøy. Det er ikkje lov med unødig støy om natta, men i dei aller aller fleste tilfelle så vil ikkje politiet prioritere å gjere noko før ein har anmeldt det så mange gangar.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Dette er vel ei heilt anna problemstilling? Om ein arbeidstakar har god arbeidsmoral eller om arbeidsgivaren er ein god sjef har vel lite med utdanninga å gjere? Denne utfordringa blir ikkje mindre av å tørre å tilsette ein lærararutdanna som UX designer, snarare tvert i mot ettersom denne læraren både kan potensielt mangle den nødvendige arbeidsmoralen og i tillegg mangle den formelle utdanninga slik at det ikkje ein gong er sikkert at personen kan UX design godt nok til å gjere ein god jobb. At det gis for lite sjanser er eit resultat av veldig sterkt stillingsvern. Å ta sjanser i ei tilsetting kan bli svært dyrt, tilsetter ein feil person så må ein ta høgde for at denne personen blir ståande på lønningslista fram til pensjonsalder. Lista for at ein lovleg kan seie opp ein arbeidstakar er svært høg, og ofte vil ei oppseiing måtte begrunnast enten i kritikkverdige forhold rundt arbeidstakaren som at ein ikkje møter på jobb og likande. Eller så må ein begrunne ei oppseiing i økonomiske forhold og samtidig legge fram bevis for at alle andre sparetiltak har blitt forsøkt. Fordelen med dette systemet er at arbeidstakarane har eit godt stillingsvern, så ein slepp å være bekymra for å få sparken om sjefen har ein dårleg dag. Personleg så ville ikkje eg ha ofra stillingsvernet til fordel for at arbeidsgivarar skal kunne ta meir sjanser ved tilsettingar. Då vil eg mykje heller ha ein trygg jobb og ein forutsigbar veg til å få denne jobben. For det er jo også bra surt å ha tatt utdanning innan kommunikasjon eller som UX designer berre for å bli utkonkurrert at ein sjukepleiar som vil prøve noko nytt og som får ein sjanse framfor deg som har tatt utdanning i faget.
-
Det kan også ha med at du får "svai" i skjermen om den står på skrått opp mot ein vegg eller ligg flatt utan støtte midt på. Men er TVen i originalembalasjen så toler den mykje når den ligg i formstøpt isopor.
- 9 svar
-
- 2
-
-
Har ikkje lest vedtektene til AP, men det er vel veldig rart om mistillit berre kan foreslås når kandidaten er på valg? Mistillit betyr i dei fleste tilfeller at vedkommamde ikkje lenger har tillit sjølv om ein har igjen tid på valgperioden. Hadde leiaren vært på valg så hadde det ikkje vært nødvendig med mistillit, då hadde det vært nok å stilt som motkandidat slik at fleirtalet får bestemme kven dei har tillit til.
- 104 svar
-
- 4
-
-
Ja ta kontakt med kontaktpersonen fyrst. Reint formelt sett så må du nok søke på begge stillingane om du er interessert i begge to, særleg dersom arbeidsgivar nyttar eit rekrutteringssystem så er det litt viktig at du har lagt inn søknad begge stadar. Det kan likevel være lurt å avklare med den som tilsetter fyrst, då det kan være andre måtar å gjere dette på. Til dømes at det fyrst blir tilsett i eine stillinga og at du også får være med i prioriteringa på neste stilling om du ikkje fekk den fyrste jobben. For den som tilsetter kan det også være greit å vite at du kunne tenke deg begge stillingane ettersom det kan gjere at den som tilsetter gjer andre vurderingar.
-
Det beste rådet er nok å fortsette å kontakte politiet. Dette er ulovleg, men desverre ikkje av ei alvorlegheitsgrad som gjer at du kan rekne med at politiet grip inn. Det er derfor nødvendigvis å synleggjere talet på slike hendingar. Utanom å sette opp høge gjerder og liknande så skal du være forsiktig med kva tiltak du innfører. Både hund, piggtråd og liknande som lett kan føre til personskade kan fort falle tilbake på at det er du som er den som står for dei mest alvorlege lovbrota. Reint praktisk så er kanskje den beste løysinga og snakke med naboen og prøve å finne tiltak som hindrer innsyn. Om det er plagsomt for deg som tredjepart så er det nok langt meir plagsomt for naboen som er den det blir spionert på. Eg vil tru at naboen din også kan være villig til å betale for eventuelle tiltak, enten det er snakk om eit tett gjerdesom hindrer innsyn eller det å dekke straumrekninga for å flombelyse området mellom husa.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Lønn kjem ann på mange faktorar, at ein ikkje klarer å få til skikkelege lønnsforhandlingar handlar om at ein enten ikkje har noko å forhandle om, eller at du har ein arbeidsgivar som ikkje vil høyre dine argument og som derfor ikkje vil møte deg i forhandlingar. Ellers så er er det jo ein viss samanheng mellom det å være god til å framstille seg sjølv i eit godt lys ovanfor sjefen, og det å klare å framstille seg sjølv i eit godt lys ovanfor kundane. Noko forskjell vil det sjølvsagt være innafor ulike yrkesgrupper, men ein arbeidstakar som er godt likt av både sjefen og kundane vil typisk også være meir innbringande. Og om den som er god til å framsnakke seg sjølv ikkje nødvendigvis tener meir pengar for bedrifta i direkte inntekter så vil ein fort kunne argumentere med at vedkommande bidreg positivt ved å gjere arbeidsmiljøet så godt at det motiverer dei andre arbeidstakarane til å gjere ein god jobb. Min påstand er at lønn aldri kan være både enkelt og rettferdig, det må være ein av delane (eller ein blanding). Det som er enkelt er å lønne alle likt uavhengig av om dei yter 20 eller 200% på jobb. Men det blir ikkje rettferdig ettersom den arbeidstakaren som gir alt for jobben bør jo ha igjen ein fordel for det , for det er i alle fall ikkje rettferdig at den som knapt nok møter opp på jobb skal ha same lønna som den som faktisk gjer jobben sin. Kva som er rettferdig er særdeles vanskeleg og komplisert ettersom det ofte er summen av mange ting som avgjer kva arbeidstakar som er mest effektiv, men samtidig så vil ein også ha eit lønnssystem som gjer at ein kan utnytte arbeidskrafta lengst mogleg og ikkje berre ei kort tid.
-
Vanlig sjukepleiar er på bachelorgrad, ddretter kan ein ta to år vidareutdanning og bli f. eks. anestisjukepleiar eller jordmor. Eg kjenner ikkje til kva nettbaserte alternativ som finnes, men det er såpass mykje praksistid at du kan uansett ikkje ha berre nettbasert opplæring. Det du bør sjå nærmare på er deltidsstudier som fleire høgskular tilbyr. Utdanning i utlandet kan være eit alternativ, men du bør halde deg innafor EU/EØS for å ikkje gjere det for vanskeleg å få autorisasjon.
-
Påstand: Kvinner har aldri blitt diskriminert eller undertrykt
The Avatar svarte på qwerty11 sitt emne i Oppslagstavlen
Sannheita i denne påstanden kjem veldig ann på kvar ein plasserer målstengene for kva ein definerer som undertrykt. For ein kan sjølvsagt fortsette denne tankerekka og påstå at barn er undertykte, for dei har ikkje stemmerett i det heile tatt og har aldri blitt vurdert til å få det heller. For ja, ein del ting må ein sjå i kontekst av samfunnsroller generelt. Men påstå at kvinner ikkje har blitt undertrykt er regelrett feil. Der har aldri vært slik at kvinner har sagt at mennene kan få bestemme alt for det er så upraktisk å bestemme ting når ein går gravid. Ein kan nok til og med påstå at kvinners undertrykking har variert gjennom tidene. I vikingtida var det ikkje uvanleg med kvinner i maktposisjon. At kvinner ikkje skulle ha makt kom vel strengt tatt samtidig som kristendommen og har ikkje blitt oppmjuka før i moderne tid. -
Om avtalevilkåra er rimelege eller urimelege blir ein konkret vurdering, i dette tilfellet så er det nok særleg spørsmålet om avtalevilkåra er balanserte som blir viktig. Det står i avtalen at det er 5 års bindingstid for begge partar, forpliktar det tilbydaren av kaffemaskin i omtrent like stor grad som det forpliktar deg som kunde? Eit aktuelt moment å sjå på då er til dømes om prisen også er låst i same periode. Om også utleigaren av kaffemaskina har bundet seg til å levere tenesten til ein fast pris i minst 5 år så er avtalen meir balansert enn om det berre er du som kunde som har forplikta deg til å betale den same summen gjennom minst 5 år. Andre relevante ting å vurdere er om du som kunde har fått noko av tilsvarande verdi for å binde deg i 5 år, då særleg med tanke på kva du må betale med ei 5 års kontrakt kontra om du berre hadde bunde det for eit år om gongen. Det som det til slutt kokar ned til er om avtalen vil halde seg oppe dersom det blir tatt opp søksmål. Om du leverer tilbake kaffemaskina og slutter å betale så er det utleigaren som må reise sak mot deg for avtalebrot, og som igjen må få medhald frå retten om at avtalen er rimeleg slik at du kan tvingast til å betale eller om du klarer å vinne fram med at avtalen er så urimeleg at den ikkje kan være gyldig.
-
Kritikken eg har mot part II er at det gjekk litt treigt når spelet hadde nesten dobbel speletid i forhold til fyrste spelet, og at historia var såpass todelt at det gikk lang tid mellom kvar gong du fekk styre karanterane. For mind del kunne spelet godt vært delt opp i to spel. Når det blir så lang speletid og ventetid fram til du får spele som den karakteren du bryr deg mest om så er det også mykje lettare å falle fra. Part I opplevdes som en ein spelefilm med litt gameplay i mellom. Part II opplevdes meir som ein langvarig såpeserie med gameplay. Det tok også for lang tid å bli skikkelig investert i historia, så innen den tid så mistenker eg at mange spelarar falt av.
-
Kva du bør gjere kjem veldig ann på. At lønna er ulik kjem ofte av ulik tilgang på arbeidskraft der arbeidsgiver må betale meir for å nytilsette. Korleis du skal gå fram kjem ann på kva som er din situasjon. Kan du søke og få andre jobbtilbod? Står du i posisjon til å true med å seie opp om du ikkje får meir lønn? Osv. Generelt sett så vil arbeidsgivar ofte gamble på at du totalt sett er fornøgd nok til at du kjem til å fortsette i jobben sjølv om du får mindre betalt. Du kan sjølvsagt kreve meir lønn men det er ikkje gitt at arbeidsgiver vil gi etter for kravet ditt, og då spørs det om du villig til å bytte jobb eller ikkje. Eg vil også legge til at det er aktuelt å tenke på kva dette betyr for framtidige lønsforhandlingar. Her får du gode argument for kvifor din lønn skal auke meir enn den nye tilsette ettersom dykk har lik bakgrunn og at du i tillegg har god kompetanse på arbeidsplassen. Det er ikkje heilt utenkeleg at den nytilsette har fått høgt lønnstilbod for å takke ja til jobben, men at vedkommande over tid vil ha ei lågare lønnsutvikling enn deg fram til dykk begge ligg på same lønnsnivå.
-
Som linken til Gavekort seier så vil noko endring ligge innafor arbeidsgivars styringsrett, men samtidig har rettspraksis gått på at endra oppmøtestad til meir enn 30 km unna ligg utanfor det som arbeidsgivar kan regulere gjennom styringsretten. Merk her at konsekvensen av at arbeidsgivar ikkje kan bruke styringsretten blir fort oppseiing ettersom det ikkje lenger er ein jobb å tilby deg på den opprinnelege lokasjonen. Du bør derfor gjere deg opp ei meining om kva du ynskjer å oppnå. Som til dømes om du ønskjer å bli oppsagt, om du vil forhandle om ein kompensasjon, eller om du vil kjempe mot flyttinga.
- 3 svar
-
- 2
-
-
Det blir sjølvsagt eit spørsmål om kva ein legg i å vite. Det som i alle fall er klart er at det no er tilbakevist at det som JHA sa under rettssaka ikkje var sterkt nok bevis for at VK kunne dømmast. Det er sjølvsagt ikkje sikkert at det JHA sa var 100% oppspinn, men det er i dag vurdert til at det er rimeleg tvil om at det var sant, og at skuldspørsmålet mot VK ikkje kunne bevisast utover ein kvar rimeleg tvil. Det vi ikkje kan vite noko om er kva som JHA indre motivasjon for tone ned si eiga rolle i saka og implisere bestekompisen sin som hovedpersonen som nærmast tvang JHA til å utføre straffbare handlingar. Eg trur likevel heilt personleg at det vil være rart at han prøvde å legge skulda på sin bestevenn om han var motivert av sjelero og ikkje for å prøve å vri seg unna straff.
- 38 svar
-
- 1
-
-
Dette signalet går begge vegar. På den eine sida så får ein ikkje meir straff ved fleire offer dersom ein alt ved fyrste offeret kvalifiserer til makimal strafferamme, men på den andre sida så har gjerningsmannen ein fordel av å bidra til å oppklare saka og få litt strafferabatt. Det var vel dette som skjedde med JHA, han hadde nok fått 21 år hadde det ikkje vært fordi han fekk litt strafferabatt fordi han hjalp til med å få VK dømt og endte opp med å få dom på 19 år i staden for 21 år. For ein ungdom så utgjer disse to åra ganske mykje (sjølv om han nok hadde håpa på å få langt meir i strafferabatt), men dersom han hadde risikert 2 x 21 år så er det ikkje sikkert at han ville bidrat med å verken tilstå si eiga rolle i saka og vitna mot VK for berre nokre få år strafferabatt. For ein 19 åring å stå ovanfor 42 år i fengsel så utgjer det nok liten praktisk forskjell om han ville måtte sone i 40 eller 42 år, den vesentlege delen av livet ville han uansett måtte tilbringe i fengsel. Men det utgjorde nok ein del forskjell for JHA at han la korta på bordet og hadde gode utsikter for å kanskje sleppe ut medan han var i 30 åra og ikkje i 40 åra. Det som er spesielt i denne saka er at både innrømelsen og vitnesbyrdet mot VK var falsk, men normalt sett så ønsker vi eit rettssystem der den kriminelle har eigeninteresse av å bistå i å oppklare forbrytinga. Særleg med tanke på dei etterlatte som har eit behov for å få vite kva som eigentleg skjedde.
-
Det varierer frå land til land korleis ein forheld seg til statsborgarar som bur i utlandet og har plikter i heimlandet. Å ha dobbelt statsborgarskap betyr at du har både plikter og rettigheiter i to land. Det kan ha den praktiske konsekvensen at du får dobbelt opp av noko, eller det kan bety at du får motstridande interesser som du ikkje kan oppfylle. Enkelte land vil ikkje anerkjenne dobbelt statsborgarskap og bryr seg ingenting om forpliktelsar ein har til det andre landet, andre aksepterer at ein statsborgar som har utført militærteneste i eit land kan sleppe å også utføre militærteneste i det andre landet. Ein kan også sjølvsagt bli pålagt militærteneste i begge landa. Etter Europarådskonvensjonen så er det slik at det er landet du bur i som har fyrsteretten til å kunne ilegge deg plikter, men ettersom Israel ikkje er eit europeisk land så gjeld ikkje denne regelen for Isreal. Reint praktisk så har det landet du ikkje bur i avgrensa med muligheit til å tvinge deg så lenge du bur i Norge, men du vil kunne risikere at du ikkje kan reise til dette andre landet utan å bli tvinga til å enten utføre din pliktteneste eller straffa med fengsel. For mange vil også spørsmålet om militærteneste løyse seg ved at dersom ein har tenestegjort i eit land så vil ein ikkje få den sikkerheitsklareringa som ein treng for å også blir innrullert i forsvaret i det andre landet, dette gjeld særleg der dei to landa ikkje har veldig nært samarbeid. Slik som eg forstår det så er det relativt kurrant å søke den israelske ambasaden om fritak eller utsetting dersom du ikkje har særleg med tilknytting til Israel, som til dømes at du har statsborgarskapet ditt frå ein forelder som er israelsk sjølv om du sjølv aldri har vært i Israel. Andre land kan ha heilt andre reglar og ordningar.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Som bufferkonto er 1,2 mill alt for mykje i forhold til kva du realistisk sett treng som buffer, men det er klart at sparepengane dine må du enten ha på sparekonto, investere, eller bruke til noko. Fondsparing er eit godt og trygt alternativ dersom du velg eit fond med liten risiko, og du har tid og råd til la pengane stå i ro om det blir ein midlertidig nedgang. Største risikoen med fondsparing er dersom fondet både taper seg i verdi og du samtidig treng å ha tilgang til pengane dine slik at du må selge deg ut på eit ugunstig tidspunkt. Med mindre du har planar om å flytte mykje så er det ei stor tabbe av deg å ikkje investere i bustad. Det vil du så og seie alltid tene på. Å leige heile livet er ei mykje dyrare løysing. Fordelen med å leige er at det er ganske lettvindt ved at du slepp å tenke på vedlikehald og liknande, men du betalar også for det.
- 90 svar
-
- 1
-
-
Det du spør om her er er kvifor det berre er dei som har meir pengar enn dei må ha til livsopphald som har pengar å bruke på andre ting, som f.eks. sparing eller investering. Og det svaret gir vel seg sjølv? Jo meir pengar du har jo meir pengar har du å bruke på ting som ikkje er forbruk, som igjen gjerne gir deg meir pengar, som du igjen kan bruke på andre ting, osv. Dette er eigentleg heile fundamentet for vårt økonomiske system, dei som kan låne ut pengane sine tener stor sett på det ved at dei får avkastning. Enten ved at du setter pengane på sparekonto slik at banken kan låne ut pengane dine til andre og du får betalt for dette lånet gjennom litt renteinntekter, eller at du investerer i fond der pengane dine kan bidra til verdiskapning som du igjen får din del av avkastninga for (eller må ta din del av tapet for om det går dårleg). Det er dyrt å være fattig, og slik vil det vel alltid bli. Når du må leve omtrent dag for dag så har du ikkje pengar å investere i ting som kan spare deg for pengar seinare. Enten det er å ha pengar til å kunne fylle frysaren med frysevarer når det er tilbod på frosne fiskepinner, eller det er å cashe ut 20 000 kr for ei varmepumpe som gjer at du på sikt får lavare straumutgifter.
-
Det er sjølvsagt ei avvegning på kor mykje ekstraarbeid det er. For dei fleste pizza-sjappene som uansett må ha både telefon og internett så er det nok ikkje så stor forskjell på utgiftene ved å ta i mot ei bestilling per telefon eller over internett. Men skal eg dra den lengre så kan vi stille spørsmål for kvifor eg må betale eit pristillegg for å få pizzaen køyrt heim til meg? For meg som ikkje kan/vil hente min eigen pizza så er det jo mykje betre at alle dei andre kundane som ikkje krev å få pizzaen køyrt ut betalar nokre kroner ekstra. I daglegvarebutikkane er eigentleg spørsmålet omvendt, kvifor finner vi oss i å betale fullpris når vi som kunde gjer jobben sjølv? Svaret er vel at det i mange tilfeller er både raskare å enklare å slå inn varene sjølv enn det er å stå i kø for å få ein butikkmedarbeidar til å gjere jobben. Eg trur nok at dette kjem til endre seg, slik at vi i framtida får ulike prisar alt etter kva kasse ein velger, eller at vi får butikkar som spesialiserer seg i automatiserte butikkar med minimal betening slik at prisane i heile butikken kan være lavare. Eg synes at det er rett og rimeleg at kvar enkelt kunde betalar for den tenesten som blir levert. Om eg vil ha fakturaen skrevet med fyllepenn på parfymert brevark så er det både rett og rimeleg at dette er ei tilleggsteneste som eg betalar ekstra for. Det som er galt er når ein får papirfakturaen med faktureringsgebyr utan å ha fått eit reelt valg om å velge vekk papirfakturaen.