Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Ny familiebil (STV eller SUV) 300-500k

Zeph

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Har ikkje fått prøvekjørt noko endå, men Superb står nok øvst på lista så langt. Eg har kikka litt på testar av Skoda Kodiaq. Den er ein del større og blir fort ein del dyrare, men det ser ut som ein kjekk bil med mykje av funksjonaliteten til Skoda. Spesielt at du kan flytte bakseter fram og tilbake alt etter behov for beinplass. 710 liter bagasjerom har den òg, som eg antar er med setene lengst framme. Litt lite brukbilar ute sidan den er såpassa ny, men det er ikkje så mykje å velje mellom av Superb med bensin heller.

Eit par år gamle Superb ligg rundt 400-500k, alt etter utstyr og motor.

Trur eg må ta ein tur innom ein Mondeo og Optima òg for å sjå kva slags inntrykk dei gjev.

Lenke til kommentar

Skal du ha Kuga må du vel nesten amputere beina skal du få plass? Mondeo har eg sansen for, men ikkje så mange av dei på markedet. S-Max trur eg kunne fungert. Den blir derimot fort litt dyr.

Vi har Kuga. Har to barn på hhv 5 mnd og 3,5 år, samt to mellomstore hunder. Hundeburet tar omtrent hele bagasjerommet, men opplever kupeen som romslig og fin. Skulle ønske vi hadde litt større bagasjerom.

Når det er sagt har det vært helt uproblematisk de årene vi har hatt den. Vi bruker takboks når det er nødvendig. 

Fantastisk bil med utrolig god kjørekomfort, sterk motor og 4x4. 2010-modell den vi har.

Endret av Niram
Lenke til kommentar

Leste først Ny familiebil (stv) 300-500 Hk

Første som slo meg, er Volvo V60 brukt. Her får du semi-Premium, god opplevd kvalitet inne og ute..

V60 er da veldig trang i baksetet hvis du har lange personer foran og skal ha inn bakovervendt barnesete® slik som trådstarter?

Fin bil ellers. :-)

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Har nå prøvekjørt ein Superb med dieselmotor og ein Kodiaq med 180 hk bensinmotor. Begge var fine biler som har kvar sine positive og negative sider.

Superb 2017:

Dieselmotoren synest eg var litt seig ved stopp og start frå lyskryss og den slags. Han eg lånte bilen av synest òg at den var litt lite responsiv på det området. Ein av dei få tingene han ikkje likte så godt med bilen. Plassen er super for høge folk og dei som skal ha med både barnesete og barnevogn. Eg la merke til kor breie dørene var, som gjorde det endå lettare å koma seg inn og ut av bilen. Kjørte ein liten runde i Oslo sentrum og av det vetle eg fekk prøvd så var den grei å kjøre. Eg synest den var litt ukomfortabel på ujamn og humpete vei. Det går sjølvsagt opp og ned med alle bilar på sånt underlag, men det var noko eg noterte meg. Ellers låg bilen greit på veien.

Kodiaq 2017: Denne testa eg hos ein bilforhandlar. Til å vere SUV så var den veldig romslig og kan nesten matche Superb på det området. Ein veldig kjekk eigenskap er at du kan skyve baksete fram og tilbake, samt legge ned ryggen. Det er ein heilt super funksjon som eg ikkje har tenkt over at eg har sakna i ein bil. Då kan du justere setene etter behov og få komfort for alle passasjerar. Ved barnesete baki kan du då skyve setene så langt fram som du kjem og få meir bagasjerom. Ei ulempe med SUV var alltid plassen, men i denne synest eg dei har gjort veldig mykje bra, så den får ikkje noko trekk for dårleg plass samanlikna med Superb.

Testa denne ein times tid med litt bykjøring og litt på motorvei. Eg synest den var veldig stille sjølv i 110 km/t med 19" hjul. I byen var den merkbart meir komfortabel enn Superb. Bilen er høgare og meir dempa, så du kjenner ikkje alle dumpane langt opp i ryggen. Bilen er sjølvsagt litt meir flytande enn ei stasjonsvogn, men det blir ikkje så mykje aktiv køyring på oss, så det går nok veldig greit. Dei fleste langturane består av mykje vei som er ganske rett, og då betyr ikkje tyngdepunktet så mykje. Du kjem derimot høgare opp og får meir oversikt. Bensinmotoren likte eg betre enn diselen i Superben, og med våre bruksområder er det ikkje noko stort poeng med diesel.

Eg har blitt meir interessert i SUV jo meir eg les, og etter dagens tur freistar det endå meir med ein sånn bil. Kodiaq ser ut til å ha veldig mykje av dei eigenskapane me kan ha glede av. Spesielt komforten ved bykøyring og på ujamn vei var den veldig fin. Det er ganske mykje dårleg vei og brustein i Oslo, så det er definitivt noko eg tar med i vurderinga. Det er diverre eit langt større utval dieselmotorar på bruktmarknaden enn bensin, men ein og annan finnes. Eg har endå god tid til å finna bil, så eg skal følgja med på kva som dukkar opp framover. Eg trur i alle fall at eg ville blitt nøgd med både Kodiaq og Superb basert på det eg har erfart så langt. Prisen er òg eit viktig punkt, men eg synest ikkje ein Kodiaq er avskrekkande prisa. Den billegaste eg har sett så langt er 440 000 for 2018-modell som er gått 30 000. Begge bilane får ein frå 400-700k der dei rimelegaste er 1-3 år gamle og moderat utstyrt, og dei opp mot 700k topputstyrt og nye. Eg håpar å kunne ha bilen i mange år, så eg er mindre redd for å investere litt enn om eg ville skifta bilen igjen om 2-3 år.

Lenke til kommentar

Hvis Kodiaq'en er aktuell ville jeg også anbefale å teste Peugeot 5008 SUV, den er omtrent like stor utvendig og innvendig. 130-hesteren med bensin får du ny godt innenfor ditt budsjett. Motoren ser beskjeden ut på papiret, men bilen veier 250kg mindre enn Kodiaq-klumpen og holder helt fint til vanlig bruk. Evt. er også 165-hesteren overkommelig.

Støttes. Mer for pengene der.

Takk for tipset. Ser ut som det må bli ein prøvetur med den òg. Eg finn ikkje 165-hestaren i konfiguratoren til Peugeot, men den står i prislista, så eg antar den framleis er tilgjengeleg.

Etter å ha lese nokre testar av 5008 så peiker det seg ut nokre fordelar og ulemper.

+ 5008 har faktisk større bagasjerom enn Kodiaq og gode løysingar for plass til både bagasje og folk.

+ Bakseter på skinner her òg.

+ Lågare pris.

- Testane synest den har litt for kort fjærlengde og kjenner humpar og dumpar i veien litt betre enn alternativa.

- Litt meir kabinstøy enn konkurrentane, mest frå dekk og vind.

- Annenhåndsverdi er venta å vere lågare, men det er ikkje nødvendigvis så stort poeng dersom me ender opp med å ha bilen ei god stund.

- Det er kanskje litt mindre nøgde kundar hos Peugeot enn Skoda, men det blir litt vanskeleg å samanlikne så nye modellar. Med ein forholdsvis ny bil har ein i alle fall nokre år med garanti.

Eg fekk ikkje valgt vekk 7-seter, men kanskje det går an ved bestilling. Uansett er det mogleg å ta dei ut av bilen og lagre ein stad.

Prisen er definitivt kjekkare, der ein godt utstyrt Allure kjem så vidt over 500k med alt utstyr eg ville hatt. Då blir ny bil straks meir aktuelt, spesielt sidan det ikkje er så stort utvalg av brukte bilar med bensin. Den har ikkje 4x4, men det er ikkje noko stort poeng. 3008 vart kåra til årets bil i 2017, som er positivt. Med prisforskjellen så kan me kanskje leve med litt meir veistøy og dårlegare fjæring. Det blir uansett interessant å prøvekjøra 5008.

Mange positive eigarar på Broom (TV2) sin bruktbilguide. Det har for så vidt Kodiaq òg.

Eit par ting frå ein test på Nettavisen:

På vinterføre er det dessverre et par hint om at dette er en bil laget av franskmenn: I 15 minus savner vi varme i rattet, det tar forholdsvis lang tid å få bilen varm - og vindusviskerne med integrerte spyledyser evner ikke å rense hele vinduet i skikkelig sørpeføre.

Uansett hvor mye spylervæske man kjører på, sliter vindusviskerne med å rense vinduet, særlig langt ned på vinduet. Nå skal det sies at vi har testet bilen under litt ekstra krevende forhold i en av de kaldere vinterperiodene i Oslo-området på lang tid.

Et annet merkelig fenomen vi ikke har opplevd før, er at nesten alt du gjør med knapper og brytere skjer med en lang forsinkelse. Du må holde start-knappen lenge inne før bilen starter, det tar et sekund fra du aktiverer vindusviskeren og til det faktisk skjer noe - og til og med tar det et lite øyeblikk fra du trykker på gassen til det skjer noe hvis du står stille.

Og ein kommentar frå ein anna test:

Ganske stille og rolig også på motorvei, men hørte av en eller annen grunn mer lyd fra bakhjul enn fra fremhjul, så man merker at det ikke er helt premium på støydemping riktig enda, selv om det er bra. Det har blitt meg fortalt at ekstrautstyret «Advanced Grip Control» som var på denne GT bilen følger med noen litt spesielle dekk som ikke akkurat er gunstige med tanke på motorveikjøring og lite støy. Spørsmålet må jo da være om du virkelig kjører mest på kronglete veier eller fine veier. Jeg hadde helt klart droppa den Grip Control saken for å få mindre hjulstøy på motorveien.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar

Etter å ha lese nokre testar av 5008 så peiker det seg ut nokre fordelar og ulemper.

Jeg har ikke førstehåndserfaring, men hører mye pent om disse fra eierne. Og Peugeot har gjort store framskritt på kvalitet de siste årene og ligger nå relativt høyt på index'ene igjen, ikke minst dratt opp av forrige generasjon 3008 og 5008.

Men som alltid gjelder det å prøvekjøre skikkelig og se om en får de rette vibbene.

Eg trur du har mykje rett i det. Når det gjeld vibber så er det sjølvsagt ein del av det heile, men for min del som ikkje er så veldig opptatt av bil og kjem frå ein billig bil i dag så ser alt nytt og flott ut. Det blir sjølvsagt ein del småting her og der som sitjekomfort, kjørekomfort og sånt. Det vanskelege synest eg er å legge merke til alt under prøvekøyring.

I dag kom eg på ein ny konkurrent. Mitsubishi Outlander PHEV. Den har kome i ny "2019"-modell med litt småendringar og større batterikapasitet. Ein topputstyrt S Edition er veiledande 510 800, og då manglar kun eit par småting. Den blir då ein del rimelegare enn ein ny 5008, pga. at det er ein PHEV. Den blir heller ikkje påverka av dei nye reglane frå 1. juli sidan rekkevidden er over 50 km. Den har i tillegg 7 år garanti. Ein minus er eit langt mindre bagasjerom på 450, mot 720 og 780 på konkurrentane, men det må ein vel rekne med i ein PHEV.

Ja det har du nok rett i. Det vanskeligste ved prøvekjøring synes jeg er å se bort fra de sære småtingene som virker rart på den første turen men gjerne blir en vane etter å ha hatt bilen en uke.

Ja, Outlanderen er sikkert også aktuell. De tidligere utgavene har fått mye pepper for motor og hjulstøy men det skal være forbedret. De første PHEV gjorde folk gale med høye plingelyder for all verdens varsler, men det er visst også fikset :-)

Det er penger å spare med PHEV hvis du ofte har mye småkjøring, til/fra jobb, kollektivknutepunkt e.l. På langkjøring er det ikke så mye å spare. Bagasjerommet må du nesten se på/prøve. 450liter er nok helt i grenseland med barnevogn(er), men det kommer an på utformingen også.

Endret av toffo

Plingelydane las eg om i ein omtale på nettet. Som ein person som ikkje er glad i sånt, så er det fint om det er fjerna. Kabinstøy vil eg òg ha lågast mogleg.

På langkjøring blir det vel heller dyrare sidan du må dra på 300kg batteri i tillegg, men med mest småkjøring så skal du køyre ein del langturar for å tapa pengar på det. Spesielt sidan bilen i utgangspunktet blir billegare pga. at den er ladbar. Småkøyring i det daglege betyr for så vidt òg at bensinutgiftene ikkje blir så høge på ein bil utan batteri, så det er ikkje godt å vite kva som kostar mest eller minst til slutt. Outlander med PHEV er positivt for lufta i byen då, det skal den ha. Kanskje den er meir interessant på bruktmarknaden 5 år fram i tid òg, så lenge batteriene framleis er brukbare.

Outlander får absolutt pluss for batteri og 7 års garanti, men trekk for bagasjeromsplass. Er ikkje lett å få i pose og sekk.

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...

Etter å ha prøvekjørt ein del er Kodiaq ein favoritt per i dag.

Peugeot 3008 og 5008 er morosame bilar, men eg er ikkje noko kjempefan av interiøret, knappar/infotainment og korleis den oppførte seg på motorvei. 3008 er stor til å vere liten SUV, men for vår del synest eg den blir litt for knapp. Kunne kanskje gått i nokre år, men så kanskje bytt den ut. Baksetet i 3008 var ganske trangt om det skal sitje tre der. 5008 har tre individuelle seter som kan skyvast på.

Karoq og Tiguan har eg òg prøvd, der Karoq falt mest i smak. Begge har justeringsmoglegheiter på bakseter og er veldig gode medium-SUVer. Tiguanen eg prøvde kjentes litt spinkel ut, mens Karoqen var betre planta på veien. Begge sleit litt med høge nivå på vindsus frå speglane på motorveien.

Så var det Kodiaq. Suverent best av dei eg har prøvd på komfort og støy, og størst bagasjerom. Innvendig er det òg veldig god plass for høge personar. Den lengre akselavstanden hjelper nok godt. Canton-anlegget i kombinasjon med god støydemping og komfort gjer det til ein veldig fin bil for lange turar. Det er lite av dei brukt, så eg vurderer ny bil. Då vil prisen hamne på 500-600k, avhengig av motor og utstyr.

Ingenting er bestemt per i dag, men Kodiaq står øvst foreløpig.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Hvis du liker kodiaq kanskje ta en titt på seat ateca evt den nye som kommer snart tarraco

Ateca ser ut som ein god bil. Eit negativt punkt er at den har ein god del mindre bagasjeplass enn Kodiaq, samt at baksetene ikkje kan regulerast.

Tarraco ser ut som den blir bygd på Kodiaq-platformen, og då blir det vel mykje den same bilen. Så vidt eg såg på eit forum her ein dag så meiner nokre brukarar at SEAT gjerne litt høgare i pris enn Skoda. Tarraco kjem nok litt for seint til å vere aktuell.

Ein ny Kodiaq med utstyret eg vil ha kjem på 560k for 150 TSI og 640 for 190 TSI.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...