Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    2 695
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Du kan bruke dd. Berre spesifiser gammal disk som if og ny disk som of
  2. Dei har nok ikkje sendt ut eit forenkla forelegg. Det er eksplisitt sagt at det er feil kjønn, og det å sende ut forenkla forelegg til ein person som ein ser er feil kjønn er tenestefeil. Kravet er trass alt at det skal vere heva over rimeleg tvil at det var den som får forelegget som har gjort handlinga. Det dei kan gjere er jo å kalle deg inn til avhøyr. Det er du må du møte opp til, og politiet kan hente deg om ikkje.
  3. Finn deg maskinvare som støtter OpenWRT, og installer det. https://forum.openwrt.org/t/wifi-to-ethernet-bridge/106377
  4. Kor langt er eit tau...
  5. Kor langt er eit tau? Det kjem an på kor stor kompressor, og kor mykje luft som vart brukt. Det finst ikkje eit fasitsvar.
  6. Du må nesten sette ned foten sjølv. Han tar ikkje til seg beskjeder. Kanskje du får la vere å sleppe han inn i leiligheta neste gang han bankar på, og forklare at når han ikkje respekterer privatlivet ditt er det konsekvensen.
  7. Trafikkreglane §11, første ledd: Legg merke til det meir eller mindre absolutte kravet om at det ikkje kan oppstå fare. Slik du omtaler situasjonen bør jo du vurdere om det var trygt å rygge i den.
  8. Når ein ikkje får svar som forventa bør ein purre om ein fortsatt har eit ønske om å leige det ja.
  9. Ho bør kontakte utleigar ja. Om tilfeldige tredjepersoner begynner å blande seg inn trur eg ikkje det vil virke positivt.
  10. Kan ikkje du fortelle oss? Kva situasjoner er kopi av pass nok til å foreta seg ting?
  11. Nøyaktig ingenting av det er unikt for i år.
  12. Ukjent. I tillegg er jo eventuell vektarm relevant; vil tippe fliselim er relativt sterkt på skjærkrefter, men dårleg på strekk.
  13. Rekn ut akselerasjonen. Eg tipper det går heilt fint, for når radiusen vert mindre vert og tangentialfarten mindre, så akselerasjonen er samme. Det er rett at store skiver ikkje vil tåle turtallet når dei er store, men når dei er nedslitt tipper eg det går heilt fint.
  14. Synst stortsett store er tryggare. Det er stortsett i bruk i korrekte arbeidsstillinger og lenger unna kroppen - og begge hender held verktøyet på grunn av tyngde og krefter i den. Med mindre vinkelsliper er det oftare "skal bare" der ei hand held arbeidsstykket... Så med store ser eg ikkje heilt for meg korleis eg skulle fått til å skade meg. Med små er det veldig enkelt...
  15. Sterkere er ikkje om den er billigere eller dyrere. Sterk valuta vil sei at det er valuta mange vil kjøpe. Det du lurer på er om det på grunn av valutakurs har vorte dyrare å gå ut i Polen. Og ja, PLN har vorte dyrare dei siste åra, frå omlag to kroner per zloty til opp mot 2,50 i dag. I tillegg har inflasjon gjort det dyrare. Men justert for kjøpekraft er ei krone meir verdt i Polen enn i Noreg, så du vil få meir igjen om du bruker den i Polen.
  16. Det er jo totalt uinteressant. Både japanske yen og koreanske won er vert veldig lite samanlikna med norske kroner, men det gjer dei ikkje til svake valutaer. Det du er interessert i er jo i praksis ikkje valutakursen, men utviklinga i valutakursen, opp mot inflasjon i landet.
  17. Har du: 1. Snakka med verkstedet? 2. Gått ut av bilen og sett om det er lys i den?
  18. Ergo er utgifter til montering påregnelig.
  19. Kvifor er størrelsen på summen relevant? Poenget er påfølgande utgifter som følge av mangel ved tingen.
  20. Niks. Gitt at det er ei vare mannen i gata ikkje har lov til å installere, må faktisk seljar forutsjå kostnad til fagperson for å montere og demontere. Hadde det vore noko ein vanleg person kan montere eller demontere med letthet, t.d. ei gardinstang, vil du neppe ha krav på betaling for arbeidet, men dimmer er ikkje ei slik vare. Prisen på vara og installasjonkost er ikkje relevant; det er enkelt og greit ein kostnad ved reklamasjon seljar må prise inn - fordi det er lett å forutsjå det som følgje av feil ved vara.
×
×
  • Opprett ny...