For det første er det regelverket frå installasjonsåret som gjeld grovt sagt - men anlegget må vere trygt etter dagens bruk, mtp. dimensjonering etc.
At du har skøyteledninger med jord er uviktig. Det som er forbode er å blande jorda og ujorda utstyr (og stikkontakter) i samme rom, og dermed å trekke skøyteledning frå rom med jord til rom utan jord eller omvendt. Systemet er laga slik at du kan plugge jorda utstyr i ujorda kontakt, men ikkje motsatt - så det er lovleg kombinasjon.
Så ja, du har lov å bruke greinkontakt med jord. Du kan, avhengig av kor grundige DLE er, få påpakning for permanent bruk av skøyteledninger.