Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 614
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Det er forskjell på veier. Ein ting er ei lite trafikkert 50-sone og 80-sone som europaveier ofte er. Fire mil på europavei med 80-sone meiner eg ikkje eit sånt kjøretøy bør ferdast. https://www.nrk.no/sorlandet/bil-eller-fotgjenger_-1.11281076
  2. Elektrisk kjørestol er definert som gåande og ikkje noko du skal ut på veien med. Moped kan du kjøre over alt unntatt på motorvei eller der det er skilta forbod mot moped. Ein moped har ikkje lov å kjøre fortare enn 45 km/t, så på veier med høgare fartsgrense (50-80 km/t) er det viktig å vere klar over at andre bilar kjem i dobbel så stor fart og vel så det. Du må òg sleppe forbi bilar som kjem bakfrå for å ikkje lage kø. Ikkje kjør heilt inn til grøftekanten sidan du då er vanskelegare å få auge på av andre på veien, samt at det kan skape farlege situasjonar om du blir forbikjørt.
  3. Ja det går, men krever at du er strukturert og for all del ikkje kjøp noko på kreditt, for då kan ballen fort rulle frå deg. SIFO sitt referansebudsjett kan vere ein god start for å passe på at du får med alle utgifter: https://www.oslomet.no/om/sifo/referansebudsjettet Lag eit rekneark med dine eigne tal. Det er veldig nyttig å sjå kvar pengane går. Det er òg viktig å bygge opp ein buffer, endå viktigare enn om du hadde hatt høgare inntekt. Prioriter det om du ikkje har allereie og bruk så lite du kan i starten.
  4. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg har bestilt LR til oss med behov for to bilstolar. Standardversjonen er òg godt prisa om du ikkje treng rekkevidda eller AWD som LR har. Er det forskjellar i design på Performance? Eg ville ikkje valgt det som familiebil, men det spørs på bruk og behov. 21” på TMY synest eg blir alt for stivt på ein bil som allereie er relativt stiv og eg har ikkje behov for den slags akselerasjon. Kan fort bli dyrt med dekk om du kjører aktivt med ein Performance på 21”. Er ikkje volum, plass osv. likt mellom dei tre utgåvene av Model Y? 7-seter er ikkje eit alternativ i Norge.
  5. Zeph

    Elbil-tråden

    Så 562 000,- for basemodellen og sju seter, når du kjøper batteriet. 640 000,- for Signature.
  6. Generelt ikkje så glad i den slags (Max Payne 3), men skal ikkje dømma det før eg har prøvd. Uansett eit perfekt spel for mørke haustkveldar.
  7. https://medium.com/@carolynehess/the-spirited-away-inspired-story-of-little-nightmares-439dd8ca635a https://www.reddit.com/r/LittleNightmares/comments/wrqheq/similarities_between_little_nightmares_and
  8. Tvungen co-op håpar eg dei unngår. Har framleis LN2 til gode, men det første var fabelaktig, så dette må nok kjøpast. Eg hadde tilfeldigvis sett Spirited Away kort tid før eg spela LN1, eller så var det omvendt. Uansett moro å legge merke til referansane.
  9. Zeph

    Tesla - kaféen

    Du treng vel ikkje trykke heller. Siri kan utføre kommandoen med stemmestyring.
  10. Er det behov for å samle på dei? Fungerer ikkje dei fleste på alle tilbydarane? Med ei brikke og app som backup skal du vel ha mykje uflaks for å ikkje få lada.
  11. Eg fekk Møller-brikke med min Enyaq. Har fungert på alle tilbydarar eg har testa så langt.
  12. Skjær hol i koblingsboksen for å få litt meir rom å jobbe med.
  13. Det går mot kaldare tider, så det spørs kor lenge det varer. NVE seier magasina er bra fylt opp og “ekspertar” seier straumprisen ikkje vil bli ekstrem igjen, men det er vel framleis marknaden i Europa som styrer prisen, så me får sjå.
  14. Jadda! Vanvitting turnering. Kanskje håp om å ta førsteplass på FedEx før neste veke.
  15. Eurosport. Viktor er framleis med oppi der, men skulle hatt eit par birdier til. Dei i toppen har framleis halve runden igjen.
  16. Zeph

    Tesla - kaféen

    Har prøvd å ringe Drammen, men der tok dei aldri telefonen. Det er lurt å prøve dei mindre plassane med mindre trafikk.
  17. Zeph

    Tesla - kaféen

    Sjeldan eg har behov for å lade i bilen, og då føretrekk eg kabel. Trådlaust har vore ustabilt, enkelte fungerer ikkje med deksel, samt at telefonen blir veldig varm. Prøver det. 👍🏻 På det området er det greit med Tesla. Du må ikkje ha kontakt med butikken du bestilte av eller får den utlevert.
  18. Zeph

    Tesla - kaféen

    Takk for tips. Dei eg har prata med hos Tesla har vore hyggelege og imøtekomande, men det skjer ingenting. No ligg det sjølvsagt ute leveringsklare bilar lik den eg har bestilt på inventar, men ingen å få tak i på telefon eller chat på denne tida av døgnet. Vurderer nesten å bestille ein og prøve å rydde opp i det med dei i morgon. Bilane som ligg ute no har ikkje prisavslaget som eg har, så eg veit ikkje om dei kan eller vil gje meg ein av dei bilane til min pris. I verste fall er det kanskje 2500,- tapt, men eg fekk refundert 2500,- sist eg avbestilte. Sist eg skulle vente til neste dag forsvann dei. Dei burde vel kunne vise litt godvilje når det var dei som kansellerte feil bestilling.
  19. Zeph

    Elbil-tråden

    Det var snakk om Felicity Ace som tok fyr og gjekk ned i fjor: https://www.tv2.no/broom/frakteskipet-sank-her-er-alle-bilene-som-gikk-tapt/14701487/
  20. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg fann ikkje ut av det med ei gang, så den andre bilen vart lagt ut igjen og forsvann. Å få kontakt var òg eit eventyr. Drammen tok aldri telefonen, så eg spurte på chatten og han sa at selgaren skulle ringa meg. Skjedde aldri. Så ringte eg eit anna kontor som sa dei skulle sjekke og ringe meg over helga. Det skjedde heller aldri.
  21. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg hadde to bestillingar på TMY, fekk leveringsdato på den eine og ba då om å avbestille den andre. Då klarte dei å kansellere den eg hadde fått dato på og den andre har blitt forskyvd endå ei veke. 😑
  22. Zeph

    Tesla - kaféen

    Hadde eg hatt 1 million og meir til bil så ville neppe Tesla vore aktuelt.
  23. Zeph

    Tesla - kaféen

    Tesla har ikkje kamera i fronten og dei andre kamera er ikkje plassert for å generere eit 360-bilete. Dei kunne laga eit bilete med dagens kamera, men det ville hatt blindsoner og ikkje sett ut som 360 på VW, BWM osv.
  24. Zeph

    Tesla - kaféen

    Meiner du FSD blir programmert til å ta livet av folk?
  25. Kjipt med dobbelbogey på siste i går for Viktor. Då vart sjansane for siger langt dårlegare, men sjansane finnes på banen og med ein veldig god søndag så veit du aldri.
×
×
  • Opprett ny...