Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 614
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eit godt fungerande system vil føre til færre døde, så samfunnet kan velgje mellom 42k døde utan sjølvkjørande bilar eller kanskje 10k med. Kva talet blir veit me ikkje i dag, men dei fleste ulykker er forårsaka av føraren. Samfunnet aksepterer bruk av autopilot i fly. Det skjer likevel ulykker som tar liv.
  2. Zeph

    Tesla - kaféen

    Det vil aldri bli 100%. Alt menenskeskapt (direkte eller med AI) vil ha feil.
  3. Ser ut som ein artig spel, sjølv om mangel på utfordringar er eit minus. Om ikkje anna så fekk de meg til å mimre tilbake til tida med Playstation 1 og Rayman. Det var magisk. Og apropos utfordringar så var Rayman ganske vanskeleg. I alle fall for oss på 8-10 år.
  4. De må planlegge for å ha eigentid, men det vil uansett bli lettare å få til når dei blir litt eldre. Med fleire små born i heimen går det meste av dagen vekk til “livet” uansett, men det er absolutt mogleg å legge til rette for at du kan halde på med dine ting. Om kona vil at det skal vere fellestid så er kanskje der staden å starte.
  5. Er det relevant kvar bilen er? Poenget er å få utbetalt ein sum tilsvarande tapet ditt, ikkje at du skal kjøpe ein identisk bil.
  6. Med tanke på mengden underhaldning som blir produsert i dag, og kvaliteten for den del, er sjansen så liten for at eg kjem til å sjå ein film eller serie meir enn ein gang at det ikkje plagar meg å kun bruke strømming. Har ikkje sakna fysiske medier eit sekund. Kvaliteten kunne av og til vore betre, men den er ikkje så dårleg at eg vurderer fysiske medier. Etter mange år med Napster, Torrent, piratkopiering og ynskje om digitale medier, så kan eg ikkje klage når det først er på plass. Er noko for dyrt eller dårleg så abonnerer eg ikkje på det. Er ikkje verre enn det. Marknaden vil styre kva dei kan ta betalt og framleis gå i pluss. Du kjem fort opp 500-1000 kroner om du abonnerer ukritisk, men då har du òg tilgang på eit enormt utval. Eg synest på ingen måte at 100-150 kroner er mykje mtp. kva du får. Prisen per time er ingenting om du ser litt.
  7. Me ha ei til to abonnement i slengen. Når me har sett nok på ein blir det abonnementet avslutta og eit anna starta opp. Etter nokre månader utan ei teneste har det bygd seg opp nok innhald til å dekke behovet nokre månader. Klart, skal du abonnere på alt heile tida så blir det dyrt.
  8. Enkel cash grab å lansere spelet så og seie uendra. Hadde dei oppdatert det så kunne det vore moro å spelt igjen, men det kjem til å vere veldig utdatert etter RDR2. Det kan bli for mykje ekstra sjølvsagt, og RDR2 har massevis, men du må jo ikkje engasjere deg i alt du møter på. Verda verka veldig levande i RDR2. Manglar framleis mykje dynamikk og variasjon, men det fungerte bra.
  9. Zeph

    Elbil-tråden

    Min iV80x har greit forbruk. 13-17 på sommarhalvåret avhengig av ruta. Trur eg hadde 15 på ein lengre tur over eit par fjell. Varmepumpa er ikkje så effektiv, så på vinteren går det mykje straum med til varme. Pumpa hentar visst varme frå motor og batteri, så når du startar bilen kald er det mest varmeelementet som står for innsatsen. Eg veit ikkje kor mykje den er i drift med vintertemperaturar, men dei som kjøpte bil med VP fekk avslag på 2700,- fordi pumpa ikkje var så effektiv som dei hadde lova.
  10. Tja. Eg synest der er verdt investeringa for å sleppe fly rundt heile huset og alltid måtte tenke på at du ikkje skal overstige ein verdi. Det finnes nok utstyr som fungerer dårleg, men det finnes betre alternativ.
  11. Zeph

    Elbil-tråden

    Om grenser for hastigheit skal fungere må først underlaget vere på plass. I dag er det mange feil som gjer at bilen trur det er ei anna grense enn det eigentleg er. Keisamt om du kjem i 80 i 80-sone, så trur bilen det er 50-sone og du får ikkje kjøre over 70. Skiltavlesing fungerer heller ikkje alltid, og det kan bli påverka av snø.
  12. I testane til Råd & Rön er LG både på topp totalt sett og har dei mest stillegåande. Eit lite unntak trur eg var Husqarna som gjorde det aller best på lyd.
  13. Zeph

    Elbil-tråden

    Henrik har løysinga på pling plong når du går over fartsgrensa: https://www.elbil24.no/nyheter/fisker-slik-skal-vi-omga-regelverket/80022285 Eg har prøvekjørt eit par bilar i det siste som har plinga og blinka når du går over fartsgrensa. Heilt greit det om du kan slå det av permanent, men dette med å bekrefte GDPR og måtte slå av funksjonar kvar tur er ei plage. Eg er på ingen måte negativ til GDPR, men la oss ta eigne val og aktivere det permanent.
  14. Om du betalar nokre kroner kan du få tilgang til Råd & Rön sine testar: https://www.radron.se/tester/vitvaror/kylskap/ Det er vel mest høge skap, men du kan kanskje få ein indikasjon på merkene.
  15. Beste ein kan håpe på er ein ny serie 5-10 år fram i tid som presterer betre. Det er absolutt potensiale i bøkene, men her snubla dei på startstreken og reiv kvar hekk på veien mot mål.
  16. Zeph

    Tesla - kaféen

    Highland (Model 3) er visst på gang snart påstår nokon. Juniper (Model Y) er ikkje venta før 2024 iht. ryktene, men ingenting er bekrefta.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Ja, design er greit nok, men det andre er meir interessant etter mi meining. I den grad det blir store tekniske endringar.
  18. Zeph

    Elbil-tråden

    Kva veit du og kva er rykter? Shanghai er visst i gang med omlegging snart, så spørs det når det skjer i Tyskland.
  19. Zeph

    Elbil-tråden

    Ikkje sikkert du får ny modell på bestillingsbil. Ingen her veit kva som kjem eller prisen.
  20. Zeph

    Elbil-tråden

    Fremantle Highway klarte seg og delar av lasten vart redda. Då er det vel håp om at dei kan finne ut kvar brannen starta: https://www.motor.no/aktuelt/beklager-men-din-nye-rolls-royce-har-brent-opp/253492 Fisker har visst ein konkurrent til F-150 i planane: https://www.tek.no/nyheter/nyhet/i/pQ5rLE/fisker-viste-el-pickup-med-et-helt-spesielt-triks Fisker satsar friskt, det skal dei ha. Fint at det kjem nye merker på marknaden som ikkje har sitt opphav i Kina.
  21. Zeph

    Elbil-tråden

    Når bilen startar på 1.2m så har dei vel råd til litt ekstrautstyr.
  22. Zeph

    Tesla - kaféen

    Kan du kjøre bilen med “dum” ACC? At du stiller inn maks hastigheit som bilen følgjer og den kun senker hasrigheita om du ligg bak ein anna bil? Det ville kanskje eliminert problemet når det er fartsgrensekonflikt, men i venstresving med store kjøretøy imot eller når den ser spøkelser er det kanskje andre faktorar som den uansett vil reagere på.
  23. Eg har ikkje prata med ein bankrådgjevar på over ti år. Finn betre informasjon på internett. Rådgjevaren er ein seljar og du er kunden. Då tar eg heller råd frå nokon eg ikkje har kundeforhold til.
  24. Zeph

    Tesla - kaféen

    Det kjem HW4 frå dei andre òg etter kvart. Nokre rykter seier slutt av Q3, men fasiten får du den dagen det rullar ut HW4 i Europa. Det har vore fleire trådar på Reddit der brukarar som har tilgang til system som kan sjekke HW, sjekkar etter kvart som folk spør. Dei slutta med USA-sjekkar fordi det på eit tidspunkt kun var HW4 og du kunne sjå ut frå serienummer at bilen mest sannsynleg har HW4. Siste tråden er for Shanghai/Berlin-bilar:
  25. Zeph

    Tesla - kaféen

    Har du bruk for bil så kjøp bil. Kan du vente så kan du vente. Prisen veit ein aldri med i desse dagar. Den kan ha gått opp eller ned den dagen du kjøper. Ventar du på HW4 så blir kanskje Highland/Juniper (facelift) neste milepæl, så då må du vente endå lengre. 😄 I mellomtida dukkar det opp nye modellar frå andre produsentar òg. Det er som PC-kjøp. Betre oppløysing på kamera skulle eg gjerne hatt (som HW4-modellane har), men eg må (vil) ha bil no, så då blir det HW3. Akkurat Tesla er gode på å oppdatere alle modellar og halde dei relevante, så ein kan håpe at dei i framtida får orden på både Vision og fantombremsing på meir enn siste utgåve av bilane.
×
×
  • Opprett ny...