Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 471
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Rett nok var dette kanskje unntaket som bekreftar regelen: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Telavåg
  2. Men så er det også stor skilnad på at folk får feilaktige meldingar frå Norsk Tipping eller om det skjer ei alvorleg flyulukke. Ein må ha ein fornuftig storleik på arbeidsstokken og samstundes syte for at sjansen for feil blir minst mogeleg.
  3. Skal ein gjere om frå Euro til kroner må ein vel gonge med 10? (Eller 11,88 for å vere heilt nøyaktig) Neste spørsmål: Stikk Norsk Tipping pengar i eiga lomme når krona er svak?
  4. Dersom det sit anslagsvis 400 der for å gjere ein jobb som det trengst anslagsvis 50 for å gjere vil det å leggje jobben ut på anbod vere ei betre løysing som sikrar at inntektene i større grad går dit dei skal.
  5. Kan løysinga vere å avvikle Norsk Tipping, behalde spelemonopolet og å leggje jobben med å drifte dette ut på anbod til private?
  6. Eg er einig i det du skriv om sivil ulydigheit og demokrati. Men når det går over til sabotasje mot forsvaret har ein kryssa ei grense. Om ikkje dette blir slått hardt ned på vil det vere ein open invitasjon for sabotørar fordekt som "aktivistar", men finansiert av Russland. Og då blir det farleg. Russland vil elles også prøve å utnytte kontroversielle saker til å drive påverknadsoperasjonar i vestlege land, og då kan aktivistar opptre som nyttige idiotar. Dette er ein fare for demokratiet.
  7. Dette er ei svært dårleg samanlikning. For det fyrste dreiv ikkje Fosen-aktivistane sabotasje, verken mot norsk forsvarsevne eller mot annan eigedom. For det andre måtte dei bruke sivil ulydigheit for at reindriftssamane på Fosen skulle bli høyrt og rettane deira bli respektert i samsvar med dommen der det blir slått fast at Staten har brote menneskerettane deira. Mogelegheit for å vise motstand ved sivil ulydigheit er ein del av demokratiet vårt. Men det går ei grense når det går ut over annan manns eigedom. Særleg gjeld dette dersom det er landsforrederi og/eller kan setje norsk sikkerheit i fare.
  8. Er det ikkje slik Arbeidarpartiet "alltid" har gjort det, nemleg å utnemne sine eigne til alle slags leiarstillingar i det offentlege? Når alt kjem til alt er kanskje ikkje Norge så ulikt Donald Trump sitt USA på akkurat dette feltet.
  9. I Storbritannia tek dei ikkje med silkehanskar på sabotasje, men stemplar like godt aktivistane som terrororganisasjon med dei konsekvensar dette medfører: https://www.bbc.com/news/articles/c4g83l33wdeo.amp Vi lever i ei farleg tid, og det er kanskje dette som må til også her heime.
  10. Det store fleirtalet støttar Ukraina sin fridomskamp, og dei fleste er einige om at vi treng både NATO-medlemsskap og eit oppegåande forsvar for å hindre at noko liknande skulle kunne skje med oss. Samstundes ser vel også dei fleste galskapen i Israel sin endelause krig mot sivilbefolkninga på Gaza. Men ein løyser ikkje problema i Midtausten ved å sabotere vårt eige forsvar mot Russland.
  11. Og i nisselandet Norge følgjer ein situasjonen nøye.
  12. https://www.nrk.no/norge/rottegift-og-honningfeller_-slik-tar-ukrainere-livet-av-fienden-pa-hjemmefronten-1.17440451
  13. https://www.vg.no/nyheter/i/zABGwq/baltikum-polen-og-finland-vil-legge-ut-landminer-mot-russland-maa-hindre-dem-i-aa-komme-inn
  14. Eg må innrømme at eg ikkje har stort greie på serbisk politikk, men greia er vel eit korrupt system som lar slike ting skje utan at nokon blir stilt til ansvar?
  15. https://www.nrk.no/norge/palestina-aktivist-ole-bertheus-sorensen-domt-til-fengsel-for-aksjoner-mot-rygge-og-norges-bank-1.17154361 Dakar!
  16. Kor tid er det presidentval i Ungarn, og er det nokon sjanse for at det kan bli fleirtal for å skifte ut den Russlandvennlege homofoben Orban?
  17. Om ein skulle oppløyse monopolet slik du skreiv er det jo berre to alternativ. Enten fleire aktørar eller forbod/ingen aktørar i det heile teke.
  18. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/sier-nei-til-kinesiske-studenter-pa-svalbard-1.17471658 Årsaka er naturleg nok at dei ikkje kan få vere med på alt på grunn av at kinesarar utgjer ein sikkerheitsrisiko. Så langt er det greit. Men artikkelen opnar etter mi meining for fleire spørsmål enn svar. Er dette noko som plutseleg har oppstått no? Kva med russarar, iranarar osv.? Er dei framleis velkomne? Eller?
  19. https://www.nrk.no/urix/natos-5-prosentmal-bekymrer_-_-vil-ikke-bli-brukt-fornuftig-1.17469528 For det fyrste bør ein del av dette brukast til å støtte Ukraina og evt. Moldova eller andre land som er trua av Russland. For det andre er dette eit langsiktig mål, og pengebruken aukar ikkje til 5% av bmp over natta.
  20. Der sa du noko. Det største problemet er vel kanskje mangel på ammunisjon til Patriot-batteria?
  21. Tenk om dette kunne vere det som skulle til for å overbevise Trump om å sende meir luftvern til Ukraina. Eg tykkjer ikkje synd på Israel, og dei har heilt sikkert rikeleg med luftvern frå før. Eg er luta lei av Trump-administrasjonen og USA sitt Israel-fokus.
×
×
  • Opprett ny...