Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 087
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Dette skjer samstundes som det kjem rapportar om at berre ein mindre del av tyskarane ville ha kjempa imot dersom landet vart invadert av Russland.
  2. Høyrest bra ut, men i neste omgang kan ein rekne med at USA støttar ytre høgre, hevdar at ytringsfridommen er truga og at Tyskland og Europa går mot sin eigen undergang.
  3. Dette er vel danske kroner, og ein kan gonge med omlag 1,58.
  4. https://www.nrk.no/urix/trump-strategi-advarer-mot-_sivilisasjons-utslettelse_-i-europa-1.17681580
  5. Det tragiske er vel at amerikanarane har litt rett i det dei seier. Politikarar og alle oss andre fekk allereie i februar eit varsel om kva som kan vere i vente. Om politikarane ikkje torer å seie det høgt må dei jobbe ut frå at ein er i ferd med å miste USA som alliert. Kanskje også for godt. Skal ein få opp folkeveksten må ein satse på barnefamiliane og gjere det enklare å få born. I tillegg må det satsast stort på forsvarsindustri og teknologi, slik at ein blir mindre avhengig av USA og Kina. Europa må elles bli meir sjølvsikkert og satse på bedriftene. Klimapolitikken må bli fornuftsbasert og ikkje følelsesbasert, og ein må satse på atomkraft. Ein må skape for å kunne dele, og det må bli slutt på venstrevridde politikarar som helst ser at dei som prøver å få til noko flyttar ut av landet. Diverre vil ein måtte kutte i offentleg pengebruk på mange område. Det blir ei pedagogisk vanskeleg oppgåve å forklare befolkninga at verdssituasjonen gjer at ein må kutte i velferda, og resultatet blir fort at høgrevridde eller venstrevridde parti som aldri har måtta ta noko ansvar får enno meir vatn på mølla.
  6. https://www.nrk.no/urix/eu-leiarar-strever-for-a-sikre-laneavtale-til-ukraina-1.17680651 Og om dei ikkje greier å bli einige ser det vel ut til at også støtta frå Europa ebbar ut.
  7. Sannsynlegvis vil SMS og internett virke. Det vil derimot ikkje vere mogeleg å ringe/ta imot samtalar utan vidare. Men er det heilt umogeleg å lage ein app til slike gamle mobiltelefonar som gjer at ein kan ringe/ta imot samtalar via 4G?
  8. Den er vel inkluert i nettleiga tenkjer eg.
  9. No er vel ikkje stortingsrepresentantane valt fordi dei skal drive med spøk, latter og moro. Og dette var vel ikkje spesielt morosamt heller. Eg tykkjer at den einaste verknaden er at det kan feste seg eit inntrykk av at Astrup og partiet hans er lite seriøse.
  10. Det er vel alminneleg inntekt som blir vist i skattelistene. Dette inkluderer også renter på lån/innskot og utbytte samt frådrag. https://www.skatteetaten.no/satser/alminnelig-inntekt/ Personinntekta (lønns- og/eller næringsinntekt) blir brukt til å berekne trygdeavgift og trinnskatt. Personinntekta er ikkje med i skattelistene, og desse kan dermed gje eit feilaktig inntrykk av kva folk tener.
  11. Det er svært mange land som avstår frå å meine noko, deriblant også land som Armenia, Kazhakhstan og dei andre post-sovjetiske landa i sentral-Asia. Nokre land som f.eks. Azerbaijdsjan, Serbia og Tyrkia ser ut til å "løyse" dette ved å ikkje ein gong møte opp. Er det fordi alle desse landa ikkje torer å utfordre Russland? Det er i det minste gledeleg at Russlandvennlege land som Ungarn, Slovakia og Georgia har stemt for resolusjonen. Det er forresten interessant å merke seg at Kina er blant landa som avstår frå å stemme (i motsetnad til å stemme imot resolusjonen). Heller ikkje Kuwait som i si tid vart invadert av Irak har greidd å gjere seg opp ei meining om resolusjonen... medan Russlandvennlege Sør-Afrika har stemt for. Syria, som fekk hjelp av Ukraina til å frigjere landet har ikkje gidda å møte opp.
  12. Dette håpar eg at dei går vidare med. At Facebook er blitt ein boltreplass for svindlarar er ei av årsakene til at eg ikkje brukar mykje tid der.
  13. https://www.nrk.no/nordland/sprengde-fregatt-midt-i-fiskefelt-_-minister-varslar-full-gjennomgang-1.17676458
  14. Aporopos naturvern, det blir mykje å rydde opp i når krigen er over og Ukraina igjen er fritt.
  15. Er Trump og Maduro på veg vekk frå hjørnet dei har malt seg inn i?
  16. Det var lite blått i den posen, men mykje raudt, grønt og gult. Kanskje kan Krf bli ein del av dei blanda dropsa ein gong i framtida? Det er ikkje så mange år sidan partiet nesten skifta til å bli raudgrønt midt i ein stortingsperiode.
  17. USA bør halde seg langt unna desse pengane.
×
×
  • Opprett ny...