-
Innlegg
9 067 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Ein skal vere forsiktig med å stemple folk som idiotar. Historia om skipsreiaren Erik Grant Lea er ei fascinerande historie. Skipsreiaren frå Bergen gjekk konkurs, og måtte starte eit nytt- og annleis liv som sagbruks- og mølleeigar på ein liten stad på landsbygda i Sunnfjord. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Erik_Grant_Lea
-
Er dette inntekt før eller etter skatt? I tillegg kjem prisstigninga. Har ein pengane i banken går i verkelegheita formua ned. Høg inflasjon og høge renter gjer at mange slit med å betene låna sine. Men dei som har lån, men som greier å betale renter og avdrag er i dette tilfellet kanskje dei største vinnarane. Om inflasjonen er høg nok vil lån og formuer forsvinne. Om ein i tillegg har fall i aksjemarknaden vil nokre hamne i botnlaus gjeld, nokre vil vere heldige f.eks. fordi dei har investert i gull. Men for alle andre vil effekten vere ei stor omfordeling.
-
For ikkje å snakke om å bruke ein halv milliard på eit Utøya-monument til plage for naboane som slit nok med minna frå 22/7 2011 utan at dei blir minna på det kvar dag. I tidlegare tider sette ein opp ein minnestein, slik som minnesteinane over falne under krigen som står rundt om på kvar ein kyrkjegard i Norge. Slik klarte ein å heidre minnet utan å drive eit gigantisk pengesløseri. Minnestaden på sjølve Utøya er det vel dei etterlatne sjølv som har laga på dugnad, og ein har fått til eit verdig minne utan at det har kosta det offentlege ei formue.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russland utnyttar at Ukraina har stadig mindre luftvern. Samstundes nektar USA å selje Patriot til Ukraina. Er det komplett umogeleg å oppdrive luftvern til Ukraina nokon stad, slik at ein slepp å oppleve at klasebomber hamnar i bustadområde i Sumy, Kharkhiv, Dnipro, Kryyvi Rih eller andre ukrainske byar? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er også ei mogelegheit. Det er lenge til 2060. Men dersom Trump held fram på same måten som no er USA ute av dansen lenge før 2030, snarare enn 2060. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Trump skulle skape fred allereie før han vart innsett, deretter innan 24 timar, som deretter vart 3 månader. Sjølvsagt greidde han ikkje dette når han ikkje er villig til å leggje press på agressoren som er årsaka til krigen. Eg lurer på kva dette eigentleg inneber. Blir det slutt på all amerikansk hjelp til Ukraina? Vil USA fjerne alle sanksjonar mot Russland? Vil USA i verste fall kunne støtte Russland militært, samt sanksjonere Ukraina? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det kjem an på korleis Kina brukar makta si, samt kor sterke Europa er når den tid kjem. Det vi kan gjere for å påverke stillinga er å styrke vår eigen posisjon ved ha eit sterkt militært forsvar, forsking og viktig produksjon i våre eigne land, samt at ein driv handel i ulike retningar og syter for å ikkje bli avhengig av bestemte land som f.eks. Russland, Kina eller USA. Om då også Kina viser respekt og vilje til samarbeid kan resultatet bli bra. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I motsetnad til den ubereknelege USA-administrasjonen kan Kina spelet sitt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om det er nokon som har gjort alt for å brenne bruer er det Donald Trump, Vance og gjengen deira, som openlyst støttar Russland samstundes med at dei nedprioriterer-, truar- raljerer med- og viser forakt for sine allierte, samt at dei gjev openlys støtte til ytre høgre-parti over heile Europa. Kina prøver derimot å framstå som ein føreseieleg og påliteleg partner. Evt. støtte til Russland går meir i det skjulte. Kina driv ikkje på med kulturkrig mot Europa. Dei truar heller ikkje med krig mot Grønland/Danmark. Faktum er at Kina framstår som den einaste vaksne i klubben. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
At selskap gjer alt dei kan for å tene pengar er ikkje noko nytt. Ein får håpe at politikarane har nok is i magen til at ein ikkje byrjar å støtte den russiske krigsmaskina meir enn det ein allereie gjer. Det er uansett meir sannsynleg at Russland brukar energi som pressmiddel (noko som dei allereie har gjort gong på gong) enn at Trump-USA vil gjere det, så kva skulle då vere gevinsten ved å knyte seg tettare opp mot Russland? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kvar skal dei ta soldatane frå? Ukraina? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
- 77 760 svar
-
- 10
-
-
-
https://www.nrk.no/norge/svakeste-dollar-pa-tre-ar_-_-trump-onsker-a-svekke-dollaren-1.17382310 Så spørst det om ein strategi der ein svekkar tilliten til USA for å svekke dollaren er ein god strategi.
- 188 svar
-
- 2
-
-
-
https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/feilinformerer-om-balforbud_-fullt-tillatt-i-skogen-nar-snoen-ligger-dyp-1.17383902 Det er viktig at lover og reglar er mogeleg for folk flest å forstå, samt at ein greier å kommunisere på ein måte som er forståeleg. Tilsvarande kan seiast når noko slikt som dette går ut over lokalradioen i Sogn og Fjordane ein onsdag morgon i påskeveka: "Mange brukar godvêrsdagane i påskeferien til å gjere hagearbeid. Men om du bråkar for mykje kan du få bøter". Då meiner eg at om politiet prioriterer dette, så treng dei iallefall ikkje å komme att ved neste høve og klage over at dei får for lite ressursar. (I verkelegheita handlar helgedagsfred om at ein tek omsyn til naboane). Redigert: Utdjupande artikkel.
- 316 svar
-
- 1
-
-
Formueskatten virkar i høvet til føremålet, som er omfordeling. I ditt tilfelle ved at den som sparer må betale meir, medan den som har lån (eller eit høgt personleg forbruk) betalar mindre. Når det gjeld privat pensjonssparing må ein vel skatte av dette som inntekt den dagen pensjonen blir utbetalt. Så skattefri er den ikkje. Når det gjeld hytter har skattegrunnlaget blitt justert opp dei seinare åra, så fordelen samanlikna med å spare i banken er blitt mindre. Redigert: Det siste stemte ikkje.
- 316 svar
-
- 1
-
-
https://direkte.dn.no/usa-studio/#163957
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
(Eg håpar at ein ser gjennom fingrane med dette innlegget, som ikkje har nokon relevans til Ukraina-krigen i dag). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.dn.no/usa-studio/#163955 Vance er altså ikkje ufin berre mot Ukraina eller EU, men også mot Kina. Den amerikanske visepresidenten er det som eg vil kalle ein ganske ufordrageleg mann. Det vil fungere dårleg mot eit land som Kina. Merkeleg nok har eg ikkje fått med meg at han har vore ufin mot Putin og Russland. Det skal bli interessant å sjå om USA vil forhandle vekk støtta til Taiwan dersom det skulle bli forhandlingar. -
Der har du eit poeng. Samstundes vil vel sparepengane til rikingane stort sett vere plassert i andre instrument enn pengar i banken. Skatt på aksjeutbytte og gevinst på aksjar har auka ein del dei siste åra, og er ein god del meir enn dei 22% på bankrentene.
- 316 svar
-
- 1
-