Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 087
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det som så langt ser ut til å kunne lukkast er ikkje nemnt - nemleg fredsavtale mellom Armenia og Azerbaijan. Dette er også viktig med tanke på at det reduserer russisk innflytelse i Kaukasus, noko som på sikt vil kunne bidra til Russlands fall og komme Ukraina til gode.
  2. Starten på dette var vel tapet av Avdiivka, som fall då republikanarane i den amerikanske kongressen heldt tilbake Ukraina-støtta i over eit halvt år, og Tsjekkia sitt forsøk på å få europeiske land med seg til å bøte på ammunisjonsmangelen drog ut i tid.
  3. Samstundes har Denys Davydov rett i at det russiske gjennombrotet aldri burde ha skjedd i utgangspunktet.
  4. Men dette siste burde du ha skrive i fyrste innlegg, då ville ein fått ein debatt rundt dette i staden for kritikk fordi folk ikkje forstår kva du eigentleg ynskjer å diskutere. Kritikk som eg opplever er oppriktig meint.
  5. Eg er spent på korleis dette kjem til å gå, og om ein får ein reprise av det som skjedde forrige gong.
  6. Det er ikkje lenge sidan ein las om russisk påvirkningsoperasjon der ein presenterte falske nyheiter om norsk fiskedød: https://www.dagbladet.no/nyheter/kan-na-drikkevannet/83389869 Men her ser det ut til at norske Ap har byrja med å spreie fakske nyheiter og å drive påvirkningsoperasjon i russisk stil. Dette blir for dumt: https://www.nrk.no/ytring/jon-blir-aktivist-1.17524777
  7. Putin ynskjer "fred": (Og Nrk veit ikkje skilnaden på Kyiv og Kharkiv).
  8. Dette er ein dragkamp der både Putin og Zelenskyj/europeiske leiarar prøver å smiske med- påvirke- og å dra Trump mest mogeleg over på si side. Om Europa lukkast er det bra. Men ein bør også ha ein god plan om kva ein skal gjere medan ein ventar, samt dersom ein ikkje lukkast. Den planen bør vere ferdig for lenge sidan. Ein må no snart ha teke inn over seg at krigen i Ukraina er eit problem som Europa må ta tak i, og at ein ikkje kan vente seg mykje hjelp frå USA.
  9. Her ser det ut som om folk i PST har hatt god sans for humor, når ein gjev denne "storkaren" ein sykkel i staden for å setje han på fyrste klasse på eit fly ut av Norge. Skal tru om dette er ein av syklane som vart brukt då Russland sendte flyktningar over norskegrensa for nokre år sidan? Så håpar eg at ein også følgjer med på aktiviteten med eit visst alvor, og brukar utvisningsvedtak i staden for bortvisning dersom det blir nødvendig.
  10. Det er nok skilnad på kva som står i partiprogrammet når det er valår og når det ikkje er det.
  11. Dette er eg heilt einig i. Dersom ein tenkjer heilskap stemmer ein ikkje på populistar på ytterfløyane.
  12. For min del likar eg ikkje å måtte klikke på lenker i hytt og pine og lese lange artiklar for å forstå kva ein vil diskutere. Det er mykje betre å (også) skrive kort om kva problemstilling ein ynskjer å duskutere. Så blir det opp til kvar og ein kor stor tid til- eller interesse ein har av å lese det som blir lenka til.
  13. Det eine treng ikkje utelukke det andre. Min bestefar (som eg aldri fekk møtt) var i si tid aktiv i noko som heitte Sunnfjordlaget i Oslo. Eg reknar med at han var godt integrert Oslo-borgar, sjølv om han visste kvar han kom frå. Om det blir oppretta ulike grupper for-/med- eller av innvandrarar/folk frå/med andre kulturar treng ikkje dette å vere negativt. Og dersom det kan senke terskelen til å delta i aktivitetar i andre samanhengar vil det virke positivt på integrering. Tiltak som får innvandrarkvinner ut som elles ville sitje heime vil vere positivt for integrering.
  14. Dette er slikt som lokalaviser skriv om. Eg las nyleg ei ytring ein eller annan stad som framheva lokalavisa si rolle som limet i samfunnet, og som hindrar den polariseringa som ein ser i mange land som f.eks. USA. Etter litt leiting og googling fann eg artikkelen her: https://www.nrk.no/kultur/xl/lokalaviser_-frivillighet-og-bibliotek-er-viktig-for-demokratiet-og-god-medisin-mot-tyranni-1.17452402
  15. Norgesgruppen i støypeskeia: Før dette hadde ein meir eller mindre sjølvstendige butikkar i kjeder som f.eks. Mathuset og EPA. Ein legg merke til innvendingane frå prisdirektoratet, forløparen til konkurransetilsynet. I dag er dette ein realitet.
  16. Ein kunne kanskje ha hatt ein mellomting, slik det var før konsollideringa rundt 1990. Problemet i dag er at det er blitt så få aktørar at dei kjedene som er att eig grossistane, og har tilnærma monopol.
  17. Var ikkje Slesvig danskspråkleg, medan Holsten var tysk? Schleswig vart etter det eg hugsar delt inn i ulike område som fekk halde folkeavstemming rundt 1920. Det nordlegaste området stemte for å bli dansk, og har sidan høyrt til Danmark. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Folkeavstemningen_om_Slesvig
  18. https://www.nrk.no/ytring/1_0-til-putin-1.17530210
  19. Oksedrit! Det var aldri noko fleirtal i Ukraina som ynskte seg NATO-medlemsskap før etter fullskalainvasjonen i 2022. Striden rundt Maidan-opprøret gjaldt spørsmålet om Ukraina skulle søkje EU-medlemsskap eller knyte seg tettare økonomisk mot Russland slik Putin og Janukovic ville. Med fullskalainvasjonen i 2022 oppnådde Putin at Sverige og Finland vart NATO-medlemmer.
  20. Sagt på ein annan måte: I staden for å krangle om korleis kaka skal fordelast bør ein heller gjere kaka størst mogeleg. Då blir det meir til alle.
  21. Ein treng ikkje å gå lenger tilbake enn 1939, då Norge ikkje hadde noko landegrense mot Sovjetunionen. Men ein trudde at ein var komne litt lenger no - eller rettare sagt trudde ein det fram til 24/2 2022. Det ein ser no er 1938 om igjen. "Peace in our time".
  22. Men problemet er vel at Putin trur at han har alt å tene på å halde fram og at han kan vinne krigen militært, og då blir det ikkje forhandlingar uansett kor mykje ein gjev etter for Putin. Då blir det eit diktat frå Moskva. Spørsmålet er om dette er noko som Ukraina eller Europa kan leve med.
  23. Heilskapen er viktig. Som Stoltenberg sa det for nokre år sidan: Ein må skape for å kunne dele. Dei to store heilskapspartia i Norge finn ein på kvar si side av sentrum. Ap og Høgre. Hadde det vore opp til meg burde ein ha hatt ei blokkoverskridande regjering. Ap og Høgre er einige i mange saker, og dette ville ha gitt dei beste løysingane.
  24. Og dermed vil folk bruke pengane dei har spart på andre ting i tillegg til det dei elles ville ha gjort. Sprøyter du pengar inn i ein økonomi skaper du knappheit på ressursar, og dermed ytterlegare press/overoppheting. (Skal økonomien halde seg stabil må ein kutte like mykje i offentleg forbruk som det ein gjev i skattelette. Og då er ein tilbake til det evige spørsmålet om kvar ein skal kutte).
×
×
  • Opprett ny...