Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 092
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Ein kan jo av og til lure på om taletuten til desse politikarane går på autopilot. Eller kanskje dei har kunstig intelligens.
  2. Trump spreier framleis russisk propaganda, snakkar tullprat om at du ikkje bør angripe eit land som er 15 gonger så stort og hevdar at både Putin og Zelenskyj er skuld i krigen. Artikkel i Die Zeit hevdar at Ukraina stod bak sprenginga av North Stream-røyrleidninga. Draps-transpersonen i Minnesota har skribla på våpen at Donald Trump må døy, samt massevis av russiske ord. Han har også lagt ut ein video der han snakkar russisk. I følgje VG-artikkel hyllar hen også Breivik og terroristen i Christchurch på New Zealand.
  3. Då manglar det altså eit 7-tal i kronebeløpet, medan eurobeløpet stemmer. Eg har oppdatert innlegget mitt.
  4. Her trur eg nokon må ta fram kalkulatoren på nytt. Eg tippar at det skal vere 50 millionar svenske kroner, og at det blir noko slikt som 6,64 millionar Euro. Det rette er at det manglar eit sjutal. Sverige har gitt ikkje mindre enn 750 millionar svenske kroner. I følgje Google er 1 SEK = 0.09 EUR, og 750 millionar kronor blir då omlag 67,5 millionar euro.
  5. Mogeleg amerikansk påverknadsoperasjon mot Grønland: https://www.nrk.no/urix/dansk-ud-kaller-usa-inn-pa-teppet-1.17543700 Samstundes får kvinnene som var omfatta av spiralskandalen endeleg ei offisiell unnskyldning frå Danmark. Det burde ha skjedd for lenge sidan. https://www.nrk.no/nyheter/sier-unnskyld-til-kvinner-som-fikk-spiral-ufrivillig-1.17543947
  6. Den demilitariserte sona bør vel i så fall vere identisk med dei områda som Russland okkuperer i dag. I så fall kunne Putin berge ansikt og hevde at den "spesielle militære operasjonen" har vore ein suksess. Ukraina vil på si side kunne akseptere området som "de facto" russiskstyrt, men utan å anerkjenne det som russisk.
  7. Meiner Trump alvor denne gongen, eller er også den nye tidsfristen tomt prat?
  8. Sverige skal visstnok ha gitt 2 svenskproduserte AEWACS-fly til Ukraina. I det sommaren nærmar seg slutten kan ein slå fast at den russiske sommaroffensiven har vore ein fiasko. Men russarane skal ha fått eit nytt gjennombrot i Kupiyansk. Så får ein håpe at Ukraina nok ein gong kan kaste inn nokre reserve-brigadar og få stansa gjennombrotet slik ein gjorde ved Pokrovsk.
  9. Trump endrar meining i eitt sett. Desse restriksjonane burde uansett aldri vore innført. Er det angrepet mot ein amerikansk fabrikk i Ukraina som har gjort Trump forbanna? Eller er det slik at ukrainsk suksess med eigenproduserte missil den siste tida gjer at amerikanske våpen blir meir og meir irrelevante, og at (den dårlege) forretningsmannen Trump innser at ingen vil kjøpe desse når ein ikkje veit om ein får lov å bruke dei den dagen det verkeleg gjeld?
  10. Mondelez står vel framleis på fy-lista over selskap med verksemd i Russland, og som dermed indirekte støttar opp om krigen i Ukraina. Freia - Et lite stykke Russland.
  11. Trump endrar meining frå time til time, men likar autoritære leiarar som Kim og Putin.
  12. https://www.nrk.no/urix/_na-begynner-russerne-a-merke-at-landet-er-i-krig_-1.17536706 Skal tru kor lenge det går før Trump oppfattar at den einaste måten som kan få slutt på krigen er å støtte Ukraina?
  13. https://www.nrk.no/direkte/xl/tetiana-frykter-retur-til-ukraina_-_-som-a-starte-pa-null-igjen-1.17525334
  14. Så det er altså det grøne skiftet det dreier seg om. Det er vel då kanskje billegare å betale for å kutte klimagassutslepp i Kina enn å betale for å kutte klimagassutslepp her heime.
  15. Kjelde? (Om dette var sant burde pengane brukast til å støtte Ukraina).
  16. Det er visst vanskeleg å svare på spørsmål utan å lyge. I det minste laga han ikkje grimasar slik som Putin i Alaska.
  17. Kan det utenkjelege skje at USA tek Russland si side, medan Kina tek Ukraina si side?
  18. Ein må smi medan jernet er varmt og evt. gjere begge deler på ein gong.
  19. Spørsmålet om korleis krigen står eller om Ukraina sin posisjon er betre eller verre om 12 eller 18 månader er det ingen som kan svare på. Når det gjeld Moldova må ein nytte høvet no til å få dei med i EU så raskt som mogeleg medan sjansen er der. Ein må også hjelpe dei med å ruste opp og gje sikkerheitsgarantiar dersom dei ber om det. I tillegg burde ein ha blitt kvitt problemet rundt Transnistria. Enten ved at utbrytarregionen fell tilbake til Moldova, eller ved at dei blir anerkjent som sjølvstendige eller som ein del av Russland dersom det verkeleg er det befolkninga ynskjer. Slik det er i dag skaper Transnistria ustabilitet, og kan bli brukt av Russland til å skape kaos eller til å starte ein ny krig så snart krigshandlingane i Ukraina skulle stanse.
  20. Ta vare på deg sjølv så godt du kan. Ein fare med å reise til Russland no er vel at du lett kan bli utpeika som "spion" og bli teken som gissel.
  21. Om det var meg hadde eg betalt så raskt som mogeleg og teke dette på mi eiga kappe. Eg hadde vore glad så lenge det ikkje var rekna inn renter på den manglande betalinga.
×
×
  • Opprett ny...