Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 233
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Men då må det bli slutt på å kaste pengar på batterifabrikkar og anna vas som dette:
  2. Norge har ramla nedover på listene over dei største bidragsytarane, og ein kan ikkje forvente at Europa skal ta støyten ved å låne pengar som Norge indirekte har tent på krigen i Ukraina. Men Norge kan gjere begge deler. Auke støtta så det monnar (gjerne 1000 milliardar), og i tillegg stille med lån til Ukraina eller europeiske land som vil investere i våpenproduksjon, forsvar eller støtte til Ukraina.
  3. Det er ikkje likegyldig korleis ein krig sluttar. Dei fleste her ynskjer at krigen sluttar mest mogeleg på "rett" måte. Nemleg ved at offeret vinn og at angriparen taper.
  4. Verken Ukraina eller Europa må finne på å godta desse krava, som er heilt uakseptable. Ein må no snart innsjå realitetane. USA står på Russland si side i krigen mot Ukraina.
  5. Det ville nok vere meir nyttig å krevje at politikarane brukar av oljefondet til å auke støtta til Ukraina så det monnar. Dei kan gjerne selje Tesla-andelene fyrst. Det vil kanskje uansett ikkje vere så lurt å sitje på aksjar i Tesla framover om ein vil unngå tap.
  6. Priskrisa kom av at Tyskland la ned atomkraftverka og gjorde seg avhengig av Russland.
  7. Dei fyrste okkupanten som måtte gje opp i Afghanistan var Sovjetunionen. Men då var ikkje USA på okkupanten si side.
  8. 9. mai kjem Russland til å feire 80-årsdagen for avslutninga av 2. veedskrigen. Då forventar eg at vi får sjå Putin, Kim og Trump sitje side om side i Moskva. Det vil vere eit merkeleg syn for historiebøkene.
  9. Dette er viktig. Ein ser allereie at sanksjonane blir uthola av at Tyrkia, Israel og store deler av verda ikkje er med. Kor stor effekt vil europeiske sanksjonar ha dersom USA opphevar sine? Kan det tenkjast at USA vil byrje å støtte Russland ved å selje våpen og/eller teknologi til Russland?
  10. Når ein veit at republikanarane i kongressen sytte for å blokkere våpenhjelpa i eit halvt år slik at Avdivijka fall burde vel nokon ha tenkt seg at det kunne oppstå problem dersom Trump vann presidentvalet. Men europeiske politikarar har altså gjort ingen ting når det gjeld å førebu seg på dette.
  11. Robert Mood: https://www.nrk.no/urix/trump-stanser-all-militaerhjelp-til-ukraina-1.17324398 Det ser snart ut til at uttrykket "maktpolitisk tomrom" kan hentast fram frå historiebøkene. Står det verkeleg så dårleg til at europeiske land ikkje kan fylle tomrommet etter USA?
  12. Det er utruleg at norske politikarar etter 3 år med krig i Ukraina enno ikkje har greidd å prioritere straumtilgang til samfunnskritiske prosjekt. No må det bli slutt på pratinga.
  13. https://www.nrk.no/urix/eksperter-om-krisemote_-_-europa-kan-ikke-fylle-tomrom-etter-usa-1.17322637 Trist. Då er vel kanskje ei våpenkvile ei naudløysing der ein håpar på å unngå ukrainsk kollaps når støtta frå USA tørkar inn. Men det blir vel då også fort Russland som kjem til å diktere vilkåra.
  14. Vil ei våpenkvile no tene Russland eller Ukraina mest? Er det ikkje akkurat dette Putin har hatt som mål; bruke alle midlar og ta mest mogeleg land, og så få eit pusterom der Russland kan omgruppere og byggje seg opp att før ein slår til på nytt? Er det realistisk at Ukraina kan vere den parten som kan tene på ei våpenkvile ved å omgruppere, byggje seg opp att og drive russarane på retrett når våpenkvila er over? Eg er skeptisk til ei våpenkvile no, sidan eg er redd for at det vil vere Russland som tener mest på den.
  15. Når ikkje Europa kan halde ei sjølvstendig linje blir dette fort det nest beste alternativet for å oppnå fred. I motsetnad til Trump har Chi halde Putin på ei armlengdes avstand. Samstundes respekterer Putin Chi. Handelskrig mellom USA og Europa vil også kunne føre til at Europa vender seg meir mot Kina. Kina vil nok gjerne ta over USA sin plass som den dominerande supermakta, og blir fort den store vinnaren i kaoset som Trump-administrasjonen har sett i gang.
  16. No manglar det snart berre at Trump tek æra for fredsavtale mellom Israel og Iran, som erstatning for fredsavtalen mellom Russland og Ukraina som han aldri fekk.
  17. Det er komme fleire uttalelsar om at Zelenskyj bør prøve å bli venn med Trump, og at ein er avhengig av amerikanske sikkerheitsgarantiar. Det har etter mi meining vore ein raud tråd i alle utspela frå USA dei siste vekene, like sidan Vance heldt talen der han hevda at liberale verdiar og mangel på "ytringsfridom" var ein større trussel mot Europa enn Russland og Kina. USA er ikkje lenger på lag med Europa, og Europa må ta ansvar for seg sjølv og si eiga sikkerheit. Kor tid skal europeiske politikarar vakne og erkjenne at toget er gått, og at fleire besøk i Washington D.C. berre er å kaste vekk tida?
  18. https://www.vg.no/nyheter/i/5EQjnz/trump-og-zelenskyj-moetet
  19. Kva ville ha skjedd om langtvekkistan (eller ulike selskap i langtvekkistan) bestemte seg for å boikotte Norge fordi vi kutta i bistanden som vi hadde gitt i fleire tiår? Ville det ha gitt meir sympati for langtvekkistan blant nordmenn flest? Eller ville vi ha oppfatta langtvekkistan som utakknemmelege? Ville noko slikt ha styrka Frp, eller ville det ha svekka Frp?
×
×
  • Opprett ny...