-
Innlegg
9 013 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Jau, det må du. https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/dodsfall/egen-skatt/
-
Norge, Island og Lichtenstein kan vel fort få selskap av Grønland som EØS-land.
-
Logaritmer og algoritmer er to ulike ting.
- 627 svar
-
- 1
-
-
Finst det noko hinder for at nordmenn kan drive bisniss der i dag?
-
Dette er blitt ein lang tråd, så i tilfelle dette er nemnt før må eg berre beklage. VG hadde ein NTB-artikkel her om dagen, som nemnte at det danske kongevåpenet er endra frå 2025: Det artikkelen ikkje seier noko om er kva dei tre kronene symboliserte i utgangspunktet, og at ei slik oppfatning slår tilbake på svenskane sjølv. Men nok om det. Så då spørst det då kor lenge det går før svenskane feiar for eiga dør og endrar riksvåpenet frå tre kroner til berre ei. Lenke til artikkelen: https://www.vg.no/nyheter/i/73QPW4/danmark-fjerner-svenske-kroner-fra-riksvaapenet Det danske riksvåpenet inneheldt i tidlegare tider også ei norsk løve og islandsk klippfisk eller falk. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Danmarks_riksvåpen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Søkjer ein på Google etter "General staff of the ukrainian armed forces" får ein treff på Facebook-sida, og der pleier denne grafikken å bli lagt ut kvar morgon. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Mi meining er at desse daglege oppdateringane er interessante å følgje, og at dette absolutt høyrer heime her i denne tråden. -
Eg lurer kort og godt på om det finst nokon app som kan brukast til f.eks. å vise Word-dokument, som ikkje kjem med krav om at ein registrerer seg, som ikkje viser irriterande reklame, men som kort og godt berre gjer det som ein forventar, nemleg å vise Word-dokumentet som ein prøver å opne. Appen må vere gratis å bruke, men eg kan til nød strekke meg til å betale nokre få kroner ved fyrstegongs installasjon.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Med andre ord har dei nordkoreanske soldatane ingen verdi for Kimmen, anna enn som kjøt i den store kverna. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når Europa og USA sviktar er det bra om Ukraina blir mest mogeleg sjølvhjelpne, men då er det viktig at Ukraina greier å halde korrupsjonen i sjakk. Om eg hugsar rett nemnte Denys Davydov noko her om dagen om at Ukraina har eigenprodusert store mengder granatar som er sendt til fronten. Problemet er berre at dei ikkje virkar. Kva som var årsaka var så langt ukjent. -
Europa er splitta, og Russlandvennlege høgreekstremistar er på frammarsj i fleire land. Diverre trur eg at europeiske politikarar vil halde fram med å "følge situasjonen nøye", og at ein ikkje har ballar nok til å ruste opp før det er for seint. Om eg ikkje hugsar feil ville Quisling ruste opp då han var forsvarsminister for Bondepartiet. På same måten har Trump rett i ein ting, nemleg at europeiske NATO-land vil måtte ruste opp til langt over 2%-målet. Som nemnt viser sjølv ei klokke som står i ro rett tid to gonger i døgnet.
-
For det fyrste, så er Grønland som dansk landområde allereie beskytta av NATO. Om Grønland blir sjølvstendige står dei fritt til å samarbeide med dei dei vil, om dei så skulle velje å samarbeide med Russland eller Kina. Dette på same måte som at Ukraina står fritt til å velje å orientere seg mot EU og NATO. Det er heilt uakseptabelt at stormakter som Russland eller USA skal bestemme over nabolanda sidan. For det andre er det berre nokre få land i verda som anerkjenner Taiwan som eige land. USA er ikkje blant dei.
- 627 svar
-
- 2
-
-
Påstanden din var at USA aldri hadde gjort krav på landområde utanfor USA. Svaret er at USA gjennom heile si historie frå dei erklærte uavhengigheit og fram til 1900 har gjort krav på nye landområde, enten ved kjøp av land eller ved å gå til krig.
- 627 svar
-
- 2
-
-
Eg tippar at om USA tok seg til rette på ein slik måte ville NATO revne, alt militært samarbeid med USA ville opphøyre, det ville blitt omfattande sanksjonar og Europa ville ha snudd ryggen til USA og vendt seg mot Kina. Eg håpar iallefall det.
-
Ser du ikkje at utspela til Trump rettferdiggjer at Russland tek kontroll over Ukraina og at Kina tek kontroll over Taiwan? Eg er redd at det er nettopp slik Trump tenkjer, nemleg at stormaktene fritt skal kunne opprette interessesfærer i sine nærområde og ture fram som dei vil. Det lovar dårleg for Ukraina, men også Taiwan. Dette skjer også på same tid som Israel har utnytta fallet til Assad-regimet og okkupert nye område inne i Syria på grensa til den okkuperte Golanhøgda. Dette er i praksis den nye verdsordenen som Putin vil ha.
- 627 svar
-
- 6
-
-
-
Det stemmer, men https://no.m.wikipedia.org/wiki/Eirik_Raudes_Land Eg føretrekkjer trass alt at slike ting blir løyst av ein mellomfolkeleg domstol framfor at imperialistiske stormakter drit i folkeretten og tek seg til rette. Dei fleste vil vere einige i at Grønland i dag er å rekne som dansk territorium. Om Grønland skal bli uavhengig er opp til Danmark å bestemme, og det fornuftige er at Danmark overlet til grønlendarane sjølv å bestemme korleis dei vil organisere seg i framtida.
- 627 svar
-
- 2
-
-
USA bestod opprinneleg av 13 statar, jf. stripene i det amerikanske flagget. Korleis enda USA opp med 50 statar? Vidare: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Den_spansk-amerikanske_krigen
- 627 svar
-
- 3
-
-
-
Korleis behandlar USA si eiga urbefolkning - eller rettare sagt dei som er att av den?
- 627 svar
-
- 2
-
-
-
Nei. Men han kan slå fast det som den franske utanriksministeren gjer, nemleg at slik språkbruk er uakseptabel og at Europa vil forsvare sine grenser dersom dei skulle bli utfordra.
- 627 svar
-
- 6
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
torbjornen svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Eigentleg burde det ha vore mogeleg å slå av lyden på nødvarsel, men det ser ikkje ut til å vere mogeleg i Android. Det ville ha vore eit betre alternativ enn at ein må skru av heile nødvarselfunksjonen. -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
torbjornen svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
... og der var nødvarsel skrudd AV på min telefon. -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
torbjornen svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Det ser ut til at ein testar dette i tide og utide. No byrjar eg å bli lei. -
Då USA erklærte sjølvstende bestod dei som kjent berre av 13 statar.
- 627 svar
-
- 3
-
-
https://www.nrk.no/urix/donald-trumps-sonn-besoker-gronland-1.17195498 https://www.nrk.no/ytring/derfor-vil-trump-kjope-gronland-1.17194964
-
Ikkje så ulikt Norges behandling av samar, kvener, skogfinnar, taterar og sigøynarar altså. Det som burde gjerast var at det blei sett ned ein "fornorskingskommisjon" slik som ein gjorde med samar og kvener, og at Danmark kjem med ei unnskyldning til grønlendarane. Og så må ein leggje fortida bak seg og gå vidare. Eg trur at grønlendarane har mest å tene på å halde fram med å vere dansk. Om ein i staden vel uavhengigheit blir ein fattigare og sårbare for imperialistiske stormakter eller supermakter.
- 627 svar
-
- 2
-