-
Innlegg
10 092 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No var også Biden altfor redd for russiske atomtruslar, og Ukraina har heile tida fått litt for lite, alt for seint. Hadde Biden vore tøffare hadde kanskje situasjonen vore annleis enn den er no. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/trump-og-von-der-leyen-diskuterer-eu-toll-pa-golfbane-i-skottland-1.17506966 Dette virkar som ein god avtale for USA og ein dårleg avtale for EU. Men eg er spent på kva punktet om kjøp av store mengder forsvarsmateriell inneber. Er dette meint å styrke europeisk forsvar, støtte Ukraina eller begge deler? Det vil vere i Europa si interesse å satse på forsvarsindustri slik at ein kan bli betre i stand til å forsvare Europa utan å måtte støtte seg på eit uføreseieleg USA. Men i mellomtida bør ein også kjøpe amerikansk materiell som kan sendast rett til Ukraina, slik at krigen kan avsluttast raskare og på "rett" måte. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Enslige menn, kvinnelig initiativ
torbjornen svarte på Daisy 🌸 sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Eg beklagar at eg har bidrege til å avspore tråden, og at eg tydelegvis hadde lite å fare med. Eg tykkjer uansett at temaet er interessant. Takk for meg. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
USA har ein nisse som president, og som endrar meining frå klokka tolv til middag. Kina har ein president som ikkje busar ut med alt, og som tenkjer langsiktig. Og då mykje lenger enn ein presidentperiode i eit demokratisk land. På kort sikt har Kina fått eit betre omdømme enn USA. Men Kina er farlegare enn USA.- 86 220 svar
-
- 11
-
-
-
Enslige menn, kvinnelig initiativ
torbjornen svarte på Daisy 🌸 sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Dette er eit interessant perspektiv. -
Enslige menn, kvinnelig initiativ
torbjornen svarte på Daisy 🌸 sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Akkurat. Så du trur eigentleg ikkje på menn som hevdar at feminisme vil skape eit betre samfunn for alle? -
EU truer Norge med toll på ferrolegeringer
torbjornen svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Poenget er at Norge ikkje er med i tollunionen. No ser ein mogelege konsekvensar av dette. Det er også andre typar samarbeid som ikkje er omfatta av EØS-avtalen. Som f.eks. då EU måtte gjere eit unntak for å sikre Norge vaksiner under koronapandemien. Eit alternativ er at Norge går inn i EU som fullverdig medlem. Men då må ein få til overgangsavtalar slik at ein kan bevare norsk landbruk i framtida. -
EU truer Norge med toll på ferrolegeringer
torbjornen svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Australia og Kina har aldri hatt ein EØS-avtale så vidt eg veit. -
EU truer Norge med toll på ferrolegeringer
torbjornen svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er direkte feil. Du får prøve å finne ut kva som er norsk toll på poteter, mjølk, oksekjøt osv. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Orban er altså også ute med konspirasjonsteoriar. Eg er spent på om han vil greie å klamre seg til makta, eller om liberale vestlegvendte politikarar kan vinne valet til neste år. -
EU truer Norge med toll på ferrolegeringer
torbjornen svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
I så fall er den regelen død. Trump satsar på bilaterale avtalar framfor internasjonale reglar og samarbeid. Det burde dermed ikkje vere vanskeleg for EU å gjere unntak for EØS-land. -
Enslige menn, kvinnelig initiativ
torbjornen svarte på Daisy 🌸 sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Openheit er ikkje alltid nok dersom folk sit i ekkokammer der informasjon ikkje når fram.- 191 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette vart vel hevda for ein månads(?) tid sidan, og posta her i tråden. Spørsmålet er vel om Kina openlyst ville seie dette, og samstundes innrømme at dei fryktar USA. Men uansett er det vel mykje i dette som er sant. -
EU truer Norge med toll på ferrolegeringer
torbjornen svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Er det nokon vits i å "svare" dersom dette berre skadar oss sjølv? Eg trur regjeringa si tilnærming der ein berre lar USA få halde fram med å skade seg sjølv i fred er ei fornuftig tilnærming, og med ein emosjonell Trump kan resultatet bli at Norge slepp unna med lågare toll enn om vi hadde blitt sett på som eit "uvennleg" land. EU er Norge sin viktigaste handelspartnar, og diplomati må vere fyrstevalet. Norge si viktigaste "eksportvare" er at vi er ein seriøs og føreseieleg handelspartner. Å "svare" må vere siste utveg. Det er lite hjelp i å gå til handelskrig dersom det einaste resultatet er at EU ler av oss medan folk flest får langt mindre å rutte med og offentleg armod breier om seg. -
EU truer Norge med toll på ferrolegeringer
torbjornen svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Her er ein ved kjernen i saka. Norge har høge tollsatsar, også mot EU for å beskytte norsk landbruk slik at ein har levande kulturlandskap og matproduksjon i heile landet. For å setje det på spissen: Skulle norsk landbruk bli lagt ned vil skogen gro og forsyningssikkerheita vil bli sårbar i ei verd der flaum, tørke eller krig truar. I ein gitt situasjon risikerer ein at EU svarar med toll mot USA, medan Norge ikkje gjer det. Om EU då ikkje innfører toll på vidaresal gjennom Norge vil Norge utgjere eit hol i den europeiske tollmuren. Det beste ein kan håpe på er at EU berre innfører toll på vidaresal, og at norske bedrifter som eksporterer til EU kan sleppe unna. -
Enslige menn, kvinnelig initiativ
torbjornen svarte på Daisy 🌸 sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Samtykkelova er ikkje til for å hindre flørting, men for å forhindre at nokon gjer overgrep mot andre sin vilje. På same måten handlar ikkje metoo om uskuldig flørting, men om at folk som har makt trakasserer eller utnyttar andre, og gjerne i situasjonar der offeret står i eit avhengigheitsforhold til den som trakasserer. Dette er fakta som må liggje til grunn når ein diskuterer desse tinga. Tanken bak er god! Så kan ein diskutere om desse tinga har gått for langt. F.eks. ved at menn ikkje torer å sjekke opp damer fordi dei fryktar øydelagt omdømme eller å miste jobb og levebrød. Eller ved at middelaldrande menn ikkje torer å ta initiativ ovanfor unge kvinner i frykt for å bli stempla som "gammal gris".- 191 svar
-
- 5
-
-
-
Enslige menn, kvinnelig initiativ
torbjornen svarte på Daisy 🌸 sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Det er eg einig i. Men problemet er også at folk ikkje greier å sjå heilskapen. Litt på same måten som at stereotype oppfatningar om kvinner og menn frå sosiale media hindrar folk i å sjå det fulle og heile biletet. (Og då har eg rodd meg tilbake til temaet i tråden).- 191 svar
-
- 2
-
-
Enslige menn, kvinnelig initiativ
torbjornen svarte på Daisy 🌸 sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Er det ikkje slik at den vi er i stor grad er bestemt av arv og miljø? Dette gjaldt både i steinaldermiljøet og i eit miljø der folk trur at oppfatningar spreidde i tv og i sosiale media om korleis menn og kvinner skal vere er det som er sant. Grunnlag kan vere så mangt. Eit eksempel kan vere at kvinner er fysisk svakare enn menn, men tek det att ved å ha betre uthaldenheit og psykisk styrke. https://www.nrk.no/sport/noregs-lengste-ultralop_-i-denne-idretten-kan-kvinnene-matche-menn_-_-handlar-om-a-vere-smart-1.17479341 Kvotering har ein også fordi ein trur at ein ved å blande folk med ulike kjønn, legning eller bakgrunn vil få ulike tankar, ulike innfallsvinklar eller måtar å løyse problem på. Slik vil mangfald gjere ei bedrift meir konkurransedyktig eller eit land betre å leve i. Det som like snart kan skje er at utviklinga går i revers, slik ein ser i USA og som ein ser teikn til også i Europa. Rettar som har blitt tilkjempa gjennom mange tiår kan bli borte på kort tid. Verken demokrati eller liberale samfunn er noko som ein lenger kan ta for gitt.- 191 svar
-
- 2
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.vg.no/nyheter/i/Rzg70x/den-nordkoreanske-lederen-kim-jong-un-er-putins-nye-beste-venn -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det no ein endeleg får sjå at den russiske økonomien nærmar seg stupet? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Årsaka ville ikkje vere at ein ikkje "likar" landet. Årsaka er at landet driv ein nådelaus invasjonskrig mot eit suverent naboland, og at ein terroriserer sivile, bombar sjukehus, mishandlar krigsfangar og drit i alle reglar for krigføring. Ein del av det same kan seiast om Israel sin krig i Gaza og okkupasjon av Vestbreidda, men dette er ikkje relevant for tråden.- 86 220 svar
-
- 14
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg har ein følelse av at russarar flest visste meir om verda i den tid folk lytta på kortbølgje og Sovjetunionen brukte støysendarar for å prøve å forhindre dette. Og i 1991 då kuppmakarane prøvde å avsetje Gorbatsjov og innføre diktatur møtte folk opp i store mengder for å beskytte Jeltsin og parlamentet til den russiske delrepublikken. Kva må til for at russarane skal bli informerte om kva som eigentleg går føre seg i Ukraina og den vestlege verda? Er det ein stor økonomisk kollaps som må til for at folk byrjar å stille spørsmål? Eller er 3. verdskrig og atombomber mot Moskva og St. Petersburg einaste løysing? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ved presidentvalet i Romania stemte veljarane som var i utlandet i større grad på den høgrevridde russiskvennlege kandidaten enn veljararane som var heime. Då er det heller ikkje så overraskande om russarar som lever i utlandet er like uopplyste som russarar som lever under streng sensur i Russland.
