Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 092
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Vi er også ramma av feilslått tysk energipolitikk over mange år som gjekk ut på å kvitte seg med "grøn" atomkraft og å erstatte den med fossil gass frå Russland.
  2. Difor er det å håpe at Putin blir villeia i trua på at han kan vinne krigen militært, samstundes som Europa, NATO og helst også USA held fram med å støtte Ukraina fram til eitt eller anna raknar på russisk side - As long as it takes! Men europeiske leiarar må bidra med meir enn berre prat. Elles taper Ukraina krigen, og blir tvinga til å signere ein dårleg fredsavtale som legg landet ope for neste krig.
  3. Då måtte Trump ha vore ein svært god skodespelar som greidde å føre alle bak lyset. Så god skodespelar er ikkje impulsive Trump.
  4. Både Biden og Trump har vore feige. Biden venta alt for lenge med viktig støtte, og la allslags merkelege restriksjonar på bruken. Men europeiske leiarar har også vore altfor feige. Eit eksempel er Tyskland under Scholz. Hadde Biden sett ned foten allereie før invasjonen, slik som med Taiwan kunne heile krigen kanskje vore unngått. Kanskje hadde det noko å seie at ein trudde at Ukraina ikkje ville halde ut meir enn nokre dagar.
  5. Eit problem med å sende soldatar til å vakte ei våpenkvile er at det då blir færre soldatar att til å vakte andre europeiske grenser slik at det blir lettare for Russland å angripe i neste krig.
  6. Dette blir ikkje noko av. Putin har kravd begge deler, og har så langt ikkje rikka seg ein tomme. I tillegg må Ukraina ruste ned og stå utanfor NATO, slik at det blir enklare for Russland å okkupere resten av landet i neste krig.
  7. Vindmøller, straumprisar, "grønt" hydrogen eller datasenter som brukar opp krafta vår er saman med EU-direktiv, innvandring og kriminalitet saker som tek fokus vekk frå andre saker som er vel så viktige. Desse sakene svekkar partia i midten og styrker parti som Raudt og Frp. Det same er tilfellet om ein greier å importere amerikansk kulturkrig. Det mest positive med partiet FOR er at dei stel ein del stemmer frå Raudt, slik at sistnemnde risikerer å få færre representantar på Stortinget enn dei kunne ha fått. Å promotere FOR kan dermed virke mot si hensikt frå eit russisk perspektiv. Når dette er sagt, så har også Frp vore tydelege i støtta til Ukraina. Så er spørsmålet om dei er til å stole på i lengda.
  8. Nettopp den saka er godt eigna til å skape splid. Det er ikkje tilfeldig at FOR likar å snakke om Gaza (som ingen norske eller europeiske politikarar får gjort noko med, sidan det er USA som bestemmer), samstundes som dei ikkje vil støtte Ukraina.
  9. MDG og Venstre har vore dei to partia som har vore tydelegast i si støtte til Ukraina.
  10. Ukraina vil aldri anerkjenne okkuperte område som russiske. Det dreier seg derimot om kvar konfliktlinja skal liggje i ein fastfrosen konflikt etter ei eventuell våpenkvile. Russland ynskjer som kjent å behalde dei områda dei okkuperer, og at Ukraina i tillegg skal trekkje seg ut av område som enno ikkje er okkupert, og som heller ikkje vil bli det i nærmaste framtid. Dette er sjølvsagt urimeleg, og ein seier difor at dersom Ukraina skal trekkje seg ut av nokre område vil Russland måtte trekkje seg ut av andre.
  11. https://www.vg.no/nyheter/i/zAqanq/trump-kan-skyve-india-i-armene-paa-kina
  12. Putin har med andre ord ikkje rikka seg ein tomme, medan amerikanarane framstår som idiotar.
  13. Konklusjonen er vel då at Trump prøvde å lure både Zelenskyj og europeiske leiarar, og at han framleis gjer alt han kan for å halde seg på godfot med Putin samstundes som han vil svikte Ukraina. Trump trua Putin med sanksjonar dersom han ikkje avslutta krigen. I staden for sanksjonar vart altså Putin belønna med toppmøte i Alaska. Står det TACO på menyen? Redigert: Det ser ut til at det er Witkoff som er idioten denne gongen, sjå nedanfor.
  14. Det er heilt sikkert ein del misnøye i befolkninga på grunn av tapet av Nagorno Karabach. Får Armenia noko konkret ut av ein fredsavtale som kan dempe denne misnøya, slik at ein ikkje risikerer at Armenia fell tilbake i armane til Putin ved fyrste høve?
  15. Det inneber vel kanskje at Russland tek full kontroll over Belarus. Ein kan seie mykje om Lukasjenko, men han har vel trass alt prøvd å halde Russland på ei armlengdes avstand. Noko fritt og rettferdig val har eg inga tru på så lenge Putin har makta i Kreml. Håpet måtte vere eit folkeleg opprør som voks seg så stort at Russland ikkje kunne stanse det. Det ville også kunne vere byrjinga på slutten for Putin-regimet i Russland.
  16. Nettopp! Og difor er forslaget frå Frp meiningslaust. Men at Frp er venstreradikalt er nytt for meg. Rett nok har ytterpunkta på den politiske skalaen ofte ein god del til felles.
  17. https://www.nrk.no/urix/zelenskyj_-ser-ut-som-russland-er-mer-apne-for-vapenhvile-1.17518919 Så dermed fislar vel dei amerikanske sanksjonane ut i sanden igjen, og Russland kan halde fram med terrorbombinga av Kyiv og andre ukrainske byar utan å bli straffa av Trump.
  18. Ein annan ting er vel at politikarane fattar vedtak, medan det er kommuneadministrasjonen som utlyser anbodet. Om kommunedirektøren har ein bror som er sjef i firmaet som kan vinne anbodet vil hen måtte erklære seg inhabil i saka.
  19. Her må det leggjast til at om stamvegen (E39) hadde blitt bygd i ytre strok ville den ha blitt fleire milliardar kroner dyrare med bruer og tunnelar framfor å bli lagt langs eksisterande veg der den ligg i dag. Ein kan dermed takke Opseth for at ein ikkje måtte vente nokre tiår på å få ein stamveg gjennom Sogn og Fjordane. Det var såleis heilt andre årsaker til dette enn at Opseth på død og liv ville ha vegen gjennom bygdebyen der han var fødd og oppvaksen. Opseth er kjend som ein politikar som "skar gjennom" i vanskelege saker, slik han også gjorde i saka om hovudflyplass og den tidlegare omtalte heilårsvegen mellom Oslo og Bergen. Kystveg er framleis eit mål for mange av oss som bur i ytre strok av Sogn og Fjordane, men resultatet av vedtaket ovanfor er at ein samanhengande kystveg ligg mange tiår fram i tid om den nokon gong skulle bli noko av. Eit fyrste steg var Dalsfjordbrua som knyter saman Fjaler og Askvoll, og som opna i 2013. Denne tok det 75 år å realisere. Det vart bygt nokre kilometer veg på 70-talet, og deretter vart resten av pengane som var løyvd brukt på andre ting. Den halvferdige vegen som enda i ingen ting var lenge kjent som "Norges dyraste geitesti", og Linda Eide hadde den med i serien "Norsk attraksjon". Etter lang kamp vart det fatta vedtak på fylkestinget der ein gjekk inn for å prioritere prosjektet, men det kom ingen pengar over statsbudsjettet. Den som skar gjennom her var den same Liv Signe Navarsete som vart nemnt ovanfor, då ho var samferdsleminister vart det endeleg løyvd pengar. Her var det altså ein politikar frå indre Sogn som sytte for å endeleg få løyst eit gammalt vegkrav i ytre Sunnfjord.
×
×
  • Opprett ny...